Referat
Kun høydepunkter
Skotstatistikken viser 14-7 i heimelaget sin favør med 6-2 i skot på mål. Stig Anders Hauge takkar for seg med å seie: 'VAMOS COLOMBIA!'
Då er det tredje uavgjortoppgjøret mellom desse laga eit faktum. Ikkje den heilt store kampen for dei nøytrale, men for dei med gult eller kvitt hjarte så var det bra spenning her på slutten. Ingen av laga klarte derimot å få hyll på byllen og heimelaget er nok mest misnøgd med dette. Igjen stoppar Jerv Sogndal si sigersrekke som dei gjorde for akkurat tre år sidan.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+5'
Litt tumulter mellom spelaren her også no. Bør vel bli nokon kort.
90+4'
Klabb og babb i feltet som til slutt ender i frispark til Jerv.
90+3'
Sogndal trykker på her på slutten.
90+3'
Innlegg som Schulze til slutt set rett på Øvretveit.
90+2'
Soltvedt med eit skot eller innlegg som glir gjennom heile feltet. Ingen i kvitt er på tå der.
90+1'
Fem minutt tillegg.
90+1'
Men kontringa renn ut i sanden.
90+1'
Jerv kontrar!
88'
3113 tilstades i dag.
88'
Sogndal får klarert.
87'
Frispark til Jerv på ca. 30 meter.
87'
Sogndal på ei glimrnade kontring, men Glenn Andersen kler av Haugen i ein ein mot ein duell. Stopparkjempen har ruva i dag.
83'
Sogndal med powerplay rundt Jerv sin boks, men skapar eigentleg ikkje noko særleg til målsjansar.
80'
10 minutt igjen. Får vi den tredje av tre mulige uavgjortkampar mellom desse laga?
79'
Zernichow kjem på ein overgang, men vel skot frå 25 meter. Det var dumt for skotet gjekk langt over og han hadde mange gode alternativ.
77'
Birkelund blir spelt igjennom og set ballen i stolpen!
72'
Schulze med ei kula frå 30 meter som Øvretveit nesten fomlar i mål. Godt skot, men litt zalo på hanskane der hjå Jerv sin sisteskanse.
68'
Har vel ikkje akkurat tatt fyr i andre omgang heller dette oppgjøret. Eit mål hadde gjort seg no.
68'
Eit artig poeng er at dei to midtstopparane Wæhler og Andersen tilsaman er 80 år! Må vel være dei to eldste i 1.divisjon dette.
64'
Rindarøy med eit frekt brassespark på eigen banehalvdel. Slikt blir det høge børskarakterar av.
60'
Sogndal byggjer på kant og innleget frå Latifu er god og hardt. Haugen avblåst for å klatre på ryggen til Andersen.
57'
Jerv med fleire gode initiativ i denne omgangen. Har trilla seg gjennom fleire gonger her no.
55'
Birkelund riv ned Lidberg på ei overgang. Eit under at han ikkje får gult.
54'
Mandic igjennom og skyt knallhardt rett på Øvretveit.
52'
God sjanse for jerv som skrik på straffe etter at HAgen går ned i boksen. Umulig å seie om det skulle vært det eller ikkje.
51'
Innlegg frå Berglann som Lidberg headar over.
49'
God sjanse for Sogndal. Innlegg som Kjemhus stangar inn igjen i feltet og der får Jerv tilslutt klarert like framfor to sogndalspelarar.
47'
Kort kast og innlegg som Steiring stangar over.
46'
Jerv med avspark. Mistar ballen med ein gong og lagar frispark midt på bana.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ein litt halvdau første omgang her på Fosshaugane Campus. Sogndal starta best og styrte det meste i starten av kampen. Heimelaget tok foten litt av gasspedalen halvvegs og Jerv kom meir inn i kampen utan at dei klarte å skape noko store sjansar. Vi håpar at den andre omgangen byr på litt meir underhaldning.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Eitt minutt tillegg.
45'
Haugen knallar til frå 20 meter. Rett på Øvretveit.
43'
Sogndal med veldig høgt press og vinn til slutt ballen. Innlegget frå Birkelund derimot blir enkelt stoppa av Glenn Andersen.
41'
Sogndal rullar opp og Latifu skyt frå kanten av sekstenmeteren. Utafor!
40'
Haugen prøver seg frå 25 meter, men ballen loffar utafor. Svakt forsøk frå spissen.
36'
Stor Sjanse for Sogndal. Mandic går til linja og legg ut, men der er Glenn Andersen og glir ballen ut til corner framfor Haugen som berre skulle setta den i mål.
35'
Sogndal trøkkjer på i boksen, men Jerv får klarert fleire gongar.
35'
Litt meir fart i Sogndal her no og dei vinn og eit kast høgt i bana.
33'
Veldig jamnt utpå her no, med lite som skjer framfor begge mål.
