TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Det var det frå Fosshaugane Campus. Ein kjedelig førsteomgang med mange pasningsfeil og lite sjansar vart etterfulgt av ein særs underhaldande andreomgang. Jamnt dei første 45, men etter det var det einvegskjøring frå Sogndal. HamKam fekk trua då Matland redusert på slutten, men det hadde nok vore særs ufortent om dei grønkledde frå Hamar hadde tatt med seg poeng her i dag då Sogndal samla sett var det klart beste laget.
Kamp slutt Slutt (4-2)
90+5'
Spillerbytte
90+4'
Mål!
4-2
HamKam kastar alle mann framover og Sogndal bryt. Ndour dreg seg inn i feltet og får ei avslutning blokkert. Ballen går til Brændsrød som berre har å trille ballen i mål. Game-Set-Match.
90+3'
Sogndal klarar å halde litt i ballen her på slutten og det er viktig for ein del tynnslitte sogndalsnervar på tribuna.
90+2'
Sogndal med ei kjempekontring, men Johnsen får avergar pasninga som ville sendt Ndour aleine gjennom.
90+1'
Fem minutt tillegg. Frigård vil ha ti!
90+1'
Kamma held oppe trykket og dunkar ballen inn Sogndal sitt felt.
90'
Då blir det spenninga alikevel!
89'
Mål!
3-2
Dunkar ballen i mål frå hjørnet av sekstenmeteren. Er langs bakken og Fij bør nok ta den.
88'
Hjørnespark
Sogndal får klarert.
88'
Svendsen snurrar rundt med sogndalspelarane, men vinn berre ein corner.
87'
Ikkje så alt for mykje som skjer på Fosshaugane no. HamKam verkar resignert og Sogndal prøver å ro dette inn utan å bruke for mykje krefter.
85'
Gult kort
Sparkar bort ballen. Dagens mest unødvendige kort.
83'
Sogndal ligg djupt og det er ikkje mykje rom dei grønkledde får her. Spelar seg opp til sekstenmeteren, men der er det ofte stopp.
82'
HamKam mykje med ball no.
80'
Blir vanskelig for HamKam dette no. Har vore svært dårlige i andre omgang. Ditto kan ein vel også seie at Sogndal har heva seg ganske mykje og gjort det vanskelig for dei grønkledde frå Hamar.
78'
Spillerbytte
77'
Spillerbytte
76'
Spillerbytte
73'
Mål!
3-1
Sogndal straffar HamKam brutalt. Kontring som ser ut til å renne ut i sanden før Hoven får ballen på 18 meter. Han brenn til. Det er hardt og Jendal har sola i ansiktet så ballen susar inn i nettet. For nokre minutt for Sogndal her.
72'
Hjørnespark
Sogndal kontrar.
72'
Kamma rett i angrep og vinn ein corner.
71'
Mål!
2-1
Ndour finn Totland ute på kanten. Han driv framover fullstendig uhindra inn i boksen. avlsuttar ikkje alt for hardt nede i Jendal sitt venstre hjørne. Elendig press frå kammaforsvaret der.
70'
Spillerbytte
69'
Kupen riv seg laus i feltet, men avslutninga vert for puslete.
68'
Lenge sidan HamKam har vore oppe å trua Sogndal no. Heilt klart sogningane som har vore best i denne omgangen.
66'
Spillerbytte
65'
På ny skrik Sogndal på straffe. Ballen går rett på Solbakken og dei kvitkledde meiner den er i handa.
63'
Hjørnespark
Ein sogndalspelar i bakken og trenar Frigård er fly forbanna på sogningar som kastar seg i kvar duell. Bakke ikkje heilt einig med spisslegenda Frigård.
63'
Innlegg inn i feltet som ein kammaspelar stussar over sitt eige mål. Skikkelig sogndaltrykk her no.
62'
Spillerbytte
62'
Spillerbytte
62'
Sogndal med trykket no.
60'
Hjørnespark
Kamma får klarert.
60'
Litt meir action her no. Blårud skyt via ein kammaspelar til corner.
