Referat
Kun høydepunkter
Dar bles domaren i trudelutten sin. Ein klassisk 'game of two halves'. Bortelaget soleklart best før pause, og kunne og burde ha leda med meir enn eit mål. Sogndal må hatt ein god pauseprat, noki byter, og kampen snur totalt. Sogndal lika gode etter pause som Kamma før. Dermed heilt ok med 1-1. Sogndal gjer store framskritt frå kampar før i haust og Kamma er eitt poeng nærare opprykk. Me trur begge lag er godt nøgde. Tom Wolff Navarsete takkar for kampen, og skal heimatt å få varme att i ekstremitetane. Roger and out.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+5'
Knapt nokon har reist i frå haugane. Spanande.
90+4'
Ser ut som det ebbar ut med 1-1. Isofall heilt greitt.
90+2'
Kast til Kamma på eiga halvdel, tek seg godt tid.
90+1'
Domaren legg til 5 minutt. Den såg eg ikkje koma.
90'
Frispark til Sogndal på eiga 16-meter.
90'
Skal me få ei avgjerdsle?
88'
2218 sjeler her i kveld som får sjå ein flott og spanande kamp. Sogndal med sluttspurt no.
86'
Rett utanfor, der hadde ikkje keeper Hagen kontroll. Flott frispark av Nessø.
85'
Publikum meinar domaren er for snill med Kamma. Ironisk jubel når Sogndal får frispark på 25 meter.
84'
Hamkam prøver seg på eit innlegg, men med hjelp av forsvaret fangar Fij ballen.
84'
Den var viktig Kryger, ellers kunne Bair vore på blank goal.
80'
Regnet lavar ned, begge lag med full tenning, herlege duellar og mykje bra spel. Ditta er moro.
78'
Bakke dreg til frå 20 meter, via eit bortebein, og oppå målet. Corner.
76'
Flott avansering av Skålevik, men skotet over og utanfor.
75'
50/50 kamp akkurat no. Dette kan gå begge vegar.
73'
Trenarane leve i kampen no!!!
73'
Der har du heile verden Kupen, men pasninga vart for dårleg. Det burde vore utnytta betre.
72'
Bortelaget mykje meir med, og Sogndal må passa på at dei ikkje tømmer seg. Har vore på nokre kontringar no bortelaget som lett kunne enda i teljande resultat.
71'
Flott spel av bortelaget, men Enkerud har feil vinkel på hovudet, og Fij fangar enkelt headinga som går bakover. Det burde vore utnytta betre.
69'
Innkast heimelaget, Bortelaget beinar unna. Under press no bortelaget. Ligg det ei scoring i lufta?
68'
Sogndal har spelet og intiativet, men tømmer seg ved eit angrep. Heldigvis renn det bort i sanden for Kamma.
66'
Bortelaget på ei kontring, men for upresist.
65'
Flott spel av heimelaget, men innlegget til Kupen var ikkje akkurat med strø på.
63'
Kamma litt meir med no. Men Sogndal sin omgang so langt.
61'
Gigasjanse til Sogndal, innlegg og skot på direkten av Eid. Men stor redning av keeper på det gode og knallharde skotet. Den såg eg i mål.God prestasjon av Eid og dette.
58'
Akor igjen, flott dribbling, men for dårleg innlegg.
57'
Akor prøver seg, men blir skjerma ut. Forsvarspel frå ABC.
55'
Elendig utspel frå Hagen, men Sogndal får ikkje utnytta. Kamma blir pressa bakover, kampen snudd totalt.
53'
Frispark frå Kamma ut i det store intet!!
52'
Sogndal er på bittet no. Kamma verka rysta. Masse energi i heimelaget. Og publikum er med.
50'
Dette må gi energi. No er det berre å spa på for Sogndal.
46'
Dobbeltbyte Sogndal. Kupen og Kryger inn for heimelaget. Nouri og Lereng ut. Ikkje overreskande. Dei var meget svake begge to før pause.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal hakket kvassare første 15, deretter total dominans av bortelaget siste 25. Sogndal heldige som ikkje ligg under både 2 og 3-0. Bakke må gjera noko i pausen. Midtbana til Kamma dominerar totalt, og det er berre ørsmå marginar som ikkje gjer att det kunne verkeleg ha vore stygt. Sogndal med nokre halvsjansar, men eitt nummer for små før pause.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Domaren har lagt til 1 minutt.
44'
SKal me sjå om Sogndal får til noko? Blir innlegg frå Flo no. Diverre, ingenting
42'
Frisparket opp på taket, men bra trøkk i da.
41'
Frispark til Kamma i god posisjon, Daniel Eid for hardt i ryggen, soleklart.
39'
No er heimelaget trasige, får ikkje til noko. Kamma er farlege heile tida. No avslutta Lindkvist med eit skot som Fij reddar flott. Ny god sjanse.
36'
Bortelaget dominerar stort. Divisjonsforskjell akkurat no.
