TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Kampen er over og det endar likt på Fosshaugane Campus, kunne vippa begge vegar, då begge lag hadde sjansar til å avgjere.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+3'
Hjørnespark
90+3'
Hjørnespark
Ny corner.
90+3'
Hønefoss som er i angrep. Flyttar opp masse folk på eit innkast.
90+1'
3 minuttar tilleggstid.
90+1'
Malick Mane blir stemt fram som dagens Sogndalspelar. Vél fortjent.
89'
Hjørnespark
Valsvik får klarert.
88'
Spillerbytte
Defensivt bytte.
88'
Hønefoss meinar at Sogndal skal bruke fair play då Riski ligg nede med krampe, Sogndal meinar det motsatte og kastar kjapt til Santos som kjem til ein kjempemoglegheit. Smerud med store reaksjoner, går inn i område til Olsson får å konfrontere han. Endar med at Smerud får sitteplass på tribuna!
86'
4581 tilskodarar på Fosshaugane, årsbeste.
85'
Hønefoss kontrar på høgresida, Riski kjem seg ned mot linja og sler ut til Kolehmainen, som avsluttar rett på Dahlin. Brukbar sjanse.
82'
Sogndal har etablert eit press på Hønefoss no, dei vil tydeleg ha alle tre poenga her i dag.
81'
Mane utfordrar Groven nok ein gang og kjem seg til avslutning litt skrått på målet, han klemmer til, midt på Clark.
79'
Hjørnespark
Stor sjanse for Sogndal ved Ulrik Flo! Mane slår ein god corner, den sprett ein gang før Ulrik Flo tek den ned og avsluttar frå 11 meter, like utanfor målet til Clark.
78'
Hjørnespark
Ulrik Flo får heada upressa, men treff fanget til Solli, Valsvik er der og får nesten til ei avslutning.
78'
Patronen med eit sleivspark i ansiktet til Mendy, kunne vore frispark og gult kort.
75'
Stamnestrø kjem på eit fint løp frå midtbana, men er hardt pressa av Sigurdsson og får ikkje til ei skikkeleg avslutning.
73'
Dobbelbyte på begge lag. Ser ut som Sogndal legg om til ein 4-2-3-1 formasjon. Det samme ser det ut til at Hønefoss gjer.
71'
Spillerbytte
71'
Spillerbytte
70'
Spillerbytte
70'
Spillerbytte
68'
Solli får berre hårtustane på den, utspark fra Dahlin.
67'
Hjørnespark
66'
Hønefoss meir med no og det hadde ikkje vore ufortjent om dei hadde leda.
65'
Nok ein gigantsjanse for Hønefoss! Groven legg inn på bakerste til Riski, som headar den ut igjen i feltet til Kaland som står aleine på 6 meter. Valsvik hindrar mest sannsynlig scoring med ei god blokkering.
64'
Per Egil Flo prøver å nå Karadas i feltet, der inne riv dei og slit i han for å hindre han i å komme først på ballen.
60'
Gigantsjanse for Riski! Mathisen slår eit innlegg mellom keeper og forsvar, på bakerste dukkar målsniken Riski opp, heilt aleine fra 5 meter bommar han regelrett på ballen!
58'
Sogndal med overtak på Fosshaugane Campus.
56'
Stor sjanse for Mane! Dreg seg innover frå sin høgrekantposisjon og avsluttar med venstre frå 7-8 meter, rett i klypene på Clark! Burde kanskje ha gjort 2-1 der, Mane.
56'
Holsæter kjem på eit fint løp på høgresida, mottek ballen, dreg seg innover og avsluttar med venstrefoten. Fosshaugane jublar for scoring, men ballen treff nettveggen.
53'
Nok ein gong lagar Mane farlegheitar, driblar seg forbi Groven nok ein gang og kjem seg ned til linja, slår den hardt inn forann. Klarert av Solli.
52'
Hønefoss rullar opp eit fint angrep, Kaland finn Mathisen, frå skrått hold avsluttar han langt over.
48'
Hjørnespark
I returrommet er Sagna som skyt med venstrefoten frå 25 meter, himmelhøgt over.
47'
Mane fossar framover på høgresida og avsluttar frå 16 meter litt skrått på målet, like utanfor. Fin sjanse allereie eit minutt ut i andre omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga er tilbake på bana og vi er straks klare for andre omgang.
Laga går til pause og vi er like langt. Sogndal åpna best og anført av ein meget god Malick Mane skapar dei ein del farlegheiter. Bolseth fekk hol på byllen etter 26 minuttar og Sogndal fortsatte presset. Det såg ut til at heimelaget skulle gå til pause med 1-0, men Riku Risku ville det annerledes.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45'
Hjørnespark
Karadas er centimetera fra og få til ei heading 10 meter fra mål.
43'
Mål!
1-1
Hønefoss utkliknar. Kaland forsøker å slå ein gjennombruddspasning til Larsen, ein Patronen i ubalanse forsøkar å stoppe gjennomspelet men endar opp med å legge ballen perfekt til rette for Riski, som takkar og bukkar og bankar ballen inn bak Dahlin frå 17 meter.
