Referat
Kun høydepunkter
Vi får ta med skotstatistikken og. Den enda 14-7 til Sogndal. 7-3 i skot på mål.
Vi takkar for oss frå Fosshaugane Campus og ynskjer vel møtt tilbake ved eit seinare høve.
Neste kamp for Sogndal er i cupen mot Lysekloster på onsdag før dei på ny set turen til Bergen og bortekampen mot Nest-Sotra neste søndag. Hønefoss får fyrst ein cupkamp mot Hallingdal før Fredrikstad ventar heime neste mandag. Gode moglegheiter for buskerudlaget til å reise kjerringa.
Stor kveld dette for Kristian Fardal Opseth som scorar sine to fyrste mål for Sogndal. Ingen tvil om at dette er stort då sognebygda har lengta etter ein lokal helt igjen. Det siste målet frå 60 meter kjem det til å gå gjetord om lenge på Fosshaugane Campus. Sogndal no opp på 3.plass på tabellen med 7 poeng.
Bittert for Hønefoss dette som går på sitt treje strake tap for sesongen. Såg lenge ut som dei hadde drept kampen og nekta Sogndal å komme til dei stroe sjansane. Men to må ut av ingenting vart altså det som senka laget frå Buskerud som no befinn seg nederst på tabellen.
Då var det slutt. Sogndal vinn fortent etter ein god 2.omgang. Kristian Fardal Opseth var den store forskjellen på laga. Han scorar på to sjansar som eigentleg ikkje er sjansar og då vinn Sogndal 2-1 over Hønefoss.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+4'
Ser mørkt ut dette for Hønefoss. Vi trur det er eit lite minutt igjen, men ikkje sikker på kor mykje som er lagt til.
90+3'
Sogndal med ball.
90'
Er Sogndal som har ballen no i sluttminuttane.
90'
Høgt over! Vart for hissig på hat-tricket der.
89'
Frispark til Sogndal på 17 meter. Opseth gjer seg klar.
88'
Hoås snurrar rundt på 16-meteren, men får ikkje snudd seg. Tilslutt blir det ein corner til Hønefoss.
87'
2387 tilstades på Fosshaugane i dag. Eller som speaker seier: 2387 selde billettar. Trur ikkje det er så mange tilstades i vårsola.
86'
Groven legg ballen ut 45 grader, men det er sogndalspelarane som er mest på hugget og som får klarert.
84'
Vi har faktisk ikkje telt nokon skot på mål for Hønefoss i denne omgangen.
84'
Beugre med skot, men det går himmelhøgt over.
83'
Kast for Hønefoss inne på SOgndal sin banehalvdel. Pressar på no Hønefoss.
80'
Hønefoss med frispark som Solli slår inn i feltet, men over alle. Veldig dårlig utnytta der av Hønefoss.
79'
Ein god Hameutenya går it for at spissen Drame skal få koma inn.
78'
Hønefoss langt frå ufarlege når dei angrip, men etterlet seg kraftige rom bakover. Heilt open denne kampen.
76'
Meir trøkk i kampen no når Hønefoss må opp.
75'
Otoo stormar framover på kontringa og slår tversover til Strand som frå spiss vinkel åleine med Jarosinski skyt like utafor.
72'
For ei scoring av Opseth! Bolseth vinn ballen frå Anyora på midten. Trillar til Opset som dunkar ballen opp. Publikum offar seg og skjønar ikkje kva spissen driv med, men får meir og meir trua når dei ser ballen nermar seg mål. Jarosinski ryggar og ryggar, men ballen snik seg like over fingertuppane hans og i mål.
72'
Braaten går ned i duell med Otoo og held seg til andlete, men det viser seg at han har krampe. Får seg ein pust i bakken og er klar igjen.
70'
Grodås mistar til Beugre, men Hønefoss kjem ikkje etter og Sogndal vinn ballen igjen. Godt jobba av Beugre der.
