TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Der er kampen slutt, og Sogndal tek tre svært viktige poeng i botnstriden. Flo, Nilsen (2) og Otoo scora måla. FKH scora på sin første sjanse i kampen, men det var også det einaste dei hadde å bidra med i oppgjeret. Fortent seier!
Kamp slutt Slutt (4-1)
90+3'
Spillerbytte
90+3'
Publikum reiser seg, og applauderer Sogndal-spelarane dei siste minuttane.
90+2'
3221 tilskodarar på tribunen i dagens kamp.
90+1'
Det er lagt til tre minutt.
90'
Sogndal har no like mange poeng som Haugesund, og har i tillegg tatt inn nokre mål når det gjeld målskilnaden mellom desse laga.
89'
Heimelaget fortener all skryt dei kan få i dag. Dei ville verkeleg vinne, og det lukta Sogndal-seier i pausen, sjølv på stillinga 1-1. Den tanken har vore sjeldan den siste perioden.
86'
Sogndal tek dermed sin første seier sidan 13. serierunde.
85'
Kjempesjanse for Otoo! Kjem aleine mot keeper, men lobbar ballen i stolpen!
83'
Mål!
4-1
Neida, eg tullar ikkje! Det står 4-1 på Fosshaugane! Otoo held leikestove inne i feltet, og skrur ballen bak Kristiansen.
81'
Spillerbytte
80'
Ser ut som Sogndal har kontroll på dette.
79'
Hiaka-hoaka-fotball ute på Fosshaugane no, som FKH-sjef Grindhaug ville ha sagt det.
77'
Maakeberget er i bra humør, sjølv om laget deira ligg under 1-3.
76'
Gult kort
Patronen får sitt sjette gule kort for sesongen.
76'
15 minuttar att på Fosshaugane. Skal FKH ha med seg poeng frå saftbygda, bør snart reduseringa komme.
73'
Hjørnespark
Ofere er nede i eige felt og ryddar unna.
72'
Spillerbytte
71'
Hjørnespark
Sogndal-forsvaret avklarar.
71'
Spillerbytte
70'
Spillerbytte
69'
Flo skyt frå 25 meter. I retning Sogningen.
68'
Agdestein skal inn for FKH.
67'
Om dette resultatet held seg, klatrar Sogndal opp på kvalikplass.
65'
Klar hands på Sarr på 25 meter, men dommar Hagen har ikkje blikket på rett plass.
64'
Dette er første gong Sogndal scorar tre mål i ein seriekamp sidan 5. serierunde i april. Den gongen var motstandaren Haugesund..
61'
Mål!
3-1
Nydeleg spel av Sogndal! Otoo spelar ut til Flo som skyt frå 11 meter. Han får returen tilbake, som han leverer til Nilsen. Han har ei enkel oppgåve å sette inn 3-1!
60'
Stor sjanse for FKH! Sema vender inne i feltet og skyt - rett på Udjus!
59'
Hjørnespark
Flo avsluttar utanfor!
58'
Klarar Sogndal å halde på denne leiinga? Heimepublikum bit negler no - i kombinasjon av kulde og nervøsitet!
57'
Mål!
2-1
Sogndal er tilbake i føringa! Bolseth ut til Strand som slår inn i feltet. Der flikkar Nilsen ballen i mål med hælen!
56'
Hjørnespark
56'
Sarr klinkar til, men skotet går over - via eit FKH-bein. Corner.
55'
Teniste er oppe på beina att og tilbake i spel - 11 mot 11.
53'
Hjørnespark
Gytskjær klinkar til, men treff ansiktet til Teniste i staden for ballen. Ser ikkje godt ut for estlendaren.
50'
Bolseth får frispark midt på FKH sin banehalvdel. Valgardsson skal slå inn i feltet. Blir avklart.
48'
Gjestene festar eit grep om kampen dei første minutta etter pause.
46'
Ingen av laga har gjort byter i pausen.
46'
FKH tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er vi straks klare for dei siste 45 minuttane her.
Laga går til pause med stillinga 1-1. Heimelaget har vore gode i denne omgangen, men FKH scora på sin einaste sjanse i oppgjeret. Kampbildet luktar litt Sogndal-seier, men alt kan skje etter 15 minutt med pauseprat.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+3'
Flo klinkar til frå 30 meter. Høgt over.
45+2'
FKH scorar altså på sin første sjanse i kampen.
45'
Mål!
1-1
Ny praktscoring på Fosshaugane! Gytkjær finn Sema som er på løp bak ryggen på Patronen. Han vippar ballen over ein fortvila Udjus. 1-1 og laga er like langt!
45'
Bolseth trøkker til meir i duellane enn han har gjort på lenge. Kapteinen går foran i dag!
44'
Flo viser fram ei finte som sjølv Tore Andre hadde blitt stolt av. Keeper les spelet godt, og snappar opp like etter. Får velfortent applaus av heimefansen bak målet.
41'
Lite med tilskodarar på stadion, om ein ser på viktigheiten av kampen!
40'
Frispark inn i FKH-feltet, og keeper Kristiansen boksar ut.
40'
Otoo prøver seg på halvspretten, men spissen får ikkje skikkeleg treff på kula.
