TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Firda.no kårer Ole Jørgen Halvorsen til kampens beste spelar.
Haugesund på si side gjennomfører ein ny svak bortekamp, og Jostein Grindhaug og hans mannskap ser nok alt fram til å kome heimatt til eiga grasmatte.
Der har laga gjort sitt for i dag. Sogndal gjer årets beste seriekamp og slår Haugesund fullt fortjent 3-1, etter først å ha kome under tidleg i 1. omgang. Sogndalspelarane spring til Saftkokaradn etter kampslutt, og får sjølvsagt ståande applaus.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+3'
Ole Jørgen Halvorsen fintar Bangura heilt ut på sidelinja. FKH-angriparen kjenner seg kanskje gjort til latter, og tar igjen med å rive Sogndal-vingen over ende.
90+1'
Lang ball frå Solheim fram mot spissane. Ole Jørgen Halvorsen viser god fotballforståing og joggar roleg ut av offsideposisjonen han befann seg i, og lèt Cato Hansen ta i mot ballen. Det ligg eit mål i lufta no i sluttminutta.
90'
Corneren treff hovudet til Andreassen som header langt over mål.
89'
Hjørnespark
89'
Haugesund pressar på for å forsøke å skape moglegheiter, medan Sogndal verkar tilfreds med å leie 3-1. Vi nærmar oss sluttminutta no.
86'
Berre 1884 tilskodarar ser Sogndal gjere sin beste kamp for året denne flotte sommarkvelden.
85'
Vegar Gjermundstad spring over nærast heile bana, men då han endeleg kjem fram til FKH-feltet er det ingen medspelarar der for å hjelpe han. Haugesund får utspel frå mål.
83'
Ørjan Hopen takkar av etter 80 vel gjennomførte minutt i sin debut frå start i Tippeligaen.
82'
Spillerbytte
81'
Hjørnespark
81'
Haugesund vinn ein corner i situasjonen etter frisparket. Elvis avklarer heile to gonger etter kvarandre, men FKH vinn likevel eit nytt hjørnespark.
80'
Hjørnespark
80'
Thomas Sørum syner fine dribleferdigheiter ute på høgrekanten, og etter litt klabb og babb skaffar Söderlund bortelaget frispark i gunstig posisjon. Cirka 17 meter, og skrått hald.
79'
Ole Jørgen Halvorsen igjen langt bak og gjer ein god jobb i eige forsvar, bryt FKH-overgangen og forsøker å slå på Cato Hansen. Pasninga er imidlertid for upresis, og Haugesund bryt.
77'
Anyora markerer seg sekundet etter han kjem inn, då han slår Ulrik Flo i ein hovudduell inne på eigen halvdel.
76'
Spillerbytte
76'
Cato Hansen på nytt på veg gjennom, men Helgerud dømmer offside, og Haugesund overtek.
75'
Spillerbytte
Kader får nærast trampeklapp frå dei frammøtte tilskodarane då han går av bana.
74'
Tom Erik Nordberg kjem seg til skotmoglegheit på cirka 20 meter, skotet viser seg som ufarleg.
73'
Hansen får ballen på 18 meter, men er uheldig og toucher med handa. Korrekt avblåst for hands.
71'
Ole Jørgen Halvorsen er inne på midten og bryt ein lovande FKH-overgang. Viktig avklaring for heimelaget.
71'
Even Hovland ned for teljing bak eiga dødlinja, og held seg til kneet. Får applaus frå publikum då han etterkvart reiser seg igjen.
70'
Isak Scheel og Ole Jørgen Halvorsen vinn innkast langt nede på FKH sine banehalvdel. Pozniak får klarert og det heile endar med utspel frå Kristiansen.
68'
Fotballpresident Yngve Hallèn er som vanleg tilstades når Sogndal spelar heimekamp, dog i uformelt antrekk denne gong.