70'
Sogndal rullar fint rundt på kant, men Skaasheim sitt innlegg er elendig.
67'
Groven skyt via muren og til corner.
67'
Seck gjev seg. Berre Groven og Solli igjen.
67'
Groven, Seck og Solli med ballen.
66'
Frispark til Hønefoss på ca. 25 meter etter at Patronen er for tøff i ryggen på Hoås.
65'
Lite som skjer framfor måla, men kampen står heilt klart og vippar. Sogndal er det styrande laget, men Hønefoss er framleis gode i presset og har fått nokre halvsjansar på overgangar.
63'
Mange tøffe duellar her no. Borgersen lar spelet gå.
62'
Sogningane kjem til fleire sjansar, men Hønefoss forsvarer seg godt og blokkerar fleire skotforsøk.
61'
Sogndal med trøkk mot hønefossburet no.
61'
Anyura med tilbakespel som Jarosinski såvidt får beina opp på tribuna framfor Opseth.
60'
Kjapt oppe igjen der midtbanespelaren som har vore ein av Hønefoss sine beste i dag.
59'
Anyora ligg nede, men ser meir ut som ein pust i bakken enn ein skade.
59'
Sarr med skot frå 30 meter, men Jarosinski held enkelt.
57'
Skaasheim prøver seg med feil fot frå 20 meter. Går like over.
57'
Kunne fort blitt tomålscorar der høgrebacken.
56'
I stolpen frå Hamutenya! Får ballen ut på 16 meter og klinkar den i stolpen.
56'
Frispark til Hønefoss på kanten av 16-meteren.
55'
Surt dette for Hønefoss som verkeleg følte dei hadde Sogndal i kne i starten av omgangen her.
53'
Sogndal prøver å spele seg gjennom, men møter ein mur av hardtarbeidane hønefossingar.
50'
Skyt høgt over.
50'
Groven med ballen.
50'
Frispark til Hønefoss midt inne på Sogndal sine banehalvdel. Kan bli ein fin sjanse dette.
49'
Sogndal mykje med ball i starten, men det blir mest trilling. Godt press frå alle hønefosspelarane.
47'
Sogndal rett i angrep, men Beugre er nede å jobbar knallhardt. Spissen vinn til og med eit frispark rundt eigen 16 meter.
46'
Sogndal med avspark og dei spelar no med den låge vårsola i ryggen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er laga ute på bana og vi er straks klare for 2.omgang her frå Fosshaugane Campus.
I andre omgang får Hønefoss sine solide sisteskanse Lukasz Jarosinski sola i andlete og vi får sjå om det blir vanskeleg for polakken. Han bør i allefall få seg ein caps.
Heilt greitt at Hønefoss leiar til pause. Buskerudlaget startar klart best og kjempar Sogndal i senk. Sogndal tok over etter 15 minutt og styrte resten av omgangen, men er ikkje gode nok i boksen til å sette ballen i mål. Hønefoss må nok opp eit hakk viss dei skal klare å halde på dette fordi pasningskvalitet og press har blitt dårlegare og dårlegare etterkvart som omgangen gjekk. Skotstatistikk i fyrsteomganen viser at heimelaget leiar 6-4. Men Sogndal har berre hatt 2 skot på mål mot Hønefoss sine 3.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+3'
Godt innlegg av Skaasheim, men ingen går og ballen blir lett å plukke for Jarosinski.
45+1'
Klabb og babb inne i Hønefoss sin 5-meter før Solli får klarert.
45+1'
2 minutt tillegg.
45+1'
Sogndal vinn eit kast på høgd med Hønefoss sin 16 meter.
44'
Skassheim med ball gjennom på Opseth, men Jarosinski er fint ute og snappar ballen framfor sogndalspissen.
42'
Seck ligg nede etter ein duell med Flo, men det ser ut som han kjem seg på beina igjen.
41'
Lang ball i bakrom frå Seck som går over Patronen. Der er Mane og stussheadar ballen rett på Sukke.
