Referat
Kun høydepunkter
Ein spanande kamp er ferdig på Fosshaugane og spesielt dei siste ti minutta så svinga det kraftig. Sogndal tok leiinga i første omgang og gjekk fortent til pause med 1-0 etter ein god omgang av heimelaget. Etter kvilen tok dei gulkledde meir over og det var heilt fortent at utlikninga kom. På slutten kunne det som sagt ha svinga begge veger, men eitt poeng til kvart av laga er det nok ikkje noko å seie på.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+5'
Nei det var det ikkje. Kristoffer Hoven får ballen på 20 meter og curlar ballen nokre centimeter til side for mål. For ei avslutning det kunne ha blitt.
90+5'
Fij med ballen i hendene. Det var nok det.
90+4'
Skikkelig heseblesande avslutning.
90+3'
Oppe igjen no. Eitt minutt igjen av tilleggstida.
90+3'
Andreas Hoven får ballen rett i ansiktet og vert liggande.
90+3'
Sogndal klarerer til kast.
90+2'
Dommar lar Jerv ta frisparket 15 meter lenger framme enn dei skal.
90+2'
Blårud klipper ned Campos.
90+1'
Frisparket i muren og til corner.
90+1'
Fire minutt tillegg.
90'
Sogndalfrispark på 25 meter.
90'
Svingar fram og tilbake dette her no. Skal vi få ein vinnar?
89'
Så ein god sjanse for Jerv. Klabb og babb i feltet før Sogndal får klarert.
88'
Enorm sjanse for Sogndal! Ballen blir lagt ut på åtte meter. Der kjem ANdreas Hoven og avlsuttar rett på ein liggande Wichne.
87'
Tar det kort før innlegget kjem. Lereng stangar unna.
86'
Frispark til Jerv midt på Sogndal sin banehalvdel.
85'
Jerv trykker på, men slit med å spele seg gjennom sogndalmuren.
83'
Sogndal farlig frampå igjen. Sandberg får kasta seg inn og stoppa Kupen.
81'
Er på beina igjen og kampen kan halde fram. Mykje oppstykka spel her no.
81'
Så er det Flo som ligg nede med ein hovudskade.
80'
871 tilskodarar tilstades i dag.
80'
God sjanse for Sogndal. Skålevik skyt over frå 7-8 meter.
78'
Kok er oppe igjen klar til å halde fram kampen.
77'
Kok får seg ein smell i ansiktet etter ein duell med Flo. Jervspelarane meiner sogndalkapteinen er oppe med albogen.
76'
Ikkje ufortent dette etter korleis kampen har utvikla seg i andre omgang. Sogndal har rett og slett blitt alt for baktunge og latt Jerv styre det meste.
73'
Jerv med innlegg og Norheim får stanga ballen på mål. Alt for laust og det blir ein enkel jobb for Fij.
70'
Jerv styrer, men Sogndal er farlege på kontringar. Mangalr derimot den siste gode pasningen når dei kjem framover heimelaget.
69'
Akkurat no er Jerv poenglause og FFK har berre uavgjort heime. Ei gavepakke dette til Ålesund og Ham-Kam som spelar i morgo.
66'
Skålevik dunkar ballen vekk etter at han blir dømt offside på. Ikkje gult kort. Det får jervspelarane til å reagere.
62'
Sogndal med eit godt angrep. Flo blir spelt gjennom og slår hardt inn framfor mål der Skålevik er litt for sein til å sette ballen i kassa.
60'
Styrer mykje av banespelet no dei gulkledde, men skaper svært lite framfor mål.
59'
Jerv styrer mykje av spelet no. Sogndal har lagt seg godt inn på sin eigen banehalvdel.
57'
Norheim er flytta fram som spiss i denne omgangen.
56'
Ibrahim i offside for andre gang på to minutt.
55'
Jerv bryt og Campus prøverseg med ein tunnel på Lereng. Hadde han lukkast ville han vore åleine med keeper, men den solide midtstopparen til Sogndal lar seg ikkje lure.
54'
Jamn start på denne omgangen. Sogndal har framleis mykje energi og gjer det vanskelig for Jerv i det oppbyggande spelet.
52'
Bakke viser seg fram igjen med nydelig teknikk. Drar vekk tre gulkledde før han blir lagt i bakken.
51'
Nessø med eit elendig innlegg. Over alle og ut til femmeter.
50'
Sogndalfrispark på 30 meter.
48'
Jerv rett i angrep. Får ein god overgang, men stoppar litt opp. Ballen blir lagt tilbake til Wichmann som skyt over frå 20 meter.
46'
Tre byter altså frå Sandstø. Så får vi sjå om Jerv klarer å styre kampen meir denne omgangen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ser ut som Sandstø skal gjere eit trippelbyte her.
Dei første 45 minutta er over i Sogndal og heimelaget leiar 1-0. Alt i alt må vi vel seia at det har vore fortent. Sogndal har rett og slett sett ut som dei vil dette litt meir enn Jerv. Litt rart med tanke på korleis tabellsituasjonen er så eg tippar Sandstø har nokre velvalde ord til sine disiplar i garderoben.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Fleire gode sjansar til Jerv før Sastre skyt over. Mange duellar i boksen som jervspelarane skrik på for dei meiner det er straffe. Det var det ikkje.