60'
Sogndal med ei god kontring. Roseth driv framover og slår i mellomrommet til Kupen. han kjem litt skrått på mål, men får avslutta. Jendal reddar og returen set Kupen over.
58'
Etter masse skriking i kvar einaste duell får endelig Marcus Pedersen frisaprk midt på bana.
56'
Innlegg til Pedersen, men spissen får ikkje noko trøkk bak headinga.
54'
Langt innkast inn i feltet som heilt klart treff Pedersen i armen. Ikkje straffe meiner Hauge.
52'
Gult kort
Alt for seint ute i ei takling på Matland.
52'
Stikkar til Kupen som kjem med ei rapp avslunting. God redning av Jendal.
49'
Høgt tempo og mange feilpasningar her i starten av denne omgangen. Det stokkar seg for begge lag når dei nermar seg mål.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ein middels førsteomgang frå Fosshaugane Campus. Lite sjansar og mykje spark og spring. Begge måla kjem ved balltap. Sogndal si scoringa det mest graverande balltapet då eit oppspel frå midtstoppar Skjærvik blir snappa. Kamma si scoring er ein glimrande prestasjon av Svendsen som vinn ballen på eigen halvdel etter ein sogndalcorner og fossar framover før han gir til Enkerud som enkelt set ballen bak Fij. Ellers har det ikkje vore dei store sjansane og svært få avslutningar. Vi håpar det skjer litt meir framfor måla i den andre omganen.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+1'
Plutselig er ingenting frispark og det er svært dumt for Svendsen som driv inn i Sogndal sin sekstemneter. Blir heilt klart hindra, men dommar bles ikkje. Er jo naturlig når dommar ikkje bles på nokon av dei heilt like duellane som skjer i minutta før, men svært irriterande for Svendsen som heilt klart blir hindra.
45+1'
Tre minutt tillegg.
43'
Hjørnespark
Over alle og ut til femmeter.
41'
Onsrud riv seg laus og er gjennom på kant, men dommar bles frispark. Der skulle du dømt fordel dommar Hauge.
40'
Blårud er tilbake på bana.
39'
Blårud fekk seg ein trøkk rett før scoringa til HamKam og er ute til behandling.
36'
Mål!
1-1
Kamma kontrar etter Sogndal sin corner og Svendsen stormar framover. Får gitt til Enkerud som dunkar ballen i mål bak Fij. Glimrande kontring av HamKam.
36'
Hjørnespark
Får to sjansar, men Kamma får klarert begge gonger.
36'
Innlegg frå Eid som Hoven stangar mot mål. Kjemperedning av Jendal som får slått til corner.
34'
Hjørnespark
Jendal boksar ut.
34'
Svingar litt fram og tilbake denne kampen no. Begge lag med godt trykk, men klarar ikkje å komme til avslutningar.
33'
Hjørnespark
Jendal snappar corneren.
32'
Gult kort
For holdingen på Totland.
31'
Hjørnespark
Sogndal kontrar. Totland stormar framover, men vert holdt igjen av Solbakken. Vel å fortsette og får til slutt slått ein pasning som vert klarert til kast.
31'
Matland skyt via muren og til corner. 10 centimeter høgare og det er mål.
30'
Frispark til Kamma på 17 meter etter at Pedersen vart lagt i bakken.
28'
Marcus Pedersen er frustrert. Kastar Roseth over ende i ein løpeduell. Har sjølv blitt pakka godt inn Pedersen så forstår frustrasjonen.
26'
Anders Nord er ekstremt nære på å få den perfekte heimedebuten. Eit langt innkast blir stussa ned til sogndølen som på bakerste stolpe set ballen i tverra.
23'
Drikkepause i Sogndal no.
22'
Igjen prøver Kamma å spele seg ut og igjen held det på å gå gale. Sogndal vinn til slutt eit kast.
20'
Blir eit kort kast til Mannsverk før innlegget kjem. Det får Kamma klarert.
19'
Eid skal kaste langt.
19'
Nermar oss 20 minutt og det har eigentleg vore ein ganske jamn kamp utan dei heilt store sjansane.