39'
Innkast til Sogndal, men Jarosinski plukkar ballen lett ned.
38'
Litt fram og tilbake her no. Ikkje noko merksamt overtak til nokon av laga.
36'
Mane legg knallhardt inn og Utvik sleivar ballen like over eige mpl i duell med Beugre. God sjanse for Hønefoss.
35'
Sogndal pressar høgt og Braaten sender ballen ut over sidelinja. Begge laga slit når dei blir pressa. Om det er dårlege ferdigheitar eller bevegelsane framfor som er svake er vanskeleg å svare på. Sannsynlegvis ein kombinasjon.
32'
Sogndal styrer spelet, men Hønefoss verkar som dei er meir enn nok klare til å ta overgangane med raske Mane og Beugre på topp.
31'
Solli klarerar, men berre ut til Bolseth på 16 meter. Der er ikkje Bolseth heilt komfortabel om bommar vel rett og slett på ballen når han prøver ein volley.
30'
Sogndal trillar ball og Hønefoss har lagt presslinja ti meter inn på eigen banehalvdel.
28'
Innlegg frå Skaasheim til Flo, men Hamutenya får klarert til corner like forran stryningen.
27'
Sogndal har tatt over mykje her no og Hønefoss har mista litt av den duellkrafta dei viste i starten. Buskerudlaget må nok opp eit hakk viss dei skal kunne halde Sogndal unna mål i løpet av kampen.
25'
Hønefoss er oppe og pressar Sogndal høgt igjen, men no finn sogningane vegen gjennom. Anyora må ty til ulovlege midlar for å stoppe Flo, men frisparket blir det ingenting av.
24'
Hametenya brukar lang tid på kastet og Borgersen gjer han klar beskjed om at han bør få opp farten.
22'
Strand blir tatt i feltet, men igjen ville nok eit straffespark vore streng då Braaten er på både ball og mann.
21'
Flo med skot via Hamutenya til corner.
19'
Sogndal med meir trykk no og Hønefoss legg seg heilt klart lågare og lar sogningane sleppe litt lett rundt på kant.
18'
God sjanse for Sogndal då Johansen legg inn frå kant og Strand for stå åleine på sju meter. Avslutninga er for laus og Jarosinski reddar enkelt.
17'
Hønefoss trillar ball i bakre rekker og prøver å lure Sogndal oppover. Satsar så på den lange i bakrom mot Mane og Beugre, men ballen går heilt inn til Sukke.
15'
Hønefoss har senka presset og det er Sogndal som no må styre kampen.
14'
Blir heada ut til Bolseth på 16 meter, men Groven får blokkert forsøket hans.
13'
Grodås skal svinge innover.
13'
Bolseth vinn ballen og får eit frispark halvegs inn på Hønefoss sin banehalvdel.
13'
Men som ellers i norsk fotball er og tempoet høgare enn ferdigheitane så det blir mykje duellar og feilpasningar.
12'
Høgt tempo her i innleiinga.
10'
Hønefoss pressar Sogndal langt inn på deira eigen banehalvdel og taktikken til SKarsfjord har virka glimrande her i starten.
8'
Sogndal har sola i ansiktet i denne omgangen, men det er nok ikkje noko unnskyldning for at Hønefoss leiar. Gjestene frå Buskerud er knallharde i duellane og vinn alt her i starten på Fosshaugane.
5'
Mane åleine i feltet og headar rett på Sukke. God sjanse for Hønefoss.
4'
Groven skal svinge innover.
4'
Frispark til Hønefoss halvegs inn på Sogndal sin banehalvdel.
3'
Hønefoss med initiativet i starten her.
3'
Klikk-klakk frå Hønefoss rundt Sogndal sin 16-meter, men skotet frå Mane går rett i Patronen.
2'
Bra trøkk på Haugadn i dag. Hønefoss sine gode gjeng på 50 personar lagar bra trøkk og saftkokarane må ta i for å overdøyve dei.