43'
Jerv med eit lite trykk no rett før pause.
42'
Godt skot frå Wichne som Fij må gi til corner.
42'
Godt innlegg frå Nessø til Dacey som headar like utafor.
38'
Mafi legg inn og Ahmad headar utafor.
37'
Sogndal framleis det beste laget utpå her, men ein sitt med ein kjensle på at jervmaskineriet snart skal starte opp.
35'
Ballen ut i returrom der Npuri er umarkert. Sleivar ballen nesten ut til cornerflagget. Lite imponerande frå Sogndal sin nyervervelse.
34'
Frispark til Sogndal i god posisjon. Skal svingast innover.
31'
Igjen er Sogndal farlig frampå, men Nessø bruker for lang tid på å få ballen vidare til ein umarkert Flo i feltet. Jerv får brutt i siste liten.
29'
Johan Bakke viser seg igjen fram med nokre herlege dragningar.
28'
Sjølv om heimelaget leiar på resultattavla så har gjestane frå Grimstad vore klart best på tribuna. bra trøkk i bortseksjonen sjølv om ein no er eitt mål under.
26'
Relativt fortent at det er heimelaget som tek leiinga. Har vore litt meir påskrudd dei kvittkledde dei første 25 minutta i forhold til gjestane frå Grimstad.
22'
Så er det Jerv som er frampå. Ibrahim er på godt skothald, men avslutning er igjen alt for dårlig. Lauskrutt frå dei gulkledde så lang.
21'
Johan Bakke driv oppover og passerer tre gulkledde før han blir stoppa. God innleiinga av den unge midtbanespelaren.
19'
Sastre får avslutte frå 20 meter, men det blir ei lompe som trillar eit par meter utafor.
16'
Frispark inn i feltet der Flo er høgast og får stanga ballen på mål. Øvretveit med ein god redning og får gitt til corner.
15'
Mange duellar, høgt tempo, men relativt lite som skjer framfor mål.
9'
Jerv bygger fint opp bakfrå og Ibrahim blir tredd gjennom på vingen. Innlegget treff ein sogndalspelar som får klarert.
8'
Frisk start frå heimelaget som satte ein liten støkkar i topplaget Jerv. Dei gulkledde trillar no ball i bakre rekker.
6'
Nytt godt sogndalangrep. Nessø og Darcy kombinerar fint, men Novak er knallhard i duell med Skålevik i boksen og får klarert.
4'
Nessø klinkar til frå 20 meter. I tverra!
4'
Relativt høgt tempo dei fyrste minutta, men ballen held seg for det meste mellom sekstenmetrane.
1'
Sogndal med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Det vert nok ikkje publikumsrekord i dag. Har vore svært lite interesse for Sogndal sine kampar den siste tida noko som både spel og reslutat må ta skylda for. Jerv har derimot med seg ein god delegasjon frå Grimstad som er klart mest høglytte her før kampstart.
Tidlegare i år vann Jerv 1-0 i Grimstad etter scoring av Willis Furtado. Ved dei 6 siste oppgjera her i Sogndal har heimelaget to sigrar og to kampar har enda uavgjort. Dei gulkledde frå Grimastad har altså aldri vunne på Fosshaugane. Kan dei få den fyrste sigeren i dag?
Då har vi laga klare for dykk og som vi ser så gjer både Bakke og Sandstø fleire endringar. I tillegg til Furtado som manglar grunna gule kort ser vi også at Akor Adams verken er på bana eller benken for sogningane. Uviss kva grunn, men vi reknar med det må være ein skade som set Sogndal sin spissjuvel ut av dagens kamp.
Elles har det vore eit tett kampprogram så vi får sjå kven trenarane Bakke og Sandstø klarar å stable på beina til dagens kamp. Vi er tilbake med lagoppstillingar ein god time før kampstart. Vel møtt!
Etter det vi kan forstå så vil Jerv mangle Willis Furtado til denne kampen då han pådrog seg sitt fjerde gule kort denne sesongen i kampen mot Ålesund. Dette vil i såfall være eit stort tap for bortelaget. Spelaren frå Kapp Verde står med 9 mål så langt i år.
Sist runde var synonymt med årets sesong for Sogndal. Etter ei svak førestilling vart det tap 1-0 borte mot Åsane. Spesielt offensivt har det lugga for sogningane og i dei siste kampane har det så vidt blitt produsert ein målsjanse. Jerv derimot heldt verkeleg på å gjere det store sist runde då dei leia 2-0 mot Ålesund, men dei oransjekledde kom tilbake og til slutt vart det 2-2.
Før denne kampen ligg heimelaget på ein 5.plass heile 9 poeng bak bortelaget frå Grimstad som kjempar om direkte opprykk. Der Sogndal har skuffa stort ut i frå årets forventningar så har Jerv vore denne sesongen si store overrasking og ligg akkurat no berre 1 poeng bak Ålesund og 7 poeng bak Ham-Kam.
Hei og velkomne til den 22.runden i årets OBOS-liga og kampen mellom Sogndal og Jerv.