43'
Holsæter slår eit fint innlegg inn i boksen, etter litt klabb og babb i feltet får Valsvik til ei avslutning. Rett i klypene på Clark.
42'
Patronen sklir, og er centimeter fra å gi Riski ein gratismoglegheit aleine med keeper. Får akkurat fram ei tå og forhindrar ei flause.
39'
Hjørnespark
Klarert på første stolpe, kast høgt i bana.
38'
Hønefoss med nytt angrep, Mathisen kjem på løp inn fra høgresida, tett fulgt av Per Egil Flo. Hardt pressa får han til ei avslutning frå 16 meter, tre meter utanfor.
36'
Gult kort
Groven får regelrett bank av Mane i skulder mot skulder duell og set inn ei sein takling berre sekundar seinare.
36'
Hønefoss meir med no, Kaland med ein fin stikkar til Hovda på løp frå midtbana. Dahlin er ute og avvergar.
34'
Farleg situasjon då Holsæter mistar ballen på veg framover, Hønefoss stormar i angrep, men Sagna hindrar Vendelbo, som kunne avlsutta frå 18 meter.
32'
Sogndal som har eit grep om kampen her på Fosshaugane. Hønefoss slit med å etablere spel mot eit kompakt Sogndal lag.
30'
Gigantiske sjansar for Sogndal! Holsæter driblar seg først forbi sin oppassar på venstresida og får avslutta frå 13 meter, litt skrått på, Clark gir retur, der er Ulrik Flo som skyt rett i blokka. Det samme gjer Mane, før Kardas skyt ballen langt utanfor.
26'
Mål!
1-0
Sogndal tar ledelsen! Ulrik Flo mottar ballen på midten, Hønefoss står høgt med forsvaret. Flo spelar ein perfekt ball til Bolset som kjem på eit sugende løp fra midtbana. Clark kjem ut på 20 meter, Bolseth rundar han og set ballen i det åpne buret.
24'
Hønefoss kjem på ei kontring etter at Sogndal sender mange i angrep. Valsvik stoppar Riski kontant.
22'
Holsæter skyt frå 20 meter, sklir av venstrefoten og går 10 meter utanfor.
20'
Larsen ladar kanona og fyrer av frå 30 meter, like over krysset til Dahlin.
20'
Sogndal som har åpna best dei første 20 minutta, dei har komme til eit par farlegheiter. Ingen forrykande åpning på Fosshaugane.
18'
Gult kort
Feller Mane i full fart på veg framover etter Hønefoss sin corner.
17'
Hønefoss med sitt første skikkelige angrep i kampen, der dei doblar på høgresida, Mathisen slår inn og Patronen må gi corner.
15'
Merkeleg situasjon der Clark blir pressa av Ulrik Flo, Clark slår ballen rett i spissen og heldigvis for Clark, tilbake i hendene på keeper.
12'
Hjørnespark
Går forbi alle og til utspark for Clark.
12'
Sagna skyt frå 20 meter, etter eit kort innkast, den endrar retning, men Clark har god kontroll.
11'
Ein feil på Hønefoss, der to spelarar går i samme duell gjer at Mane får sjansen på høgrekanten. Denne gangen avsluttar han, like utanfor.
9'
Nok eit kast høgt i bana som Teniste skal kaste langt på.
8'
Vendelbo dreg seg innover frå høgre og skyt frå 25 meter ved venstre, høgt over målet til Dahlin.
6'
Mane utfordrar igjen, kjem denne gangen og til innlegg, som ikkje heilt ufarleg går gjennom feltet, og til kast for Sogndal på motsatt side.
5'
Sogndal får kast høgt i bana. Teniste med det lange, blir klarert på første stolpe.
2'
Hjørnespark
Blir slått inn på bakerste, ein Hønefoss spelar får heada den inn igjen i feltet, der står Karadas som får klarert.
1'
Hjørnespark
Ingenting ut av den.
1'
Hjørnespark
Ny corner.
1'
Sogndal går rett i angrep ved Mane, som slår ein farleg ball inn forann mål. Endar i corner.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal med avspark.
Laga entrar bana og vi er klare for runde 14 i Tippeligaen.
Dei fire siste kampane mellom laga har endt uavgjort. Endar ofte målfattig når dei to laga møtast.
Det er Lerum Cup i bygda denne helga, og 2400 deltakarar har fått tilbud om billett. Forventast større oppmøte enn vanleg på Fosshaugane.
Hønefoss kan med seier i dag få luke ned til Start på kvalikkplass. Sogndal kan for alvor spele seg inn i medaljestriden med tre poeng i dag.
Hønefoss òg med ei endring på laget, Kaland tek plassen til Kolehmainen.
Sogndal med ei endring fra cup-kampen mot Vålerenga, Siddy Sagna tek plassen til Magnus Stamnestrø. Kjem tilbake med Hønefoss sitt lag.
Hei og velkommen til Sogndal-Hønefoss på Fosshaugane Campus, den siste av fire kampar i Tippeligaen i dag.