Referat
Kun høydepunkter
Sjansestatistikken viser 13-13 der Hødd hadde 9 på mål og Sogndal 6. Men Sogndal sine avslutningar på mål var farligare. Takk for oss frå Fosshaugane Campus.
Hødd er sjølvsagt strålande nøgde med scoringa på overtid, men det var også fortent då dei aldri gav opp. Unge Alme hadde ein glimrande kamp i målet for Hødd og redda fleire hundreprosentssjansar.
Og så har Sogndal rota vekk to nye poeng på overtid igjen. For andre gong på tre dagar utliknar motstanderen like før slutt. Eirik Bakke får nok problem med å forklare at han ikkje brukte opp alle innbytarane sine på eit lag som såg kjørt ut dei siste 15 minutta.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+4'
Slutt!
90+2'
Tre minutt tillegg og vi har spelt eitt av dei.
90'
Innoverskrudd frispark som går over alle og like utafor. God sjanse for Hødd.
89'
Strand dreg seg gjennom, men skyt utafor.
87'
Aursnes med ein susar like utafor. Hagerup er og nede og reddar så det blir corner.
87'
Aasbak i god innleggsposisjon, men blir blokkert. Vinn eit innkast.
86'
4768 tilksodarar i dag. Nesten dobling av årsbeste.
86'
Sogndal hadde før dette ein veldig gode overgang, men spelarane verkar heilt kjørt. Ingen teikn til byter frå Bakke. Dette kan Hødd utnytte.
85'
Strand blir heilt klart tatt på 16 meter. Ingenting. Mykje rart frå Trædal dei siste minutta.
83'
Rart at Bakke ikkje gjer byter på eit sogndallag som verkar sluttkjørt. Hødd styrer kampen no.
82'
Sarr hoppar opp og vinn hovudduellen og blir dømt frispark på sjølv om han er ein halvmeter høgare enn Aursnes. Dommaren bles frispark og det er det ikkje. Svakt av Trædal som ellers har klart seg greitt.
81'
Men Sogndal får klarert.
80'
Lang ball opp og Hødd held oppe trykket.
79'
Aursnes avluttar frå 25 meter, men det blir barnemat for Hagerup.
78'
Strand med eit fantastisk skot og Alme med ei fantastisk redning. Slår til corner.
76'
Hødd kanskje med initiativet her dei siste minutta. Sogndal ser trøtte ut.
74'
Endar i frispark for Aasbak etter at Opseth er for sein i duellen.
74'
Sogndal vin neit kast høgt i bana og ein brukar tid for at langtkastande Teniste skal krysse bana for å ta det.
72'
Under 20 minutt igjen. Ingenting avgjort. Begge lag skapar sjansar. Tippar vi får eit mål til, men til kven er vanskelg å seie.
70'
Uelland Andersen gjennom, men Psyche får blokkert til corner.
70'
Ein enrom sjanse på eit oppspel frå Sogndal. Psyche headar frå 5 meter, men Ingebrigtsen reddar på streken. På returen får Sogndal avslutta, men Alme reddar.
69'
Sveen dunkar ballen opp på tribuna og ingen ringare enn fotballpresident Yngve Hallen får ballen på seg.
68'
Shroot fell i boksen og mienar det er straffe. Mogleg at Ingebrigtsen var borti han, men det hadde vore ei svært billig straffe.
67'
Sogndal leikar med elden på eigen banehalvdel. Fleire spelar med nokre dragningar som set hjarta i halsen på dei med kvitt hjarta på tribuna.
66'
Flo står upressa og dunkar innlegget 5 meter over kortlinja. Svakt av Flo.
65'
Ein enorm sjanse for Hødd. Patronen og Psyche ser på kvarandre og lar ballen gå over seg. Der er innbytar Kallevåg åleine med Hagerup, men bergensaren kjem ut blokkerar samtidig som Kallvåg glir på matta som etter denne kampen skal bytast ut.
62'
Teniste kastar inn. Hødd klarerar, men i feltet er Shroot som dunkar ballen mot mål. Ein høddsplear klarerar på streken, men vi ser ikkje kven.
62'
Kast til Sogndal og det er Teniste som skal kaste langt.
61'
Lang ball inn i feltet som Tørnqvist headar utafor.
61'
Frispark til Hødd 10 meter inn på Sogndal sin banehalvdel.
58'
Shroot viser seg som den goalgetteren han var i Hødd og riv seg laus i boksen. Avsluntinga vert derimot for svak.
57'
Aasbak riv ned Strand på veg framover. Soleklart kort, men dommaren held korta i lomma.
56'
Det skal seiast at speaker Wolff Navarsete gløymde å skru av mikrofonen under cornerane og han sukka tungt ved begge anledningar.
53'
Nei det er Strand som prøver seg, men treff dårlig.
