Referat
Kun høydepunkter
Då er kampen slutt her på Fosshaugane! Det vart 1-1, etter at laga scora kvart sitt mål i kvar sin omgang. Gjestene var klart best i den andre omgangen, og føler nok dei kunne tatt med seg tre poeng frå saftbygda.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+3'
Heimelaget i angrep no.
90+2'
Ser ut som det er gjestene som er mest på hugget dei siste minutta.
90+1'
Bjørnbak skyt frisparket knallhardt, og Udjus må ut i full strekk for å redde skotet!
90+1'
Frispark i god posisjon for FKH. Bjørnbak står ved ballen.
90+1'
Det er lagt til fire minutt.
90'
Elvis er tilbake på bana, etter at ivorianaren har slite med skade tidlegare i sesongen.
89'
Haukås er no tilbake på bana.
88'
FKH spelar no med ti mann.
88'
Haukås får seg ein skikkeleg smell i duell mot Bakke. Innbytaren blør frå ansiktet, og må få hjelp på sidelinja.
86'
3114 tilskodarar ser kampen.
85'
Udjus avsluttar kampen med cap, og har god utsikt mot kveldsola her på Fosshaugane.
84'
God sjanse for FKH! Innbytar Sema dreg seg fri inne i feltet, og skyt. Like utanfor!
83'
Sogndal er tilbake med to midtspissar, etter at Flo no er på bana.
81'
Sogndal i angrep, og Mane gir til Brochmann inne i feltet. Han dreg med seg ballen mot dødlinja, men ballen er over streken i det han avsluttar mot mål. Utspark frå keeper.
80'
Kjempesjanse for Sogndal! Mane avsluttar, og keeper Kristiansen gir retur. Hopen får ballen på direkten, men klarar ikkje å styre ballen i mål. Den stryk stolperota, og det går eit langt sukk blant tilskodarane. Der var Sogndal verkeleg nære!
79'
Bangura er oppe på beina att, og Hopen gir midtstopparen eit klapp på skulderen. Han får også applaus av publikumet her i Sogndal.
78'
Hopen skyt knallhardt, rett i hovudet på Bangura - som går rett i bakken. Stans i spelet.
78'
Sogndal-frispark 30 meter frå mål. Hopen står klar ved ballen.
75'
Alt i alt fortent at Haugesund utlikna. Laget har vore frampå ved fleire høve, og spesielt målscorar Søderlund har laga trøbbel for Sogndal-forsvaret.
71'
Sangstjerne Tone Damli Aaberge og fotballpresident Yngve Hallèn ser begge kampen frå tribunen.
69'
Der er vi inne i det 68. speleminutt, og Udjus har dermed sett ny rekord med 553 minutt utan baklengsmål. Vi gratulerer!
67'
Spissen Flo går ut, og Bakke kjem inn som eit anker på midtbana. Sogndal skal forsvare seg til tre poeng her på Fosshaugane!
65'
Nygaard med eit langt og høgt tilbakespel mot keeper Kristiansen. Publikum trur ballen skal gå i mål, men sisteskansen har god kontroll!
64'
Hopen legg Skjerve i bakken. FKH-frispark ti meter inne på Sogndal sin halvdel.
64'
Bakke gjer seg klar, og skal inn for Sogndal.
62'
Skaasheim med fin pasning mot Flo, men spissen får ikkje kontroll på ballen. Utspark frå Kristiansen.
61'
FKH med god sjanse! Haukås blir spelt gjennom forsvaret, men Udjus les spelet og kastar seg fram! Sogndal-keeperer får fortent applaus av heimepublikumet.
59'
Det er gjestene som styrer kampen på Fosshaugane no.
58'
Djurdjic får ballen inne i feltet, men møter veggen i duell mot Patronen. Vil ha straffe også her, men Helgerud let seg ikkje lure.
57'
FKH vil tydeleg ha med seg poeng frå Fosshaugane. Laget angrip med mange spelarar når dei stormar i angrep. Dette vil også gi Sogndal-spelarane meir rom utover i kampen.
56'
Langt innkast frå Teniste, som Flo stussar vidare. FKH får ballen unna!
56'
Begge lag har fleire spelarar i oppvarming.
55'
Flo prøver seg, men spissen får ikkje skikkeleg treff på avslutninga. Keeper Kristiansen reddar enkelt.
51'
Sogndal-keeper Udjus nærmar seg rekorden til Daniel Ørlund på å halde buret lengst mogleg i strekk, utan baklengsmål. I 2010 stod svensken i mål i 553 minutt med å halde nullen. Om Udjus klarar dette i 68 minutt i dag, er rekorden hans!
48'
Frisparket går inn i feltet, men heimelaget avklarar.
47'
Andreassen blir lagt i bakken av Brochmann. Frispark midt inne på heimelaget sin banehalvdel.
46'
Sogndal tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er laga klare for dei siste 45 minutta.
