Oppsummering
Det vart festfotball på Fosshaugane i dag. Kampen opna ganske jamt, men etterkvart skulle heimelaget vise at dei ville avslutte vårsesongen med eit godt resultat. Det var Nessø som skulle bli den største helten i dag. Han fekk to mål i ein førsteomgang der Sogndal ikkje var spesielt mykje betre enn Jerv. I den andre omgangen skulle det bli meir einvegskøyring. Både Ingimundarson og Ørjasæter fekk seg mål før reduseringa kom med Brenden. Den reduseringa hjelpte lite når Nessø fullførte hattricket sitt kort tid etterpå. Kanskje var det at Grønner og Pedro var ute som gjorde at det vart vanskeleg for bortelaget framover i bana, men det var også store problem bakover i bana. Jerv må bruke ferien godt på å finne ut kva som gjekk gale.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (5-1)
90+2'
Det er lite springing no i tilleggstida. Begge lag ventar på at kampen skal bli ferdig.
90'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
85'
Nessø ligg nede. Han treng behandling.
81'
Sjølstad prøver seg. Øvretveit dyttar ballen ut til corner.
79'
Ny redning for Fij. Syvertsen avsluttar denne gongen.
72'
Ørjasæter prøver å legge ballen i lengste hjørne. Blir litt for upresis.
67'
Sogndal skal sette inn på eit par nye spelarar.
65'
Hoven ligg nede med hovudskade, men Tennøy let spelet halde fram. Det ender med at Auklend avsluttar utanfor. Han har vore ein av dei som har skapt mest for bortelaget i dag.
65'
Skaanes speler dreg seg inn i boksen får venstre. Jonsson får ballen frå han, og sender den i nettveggen.
62'
God redning får Fij på eit skot frå Ugland.
61'
Wichmann med ei utruleg svak avslutning. Går langt utanfor, men på den positive sida så klarar dei i alle fall å kome seg til nokre sjansar.
59'
Sogndal leia 4-0 mot Skeid også. Då klarte Skeid å respondere med to mål. Det same skjedde med Sogndal i fjor då dei leia 4-0, og det enda 4-3.
58'
Nessø speler til Ingimundarson som bommar på ballen frå fem meter. Der skal han score.
54'
Auklend dreg seg inn i boksen, og kjem til avslutning. Fij er nede, og reddar.
51'
No blir det vanskeleg for Jerv å kome tilbake i kampen.
47'
Mutsinzi går ned i forsvaret når Wichmann kjem inn for Bredeli.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det er heimelaget som leiar etter at kampen er halvspelt. Ingen av laga har hatt ein spesielt god omgang, men Sogndal har vore meir effektive enn Jerv. Nessø får applaus når han går i garderoba etter å ha scora to mål.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
45'
Jonsson kjem åleine med keeper og kan bruke Nessø i midten. Han vel ¨å gå sjølv, og Øvretveit stoppar han heroisk! Der skal det stå 3-0.
39'
Jerv vil ha straffe når Auklend går i bakken. Tennøy er ikkje einig. Rett etterpå kjem ei avslutning som går utanfor.
31'
Sjølstad forsøker seg på eit innlegg, men nok ein gong blir det blokkert.
30'
Sogndal slit å skape store sjansar mot Jerv som forsvarar seg bra.
25'
Ørjasæter prøver litt til.
23'
Ørjasæter legg seg ned, og treng behandling. Han ser veldig skuffa ut når han går ut av bana.
19'
Enorm sjanse for Auklend. Kjem åleine med Fij. Går over til corner.
18'
Jonsson forsøker å finne Hoven som kjem på overlap, men pasninga er for upresis. Utspel for Øvretveit.
17'
Det er heimelaget som har hatt ballen mest det første kvarteret.
13'
Ny redning frå Fij. Ny svak avslutning.
11'
Jonsson forsøker å lure seg inn bak forsvaret, men Øvretveit er kjapt ute, og snappar opp ballen.
8'
Mutsinzi forsøker seg frå distanse. Går ganske langt utanfor.
4'
Ingimundarson med ein stor sjanse! Hoven slår inn til islendingen som står åleine i boksen. Han headar over målet frå kort avstand.
3'
Wichne får kampens første sjanse. Svak avslutning rett på Fij.
Avspark Start 1. omgang
Det er ein varm sommardag i Sogndal, og av ein eller annan grunn er det julealbumet til Olav Stedje som er på lydanlegget no. Eit meget spesielt musikkval.
Då er lagoppstillingane klare! Me ser at Grønner ikkje er med i dag. Heimelaget gjer ingen endringar frå kampen mot Skeid. Bortelaget gjer tre endringar. Ugland, Cjitje og Syvertssen kjem inn for Pedro, Grønner og Wichmann.
Dagens dommar er Jan Morten Tennøy. Han har med seg Ruben Haugland og Amang Kanyi som assistentar. Jonas Sande Mossestad er fjerdedommar.
Noko som er interessant før dagens kamp, er situasjonen til Emanuel Grønner. Han vart lånt ut til Jerv frå Sogndal tidleg denne sesongen. Der fekk han ni kampar og fire mål. Lånet hans skulle i utgangspunktet vare ut juli, altså skulle dagens kamp bli hans siste for Jerv. Slik skulle det ikkje bli. Ingenting er offisielt bekrefta av klubbane, men i følgje NFF er Grønner tilbake i Sogndal allereie. Så får me sjå om han blir med Sogndal i dagens kamptropp. I tillegg er Alejandro Diaz sendt til Vancouver FC, så det er tynt på spissplassen når Flataker speler EM for u19-landslaget.
I førre runde tok Sogndal turen til Nordre Åsen. Då skulle det endeleg løsne offensivt for heimelaget, og resultatet enda heile 2-4. Det vart også ein målrik kamp då Jerv fekk besøk av KFUM Oslo. Det skulle også bli ein målrik kamp. Laget frå Grimstad klarte å snu kampen til 4-3, og dei fekk tre viktige poeng i ein tøff kamp.
Før dagens kamp ligg laga på kvar sin kvalikplass. Sogndal ligg på fjerdeplass med 24 poeng medan Jerv ligg på sjetteplass med 21 poeng. Dette vil altså bli ein viktig kamp mellom to lag som potensielt kan rykke opp, og som bør i alle fall lande på ein av kvalikplassane når sesongen er ferdig.
Velkomen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Jerv på Fosshaugane Campus!