Referat
Kun høydepunkter
Og der er kampen over på Fosshaugane! Sogndal trekker det lengste strået etter eit svært godt skudd av Eid. Etter ein svært tam første omgang gjekk tempoet opp etter pause og Sogndal skapa mykje offensivt. Utligninga kom etter 52 minutt og Sogndal fortsette å være offensive utover omgangen. Grorud kom sterkare tilbake på tampen av kampen og var svært nære ved Høyland sitt skudd i stolpen. Langt frå den mest underhaldande kampen i historien. Bakke og Co er nok godt nøgde med tre viktige poeng for å kunne være med å kjempe i toppen av tabellen utover sesongen. Grorud får ei tung heimreise og må sjå vidare mot neste runde. Då takkar eg for følge. Over og ut frå Fosshaugane og Trygve Brendehaug.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
Pereira legg langt opp til Elsebutangen som prøver å spele gjennom Hristov. Grorud får kast og held ballen.
90+1'
Det blir lagt til tre minuttar på Fosshaugane.
88'
Bredeli legg langt inn i feltet til Sogndal. Aga får tatt ned med brystet og skal til å avslutte i det han kjem i kontakt med Lereng. Grorud ropar på straffe, medan Tennøy er uenig!
82'
Høyland kjem oppover bana på eit voldsomt raid. Han avsluttar hardt langs matta frå 18 meter. Ballen går i stolpen og ut! Fij utan sjans. Svært svært nære for Høyland!
79'
Etter ein offensiv omgang av Sogndal, får Grorud roe ned og halde på ballen ei stund, mens dei prøver å bygge opp eit angrep.
77'
Flo svingar inn frå 45 meter etter at Sogndal får frispark. K. Hoven er fyrst og får headet på mål. Linjedommar tek opp flagget og dømmer offside.
75'
Gudjonsson ropar laget oppover på bana i det Sogndal mistar og må begynne på nytt.
74'
K.Hoven kombinerar godt med Flo nede ved hjørneflagget og Flo kjem seg fri nede ved dødlinja. Han legg hardt inn men ballen går gjennom heile feltet utan at Eid klarar å snappe opp på bakerste.
73'
Akor får ballen frå Flo på hjørnet av sekstenmeteren og kjem til avslutning. Ballen fyk fleire meter til høgre for mål. Ufarleg.
71'
A.Hoven kjem seg gjennom Grorud forsvaret og blir tatt i feltet. Heile Sogndal og mange av dei tilreiste ropar på straffe.
70'
Kryger mistar ballen midt på Sogndals banehalvdel. Høyland får tak i ballen og skyt frå 20 meter. Ballen har god fart, men er ikkje godt nok plassert og Fij reddar.
67'
Mankowitz spelar gjennom til Osestad som prøver seg frå 25 meter på halv-volley. Ballen har god fart, men går til høgre for mål.
65'
Meyer og Gudjonsson og resten av back-firaren til Grorud trillar ball, medan dei prøver å tre gjennom eit lavt Sogndal-forsvar.
64'
Trenar Bergo må finne fram nokre triks i ermet og gjer klart eit bytte for dei gule.
63'
Etter ein tam fyrsteomgang har Sogndal verkeleg fått meir til å stemme. Grorud har hatt nok med å forsvare seg det fyrste kvarteret mot eit offensivt Sogndal.
59'
Kryger sender langt til Adams som krigar godt og kjem fyrst på ballen. Meyer får avklara til ny corner.
59'
Salte sender ut lang ball til K.Hoven som blir akkurat for sein, og ballen går ut langs dødlinja.
55'
Sogndal pressar Grorud oppover i bana og Eid kastar til Adams, som får corner etter klarering frå Gudjonsson.
52'
Sogndal spelar opp Kryger som får avslutta frå 20 meter. Ballen går hardt 2 meter til høgre for mål.
51'
Bakke legg lekert inn frå 20 meter til K.Hoven som får brysta ballen ned inne i seksten, men ballen går for langt og Hoven mistar.
49'
Lereng mistar ballen, meda Sogndal står høgt. Osestad fossar frammover og finn Aga som legg inn. Ballen blir for lang og Sogndal hentar seg inn.
47'
Då var vi i gang med andre omgang! Det har slutta å regne i Sogndal, noko som kan gi oss meir spel og underhaldning
Start 2. omgang Start 2. omgang
Så bles Tennøy av etter 45 min. Ein tam fyrsteomgang frå begge lag er over. Utanom ein stor sjanse til Sogndal med Akor som kjem aleine med keeper etter 20 minutt og Grorud som kun minuttet seinare kom 2 mot 2 på sekstenmeteren har det vore lite å applaudere. Begge lag treng nok litt graut eller annan næringsrik kost i pausen for å heve seg til neste omgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Salte sender lang ball til Eid som tar dyktig ned. Han prøvar å slå heilt over til Flo, men ballen er upresis og går til kast.
44'
Hoven svingar langt inn mot bakerste stolpe frå 30 meter. På bakre stig Flo opp, utan å få panna på.
