TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Der er det slutt på Fosshaugane og Sogndal vinn overbevisande 4-0! Erik Grønner scorar to enkle mål etter gode angrep av Sogndal etter hhv. 27 og 34 minutt. Mellom der klinkar Nessø til og scorar eit kremmerhus av eit mål i det 32.minutt. Gjestene frå Groruddalen heng betre med i kampen etter kvilen, men er aldri i nærleiken av å utfordre heimelaget om poenga. Jònsson sette spikaren i kista då han kom åleine med keeper i det 90.minutt. Dermed enda kampen 4-0 og alle 3 poenga blir verande i saftbygda.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (4-0)
90+4'
Gult kort
90'
Mål!
4-0
Sogndal vinn ballen på midtbana og stormar framover. Steinset sender ein stikkar til Jonsson som kjem åleine med keeper. Der gjer Islendingen ingen feil. Dermed står det 4-0 på Fosshaugane!
89'
Offside
Sogndal speler seg fram på høgrekanten, men der står Nessø i offside.
88'
Tøff duell mellom Bjeglerud og kristoffer Hoven på midtbana. Førstnevnte ser ut til å komme verst ut av det, men han kjem seg fort på beina igjen.
86'
Grorud med betre takter no, men gjestene byrjar å få dårleg tid.
85'
Kristensen felles like utanfor 16-meteren og det ropast på frispark, men dommar Haugen er ikkje einig.
84'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
82'
Frispark
Nytt frispark! Ulrik Mathisen blir felt.
82'
Frispark
Får frispark etter dytt i rygg på corneren.
81'
Hjørnespark
Slås mot bakerste.
80'
Spillerbytte
79'
Frispark
78'
Sogndal fortsetter å presse. Gunnarsson slår eit innlegg mot bakerste, men der er det kun Grorud-spelarar til å plukke opp ballen.
77'
Gunnarsson stormar ned venstrekantten, skjer inn og får avslutta, men skotet blir enkelt for Lillevik.
76'
To blad Hoven får sjansen for Sogndal.
75'
Spillerbytte
74'
Spillerbytte
73'
Tomålsscorar Grønner ligg nede med skade
72'
Frispark
Blir dytta ned av Grønner.
71'
Halvsjanse til Sogndal. Nessø slår litt for upresist mot Grønner.
69'
Spillerbytte
69'
Nessø plukkar opp ein laus ball etter klabb og babb på Grorud sin banehalvdel. Han drar av ein mann og avsluttar til side for mål.
66'
Grorud spelar seg gjennom, men avslutninga frå Sereba går utanfor.
64'
Sogndal spelar seg igjennom Grorud-forsvaret, men den siste pasningen blir upresis.
62'
Spillerbytte
62'
Det bølger her no! Store sjanser i begge ender, men uten uttelling.
60'
Enorm sjanse til Sogndal! Ørjasæter stormar fram på venstrekanten og legger inn foran mål, men ingen får styrt den mot mål. Sogndal kjem deretter til avslutning, men den går like utanfor.
58'
Frispark
57'
Gult kort
Kjem for seint inn i duellen.
56'
Grorud farleg frampå nok ein gang! Avslutninga går like over.
55'
Ny avslutning frå Grorud. Denne gong rett i klypene til Fij.
55'
Grorud får avslutta. Sereba slår den like utanfor
53'
Frispark
På eigen banehalvdel. Mansour slår kort
51'
Saadiq Elmi halter av bana med skade, men kjem seg raskt inn igjen.
49'
Sogndal etablerer press no. Ørjasæter prøver seg på ein frekk lobb, men lukkast bare nesten.
47'
Gjestene sparkar i gang andre omgang og sender langt mot Hristov. Ender i klypene til Fij.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Der blåser dommar Jørgen Haugen av for å signalisere at første omgang er over, og for ein omgang det har vore! Vertane frå Saftbygda dominerer stort gjennom store delar av omgangen, og scorer 3 mål på rundt 8 minutt! Det står dermed 3-0 når vi er halvspelt. Bortelaget frå Groruddalen skundar seg inn i garderoben. Her må dei opp i ringa om dei vil stikke av med poeng!
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
45+1'
Bortelaget slår mot Sereba, som headar langt utanfor. Kunne fått meir ut av den der,
45'
Grorud farleg frampå no, men blir ikkje meir enn ein halvsjanse.
45'
Grorud gjer altså eit trippelbytte her like før pause! Gjestene har langt ifrå gitt opp. Denne kampen lever i beste velgåande!
44'
Spillerbytte
44'
Spillerbytte
44'
Spillerbytte
42'
Hjørnespark
Innlegget blir avverga.