35'
Lereng dett, Kamma kjem med mange folk, men får ikkje avslutta. Millimetrar før 0-2.
33'
Akor i laupeduell med Kurucay, den vinn midtstoggaren på bortelaget.
33'
Kamma kjem fram på venstresida heile tida. Sogndal bør gjera noko der.
32'
'Versågod til keeper'-skot av Akor, ufarleg.
31'
Tilsnakk på Akor, blir gult neste dersom han ikkje roar seg.
31'
Fullt fortjent at bortelaget leiar, vore kanongode siste 10 minutta.
28'
Ham-kam køyre no. Sogndal heng i taua.
27'
Innlegg Eriksen, skot Onsrud, men Fij ligg som ein strek i hjørna og sler til corner.
26'
Sogndal kjem fram på sida ved Eid og Nouri, men ingen inne i 5 meteren for å trøkke inn legget. Artig på haugane no.
24'
Trippelsjanse til Kamma etter Lereng mista ballen. Ballen ligg på 5 meteren i 10 sekund, men ingen får putta ballen i mål. Fleire avslutningar som blir blokkert av keeper og oppoffrande forsvar. Utruleg!!!!!!!!
21'
Sogndal prøver seg, men tunt, og ballen sprett inn til keeper.
19'
HamKam med nokre halvsjansar no, men Sogndal ordna opp. Fått løfta laget.
18'
Aggressiviteten til heimelaget roa seg litt.
16'
Kamma roar ned no, og spelar litt ball i bakarste ledd.
15'
Innlegg av Sogndal, men Nessø litt for sein på bakarste stolpe. Gode tendensar av heimelaget.
11'
Sogndal best første 10, men kjemisk fritt for sjansar enno.
9'
Kamma kontrar, men Flo spring opp, og får frispark. Litt temperatur ute på bana no. Det likar me.
7'
Innlegg av Kamma, første gang inne i feltet, men Fij har full kontroll.
5'
Bra SIL-spel, innlegg av Eid, men frispark til keeper.
4'
Jevnt i starten, kun spel på midten til no. Men kanskje heimelaget hakket meir aggressive.
3'
Ham-kam har med seg ein lydhør gjeng på tribuna i dag, alltid kjekt da. Og Saftkokaradn stemme i dei og. Tommel opp
Avspark Start 1. omgang
Var nok litt tidleg ute. No ausar det ned. So trur dei ikkje hadde treingt å vatne bana ca kl 17.00
Endeleg opplett etter snart 48 timar med samanhengande regn. God temp, ca 10 grader og pittelitt vind. Og når det i tillegg er flåmlys, so kan ein kun betegna dette som fantastiske forhold.
Sogndal gjer eitt byte frå søndag. Blårud inn for Pälsson på sentral midt. Verdt å merka seg so er K. Hoven og Kryger tilbake frå skade/sjukdom. So får me sjå om dei kjem innpå etterkvart.
Ham-kam gjer to byte frå forrige kamp. Melgalvis er ute, og gir plassen til Niklas Rekdal (son av trenaren). I tillegg er Bair på benken, der kjem Sildnes inn.
Sogndal har gitt ut 3000 gratis-billettar til dagens kamp. Har vore svært dårlege tilskuartal i haust, og klubben ynskjer å gjera noko med dette. Fleire enn dei 400 som var her sist heimekamp mot Jerv kjem det garantert. So får me sjå kvar me endar. Skal me tippa opp mot 2000? Det hadde nok gitt heimelaget ein ekstra piff når topplaget kjem på besøk. Straks tilbake med lagoppstillingar.
Etter att Bakke sa han ikkje ville forlengje for eitt 8ande år i Sogndal, har formkurva peika vertikalt nedover. Ikkje siger på dei siste 4 kampane. Sist 0-3 mot Ålesund, der dei fekk ein håplaus start og låg under 0-2 etter 10 minutt. Hadde ein del skadar, sjukdom og suspensjonar til denne kampen, og når du kjem so bakpå tidleg, blir det særs vanskeleg. Men Sogndal spelte ikkje nokon dårleg 2. omgang, og vil nok prøve å dra momentum frå den med seg inn her. Blårud er tilbake får suspensjon. Hoven-brødrene, Kryger og Salte var alle skada/sjuke. Er dei tilbake her? Sogndal treng dei, for det byrjar å bli jevnt bak dei på tabellen. Held siste kvalikplass enno, men er nøydd å vinna snart. Skjer det i kveld?
Ham-kam-toget durar vidare. Sleit lenge mot Koffa, men tre scoringar siste 10 min sikra ein komfortabel siger. Leiar serien med 6 poeng mot Ålesund, og har i tillegg ein uovertruffen målforskjell. Mykje skal til at me ikkje ser Kamma i toppserien neste år. Med siger i kveld so vil eg påstå at dei er so og sei sikra opprykk. Dei verkar for solide til å gå på ein sprekk. Me kjem tilbake med anna relevant info når det nærmar seg avspark.