Referat
Kun høydepunkter
Der er kampen over, og det blir 1-1 på Fosshaugane. Ingen stor kamp frå nokon av laga, og poengdeling er alt i alt eit greitt resultat. Surt for FKH at sigeren glapp i det 90. minutt. Spelarane takkar publikum for støtta, og vi ynskjer velkommen tilbake ved eit seinare høve!
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+4'
Ruben Holsæter er kåra til dagens Sogndal-spelar.
90+3'
Det er lagt til minimum fire minutt.
90+2'
Stor sjanse for Sogndal! Mane kjem på kanten, og skyt frå kort hald. God redning hindrar 2-1 der!
89'
Karadas blir dregen ned i feltet.
89'
Sogndal-frispark fem meter inne på FKH sin banehalvdel. Gjestene får avklart.
89'
Bangura får seg ein smell mot Karadas, men er tilbake på beina att.
87'
Karadas er rasande, og vil ha corner. Stormar mot dommaren, men avgjerdsla blir ikkje omgjort.. Keeper kan gjere seg klar for utspark.
86'
3348 tilskodarar ser kampen.
85'
Holsæter prøver seg, men får ballen for langt foran seg. Det vil seg ikkje for Sogndal i dag.
82'
Stamnestrø har jobba godt for Sogndal, og er tom for krefter. Kanskje det skal bli Hopen-magi på Fosshaugane igjen?
79'
Stamnestrø signaliserer byte til benken. Hopen kan gjere seg klar.
78'
Før helgas runde var det berre Rosenborg som hadde tapt færre kampar enn Sogndal. No er laget i ferd med å gå på sitt femte tap for sesongen.
77'
Ser ikkje ut som Sogndal har noko å svare med - enno i alle fall.
75'
Maakeberget er i ekstase, og prøver seg med 'heile stadion, heile stadion' etter scoringar.
73'
Mane leiker seg og driblar av to spelarar, men får berre innkast - som Teniste kastar. Ufarleg.
71'
FKH har framleis ikkje hatt ein einaste corner i kampen.
70'
Framleis heilt open kamp her på Fosshaugane.
67'
Stor sjanse for Sogndal. Sagna klinkar til - rett i stolpen!
66'
Mane får ballen på 25 meter, men prøver å drible seg gjennom forsvaret. Det klarar han ikkje, og Sogndal må starte på nytt.
63'
Sogndal styrer banespelet no, og det er større skilnad på laga etter pausen enn det vi såg dei første 45 minuttane.
63'
Patronen slår eit langt frispark opp i feltet. Karadas er nære på å i feltet, men ballen hamnar istaden hos Mane som skyt frå 20 meter. Høgt, og til side for mål.
61'
Sogndal har ikkje tapt på sine fem siste kampar på Fosshaugane, og har berre fire nederlag i år. Sist laget tapte heime var mot Rosenborg i april.
60'
Bamberg prøver seg på venstrekanten, men skotet går rett i nettveggen.
58'
Begge lag har fleire spelarar i oppvarming.
56'
Frispark til heimelaget i midtstreken. Patronen slår langt, men FKH avklarar.
55'
Holsæter med svakt oppspel mot Karadas, og tek sjølvkritikk.
55'
Holsæter med svak oppspel mot Karadas, og tek sjølvkritikk.
53'
Teniste slår inn, men keeper plukker lett.
52'
Sogndal har starta friskt i andre omgang.
51'
Dette var Karadas sitt femte gule kort for sesongen. Dermed må også han sone neste kamp.
47'
Litt tekniske problem dei første tre minuttane av andre omgang, men no er alt på stell.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då går laga til pause med 0-0. Det kan fort også bli sluttresultatet, om ikkje presisjonen og effiktiveten blir betre den siste tredjeplassen.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Sagna skyt frå 20 meter. Ballen går over tribunen..
44'
Han slår frisparket inn i feltet, men ballen går heilt inn til Dahlin. Kunne blitt ein god sjanse, det!
43'
Gytkjær får frispark, og Haraldseid gjere seg klar.
43'
Flo klinkar til frå 28 meter. Like utanfor!
42'
Sogndal har tatt over meir av banespelet, og jaktar 1-0 no.
42'
Lang ball opp i feltet. Skaasheim får sjansen to gonger, bommar på ballen første gongen, medan det andre forsøket blir blokkert.
40'
Karadas tek over kapteinsbindet, etter at Bolseth måtte ut med skade.
39'
Flo går i kroppen på Bangura, og dommaren meiner det er for tøft. Frispark.
38'
Mane slår inn, men ingen Sogndal-spelarar på rett plass inne i boksen.