67'
Djurdjic får etter mykje klabb og babb til noko som liknar eit skot frå cirka fem meter inne i Sogndalfeltet. Forsvaret og keeper Bendik får heldigvis for Sogndal avklart.
66'
Ballen endar heilt framme hos Thomas Sørum, som skyt hardt mot mål. Keeper Bendik er nesten ute i full strekk, og klarerer ut til innkast. Bangura med nytt skot umiddelbart etterpå, men dette går til side for mål.
65'
Per Morten Kristiansen boksar corneren ut av feltet, og Haugesund kan overta.
64'
Hjørnespark
64'
Isak Scheel viser seg fram og bryt ein Haugesund-overgang på midten no, spring seg sjølv fast, men for sentra vidare til Cato Hansen akkurat i tide. Sogndal vinn eit nytt hjørnespark.
63'
God forsvarsjobb av Ørjan Hopen, er bak fråtar innbytar Sørensen ballen og hindrar såleis ein farleg FKH-moglegheit.
62'
Hjørnespark
Hjørnesparket går bak mål, og utspel frå Kristiansen.
61'
Solheim blir klippa ned, og Ørjan Hopen får ny frisparkmoglgheit. Nok ein gang, svakt slått frå debutanten, som elles har lagt ned ein god innsats på midtbana.
60'
Joe Bendik viser feltferdigheiter òg er ute å plukkar ned corneren.
58'
Hjørnespark
58'
Thomas Sørum gjer sitt beste for å vinne fram gjennom Sogndalforsvaret. Har imidlertid hatt store problem i kveld. Denne gangen er det Hovland som stoppar han godt utanfor 16-meteren.
57'
Stor Sogndalmoglegheit. Cato Hansen gjer sin beste kamp til no i Sogndaltrøya, og er nære ved å kome til skot etter kombinasjonsspel med Ole Jørgen Halvorsen. Ballen går tilslutt til side for mål, og Kristiansen i FKH-målet har stålkontroll.
55'
Slår ein lang ball fram mot Halvorsen, som header ned til Mats Solheim. Solheim krigar seg fram, men misser etterkvart ballen.
54'
Sogndal får frispark langt inne på eigen halvdel. Keeper Bendik tar det sjølv.
54'
Hjørnespark
54'
FKH-fansen har heile kortsida bak målet til Bendik for seg sjølv, men verkar noko resignert etter at heimelaget gjekk opp til 3-1.
52'
Mats Solheim med viktig inngripen nede på høgrebacken då han stoppar Andreassen før han når feltet. Slår så ein lang ball som Cato Hansen spring på, men Hansen er uheldig og misser ballen.
50'
Spillerbytte
FKH sin målscorar forlèt bana til fordel for rutinerte Sørensen. Dansken har ei fortid i mellom anna Odd.
49'
Elvis og Kader med eit slags veggspel midt inne på FKH sin banehalvdel. Fører ikkje allverda med seg, og Sogndal misser ballen.
48'
Even Hovland skyt fart frå eigen 16-meter og stormar framover. Han legg imidlertid ballen får langt framfor seg, og FKH snappar den omtrent på midten.
48'
Ole Jørgen Halvorsen heilt tilbake i eige felt og ryddar opp. Er verkeleg ein kandidat til banas beste spelar i dag.
47'
Bangura slår ballen langs venstrekanten fram mot Sørum, storscoraren er desverre for FKH upresis i mottaket, og Sogndal kan overta.
46'
Spillerbytte
46'
Hopen og Halvorsen tek avspark, og 2. omgang er i gang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går i garderoben på stillinga 3-1 til heimelaget. Sogndal har openbert tatt Haugesund på senga, og synt seg som langt farlegare framfor mål enn tidlegare i sesongen. Vi oppsummerar med at kvittrøyene leier fortjent.
Slutt 1. omgang Pause (3-1)
45+1'
Thomas Sørum får ballen på hjørnet av sekstenmeteret, forsøker å lempe ballen innover, men ballen går ut til ingenting.
