TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sogndal vinn fortent 3-0 og tek 3 veldig viktige poeng! HamKam raknar utover i 2.omgang og Ulrik Flo viser kva som bur i han, banens beste og vinn alt av duellar på Fosshaugane i dag!
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+3'
Sogndal går altså mot 3 poeng etter ein meget god 2.omgang.
90+2'
3 minutt lagt til i Sogndal.
90'
Spillerbytte
90'
Nordli slår inn, men eit Sogndalbein får den ut til kast.
89'
Roseth mistar til Guerra og lagar frispark.
88'
Hoven får sjanse frå 20 meter, men den trillar utanfor.
87'
Hjørnespark
Ut til kast for HamKam
87'
Ny corner Sogndal.
86'
Hjørnespark
Keeper boksar ut.
86'
Eit frispark blir stussa gjennom feltet frå HamKam og Sogndal får corner.
82'
Mål!
3-0
Schulze får ei gavepakke frå HamKam og sett 3-0! Er vel Egeris som prøvar å spele seg ut, men slår rett til Schulze som breisidar ballen i mål frå 11 meter.
81'
Spillerbytte
81'
10 minutt igjen og Sogndal har vore meget gode etter pause, fortent 2-0.
79'
Rett over mål frå HamKam.
78'
HamKam får nytt frispark i god posisjon, litt over 20 meter frå mål.
77'
Nytt frispark for HamKam midt på bana.
77'
Firsparket blir klarert.
77'
Soltvedt får frispark mot seg for å skjerme ball?
76'
HamKam må finne på noko lurt her snart, har ikkje vore nær å truge Sogndal i denne omgangen.
74'
Flo har vore meget god i dag!
74'
Spillerbytte
73'
Gult kort
73'
Mål!
2-0
Soltvedt fyrar av frå distanse, keeper må gi retur og der dukkar Flo opp!
72'
Hjørnespark
Keeper boksar ut.
72'
Spillerbytte
72'
Ibrahim dreg seg mot linja og går for skot, går utanfor.
71'
Hjørnespark
HamKam beheld ballen etter corneren.
71'
Ibrahim kjem til skot inne i 16-meteren og det endar med corner.
69'
Hjørnespark
Slått ut på nærmaste.
69'
Roseth vinn ballen høgt og får også corner til heimelaget.
68'
HamKam prøvar å spele seg ut, men presset til Sogndal er meget bra.
67'
Totland vert liggande etter ein duell høgt oppe på HamKam sin halvdel, kjem seg på beina igjen.
63'
Ernemann slår inn og Sogndal kjem til avslutning rett på keeper.
62'
Sogndal lykkast med høgt press og stressar gjestane til å gjer feil. Soltvedt får frispark på ca. 30 meter.
60'
Spillerbytte
58'
Gult kort
Ser ut som ei god takling på ball, dommar dreg fram kortet og heile Sogndal rasar.
56'
Hjørnespark
Antonijevic headar ballen over mål til corner for gjestane.
55'
Mål!
1-0
Massivt Sogndaltrykk og endeleg sitt den! Kristoffersen får ballen frå Flo, dreg ei skuddfinte før han smell til. Ser ut til at ballen endrar retning, men vanskeleg å sjå kven den gjekk via.
55'
Sjanesebonanza til heimelaget! Innlegg på innlegg der HamKam kastar seg inn og blokkerar alt som er, endar i innkast.
53'
HamKam kan etablere spel.
52'
Hjørnespark
Slått mot Ogbuh, ballen endar i returrom, men bortelaget er godt ute og blokkerar.
52'
Hjørnespark
Ut til ny corner på motsett side.
52'
Kjempesjanse til Sogndal! Rullar fint opp på venstresida der Roseth slår inn, ballen endar hos Soltvedt som avsluttar via HamKamspelar og ut til corner.
49'
Roseth held på å gi HamKam ei gavepakke, men Dyngeland kjem før Enkerud på ballen.
47'
Jensen spelar gjennom Soltvedt som får eit dårleg touch, men Sogndal beheld ballen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga entrar bana, Sogndal bør opp nokre hakk, dei treng 3 poeng.
Laga går inn til pause med stillinga 0-0. Ingen fartsfylt 1.omgang her i Sogndal, men heimelaget har hatt sine sjansar. Heilt mot slutten fekk og HamKam eit stolpetreff. Nordli og Flo har altså begge sendt ballen i metallet, men ingen mål.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Gult kort
Pratar på seg eit gult.
45+1'
Nordli smell ballen i stolpen frå 25 meter!
