Referat
Kun høydepunkter
Det vart mange avslutningar til slutt etter ein treg start. 15-14 i heimelaget sin favør. Av desse hadde Sogndal 8 på mål og Ham-Kam 6. Stig Anders Hauge takkar for seg og ynskjer deg ein fin kveld vidare.
Sogndal tek ein heldig siger mot Ham-Kam etter scoring av Sigurd Haugen. Heimelaget hadde grei kontroll i første omgang, mens det var bortelaget som styrte det meste i andre. Hedmarkingane er nok godt skuffa etter å reise heim med 0 poeng i dag, men dei var rett og slett ikkje giftige nok framfor mål. Sogndal tek sine 7 siger av 8 moglege og held seg dermed framleis på andreplass. Eitt poeng framfor Viking og tre bak Aalesund som har ein kamp mindre spelt.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+6'
Onsrud klinkar til og Dyngeland må gi til corner.
90+4'
Soltvedt med ei kanon, men langt over.
90+4'
Slår langt no bortelaget, men der er Wæhler og Steiring gode.
90+4'
Men Kamma har ballen no gog bygger opp på nytt.
90+3'
Ser ut som Sogndal skal dra heim dette.
90+2'
Midtskogen får skutt, men Steiring blokkerar igjen.
90+1'
Fem minutt tillegg.
90+1'
Soltvedt skyt like utafor.
90+1'
Det klarar dei i ca. fem sekund.
85'
2137 tilstades på Fosshaugane i dag.
84'
Kast til Kamma, men Midtskogen vert avblåst for frispark.
81'
Får nokon skikkelege overgangar her no Sogndal, men presisjonen er elendig.
80'
Heimelaget ventar verkeleg på gong-gongen her no.
79'
Kjempesjanse for Kamma! Dønnum får stå heilt aleine på sekstenmeteren og skyt knallhardt. Dyngeland gir retur og Midtskogen får ei tå på ballen, men på streken står Steiring og reddar for andre gong i dag.
75'
Eit kvarter igjen og Sogndal heng i taua. Kamma har kjørt heimelaget denne omgangen, men slit med å få avslutningane på mål.
72'
Vaagan Moen seier 'for f...' når han ikkje får corner. Det blir gult. DET er håpløst!
68'
Frisparket rett i nevane til Dyngeland.
66'
Frispark til Ham-Kam. Jevne Hagen skal svinge inn.
65'
Bortelaget heilt klart med intiativet i kampen no.
65'
Kamma igjen frampå. Birkelund mistar til Ibrahim som kan legge inn. På bakerste er Vaagan Moen og klinkar til. Like utafor.
61'
No skjer det mykje. To store sjansar til Kamma. Først er Dyngeland på skogtur og bommar på ei boksing. Det blir heada på mål, men Stering er på plass og reddar på streken. Så er Ibrahim åleine på kanten av femmeteren, men skyt i nettveggen. Dei grønkledde nærmar seg noko.
56'
Bakke får kjeft av dommar Hagenes. Har klaga mykje i dag trenaren til Sogndal.
56'
Frispark til Kamma på 25 meter.
56'
Dei andre topplaga vinn i dag så ein siger er utrulig viktig for Sogndal dersom dei framleis skal kjempe om opprykk.
54'
Mandic åleine gjennom, men Jarosinski er ute og reddar meisterleg.
51'
Kamma har gitt bort ballen eit par gonger no på eigen banehalvdel. Farlig for Sogndal er skarpe på overgangar.
50'
Rønning oppe igjen.
50'
Rønning nede igjen. Denne gong etter duell med Mandic. Såg ut som vingen var ute med ein liten alboge, men dommar Hagenes såg ikkje den.
48'
Rønning er nede og får klarert på kastet til Sogndal.
47'
Haugen gjennom og skyt, men Jarosinski gjer ein glimrande redning.
46'
Sogndal rett i angrep, men innleget frå Mandic blir stanga ut.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal leiar til pause i ein tett og jamn kamp. Bortelaget har ikkje klart å skape så alt for mykje framfor mål, men det siste kvarteret fekk dei både eit tverrligertreff og ein god sjanse ved Alegre, så dette er langt frå over.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Eitt minutt tillegg.
45+1'
Fin opprulling av Kamma slik at Alegre kan avslutte skrått frå 13-14 meter. Rett på Dyngeland. Dette var hedmarkingane si første avslutning på mål i dag.
41'
Lite som skjer framfor mål no. Begge lag med fine initiativ, men klarar ikkje å skape noko særlig.
37'
Rønning er flink til å komme seg fremst i duellane, men fell kanskje litt lett av og til. Samtidig er nok også den gamle ringreven vel sein av og til, så dommar Hagenes kan med rett blåse. Spørsmålet er no om han har lagt lista litt lågt for det har blitt svært mange frispark begge vegar dei siste ti minutta.