28'
Lidberg blir spelt nydelig gjennom og set ballen forbi Dyngeland, men avslutningaer for svak og Steiring spring den opp og får klarert på streken.
26'
Steiring alt for tøff i ruggen til Lidberg og får tilsnakk av dommaren.
25'
Endar i frispark til Sogndal. Godt slått frisaprk forresten av Wichmann.
24'
Jerv mykje meir med i kampen no. Komme meir inn i banespeltet. Vann akkurat eit frispark som skal svingast inn i feltet.
24'
Innlegg frå Jerv som Dyngeland mistar i duell med Lidberg. Får plukka ballen i andre omgang der keeperen som ikkje har hatt mykje å gjere i innleiinga.
22'
Jensen med to avslutningar. Den første går i ein jervspelar og den andre går langt utafor. Friske takter i det minste frå rogalendingen Jensen.
19'
Wichmann prøver seg frå 25 meter, men det blir eit skikkelig sleivspark som går minst 10 meter utafor.
14'
Jerv på ein sjeldan visitt, men Wæhler og Stering pakkar godt inn Lidberg i boksen og dei gule får ikkje til noko avslutning.
12'
Kjemhus med god avslutning frå spiss vinkel, men Øvretveit reddar. Sogndal heilt klart det førande laget tidlig i kampen.
9'
Ny god sjanse igjen frå Schulze som står åleine i feltet etter eit innlegg, men denne gongen treff sørlendingen dårlig og Jerv får klarert.
8'
Schulze med avslutning over frå 18 meter. Dårlig klarering av Anthony der som gir midtbanespelaren sjansen.
7'
Sogndal styrer ein god del av banespelet her i innleiinga.
5'
Sogndal spelar igjennom Mandic, men Øvretveit er kjapt ute og fangar.
3'
Fint spel av Jerv, men innlegget til Lidberg går i klypene til Dyngeland.
1'
Sogndal med avspark. Vinn tidleg eit innkast på høgd med Jerv sin sekstenmeter.
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg inn på bana. Meir folk enn vanleg i dag. Skal vi tippa litt over 3000.
Det har vore lett regn og ein 16-17 grader i Sogndal i dag og det er det framleis. Med andre ord fantastiske forhold for fotball!
All denne statistikken finn ein på nifs.no. Ein godtebutikk for oss statistikkofile i Arne Scheie klassen.
Det artige med dette oppgjeret er at det blir spelt på akkurat same dato som i 2015. Då som no var Sogndal på ei skikkelig sigerrekka og bortelaget hindra dei i å ta sin åttande siger på rad. I dag kan som tidlegare sagt Sogndal ta sin sjette siger på rad.
Då laga møtter i Sogndal i 2015 enda oppgjeret 1-1. Sogningen, og no tippeligaspelar for Bodø-Glimt, Kristian Fardal Opseth gav heimelaget leiinga før Nils Petter Andersen utligna på overtid etter assist frå ikkje ukjente Ohi Omoijuanfo.
Desse laga har faktisk berre møtt kvarandre to gonger og det var i 2015 sesongen. Begge oppgjera enda uavgjort så Norsk Tipping sin U-odds på 3.45 må jo være ei gavepakke i så å regne.
Dette pluss lagoppstillingar og statistikk får du vite om du kjem tilbake her i liveportalen ein time før kampstart. Vel møtt!
Det er Lerum Cup i saftbygda og difor er kampen flytta frå sitt originale tidspunkt kl. 1800 til 2000. Forhåpentlegvis vel mange av cupdeltakarane fotballkamp framfor disco og tivoli slik at vi også får ein del folk på kampen.
Som vanleg vanskeleg å finne ut noko om skadesituasjonen då laga i 1.divisjon er svært dårlige på slike oppdateringar på sine heimesider. Stanisa Mandic er i alle fall tilbake frå suspensjon for heimelaget. For Jerv er viktige Aram Khalili og Brice Wembangomo ute etter at begge fekk sitt fjerde gule kort mot Florø. Derimot får dei tilbake den danske midtbanespelaren Mathias Wichmann som har ferdigsona si karantene.
Men dei står ovanfor ei stor utfordring for heimelaget har nemleg fem sigrar på rad og har med det klatra heilt opp på direkte opprykk, berre 4 poeng bak Aalesund. Sist reiste sogningane heim frå Hamar med ein sterk 3-1-siger.
Nummer 2 mot nummer 6 på tabellen så då kan vi vel nesten kalle det eit toppoppgjer. Veldig viktig kamp for Jerv i alle fall som etter ein flott periode har tapt tre av dei fire siste. Sist vart det eit 3-2-tap mot Florø. Med 6 poeng opp til Sogndal på direkte opprykk vert denne kampen viktig for at luka ikkje skal bli for lang opp.
Hei og velkomne til Fosshaugane Campus og den 14.serierunden i 1.divisjon. I dag er det Jerv frå Grimstad som vitjar saftbygda.