42'
Soltvedt svingar den inn, men kvittrøyene rekk akkurat ikkje ballen.
42'
Flo får røff behandling med Guerra og får frispark midt på banehalvdelen til bortelaget.
39'
Matland smell den mot mål, men Dyngeland er mesterlig nede og reddar.
38'
Frispark til HamKam frå omtrent 25 meter.
37'
Hjørnespark
Like etter corneren får Roseth ein kjempesjanse men får eit skikkeleg sleivtreff når han skal sette ballen i mål.
37'
Roseth dreg seg mot linja og vinn corner for heimelaget.
36'
Går bra med begge to.
36'
Antonijevic med ei god takling der Nordli vert liggande over han.
35'
Soltvedt skyt rett utanfor i keeperhjørnet.
35'
Soltvedt og Kristoffersen står ved ballen.
35'
Schulze får frikast rett utanfor 16-meteren etter eit høgt spark.
34'
HamKam trillar ball, men det er Sogndal som er farlegast framover.
33'
Dyngeland slår langt og Antonijevic vinn ballen, diverre for Sogndal er det ingen i nærleiken av der ballen landar.
32'
Schulze vinn ballen inne i 16-meteren til HamKam og legg tilbake til Kristoffersen som sendar den utanfor.
29'
Hjørnespark
Chippar den inn mot Ogbuh som vinn den, andreballen blir klarert.
29'
Flo plukkar opp ein laus ball og vinn ein corner.
28'
Nordli uheldig når han handsar inne i Sogndal sin 16-meter, kunne blitt ein sjanse der.
27'
HamKam trillar ball og ventar på åpninga.
25'
Onsrud spelar fri Ibhrahim som legg tilbake, der kjem Schulze med ei susande takling og avvergar.
23'
Ibrahim med eit innlegg som held på å snike seg inn på bakerste, men Dyngeland har vel kontroll.
20'
Ernemann dirigerar Sogndal i presset.
19'
Hjørnespark
Blir klarert.
19'
Ibrahim blir spelt opp på kanten, dreg seg mot linja og det endar i hjørnespark for bortelaget.
17'
Flo har åpna bra. Vinn det meste som kjem. Soltvedt blir spelt gjennom etter at nevnte Flo har vunne ein duell, men vel å skyte frå skrått hald, kunne med betre hell slått inn der.
16'
Jensen med godt forarbeid når han prøver å nå Flo i boks. Blir klarert.
15'
Ser ut til å gå bra med han.
14'
Guerra går av bana for behandling.
13'
Sogndal kan kontre med Schulze, men slår til høgre der det ikkje er ei kvittrøye å sjå.
13'
HamKam trillar ball.
11'
Roseth dunkar ballen mot Flo som headar i tverrleggaren! Stor sjanse der.
11'
HamKam spelar seg flott ut. Ibrahim får ballen på vensrekant og stikk den nydeleg inn til Onsrud som sendar ballen eit lite stykke utanfor.
9'
Rett i klypene på Jarosinski.
9'
Jensen blir felt ute til høgre, mogleg for Ernemann å svinge inn eit godt innlegg.
7'
Lite som skjer på Fosshaugane.
3'
Jensen legg inn, ballen går heilt over til Roseth på backen som fyrer ballen langt til sides for mål.
Avspark Start 1. omgang
HamKam startar med ballen.
Schulze og Ernemann får blomar og applaus for sin innsats i Sognetrøya.
Laga har entra bana.
Dei frammøtte frå Hamar gjev god lyd frå seg før kampen.
Dei som har våga seg ut i kulden for å heie fram laget sitt i dag har pakka seg godt inn!
Laga er godt i gong med oppvarminga og Sogndal verkar tent.
Ellers står flomlysa på for fullt, nervane står i fullspenn hos somme lag, og det vil bli spennande å sjå om nokre av topplaga ryk på ein smell i dag.
Vil kome til å bli ei meget kjølig affære på Fosshaugane i dag. 2 grader og Sola har for lengst gått ned bak fjella som dekkar Sogndal. For publikum si skuld kan ein jo håpe at Sogndal og HamKam byr opp til festfotball på den andre dagen i November!
HamKam ligg trygt på 11.plass utan moglegheit for opprykk eller nedrykk.
Sogndal ligg no på 7.plass med same poengsum som KFUM, men har litt dårlegare målforskjell. Mykje kan endre seg i kvalikkampen i dag, ettersom det skil 2 poeng mellom 4. og 7.plassen.
Hei og velkomne til dagens meget viktige kamp på Fosshaugane Campus! Dagens motstandar er HamKam og sist laga møttes enda det 0-0 på Briskeby.