45'
Hjørnespark
44'
Djurdic vinn ballen for FKH på midten, kombinerer med Bangura, som lèt Söderlund avslutte. Skotet går godt til side for Sogndalmålet.
41'
Haugesund centimeter frå redusering. Sørum vert spelt gjennom av Nordberg og er heilt aleine med Bendik, men eit dårleg mottak sørgjer for at ballen endar til side for treverket.
38'
Mål!
3-1
Nok ein gang god angrepsfotball frå heimelaget. Elvis startar det heile då han vinn ballen langt tilbake på eigen banehalvdel. Sidan gjer Cato Hansen fleire gode trekk, før Gjermundstad gjer til Ole Jørgen Halvorsen. Han får æra av å banke ballen i mål frå nesten 10 meter.
37'
Dommar Helgerud i munter passiar med Harald Aabrekk. Sogndaltrenaren leverer som alltid, og får fram latteren blant publikum etter eit par grimasar.
34'
Djurdjic i gjennom og fell overende i ein duell med Solheim heilt inne på dødlinja. FKH-spelaren ropar på straffespark, men dommar Helgerud vinkar spelet vidare.
32'
Godt FKH-angrep akkurat no. Djurdjic brukar Sogndalstopparane som rundingsbøyle, og får slått til Bamberg. Han greier imidlertid ikkje utrette noko stort der og då, og Sogndal får avklart.
29'
Bamberg er laus på FKH sin høgrekant, og får til eit innlegg. Ballen går tvers gjennom SIL-feltet utan at nokon kjem nær. Utspel frå Bendik.
28'
For mange ei nok overraskande opning på kampen. Haugesund scorar svært sjeldant på bortebane, og Sogndal svært sjeldan i det heile. Likevel har dei frammøtte fått servert tidvis god angrepsfotball og tre flotte mål før halvtimen er passert.
26'
Hjørnespark
24'
Mål!
2-1
Per Egil Flo syner sitt gode overblikk, og slår ein perfekt tversoverpasning til Ole Jørgen Halvorsen ute på høgrekanten. Halvorsen stormar først framover, men snur og legg attende til ein Mats Solheim som kjem mot mål i stor fart. Solheim treff ballen med sleggja si, og hamrar inn 2-1.
23'
Svakt frispark som vert stoppa av FKH-forsvaret alt på 16-meterstreken. Haugesund vinn ballen, og stormar over heile bana. SIL-keeper Bendik står tilslutt med ballen i hendene.
22'
Frispark til Sogndal i god Halvorsen-posisjon no, etter at han sjølv vart felt. Likevel er det Ørjan Hopen som skal ta det.
20'
Cato Hansen får ein ball langs venstrekanten, og har all tid i verda. Spring inn i feltet, og slår ein god pasning til Ole Jørgen Halvorsen, som kjem inn aleine mot mål, men brenn ballen himmelhøgt over. Der burde Sogndal leia 2-1.
18'
Frisparket vert slått hardt inn i feltet, men Gjermundstad avklarar kontant. Set i gang ei Sogndalkontring, og får med seg Elvis og Flo. Til slutt får debutant frå start, Ørjan Hopen, avslutte frå nær 20 meter, men skotet går over tverrliggjaren.
17'
Corneren ebbar ut i ingenting, og FKH overtek igjen. Rogalendingane får frispark frå cirka 40 meter no.
16'
Hjørnespark
16'
Gjermundstad set i gang Elvis, som vinn eit hjørnespark frå venstre.
16'
Spelet bølgjar fram og attende no. Ingen nemneverdige sjansar dei siste par minuttane.
13'
Sogndal får frispark på cirka 25 meter. Halvorsen ladar skotfoten, men skyt rett i keeperhjørnet. På ein såpass god keeper som Kristiansen, må skota vere betre.