41'
Gult kort
40'
Frispark
Innlegget slås inn i boksen og heades mot mål. Fij får ei hånd på ballen og får vippa den over tverligger. Stor sjanse til Grorud!
38'
Det koker her no! Grorud farleg frampå, men avslutninga går i nettveggen.
35'
Mål!
3-0
3-0! Sogndal speler seg fint fram på venstrekanten. Ørjasæter sklitaklar eit innlegg til Grønner som scora sitt andre for dagen på tomt mål!
34'
Frispark
Slår innlegg mot bakerste stolpe, men den heades unna
34'
Gult kort
32'
Mål!
2-0
For eit mål! Nessø klinker til frå skrått hold og sender ballen mot motsatt kryss! Dermed står det 2-0 til heimelaget.
31'
Frispark
Frisparket i god posisjon slås rett i muren
28'
Mål!
1-0
Der står det 1-0! Kryger slår mot Nessø på venstrekanten, som igjen slår hardt inn foran mål. Der står Grønner som sett ballen enkelt inn i eit tomt mål!
27'
Sogndal vinn ballen på midten og stormar framover ved Nessø. Blir stoppa
26'
Klokka bikker 25 minutt og vi tek ei lita drikkepause i varmen på Fosshaugane.
26'
Mathisen og Elmi ligg nede, men kjem seg opp igjen. Ser ut som at begge fortsetter kampen
24'
Offside
24'
Sogndal frampå igjen, men får ikkje avslutta skikkelig.
21'
Frispark
Ness slår frisparket 1 meter over målet.
20'
Frispark
18'
Ny lang ball mot Sereba, men Fij får avverga for Sogndal
17'
Kryger slår mot Grønner, som får avslutta. Avslutninga ender i reklameskilta bak Lillevik
16'
Bortelaget betre med i kampen no.
15'
Jonsson slår mot Nessø som går på løp i bakrom, men ballen blir for lang.
14'
Grorud slår langt mot Sereba, som mistar ballen
11'
Frispark
Mathisen blir dytta i rygg
11'
Grorud frampå no, men ballen ender hos Fij
10'
Der skal det stå 1-0 til heimelaget! Ørjasæter dribler seg gjennom Grorud-forsvaret, men slurver i avslutninga åleine med Lillevik
7'
Frispark
Slås mot første stolpe. Gjestene får etter litt klabb og babb heada unna
7'
Ørjasæter fint fram på venstrekanten, men stoppast ved 16-meteren
6'
Kryger med lågt innlegg mot Nessø. Grorud får avverga
4'
Frispark
4'
Sogndal dominerer stort i opningmsinuttane! Nessø på raid framover, men får ingen stor sjanse ut av det
3'
Hjørnespark
Ny corner! Slås mot bakre, men klarerast
2'
Hjørnespark
Corneren slås kort. Blir ein halvsjanse ut av det
2'
Sjanse til sogndal etter 1min! Avslutningen går utanfor
1'
Der er vi i gang!
Avspark Start 1. omgang
Begge lag har entra bana for oppvarming. Sogndal byr på 21 plussgrader og solgløtt den første dagen i fellesferien. Publikum strøymer til og god musikk rungar over stadion. På Fosshaugane Campus ligg alt til rette for ein god ettermiddag med fotball!
Bortelaget frå Groruddalen kjem til Sogndal med 4 strake tap i bagasjen, derav 3 i OBOS-ligaen og 1 i Cupen. Idet vi sparkar i gang 14.runde i OBOS-ligaen, har Grorud endå til gode å vinne ein seriekamp. Gjestene er nok veldig klare for å kjempe for sesongens første siger i kveld. Ein ting er sikkert, dette blir ein spennande fotballkamp!
Sogndal kjem frå ein nokså skuffande poengdeling mot Fredrikstad. Til tross for at laget frå saftbygda i Sogn truleg hadde håpa å ta med seg tre poeng frå den kampen, nekta kaptein Van Der Spa å deppa etter kampen. Til lokalavisa Sogn Avis uttalte han blant anna at «dei som forstår fotball, ser at det er noko positivt på gang her». I tillegg retta han fokus på Sogndal sin manglande evne til å drepa kampar. Får vi sjå eit meir dødeleg Sogndal i dag?
Sogndal har vunne dei 3 siste innbyrdes oppgjera mellom desse laga. Vi må tilbake til Juli 2020 for å finne førre gang Grorud stakk av med sigeren mot Sogndal, då det endte 3-1 til heimelaget på Grorud match kunstgress. Sogndal vann førre innbyrdes oppgjer 2-1. Då scora Per-Egil Flo og Akor Adams Sogndal sine mål, medan Thomas Elsebutangen scora Grorud sitt mål.
Hei og hjerteleg velkommen til livedekninga av kampen mellom Sogndal og Grorud!