41'
Salte spelar gjennom til Hoven som droppar ned. Akor finn Eid som kjem springande inn i 16 - meteren. Han blir stogga, men får corner.
40'
Fij veivar spelarane opp i bana, i det han sparkar langt ut.
39'
Sogndal har tatt over ballen meir, og prøver å jobbe seg gjennom Grorud forsvaret. Salte ser i bakrom, men spelar trygt til Salte.
34'
Hoven kjem til innlegg nede frå høgresida. Akor ventar på bakerste, skyt og får corner etter at ballen går i Grorud spelar frå 10 meter.
33'
Grorud ligg lågt og Sogndal slit med å få spelt seg gjennom.
31'
Sogndal held på ballen i fleire minutt no i bakre firer. Og slit med å spele seg gjennom. Bakke ropar tolmodigheit frå sida.
29'
Grorud kombinerar fint på venstrekanten med Aga og Ness og kjem oppover bana. Sogndal kjem etter med mange, og Grorud blir tvinga til å spele tilbake.
29'
Det blir sendt høge ballar frå begge lag. Finspelet uteblir nok tildels i dag.
27'
Hoven slår inn i sekstenmeteren mot Hoven som kjem springande. Pereira vinn Gudjonsson vinn duellen.
26'
Grorud vinn ballen på midten og Høyland kjem oppover. Få Grorudspelarar tilgjengeleg gjer det vanskeleg og Høyland mistar ballen.
25'
Sogndal held på ballen og prøver åspele seg gjennom, i det Salte på ny sender lang ball mot Akor, som blir stoppa.
23'
Det er tydeleg at det våte underlaget framprovoserer feil hos begge lag. Dette blir det sjansar av!
22'
No svingar det! Sogndal mistar ballen langt nede på eigen halvdel og Grorud kjem 2 mot 3 mot Sogndal sin sekstenmeter. Avslutning går rett i ein skliende Roseth frå 15 meter. Stor sjanse!
21'
Grorud står høgt i det dei mistar ballen. Kryger lemper ein fin ball i bakrom der Akor kjem fyrst aleine med keeper på 15 meter. Viken kjem ut, og Akor mistar ballen i klypene på Viken. Kjemesjanse!
19'
Bakke ausar opp spelarane sine på sidelinja og ynskjer meir trøkk frå mennene sine.
19'
Sogndal får kast langt oppe på høgresida. Eid kastar langt inn i boksen, men Grorud får klarert etter at Salte skyt rett i ein Grorudspelar frå 5 meter.
18'
Sogndal prøvar å spele gjennom i det Grorud står høgt. Akor luktar bakrommet, men ballen går for langt.
17'
Ballen går fort på den våte matta, og det verkar som begge lag har problem med å verkeleg få spelet til å sitte. Kan vi få ein kamp liknande på Engelsk 5 divisjon, med røffe taklinger og lange ballar?
15'
Grorud har hatt ballen store delar av kampens fyrste kvarter utan å ha komme til nokre sjansar.
14'
Osestad kjem fyrst på ballen på midten. Lereng er for seint inne og blir dømt frispark i mot.
12'
Grorud prøvar å spele seg ut. Osestad kjem oppover bana og prøver å tre gjennom forsvaret til Ness utan å lukkast.
10'
Hoven får ballen nede på høgresida. Får lagt inn. Blir til corner.
8'
Osestad kjem oppover bana og spring forbi fleire sogndalspelarar. Kjem til avslutning frå 17 meter, men ballen går rett i Sogndal-forsvaret.
8'
Begge lag kjenner litt på kvarandre i dei fyrste minutta.
7'
Aga kjem seg opp på venstresida, men Salte får klarert ut.
6'
Regnet høljer ned på Fosshaugane. Kan bli ei våt matte med raske ballar dette!
4'
Lang ball i bakrom frå Pereira går heilt til Fij. Ufarleg.
3'
Grorud held på ballen dei fyrste minutta og prøver å spele seg oppover på bana.
2'
Høyland prøvar å stusse gjennom til Ness. Fij kjem ut og klarerar langt.
1'
Og der er vi i gang! Dommar Tennøy bles av og 90 minutt med fotball er framfor oss!
Avspark Start 1. omgang
Då er det kun få minutt før vi er i gång frå Fosshaugane! Spelarane kjem ut på bana.
Det er klart for fotball i saftbygda! Sogndal tek i mot Grorud til den 12. runde av året OBOS Liga. Når desse laga møtast er ingenting avgjort før kampen er over.
Sogndal og Grorud har berre kniva mot kvarandre to gonger tidlegare. Det har resultert i ein siger til begge lag. Sist oppgjer på Fosshaugane var i 2020, då Sogndal vann 2-1.
Det har svinga opp og ned for Sogndal den fyrste tredjedelen av sesongen. Det er tydeleg at Sogndal ikkje er der dei ynskjer å være. Med ein viktig bortesiger mot Bryne i førre runde ligg Bakke og Co på førebels 7.plass
Grorud har på si side hatt varierande resultat etter ein god start på sesongen. Laget frå tigerstaden er svoltne på poeng etter to strake tap dei to siste rundane.