11'
Halvorsen er frisk på høgrekanten. Tek seg av to FKH-spelarar på eiga hand før han legg ut til Solheim, som får avslutte frå cirka 25 meter. Skotet går over mål.
9'
Mål!
1-1
Herleg Sogndal-angrep, lang ball fram frå Jo Bendik. Vesle Cato Hansen vinn ein luftduell mot 195-høye Nordberg, og stusser til Ole Jørgen Halvorsen som spring inn frå høgresida og lempar ballen over Kristiansen i FKH-målet.
8'
Cato Hansen nesten gjennom på venstrekanten, men vert korrekt stoppa då han er i offside. Haugesund overtek.
8'
Djurdic kjem seg fri og får skutt frå vel 20 meter. Ballen går like til side for mål, men Bendik har truleg god kontroll.
7'
Frispark til Haugesund på 30 meters hald. Skjerve slår inn til Søderlund i boksen, men svensken vert avblåst og får frispark mot seg.
4'
Mål!
0-1
Søderlund sjokkåpnar for bortelaget. Haugalendingen fekk stå umarkert på 7-8 meter og ta ned ein pasning frå venstrekanten. Stor jubel blant bortefansen.
3'
Bangura er god for Haugesund, dreg seg framover og kjem nesten til skothald. Endar med utspel frå Bendik.
2'
Elvis er laus på venstrekanten, spelar fine kombinasjonar med Hopen. Sogndal pressar i opningsminuttet.
1'
Lang ball fram frå Even Hovland, Ole Jørgen Halvorsen får ballen, men misser den fort.
1'
Vi er i gang på Fosshaugane.
Avspark Start 1. omgang
Haugesund vinn myntkastet og får ta avspark.
Sogndal stiller tidenes yngste Tippeligamannskap i dag. Gjennomsnittsalderen i start 11-aren er 22 år og 342 dagar opplyser speaker på Fosshaugane.
Laga er i full gang med oppvarminga no ein halvtime før avspark. Publikum straumar sakte, men sikkert til. Opphaldsvær, rundt 20 varmegrader og gode speleforhold i Sogndal denne torsdagskvelden.
Med siger i dag vil Sogndal kunne klatre eit par plassar og vinke eit førebels farvel til den verste nedrykkssumpa. FKH på si side vil nærme seg medaljestrid for alvor med tre poeng på Fosshaugane i kveld.
Sogndal har til no i år berre funne vegen til nettmaskene i fire av 10 kampar, og angrepet har måtte tole å bli omtalt som den svakaste lagdelen. Haugesund på si side scorar rikeleg med mål, men då berre heime på Haugesund stadion. På bortebane har rogalendingane scora usle 1 mål til no i årets sesong, det kom på Lerkendal og heldt då til tre poeng.
Dagens motstandarar møtte kvarandre sist i ein tippeligakamp for 13 år sidan. Tilbake i 1998. Då vann Haugesund begge oppgjera 4-0.
For Sogndal sin del er det to endringar i høve dei 11 som tapte 0-2 for Brann førre fredag. Joe Bendik tar i dag keeperplassen frå ein skadd Kenneth Udjus, og Ørjan Hoper erstattar Eirik Bakke. Elles stiller saftkokarane i si vante 5-2-2-1 formasjon.
Haugesund gjer kun ei forandring på laget som slo Viking 2-0 på måndag. Veteranen Trygve Nygaard kjem inn på indreløparplass, og henviser Ugonna Anyora til benken.
FKH-trenar Jostein Grindhaug er nyleg tilbake frå FIFA-trenarkurs i Danmark, og satte seg grytidlig torsdag på flyet nordover saman med ein tropp beståande av 17 spelarar. Mellom anna finn vi der toppscorar Thomas Sørum, som til no i år aleine har scora eit seriemål meir enn heile Sogndal til saman.
Riktig god kveld og velkommen til Firda si LIVE-dekning av 11. serierunde i Tippeligaen og oppgjeret Sogndal - Haugesund.