53'
Frispark til Sogndal som Grodås skal svinge innover.
52'
Hødd prøver å spele seg ut, men ei feilpasning gjev Sogndal ein god sjanse. Den klarar dei ikkje å utnytte.
49'
Det var Sveen som slo det harde og gode frisparket.
49'
Knallhardt frispark inn i feltet som Hagerup held. Glimrande slått og glimrande holdt av Hagerup.
48'
Frispark til Hødd på kanten av 16-meteren.
47'
Myklebust gjennom og vil ha corner i duell med Patronen. Det er ikkje 1.assisten Askeland einig i. Store protestar frå blåsarane.
46'
Ingen byter på nokon av laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Straks klar for 2.omgang. Hødd med avspark.
Fyrste omgang over på Fosshaugane Campus. Den solklart beste omgangen på Fosshuagane Campus i år. Vi tel 6 avslutningar frå begge laga. Det er like mange som vi hadde i heile kampen då Jerv vitja Sogndal på onsdag. Samtidig har det og vore to lag som er interessert i å spele fotball og setje opp eit høgt tempo til tider. Sogndal har skapa dei store sjansane, mens Hødd har komme til fleire halvsjansar. Det blir spennande å sjå kva dei to laga vil gjere i andre omgang. Tross alt den tredje kampen på seks dagar for desse laga så mogleg vi får sjå ein del byter etterkvart.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Nei. Der bles Trædal for pause.
45+2'
Eit siste innkast for Teniste.
45+1'
Eitt minutt tillegg i denne omgangen.
44'
Hødd held på ballen. Kan dei klare å skape noko no dei siste minutta før pause?
42'
Frisparket vert slått langt inn i feltet der Opseth nesten får foten på ballen.
41'
Flo avsluttar over frå skrå vinkel.
36'
Så over til kampen. Myklebust dreg av Grodås og kjem til linja. Legg inn, men over alle og ut til kast for Sogndal.
36'
Så svarar heimesupporterane. Kjekt med litt stemning på Fosshuagane. Lenge sidan.
35'
Heia Hødd rungar over stadion. Bra trøkk i bortesupporterane.
35'
Igne er det Aasbak som slår inn. Patronen stussar mot eige mål, men Hagerup har kontroll.
34'
Hødd med ball no. Bygger opp og ventar på opningar.
33'
Etter 30 minutt kan vi slå fast at dette er den solklart beste kampen på Fosshaugane i år. To lag som vil angripe og som vil spele fotball i motsetnad til tidlegare kampar der Sogndal som regel har stanga mot ein mur av forsvarspelarar.
31'
Hødd frampå igjen, men Uelland Andersen er i offside.
29'
Hødd sparkar bort ballen på eigen banehalvdel. Hødd er offansive og gjer mykje bra med ball, men og feil som dei vert hardt straffa for.
28'
Shroot med ei glimrande dragning inne i feltet, men avslutninga går rett på Alme. Eller rett nok. Alme er glimrande nede og reddar.
27'
Glimrande vendingar av Uelland Andersen utafor 16-meteren før han curlar ballen i lengste. 20 cm utafor.
25'
Innsvingar inn i feltet som går rett inn til Hagerup. Litt lite hissige på grøten der høddspelarane.
25'
Aasbak skal slå.
25'
Så frispark til Hødd på kanten av 16-meteren. Den er derimot klar.
24'
Shroot kombinerar glimrande med Strand og vert vel tatt like utafor 16-meteren av Aursnes. Ingenting seier dommaren.
23'
Tvingar Sogndal til å slå langt og ballen går heilt inn til Alme.
23'
Framleis høgt tempo i kmapen. Sogndal med ball no og Hødd pressar svært lågt.
21'
For dei som lurar så kan vi avsløre at Shroot ikkje feira scoringa si.
19'
Endar i corner.
18'
Men berre til innkast som Teniste skal kaste langt.
18'
Innlegg frå Aasbak som Sveen kjem til avslutning på. Headinga vert derimot for enkel og går rett på Hagerup.
17'
Heilt greitt at Sogndal tek leiinga då dei har hatt to svære sjansar tidlegare i kampen. Men samtidig har Hødd spelemessig vore heilt med så fortsettelsen av kampen vert nok spennande.
13'
Innkast til Sogndal høgt i bana. Teniste skal kaste langt.
12'
Innlegg frå Myklebust som går i handa på Patronen. Mogleg for ein dommar å dømme straffe der, men det hadde vore veldig strengt.
11'
Hødd med ballen no. Sogndal har senka presset sitt ned til bak midtbanen.
8'
Inn i feltet og det ser ut osm det er Tørnqvist som får til ei avslutning, men den blir for laus og enkel for Hagerup.
