Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Og der bles dommar Medic av kampen. Sogndal tek ein svært viktig siger i ein kamp der heimelaget sleit kraftig mot eit god grorudlag. Etter 1-1 i første omgang vart scoringa til innbyttar Michael avgjerande. Lukta litt offside, men vanskeleg også å sjå dette på reprisen så me får satse på at assisentdommaren hadde rett. Sogndal har no fire poeng ned til Ranheim og difor eit godt tak på den viktige 3.plassen. Grorud gjer ein god kamp, men blir slitne frå det 60. minutt og utover. Blir difor ståande på 30 poeng bortelaget og Øygarden lurar berre tre poeng bak. Men det skal seiast at dersom dei gulkledde spelar som i dag så kan eg ikkje forstå korleis dei ikkje skal klare å karre til seg tre poeng her på slutten og dermed unngå direkte nedrykk.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+8'
Vi er på over-overtida.
90+7'
Tida tikkar heimelaget sin veg.
90+7'
Klarar å halde ballen nede ved sidelinja heimelaget.
90+6'
Får seg eit kast her heimelaget og tek seg god tid.
90+6'
Kupen gjennom og skyt, men blir blokkert.
90+5'
Lang ball opp, men det blir blåst frispark for heimelaget.
90+5'
Vi har spelt fire av dei sju tilleggsminutta. Grorud mykje med ball, men klarar ikkje å produsere noko særleg.
90+3'
Grorud med trykket og kjempar knallhardt for å få inn ei viktig redusering.
90+2'
Og der gjekk Øygarden opp i 2-1. Ikkje bra dette for Grorud!
90+1'
Fem minutt var eg ganske sikker på men sju! Tok ganske lang tid skada til Murray og med såpass mange byter erdet jo forståeleg.
90+1'
Sju minutt tillegg!!
90'
Der er Grorud nære. Var heilt kaos etter corneren også. Heng i stroppane her no Sogndal.
87'
Nord går til hjørneflagget med ballen og vinn eit kast. Prøver å få tida til å gå her no heimelaget.
86'
Var også ein corner til Grorud her mitt i byttebonanzaen, men den fekk heimelaget klarert.
81'
Sogndal styrer mykje, men Grorud er sterke med ballen i laget og kan fullt mulig kontre inn ei sein scoring her.
81'
Inne i dei siste ti minutta her no. Skal vi få ein vinnar?
80'
Endar til slutt hjå Lereng som brenn til frå 20 meter, men skotet vert blokkert.
79'
Frispark til Sogndal frå kanten av sekstenmeteren. Kristoffersen skal svinge den inn.
78'
Det er no 1-1 i Ranheimsfjæra og dette passar Sogndal godt.
76'
Grorud har framleis ballen i laget. Har dei hatt den i over to minutt samanhengande no?
74'
Sogndal med 10 mann og Grorud trillar ball. Prøver å lokke heimelaget opp her no Grorud.
73'
Ogbu blør igjen frå nasa og må ut på nytt.
70'
Men no er i alle fall kampen i gang igjen.
70'
Fy søren no er det surt ute på Fosshaugane. Høljregn og vinden har også begynt å ta seg opp igjen.
67'
Båremannskap inne på bana her for Murray så han er nok ferdig.
67'
Ogbu er i alle fall tilbake på bana.
66'
Har vore svært god venstrebacken til Grorud i dag så ikkje bra for bortelaget om han må ut.
66'
Så er det Murray som ligg nede med skade.
65'
Ogbu blør litt og må ut for behandling. Sogndal med 10 mann.
64'
Lang ball mot innbyttar Elsebutangen. Han kjem seg framfor Ogbu som går i ryggen på han inne i sekstenmeteren. Ropar på straffe, men Medic vel å ikkje blåse. Den er svært tvilsam, men falle nok litt for lett der innbyttaren.
62'
Øygarden har utligna mot Sandnes Ulf. Dette kan nok gi bortelaget litt meir nervar.
59'
Får trilla litt ball no Grorud og det er nok godt for heimelagaet har hatt ein god periode dei siste fem minutta.
57'
Trykkjer litt på her no heimelaget og Grorud har falt litt lenger ned i bana.
55'
Lereng driv oppover frå sin no venstre back posisjon. Får gå uhindra heilt inn i Grorud sin sekstenmeter, men skotet går ein meter utafor.
54'
Grorud spelar seg fint rundt på kant, men innlegget frå Zaferis går over alle.
