Oppsummering
Sogndal vinn fortent over Hødd heime på Fosshaugane Campus. Serieleiaren makta berre å få ein ball forbi Alme i Hødd-buret, men skapte mange store sjansar forutan målet. Dei hadde blant anna to i metallet, i tillegg til at dei blei snytt for ei nokså klar straffe. Hødd kjempa på si side tappert defensivt, men hadde lite å by på framover i bana. Då gjenstår det berre å ønske alle ei god 17. mai-feiring i morgon! Sebastian Eide takkar med dette for følgjet.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+5'
Morgado går inn med heva fot mot Ingimundarson og heimelaget får eit fortent frispark.
90+2'
Der bør Sogndal avgjere! Skaanes får med seg ballen inn i Hødd si boks, men utnyttar det heile dårleg då han går for eit innlegg som blir blokkert i staden for skot.
90+2'
Skummelt innlegg i Sogndal si boks. Heimelaget beinar ballen vekk. Hødd yppar bra no.
90'
Nære på for Hødd! Heimelaget slit med å få klarert og innbyttar Morgado avsluttar like utanfor frå 16-17 meter. Det beste bortelaget har skapt i kampen.
90'
Lite som vitnar om ein sluttspurt av Hødd her.
89'
Nessø set fart framover med ballen, men blir stoppa ulovleg av ein Hødd-spelar og Sogndal får frispark.
88'
Siste forsøk frå Joakim Dragsten. Portugisiske Morgado og ungguten Brandal kjem inn.
84'
Ingimundarson får avslutta, men rett i eit Hødd-bein.
83'
Hoven med innlegg frå høgre. Forbi alle i feltet.
82'
Utruleg at ikkje Sogndal leiar meir her på Fosshaugane Campus. Skal Hødd klare å stele med seg poeng på slutten?
81'
Flataker ligg nede etter eit samanstøyt med ein Hødd-spelar. Kampens hittil einaste målscorar kjem seg til slutt på beina att.
80'
Sundnes slår inn i Sogndal si boks, men heimelaget stangar unna.
80'
Like etter stolpeskotet misser Alm farleg djupt inne på eigen halvdel. Ikkje langt unna at Sogndal utnyttar det skikkeleg.
77'
Stor sjanse for heimelaget! Heimelaget får avslutta frå god posisjon, og ballen snik seg forbi Alme og i stolpen og ut. No hadde Sogndal verkeleg fortent å leie med meir enn eitt mål!
74'
Nesten at Hellevik Larsen og Kallevåg klarer å kombinere seg gjennom Sogndal sitt forsvar.
69'
Sogndal har gira litt meir opp no.
67'
Sogndal ropar på straffe! Hoven ser ut til å bli riven over ende av Nersveen inne i Hødd sin sekstenmeter, men domar Hauge let spelet gå. Der ser det ut til at heimelaget blir klart snytt!
65'
Sundnes kastar langt, men Hødd klarer ikkje å vinne dei avgjerande duellane inne i boksa.
64'
Skaanes blir felt av Lillo, men er heldig som slepp det gule kortet. Har vore ein ganske snill kamp elles, dette.
63'
Hødd får låne litt ball no, men laget er ganske stilleståande og det er vanskeleg for ballførar å finne gode bevegelsar.
60'
Brukbar sjanse for Hødd. Kallevåg får gå åleine med ballen inn mot Sogndal si boks, og den tidlegare AaFK-spelaren får god tid til å avslutte. Dessverre for bortelaget går skotforsøket over.
57'
Fleire skumle ballmiss på Skeide hittil i matchen. Liten tvil om at Flataker leiar den tidlegare nemnde duellen mellom dei to unge talenta hittil!
52'
Same kampbilete som i store delar av 1. omgang. Sogndal har ball og Hødd prøvar å vere disiplinerte og ha tette lagdelar bakover.
50'
Joakim Dragsten har altså bytta ut to av dei i trioen fremst i bana. Hjelmeseth og Skotheim har kome inn for Scriven og Tøsse.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No står dei to laga klare på bana. Skaanes skal inn for heimelaget.
Sogndal leiar fortent 1-0 over Hødd etter første omgang på Fosshaugane Campus. Kampens hittil einaste scoring kom etter nesten ein halvtimes spel, så Flataker heada inn eit innlegg frå Hoven. Sogndal har hatt det meste av farlegheiter elles også, men Hødd har vore i gode posisjonar ved fleire høve utan at det har blitt direkte farleg. Det er berre å gle seg til dei siste 45 minutta!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Blir enkelt heada unna.
45+2'
Ny dødball for Hødd. 15-20 meter inne på Sogndal sin halvdel. Tøsse står klar.
45+1'
Forsøket endar berre i klypene til Fij. Svakt utnytta av bortelaget.
45+1'
Frispark til Hødd i ein brukbar innleggsposisjon. Nede ved langsida halvvegs inne på Sogndal sin banehalvdel.