38'
Stor sjanse for Karadas, men spissen set ballen utanfor frå 15 meter!
34'
Frispark i fin posisjon for FKH. Myrestam slår inn, men Dahlin får kontroll.
34'
Frispark i fin posisjon for FKH. Myrestam slår inn, men Dahlin får kontroll.
33'
Lang ball opp mot Flo, men Kristiansen les spelet godt og snappar opp. Heimepublikum meiner derimot at keeperen er utanfor sekstenmeteren i det han bruker handa, men dommaren let spelet gå.
32'
Fleire av tilskodarane dreg fram mobilen, og Instagram er meir interessant enn fotballkampen akkurat no.
30'
Teniste prøver seg med eit sjeldent skotforsøk. Rett på keeper.
29'
Hiaka-Hoaka fotball ute på bana no, som FKH-trenar Grindhaug ville ha sagt det.
26'
Bolseth kjenner det i hofta, og ber Sogndal-benken sende Sagna i oppvarming.
24'
Dermed må også Mane stå over i neste serierunde.
23'
Han slår inn i feltet, og fleire spelarar prøver seg med eit skotforsøk. Cvetinovic er ein av dei, men alle forsøka blir blokkerte.
22'
Same Gytkjær får frispark i duell mot Stamnestrø. Haraldseid står ved ballen.
20'
Holsæter får frispark på eigen halvdel. Dahlin går ut for å slå langt.
17'
Mane har blitt pakka godt inn av FKH til no i kampen. Denne gongen fekk driblefanten tre motspelarar på seg, og mistar ballen.
17'
FKH med medvind i ryggen i første omgang.
16'
Stamnestrø skyt frisparket frå 25 meter - via tverrliggjaren og ut!
15'
Frispark til Sogndal i fin posisjon. Stamnestrø står klar.
15'
FKH prøver seg med Andreassen frå kort hald, men keeper Dahlin reddar.
13'
Gytkjær med ny smell i bakhovdet, men ristar det av seg.
12'
Fin ball frå Karadas mot Mane, men toppscoraren får ikkje skikkeleg kontroll inanfor sekstenmeteren. FKH slepp med skrekken.
10'
Jamnspelt dei første ti av kampen.
8'
Bra trøkk i Maakeberget dei første minuttane, supportarane til gjestene.
6'
Fin halvsjanse for Sogndal. Innkast inn i feltet, og Stamnestrø fangar opp ballen utanfor sekstenmeteren. Han klinkar til på halv volley - like utanfor!
5'
Mane utfordarar, og får innkast nede ved hjørneflagget. Teniste skal prøve seg - igjen.
5'
Lang ball opp mot Gytkjær, men han får seg ein skikkeleg karamell i luftduellen mot Valsvik. Får frispark - og vond i hovudet, men kjem seg på beina att.
3'
FKH trillar ball på eigen halvdel.
2'
Teniste med salto-innkast, men dommar bles for feilkast. Haugesund og Myrestam prøver seg frå samme posisjon frå sidelinja.
1'
Bolseth set igang kampen.
Avspark Start 1. omgang
Kapteinane Kristiansen og Bolseth helsar på kvarandre, og ynskjer lukke til. Dei blir einige om at heimelaget skal starte med ballen.
Spelarane står klare i spelartunellen, og det er straks klart for avspark!
Regn i Sogndal i ettermiddag, i tillegg til at grasmatta blir vatna før kampstart. Her skal det bli fart på ballen!
Vi kjem tilbake med meir informasjon og lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart i Sogndal. Følg med!
Malick Mane er Sogndal sin toppscorar, medan Christian Gytkjær er mestscorande for FKH. Begge har scora seks mål så langt i år.
FKH må klare seg utan Michael Haukås som fekk rødt kort i førre kamp mot Aalesund.
Sogndal har ikkje tapt sidan 16.mai mot Strømsgodset. Dermed kan laget tangere sin rekord i øvste divisjon med sju kampar utan tap.
I fjor enda dette oppgjeret med 1-1. Malick Mane og Alexander Søderlund var målscorarane den gongen. Då laga møttest i Haugesund i vårsesongen, vart nemnde Mane kampens einaste målscorar, og Sogndal vann 1-0.
Desse to laga er tabellnaboar før dagens kampar i Tippeligaen. Sogndal på sjuandeplass med 21 poeng, medan Haugesund er på plassen foran med to poeng meir. For gjestene er det berre fem poeng opp til bronseplass, medan Sogndal berre har fem poeng ned til direkte nedrykk. Med andre ord er det tett mellom mange av laga i divisjonen.
Hei, og velkommen til Sogndal - Haugesund frå Fosshaugane Campus!