53'
Gjennomspel mot Ndour som nesten får krangla med seg ballen, men i kamp mot tre gulkledde kjem han til kort.
52'
Svakt utspel igjen frå Ødegaard, men Sogndal er alt for upresise når dei vinn ballen.
51'
Blir slått inn og Ogbu vinn duellen. Får derimot ikkje gjort nok med den Sogndal sin sterke midtstoppar.
50'
Frispark til Hoven midt inne på Grorud sin halvdel.
49'
Slit skikkelig i det oppbyggande spelet i dag Sogndal. Kaptein Mannsverk sentralt er sterkt sakna. Samtidig skal nok bortelaget også ha mykje skryt. Gir dei kvitkledde svært lite av både tid og rom.
48'
Begge laga går aggresivt til verks her i starten, men angrepa stoppar som regel når dei nermar seg sekstenmeteren.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er laga tilbake på bana og vi er straks klare for ein spanande andreomgang!
Ein jamn førsteomgang er over på Fosshaugane. Grorud har nok spelemessig vore det beste laget. Dette seier mykje om dei gulkledde for det er nok første gongen eg i løpet av ein førsteomgang har skriv dette i år. Bortelaget har derimot slitt med å komme til avslutningar utanom då Ness trilla fri Cornic på bakerste stolpe slik at gutta frå Groruddalen tok leiinga etter 18 minutt. Rot i bortelagets bakre rekkjer gjorde at Hoven kunne utligna seks minutt etterpå med eit glimrande skot utafor boksen. Hovens 17. mål for sesongen. Det blir spanande å sjå korleis dette endar for 3 poeng er svært viktig for begge lag. No skal både spelarar, publikum og presse inn for å varme seg på ein kald og gufsen kveld i Sogn. Tilbake om 15 minutt!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+2'
Sogndal med nokre fine trekk, men slit med touchen mange av dei kvitkledde i dag.
45+1'
To minutt tillegg i denne omgangen.
45'
Kupen kjem seg forbi og fell teatrealsk når ein grorudspelar går i kroppen på han. Slikt får du ikkje frispark for Kupen.
43'
Spelet i gang igjen. Sogndal med 10 mann.
42'
Mulig det er ein strekkskade for Sogndal sin solide midtstoppar.
41'
Roseth nede med skade. Det treng i alle fall ikkje sogningane no.
41'
Medic bles frispark til Grorud akkurat når pasningen frå Mankowitz blir tredd gjennom til Ness. Unnskylder seg i ettertid der den svartkledde. Kunne blitt ein stor sjanse for Grorud det.
39'
Ser også ut som Sogndal har gått over til å spele 4-2-4. Andreas Hoven er i alle fall flytta fram som venstreving. Kupen og Kristoffer Hoven som midtspissar og Ndour på høgre.
38'
Bortelaget spelar på ein måte som Sogndal tidlegare i sesongen har elska å møte. Masse trilling i bakre rekkjer, men sogningane har ikkje klart å gjennomføre presset sitt slik som tidlegare. Vil nok gi meir ros til Grorud enn ris til Sogndal for dette. Gode med ball i beina svært mange av dei gulkledde.
35'
Veldig mangee bra angrep, men dei slit med å få til avslutningar Grorud. Har framleis berre ei avslutning og den gjekk som kjent i mål.
34'
Nytt glimrande oppbygd angrep av Grorud. trer ut til Skåttun, men innlegget er ikkje godt nok.
33'
Ndour er høgast i feltet, men headar over.
32'
Kristoffersen skal svinge eit frispark inn i feltet.
32'
Grorud held fram med å trykke heimelaget i periodar. Meget bra kamp så langt av Eirik Kjønøs menn.
31'
Og der gjekk Ranheim opp i 1-0. Då er Sogndal nede på 4.plass.
29'
Heimelaget har jo også eit ekstra auge på kampen i Ranheim og der står det 0-0.
28'
Øygarden ligg i alle fall under så det er bra for bortelaget.
27'
Må vel reknast som ein tabbe dette frå keeper Ødegaard som har verka solid dei første 25 minutta.
26'
Aj aj aj! Denne var sur for eit Grorud som har vore veldig bra så langt i kampen.
22'
Held fram med høgt press bortelaget så her er det ikkje planen å parkere bussen. Imponert så langt i kampen Grorud.
21'
Grorud si første avslutning dette, men bortelaget har vore heilt på høgde spelemessig med sogningane dei første 20 minutta så langt frå ufortent dette.