7'
Frispark til Hødd 10 meter inn på Sogndal sin banehalvdel. Aursnes skal svinge innover.
6'
Veldig høgt tempo her innleingsvis. Morosam start.
5'
Frisparket vert skrudd innover og vi ser ikkje kven som stussar inne i mølja forran mål, men ballen går i stolpen eller blir redda på strek. Uansett ein stor sjanse for Sogndal som har hatt to gigasjansar dei fyrste fire minutta.
4'
Grodås skal svinge innover.
4'
Frispark til Sogndal på kanten av 16-meteren.
3'
Opseth snappar opp eit dårlig tilbakespel frå Tørnqvist og vippar ballen over Alme. Ballen går like over. Stor sjanse for Sogndal.
2'
Igjen er det Ingebrigtsen som klarerar og denne gong via Teniste til utspark for Alme.
2'
Ingebrigtsen får etterkvart klarert, men berre til eit nytt innkast.
1'
Sogndal med avspark og lang ball opp. Vinn eit innkast.
Avspark Start 1. omgang
Ti minutt til kampstart og stadion begynnar å fylle seg opp. Veldig kjekt å sjå at bortefeltet er godt fullt opp med blåkledde blåsarar frå Ulsteinvik. Legg ei fin ramme rundt kampen.
Norsk-Tipping har fått med seg denne statistikken og gjev berre 1.50 på heimesiger kontra 5.20 på bortesiger. Blir det uavgjort kan du gange innsatsen med 3.85.
Sogndal også med best statistikk innbyrdes mellom dei to laga. I Sogndal har heimelaget vunne dei 7 siste. 3 har enda uavgjort og i 3 av oppgjera har Hødd tatt med seg poenga heim til Ulsteinvik.
Men på eit punkt slår Hødd Sogndal så langt i år. Eirik Uelland Andersen har scora 8 mål og er klubbens toppscorar. For Sogndal er det Kristian Fardal Opseth med 7 mål som er toppscorar. Kaupingen har derimot 4 mål på dei to siste kampane.
To lag med to vidt forskjellige formkurver i sereien. Sogndal står med 9 strake kampar utan tap. 7 av desse har enda med siger. Hødd derimot har 3 strake tap og 2-8 i mplforskjell. Då reknar vi ikkje med 4-0 tapet i cupen mot Mjøndalen på onsdag.
I billettluka kunne dei rapportere om 4400 selde billettar ein god time før kampstart. Framleis gjekk billettane unna som varmt kveitebrød så det er mogleg vi kan få sjå 5000-talet på Fosshaugane i dag.
Hødd er og nøydd til å gjere ei endring då keeper Falck fekk raudt kort i sist seriekamp. Inn kjem Alme. Frå cupkampen på onsdag har og Wrele og Magnussen gått ut og inn har komme Karslen og Torset.
Då er laga klare og vi ser at dei to gamle høddheltane får sjansen frå start. Grodås på sin vanlege vanstreback, mens Shroot har fått sjansen på bekostning av Otoo.
Verdt å merka seg er at Sogndal i vinter henta to av Hødd sine store spelarar førre sesong, nemleg Robin Shroot og Victor Grodås. Om desse to startar mot gamleklubben får vi sjå når laga vert klare rundt kl. 1900. Vel møtt!
Desse laga har møttes i to treningskampar tidlegare i år. I februar i Sogndal vann Hødd 2-0, mens på Høddvoll i mars vann Sogndal 2-1.
Det er Sognefjord Lerum Cup i helga og det betyr at over 300 lag og nærare 5000 spelarar vitjar sognebygda. Det er difor venta godt oppmøte på Fosshaugane i dag og sannsynlegvis årsbeste når det gjeld publikumstal. Rekorden i år er 2722 og den vert nok kraftig slått i dag. Vi får og håpe at Blåsarane frå Hødd møter mannsterke opp slik at vi får ei fin ramme rundt kampen.
Kampane kjem tett som haggel no. Dette er desse laga sin tredje kamp på berre seks dagar. Sogndal slo Brann 4-0 sist helg før dei spela uavgjort mot Jerv 1-1 på onsdag i ein framskunda kamp frå den 16.serierunden. Hødd tapte 3-1 heime mot Sandnes Ulf sist helg før dei rauk ut av cupen med 4-0 borte mot Mjøndalen onsdag. Vi får nok sjå eit heiltent høddlag som er klare for å revansjere dei siste dagars dårlege resultat.
Sogndal leiar 1.divisjon soleklart, mens Hødd ligg på 3.plass. Det skil derimot heile 12 poeng mellom laga.
Hei og velkomne til den 14. runden i 1.divisjon frå Fosshaugane Campus. Vi kan i dag gje dykk toppoppgjeret mellom Sogndal og Hødd. Kampstart kl 20.00.