1'
Lang ball opp frå Solli mot Mane og Beugre. Lett for Patronen.
Avspark Start 1. omgang
Hønefoss med avspark.
Hønefoss i signalgrønne drakter i dag. Sogndal i sine vanlege kvite.
DÅ er laga på veg inn på bana og vi er straks klare for denne viktige kampen i den 3. runden av årets 1.divisjon.
Ein god del hønefossingar har tatt turen over fjellet, men det ser ikkje ut som sogningane kjenner si besøkelsestid her i finveret. Kanskje under 2000 på Fosshaugane i dag.
Mykje ungt på dei to benkane. Kristoffer Hay tel berre 16 år og kan få sin debut for Hønefoss i dag. For Sogndal er Håvard Flo sin son, Fredrik på benken for fyrste gong for sogningane.
Eit artig poeng før dagens kamp er at Hønefoss aldri har vunne i Sogndal. Dei tre siste kampane mellom desse laga på Fosshaugane har også endå uavgjort.
Verdt å merke seg er at den ghanesiske landslagsspissen Mahatmo Otoo er tilbake etter skade og startar i dag på benken for Sogndal.
Sogndal Fotball har endå ikkje klart å gje oss laga så vi har lagt ut det laget som klubbane har lagt ut på sine heimesider. Hønefoss har satt opp Anyora både på laget og på benken så vi er litt usikre på om han startar.
Då har vi laga klare.
Vi har dessverre ikkje klart å oppdrive kva tropp Skarsfjord tek med seg over fjellet, men det er ikkje rapportert om nokon nye skadar så vi reknar med det er dei same som var med mot Bryne sist. Svaret på dette kan de få ca. kl. 1700 då vi er tilbake med laga live frå Fosshaugane Campus. Vel møtt til kamp!
Eirik Bakke stiller med denne troppen til dagens kamp: Christian Sukke, Kristian Rutlin, Eirik Skaasheim, Victor Grodås, Bjørn Inge Utvik, Christophe Psyché, Hannu Patronen, Simen Brekkhus, Rune Bolli Bolseth, Petter Strand, Babacar Sarr, Lars Christian Kjemhus, Ulrik Flo, Jim Johansen, Kristian Fardal Opseth og Mahatma Otoo
Eit anna poeng i kampen er Malick Mane, Hønefoss sin angripar, som berre for litt over eit år sidan vart seld frå Sogndal til IFK Gøteborg for 5 millionar. Sidan den gong har han også vore ein tur innom australsk fotball før senegalesaren no er tilbake i Noreg og Hønefoss.
Difor vil denne kampen, sjølv om det er tidleg i sesongen, være svært viktig for begge lag. Sogndal kan skaffe seg eit sjupoengs forsprang på ein opprykksrival samtidig som Hønefoss kan forverre ein allereie elendig sesongstart. Men med siger så vil laget frå Buskerud berre være eitt poeng bak sogningane.
Terje Skarsfjord har ikkje fått den opninga han nok ynskja for sitt Hønefoss. Fyrst eit forferdeleg 4-0 bortetap mot nyopprykka Follo før dei sist helga også tapte heime mot Bryne. At akkurat desse to laga no innehar to av dei tre fyrste plassane i 1.divisjon får heller være ein trøst for Hønefoss.
Sogndal har innleia ok sjølv om 0-0 borte mot Jerv sist ikkje var så veldig imponerande. Eirik Bakke har derimot sagt at med siger heima og uavgjort borte, så er dei i rute. Med fire poeng så langt så føl ein framleis Bakke si oppskrift på Fosshaugane Campus.
Sjølv om vi er tidleg i sesongen kan nok dette vise seg å bli ein svært viktig kamp mellom to lag som før sesongen har satt seg mål om å liggja i tetsjiktet.
Hei og velkomne til den 3. runden i 1.divisjon. I dag er det Hønefoss som kjem på besøk til Sogndal og Fosshaugane Campus. Kampstart 1800.