18'
Cornic er sein der i ei takling på Kristoffer Hoven innanfor sekstenmeteren, men dommar Medic vinkar spelet vidare. Hadde vore billig den om det vart dømt straffespark, men kontakt var det nok.
17'
Igjen spelar Grorud tilbake til Ødegaard og denne gongen drar sisteskansen fram ei frekk Cruyff-vending for å lure unna Ndour.
15'
Det regnar framleis godt i Sogndal, men kastevindane og tordenskrella har gitt seg.
14'
Så er det nære på! Grorud spelar i bakre rekkjer og Kupen jaktar eit tilbakespel. Klarar nesten å rive til seg ballen frå keeper Ødegaard, men sisteskansen får avverga til slutt.
14'
Jamnt så langt i innleiinga her. Sogndal har for det meste styrt sine heimekampar så langt i sesongen, men er nok litt usikre i dag når dei manglar såpass sentrale menn som Mannsverk, Totland og Eid.
11'
Ndour blir spelt gjennom, men kjem litt skrått på mål og Ødegaard er fint ute og blokkerar.
8'
I starten såg det ut som Grorud spelte 4-3-3, men må jo berre innrømme at det er litt vanskelig å sjå kva formasjon dette er sålangt. Det som er heilt sikkert er at Østigård Ness ikkje spelar midtstoppar, men er flytta fram som spiss.
6'
Lang ball i bakrom som Skåttun jaktar. Fij og Lereng har kanskje ikkje den beste komunikasjonen, men Sogndal si sisteskanse får klarert.
4'
Innlegg mot Hoven som headar via ein grorudspelar til corner.
2'
Grorud svært aggresive i starten her og pressar fram feil hjå sogningane. Vinn dessverre ikkje den corneren dei kanskje skulle hatt.
Avspark Start 1. omgang
Det snøa godt i Sogndal i natt, men brøytemannskap og undervarme gjer at kunstgraset er i tipp topp stand. Derimot er vindkast, høljregn og ikkje minst lyn og torden ein annan værsituasjon som kan prege spelet. Alt dette har me fått i løpet av det siste kvarteret så vi får håpe det gir seg litt når vi straks set i gang kampen her på Fosshaugane Campus.
Med Strømmen sin siger i den første matchen i OBOS-ligaen denne helga så er Grorud igjen nede på kvalikkplassen. Om dei skulle havne der til slutt så blir det ikkje lange reisa for dei skal då enten møte Asker eller Skeid i kamp om å spele på det nest høgste nivået i Noreg neste år.
Då har vi i alle fall startelvarane klare for dykk. Her er det såpass mange byter på begge lag at vi får komme tilbake til formasjon og kvar dei forskjellige spelar på bana når det nermar seg kampstart.
Ein siger for Grorud i dag vil nok uansett kunne kallast ei bombe mot eit av ligaens beste heimelag. Derimot trur eg at eg ikkje tek i når eg seier at Sivert Mannsverk, Tomas Totland og Daniel Eid har vore heimelaget sine beste spelarar i år og alle desse tre er ute grunna for mange gule kort. Dette gir gutta frå Groruddalen ein kjempesjanse for ein liten skrell her på Fosshaugane. Dei har i alle fall ingen karantenar så får vi sjå om dei etter eit knallhardt kampprogram har klart å stable alle sine spelarar klare til kamp. Dette og meir får vi vite når vi er tilbake her ca. ein time før kampstart. Vel møtt!
Etter ein glimrande start på sesongen har Grorud hatt ein svært tung periode som førte dei ned i nedrykkstriden. Etter 1-6 heime mot Raufoss for ei veke sidan var det nok mange i Groruddalen som såg mørkt på situasjonen, men i den utsatte kampen mot Strømmen no på onsdag vart det ein ekstremt viktig 2-1 siger og dermed er laget over både nedrykkstreken og kvalikkplassen. Ein siger i dag vil nok omtrent sikre plassen i neste års OBOS-liga.
Det går mot slutten av sesongen og for begge lag er dette ein svært viktig kamp. Sogndal bør vinne for å halde unna for Ranheim om den viktige 3.plassen. Det er også ein reell moglegheit for direkte opprykk, men ein katastrofal borteform har nok satt ein stoppar for denne draumen for sogningane. Sist rota dei det til med både straffebom og forsvarsblemmer då Sandnes Ulf vann 2-1 i Sandnes.
Hei og velkomne til den 28.runden i årets OBOS-liga. I dag er det bydelsklubben Grorud frå Oslo som vitjar Fosshaugane Campus.