Har du spørsmål eller innspel, kan du kome med desse til underteikna på Twitter. Der finn du meg med @FirdaAsgeir. Følg med, også i andre omgang!
Då går laga til pause på stillinga 1-0. Mane scora sitt første mål i Sogndal-drakta, på retur etter eit flott frispark frå Hopen.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Det er lagt til eitt minutt.
45'
Søderlund blir lagt ned inne i feltet. Også denne gongen vinkar Helgerud spelet vidare. Var det rett? Usikker på det, dommar!
44'
Sogndal med stor sjanse! Brochmann finn Mane på løp, og han tek med seg ballen inn i feltet. Han avsluttar høgt over, medan Furebotn og Hopen står heilt ledige berre nokre meter betre plassert. Der burde det blitt 2-0, Mane!
42'
Sogndal-forsvaret slit med avklaringane, og trenar Olsson gir beskjed kva han meiner.
39'
Stor sjanse til FKH! Storbæk legg inn frå høgrekanten, og Søderlund er først på innlegget. Avslutninga går like utanfor! Nær 1-1 der!
37'
Brochmann tek med seg ballen på tvers av sekstenmeteren. Han vender - og skyt. Utanfor!
36'
Gjestene betre med i kampen no.
33'
Søderlund testar skotfoten frå 25 meter. Får corner.
31'
Sogndal med fin overgang, og Mane skyt frå 22 meter. Over!
30'
Lang ball mot Andreassen som stussar vidare til Djurdjic. Patronen er tett på, og vinn duellen.
28'
Brochmann leiker seg, og gir til Badji. Pasningen frå midtbanespelaren mot Mane er for lang, og gjestene får innkast.
26'
Valsvik prøver å avklare, men begge forsøka går høgt til himmels. Det siste går også til corner for FKH.
24'
Bangura med langpasning utan adresse, og midtstopparen får høyre det av lagkameratane.
23'
Flo er nede i eige forsvar, men held på å rote det til for både seg sjølv og resten av laget. Patronen er på rett på plass, og får ballen unna.
20'
FKH angrip med mange spelarar, men den siste avgjerande pasningen mot Djurdjic blir litt for lang. Hopen er nede i eige forsvar og skjermar ballen ut.
19'
Frispark frå Hopen, som blir klarert på bakerste stolpe. Sogndal får innkast midt på FKH sin banehalvdel.
18'
Sogndal har opna kampen klart best her på Fosshaugane.
16'
Mane utfordrar, men får ikkje frispark i duell mot Våge Nilsen.
14'
Patronen viser duellstyrke, og får applaus av heimepublikumet.
14'
FKH prøver seg. Storbæk avsluttar frå åtte meter, men skotet blir blokkert av Skaasheim.
12'
Pangstart for heimelaget, som har gått mållause av bana i dei to siste kampane.
9'
Frispark til Sogndal i god posisjon, 23 meter frå mål. Hopen står klar.
9'
Andreassen og FKH vil ha straffe, etter ein situasjone inne i feltet. Dommar Helgerud vinkar spelet vidare. Såg ut som ei riktig avgjerdsle.
7'
Hopen prøver seg frå 25 meter. Langt utanfor.
7'
Sogndal festar eit grep om kampen dei første minutta.
6'
Brochmann slår inn frå høgrekanten, men Hopen bommar på ballen i det han skal skyte frå 20 meter.
4'
Fevang prøver å finne Andreassen på løp, men Patronen får ein lang fot på ballen.
3'
Grasmatta på Fosshaugane har ikkje blitt brukt sidan førre heimekamp mot Hønefoss. Då klaga begge lag over standeren på underlaget.
1'
Lang ball mot Søderlund, som er på feil side av forsvarsrekkja. Offside!
1'
FKH tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Laga er på veg inn på bana. Nærmar seg kampstart!
FKH-spiss Oddbjørn Skartun er tilbake på Fosshaugane der han starta karrieren. I dag sit han på benken for bortelaget.
Sogndal stiller med same mannskap som dei gjorde i førre kamp mot Rosenborg. Gjestene har gjort to endringar. Ugonna Anyora og Maic Sema er begge på benken i dag, og er blitt erstatta av Trygve Nygaard og Håvard Storbæk.
Kristoffer Helgerud er dagens dommar. Med seg på linjene har han Odd Arne Vangen og Ole Johan Løvberg. Vi ynskjer dommartrio og spelarane lukke til!
Sju grader i Sogndal for augeblinken. Det kryp nok ned mot null grader utover i kampen.
I fjor enda dette oppgjeret med 3-1 til Sogndal. Frå det oppgjeret er det berre Ørjan Hopen som er att i startoppstillinga.
Sogndal er nummer fem, og laget har fem poeng etter dei tre første seriekampane. Gjestene har eitt poeng mindre, og er nummer sju.
Spelarane er i full gang med oppvarming her på Fosshaugane.
Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret Sogndal - Haugesund frå Fosshaugane Campus!