15'
Kamma med si fyrste avslutning på mål. Enkerud sitt skot frå 20 meter går 3-4 meter utafor.
13'
Sogndal ein del med ball no og Kamma ligg veldig djupt 10-15 meter inn på eigen halvdel. Heimelaget kalrar alikevel å spele seg gjennom, men kjem ikkje til den siste avslutninga på mål.
11'
HamKam med ei god kontring, men Roseth får stoppa Svendsen med ei sklitakling i siste liten.
9'
Sogndalmålvakt Renze Fij med sola midt i ansiktet i denne omgangen. Heilt klart ei utfordring dette for nederlendaren.
7'
Bortelaget klart mest med ball her i starten, men det var jo også ein stygg pansingsfeil i det oppbyggande spelet som gav Sogndal det første målet.
6'
Sogndal får klarert.
5'
Frispark til Kamma i god posisjon ute ved sekstenmeteren.
4'
Ny stor sjanse for Sogndal etter rot i HamKam-forsvaret. Mannsverk sitt skot vert blokkert.
1'
Mål!
1-0
Elendig pasning opp frå midtstoppar Skjærvik som Nord snappar. Kan slår gjennom Hoven som set ballen forbi Jendal. Forferdeleg start for HamKam dette!
1'
Sogndal med avspark. Lang ball opp som Matland enkelt får kontroll på.
Avspark Start 1. omgang
Etter ein kald og litt traurig sommar viser Sogndal seg frå si beste side i dag. Sol frå nesten skyfri himmel og 23-24 varmegrader bør by på gladfotball i kveld. Straks klart for avspark frå Fosshaugane Campus.
Sogndal har eit relativt godt tak på Ham-Kam. Dei ti siste kampane viser statistikken 5-2-3. I denne kampen i fjor vann heimelaget 3-0 etter to scoringar av Ulrik Flo og eitt av Eirik Schulze. Ingen av dei spelar i dag. Flo har lagt opp og Schulze spelar i Start.
Litt endringar på begge lag frå sist runde. For heimelaget er Ogbu suspendert. Inn kjem Lereng. Andreas Hoven er skada og inn kjem den lokale ungguten Anders Nord, som får sin debut frå start i dag. For bortelaget er det også to endringar og begge er i forsvarsrekka. Ut går Strømnes og Steffen Pedersen. Inn kjem Matland og Strand.
I Sogndal sine sju kampar denne sesongen har det blitt scora 26 mål, mens i Ham-Kam sine 34. Når vi tenkjer på heimelaget sin mildt sagt ustabile form og bortelaget sin evne til å rote det meste til, ser vi for oss ein svært underhaldande kamp her på Fosshaugane i kveld. Vi ynskjer alle velkomne tilbake ca. ein time før kampstart. Då vil vi ha lagoppstillingane klare for dykk. Vel møtt!
Sogndal starta sesongen fantastisk med to sigrar og 10-2 i målskilnad. Dette gav dei tilnamnet OBOS-Glimt blant nokre 'ekspertar' på norsk fotball. Sogningane klarte diverre ikkje å følgje opp dette, men etter tre strake tap har dei no slått tilbake med to nye sterke sigrar. Sist 2-0 over Lillestrøm på Åråsen.
Etter dette har det også vore endringar på trenarsida i hamarklubben. Espen Olsen som var sportsjef før sesongen starta, vart trenar etter at Gaute Helstrup forsvann til Tromsø. No er altså Olsen ikkje lenger trenar, men tilbake som sportsjef og skal være med å ansette ein ny trenar. Lykke til!
Topp mot bunn ervel eit uttrykk som kan brukast om dagens kamp. Ham-Kam ligg heilt nederst på tabellen med berre 2 poeng, mens heimelaget ligg på 4.plass med 12 poeng. Litt framgang er det då derimot å spore for bortelaget som etter å ha tapt sine fem første kampar no har to uavgjorte på rad. Sist 2-2 mot KFUM.
Hei og velkomne til den 8. runden i årets OBOS-liga. I dag er det Ham-Kam som vitjar Fosshaugane Campus og Sogndal Fotball.