45'
Det har vore fleire stopp i spelet, så det blir sikkert lagt til eit par minutt her.
45'
Skeide kjem til skot frå god posisjon, men får raskt press på seg og sender ballen over mål.
44'
Betre takter frå dei blå no. Held bra på ballen og er flinke til å vende spel, men slit med å kome til moglegheiter.
43'
Lite tempo å spore hos Hødd når dei har ballen no.
41'
Så er det Sogndal som styrer. Hødd ligg kompakte bakover igjen.
38'
Hødd med eit lite press no.
34'
Flo er utan press og avsluttar frå distanse, men skotet går høgt over mål.
32'
Twum blir liggjande etter å ha falt forkjært. Finfin kontring for Hødd i forkant der, men det avgjerande innlegget frå Kallevåg blir altfor svakt.
30'
Fortent leiing til Sogndal, som har hatt det meste av initiativet her. Keeperspelet til Alme var derimot ikkje imponerande der. Burde kunne klare å få boksa den unna.
26'
Godt forsøk for heimelaget! Ørjasæter skjer innover i bana og avsluttar. Rett på Alme.
23'
Sogndal står fint etter og vinn ballen høgt i bana ved fleire høve no.
21'
Hødd får ein fin kontringssjanse, men Kallevåg er slurvete og rotar vekk ballen.
20'
Stor sjanse for Sogndal! Nessø kjem seg fri til venstre og får lagt inn, men frå kort hald kjem ikkje Jónsson seg skikkeleg rundt ballen og sender avslutninga utanfor.
18'
Sundnes skal kaste langt for Hødd. Lillo tapar første duellen, men bortelaget beheld kula.
18'
Fij med ei skummel involvering bakerst hos Sogndal. Hødd-spiss Scriven jagar og er ikkje langt unna å snappe ballen.
17'
Nessø skyt frå utanfor boksa, men skotet misser fart når det går via Alm. Til slutt dalar kula ned i hanskane til Alme bakerst i Hødd-buret.
15'
Scriven prøvar seg med eit skot frå langt hald. Ufarleg utanfor.
14'
Heimelaget har som venta hatt mykje ball i starten her. Gjestane frå Ulsteinvik ligg kompakte bakover.
11'
Sogndal set fart og skapar litt trøbbel i Hødd-forsvaret, men utan at det endar med noko farleg.
10'
Jónsson avsluttar, men rett i ein Hødd-spelar.
9'
Kallevåg blir liggjande på matta, men domar Steinar Hauge vinkar spelet vidare.
8'
Scriven tek med seg ballen fint framover, men pasninga til slutt blir for unøyaktig og Sogndal tek over.
5'
Kallevåg held fint på ballen for bortelaget, og Hødd klarer å roe litt ned.
4'
Småskummelt innlegg frå motsett side ved Hoven, men ballen går nok ein gong forbi alle i boksa.
3'
Ørjasæter slår inn frå venstre, men forbi alle i feltet.
1'
Då er vi i gong med feiringa av fotballens nasjonaldag her på Fosshaugane Campus!
Avspark Start 1. omgang
Då står alle klare på bana og vi er få sekund unna avspark.
Syver Skeide melde på si side overgong til Bodø-Glimt før sesongen starta, for så å bli leigd ut til Hødd i heile 2023. Midtbanespelaren har teke store steg siste åra, og har ved fleire høve vist at han nok er moden for større oppgåver.
To spelarar å sjå opp for i dagens kamp er Sogndal sin lovande spiss Erik Flataker og Hødd sin midtbanejuvel Syver Skeide. 18 år gamle Flataker, som starta karrieren i Skavøypoll, står med to scoringar hittil denne sesongen, og har også bra med kampar for Noreg U17 til U19.
Samtidig har Hødd vist at dei ikkje er nokon kasteball på dette nivået. 2-4-1 og 10 poeng hittil er absolutt godkjent, sjølv om det har blitt for mange poengdelingar. Førre runde enda 1-1 heime mot eit godt Moss-lag, ein kamp dei heller ikkje var langt unna å vinne. Trenar Joakim Dragsten har drilla Hødd som eit solid forsvarslag, samtidig som dei er farlege på overgongar og dødballar.
Sogndal og Tore André Flo er klare favorittar før kveldens oppgjer, og laget toppar tabellen etter dei dei sju første rundene av årets OBOS-liga. Fasiten her er 4-2-1- Sist runde blei det 3-2 borte mot Åsane etter to scoringar det siste kvarteret.
Med ei reisetid på 3 timar og 20 minutt frå Ulsteinvik er dagens oppgjer på Fosshaugane Campus nærast som eit lokaloppgjer å rekne for Hødd. Det er venta bra med tilreisande frå Sunnmøre, og Blåsarane har blant anna sett opp buss.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Sogndal og Hødd!