33'
Rønning igjen i duell med Wæhler og falle lett. Får frispark og den rutinerte midtstopparen er mildt sagt lite fornøyd både med både Rønning og dommar Hagenes.
32'
Langt kast inn i feltet og ballen sprett ei gong før Brotangen når fram og avsluttar i tverra. På returen er Alegre og set ballen over. Nære på for Kamma.
30'
Jevne Hagen slår eit frispark frå midten inn i boksen, men Steiring og Wæhler vinn det meste der inne.
29'
Slit ein del no Kamma. Sogndal har kunna senka seg ned på eigen banehalvdel og då er dei vanskelege å trenge igjennom.
26'
Ny fin sjanse for Sogndal og det er igjen Sixten Jensen som er regisør. Denne gong er midtbanespelaren også avsluttar på innlegget frå Mandic, men forsøket går like over.
25'
Veldig bra spel av Sogndal i framkant av målet der Jensen vrir spelet glimrande til Latifu som kan prikke innlegget til Haugen.
22'
Har vel ikkje akkurat vore noko fyrverkeri denne første omgangen.
21'
Sogndal klarer å vende spelet og Latifu stormar framover. Avsluttar frå 20 meter og skotet går like over mål.
19'
Kamma ligg lågt og det er nok lurt for Sogndal er ikkje noko glad i spele ut motstandaren. Har fungert greitt for dei grønkledde så langt. Heimelaget har ikkje hatt nokon sjanser å prate om.
16'
Innsvingar frå Moen som Wæhler headar til corner.
14'
Wæhler knallhard i duell med RØnning og er på ball, men dommar meiner han viser for mykje knottar. Underteikna meiner at dette bør ein dommar tålerere dersom fotball framleis skal være ein kontaktsport.
13'
I alle dei fem kampane der bortelaget har scora på Fosshaugane i år så har det nettop vore bortelaget som har scora først. Sogndal har derimot komme tilbake og snudd tre av dei. Ein har enda uavgjort og ein har enda i tap.
11'
Presisjonen heng også kanskje saman med at tempoet er litt for høgt i forhold til ferdigheitane.
10'
Begge lag stormar i angrep når dei har sjansen, men presisjonen dei siste 30 metrane fram til mål er for å seie det mildt; Elendig!
3'
Kamma med ballen mest her i starten.
2'
Forsøk på gjennomspel til Onsrud, men Wæhler er der og skjermar ballen ut.
1'
Kamma med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga inne på bana og vi er straks klare for kamp frå Fosshaugane Campus.
Varmt, men overskya i Sogndal i dag. Opp mot 25 grader, men litt vind gjer det til ein behageleg ettermidddag for oss her på tribuna. Kanskje får vi også litt regn utpå kvelden slik at ballen går litt fortare på det tørre kunstgraset.
Historisk her i Sogndal har det vore jamnt mellom laga. Tre sigrar kvar og to uavgjort gjer at ingen av laga har eit historisk overtak.
Sogndal har faktisk tatt fleire poeng brote enn heime denne sesongen, men Kamma er eit svakt bortelag med berre to sigrar og heile fem tap denne sesongen.
Begge laga manglar spelarar som er på U-19 EM for Noreg. Sogndal manglar Ulrik Fredriksen, mens Ham-Kam faktisk manglar to spelarar; Simen Bolkan Nordli og Nico Mickelson. Elles er det ingen suspensjonar for laga i dag. Informasjon om skader og kva spelarar som er disponible er klubbane som vanleg ikkje så flinke til å oppdatere på sine heimesider. Vi får difor vente til kl. 17 med å sjå kven Bakke og Knappen har valt ut til kveldens kamp. Vel møtt!
Det er ikkje så lenge sidan desse to laga møttes. For ikkje lenger enn ein drøy månad sidan slo Sogndal Ham-Kam 3-1 på Briskeby. Heimelaget tok leiinga, men sogningane kom tilbake og kunne innkassere ein ny siger.
Sogndal har hatt ein opp og ned sesong, men per no ligg dei på 2.plass berre tre poeng bak Aalesund og det er dei nok svært nøgde med. Sogningane har no sju kampar på rad utan tap.
Dei nyopprykka frå Hamar med ein ok sesong så langt. 17 poeng og 12.plass er godkjent, men hedmarkingane kunne nok godt tenkt seg nokre poeng til slik at dei får nedrykkstreken meir på avstand. Etter Kongsvinger sin siger i går er det no seks poeng opp til play-off, så om dette er målet så er siger på Fosshaugane i dag viktig.
Hei og velkomne til den 16. runden i 1.divisjon. I dag er det Ham-Kam som vitjar sognebygda og Fosshaugane Campus.