38'
Hjørnespark
Keepermat.
37'
Hjørnespark
Avklart til ny corner.
34'
Bolseth får frispark etter dytt i rygg.
33'
Hjørnespark
Ufarleg.
32'
Hjørnespark
Ny corner - igjen.
32'
Hjørnespark
Ny corner.
31'
Regnet held fram med å hølje ned. Like tilhøve for begge lag - i alle fall!
30'
Utvik får tilsnakk av dommar Hagen. Ungguten er ikkje heilt samd med kritikken.
29'
Heilt anna trøkk i Sogndal-laget i dag enn tidlegare i heimekampar.
26'
Nilsen rundar keeper, men blir for skrått. Tek med seg ballen ut i feltet att og skyt. Blir blokkert!
25'
Otoo går i bakken, men vaknar til liv igjen når han ser Sogndal framleis er i angrep 25 sekund etterpå.
23'
Han slår inn i feltet, men blir avklart.
22'
Frispark til FKH midt på vertene sin banehalvdel. Våge Nilsen skal slå inn.
20'
Hjørnespark
Valgardsson nikkar unna, men Sarr og Andreassen kolliderer. Begge reiser seg etter eit pust i bakken.
19'
Sema vil ha corner i duell med Patronen. Får det ikkje.
16'
Bjørnbak er en tøffing, og er tilbake på bana for FKH. Vi applauderer.
16'
Svært viktig scoring for Sogndal dette! Og angrepet som gav scoringa kan gjerne bli brukt i opplæring for korleis fotball kan spelast!
14'
Bjørnbak spring i garderoben. Mest truleg for å sy, men FKH vel likevel å gjere eit byte.
14'
Flo og Bjørnbak stanga saman i situasjonen som gav scoringa. Begge ofra alt inne i feltet, men Sogndal-angriparen var altså først på kula.
11'
Mål!
1-0
Der sit 1-0 for Sogndal! Bolseth slår ut til Teniste, som finn Flo inne i feltet. Han stupnikkar inn leiing for heimelaget!
11'
Utvik spelar i dag mot gamle lagkameratar.
9'
Jamn kamp dei første minuttane her. Tydeleg å sjå at dette er eit oppgjer som betyr mykje for begge lag!
8'
Udjus slår langt opp, og Otoo legg tilbake. Bolseth ladar kanona, men ballen når aldri fram til FKH-buret.
5'
Otoo slår inn i feltet, keeper plukkar lett.
4'
Gjestene som trillar ball no.
3'
Strand og Bolseth trøkker til i same duell. FKH får frispark.
2'
Våge Nilsen og Haraldseid kombinerer fint. Får innkast høgt oppe i bana.
1'
Haugesund stiller i dag med sine heilblå drakter.
1'
Hagen bles igang oppgjeret. Heimelaget tek avspark!
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg inn på bana.
Straks klart for avspark her på Fosshaugane!
Gledeleg for FKH er at superspissen Christian Gytkjær er tilbake frå ryggskade, og sender Agdestein på benken frå start i kveld. I tillegg kjem rutinerte Andreassen inn for suspenderte Skjerve.
Olsson har totalt gjort sju (!) endringar frå laget som tapte borte mot Sarpsborg sist. Flo, Strand, Utvik, Nilsen, Patronen, Valgardsson og Udjus er alle inne på laget! Ut går Ofere, Haugen, Søderberg, Psyché, Brochmann, Skaasheim og Dyngeland.
Laga er klare, og Sogndal-trenar Udjus vrakar keeper Dyngeland til fordel for innleigde Kenneth Udjus. Resten av laga blir straks publisert.
Har du spørsmål eller innspel? Eller eit resultattips? Du finn meg på Twitter med @AsgeirArdal!
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar og meir informasjon når det nærmar seg ca 1 time att til avspark på Fosshaugane.
Hos heimelaget er Kristian Fardal Opseth, Ruben Holsæter og Truls Hopland ute med ulike skadeplager.
Vegard Skjerve sonar karantene for gjestene, etter at han fekk sesongens tredje gule kort mot RBK.
Michael Haukås, Eirik Mæland, Emmanuel Ekpo og Pontus Engblom er alle skada, og er att heime i Haugesund - så sant dei ikkje sette seg på bussen samen med supporterane i Maakeberget klokka 0600 i dag tidleg.
På heimebane står vertene med 4-3-5, medan gjestene har 2-2-8 på sine 12 kampar utanfor Haugesund. Laga har i snitt scora eitt mål høvesvis heime og borte. Luktar det eit målfattig oppgjer?
Sogndal-trenar Jonas Olsson sin CV har ikkje styrka seg i det siste, og har berre eitt poeng på dei siste seks kampane. Sist seier kom mot Vålerenga 12. juni. Det er over 15 veker sidan.
Svært viktig kamp for begge lag i kampen for å unngå nedrykk. Ingen av laga har vore i særleg god form i det siste. Rett nok vann FKH mot Rosenborg i førre runde, men før det oppgjeret hadde laget fire strake tap på rappen.
Hei, og velkommen til livedekning av fotballkampen alle i Sogn og Fjordane snakkar om: Sogndal - Haugesund frå Fosshaugane Campus!