Referat
Kun høydepunkter
Vi graulerer Sogndal med spel i Tippeligaen neste sesong! Laget vann fortent 2-0 etter fantastiske mål av Øren og Flo. FFK var lenge med og kjempa om tre poeng, men når Askar sitt skot i første omgang gikk i stolpen ville det ikkje gå laget sin veg.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+2'
FFK i angrep no, men håpet er ute.
90'
FFK har ikkje gitt opp, og jaktar framleis 2-1 målet.
87'
Publikum reiser seg no!
86'
Halvorsen klinkar til med venstrefoten frå over 20 meter. Rett på keeper.
86'
Heile laget er kåra til 'dagens Sogndal-spelar'.
84'
Sogndal er no berre få minutt unna spel i Tippeligaen neste sesong. Den siste sikre opprykksplassen blir ein kamp mellom rivalane Sarpsborg 08 og Fredrikstad.
84'
Valencia slår frisparket inn i feltet, men der er Flo om stangar ballen ut med hovudet.
83'
FFK-frispark på kanten av sekstenmeteren. Skal laget få si redusering?
81'
Kjempesjanse for Sogndal! Halvorsen åleine gjennom og skyt. Rett på keeper!
80'
Einaste tilskodar på hovudtribunen som ikkje har jubla etter Flo og Øren sine mål er Yngve Hallen. Han han har vore sjef i Sogndal i mange år, men har no klatra opp som fotballpresident i NFF.
78'
Hovland viser stopparspel av klasse og taklar Askar på veg gjennom.
75'
Kader prøver seg igjen, men Masalin har god kontroll.
75'
Sogndal kjem fire mot tre, men utnyttar det svakt. Kader skyt frå 16 meter, men skotet blir blokkert.
73'
..han skyt, og keeper Masalin må ut i full strekk for å redde skotet!
73'
Frispark 30 meter frå mål. Øren tek fart..
70'
Ti år etter at Tommy Øren sende Sogndal til Tippeligaen på Ullevaal, er han i ferd med å gjere det same - på Fosshaugane!
67'
Øren prøver seg med eit skot frå skrå vinkel, men blir blokkert.
63'
Akkurat no er Sogndal i Tippeligaen 2011!
62'
2614 tilskodarar ser kampen.
61'
Ekte idrettsglede då Sogndal-spelarane jubla for 1-0 scoringa!
56'
- Kaldare her enn i Jostedalen, meiner ein lokal helt frå nabobygda på tilskodarplass. Det kan underteikna skrive under på..
55'
Kjempesjanse for Sogndal! Elvis skyt - ballen skiftar retning og går i stolpen!
54'
No snør det på Fosshaugane!
52'
Typisk kamp der 'første målet vinner'. Mykje som står på spel for begge lag!
51'
Fin sjanse for Sogndal. Kader legg inn mot Øren, men ballen går tilbake til Furebotn som skyt på direkten frå 20 meter. Utanfor!
51'
Mulac og Furebotn går begge ned for telling etter takling på midten. Ser ut som det går bra.
49'
Øren og Furebotn ofrar alt inne i feltet, men får ikkje skikkeleg kontroll. Ballen går ut til Solheim som skyt. Ufarlig.
48'
Gamboa skyt frå 35 meter. Bendik held ballen lett.
46'
Sogndal tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause med 0-0. Heilt greit utifrå spel og sjansar. Nærmar har FFK og Amin Askar vore, men skotet gikk i stolpen.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Innlegg mot Flo som får hovudet på ballen. Vil ha corner, men får det ikkje.
45'
Askar prøver seg, men Grorud skjermar ballen unna.
44'
Nærmar seg pause på Fosshaugane. Det er lagt til to minutt.
43'
Risholt får frispark i duell mot Kader.
40'
Furebotn snappar opp ballen og går på skot. Utanfor!
40'
Nytt FFK-frispark på Sogndal sin banehalvdel. Gamboa slår inn i feltet, rett i klypene til Bendik.
39'
Thomassen slår inn, men Bendik boksar unna. Sogndal-keeperen har opna kampen godt!
39'
Kader og Gamboa i tøff duell. FFK får frispark.
38'
Fin ball mot Askar, men Grorud viser kven som er sjefen og taklar godt.
37'
Rafn stormar inn i feltet og får avslutta. Over!
37'
Framleis mange tette duellar på Fosshaugane. Både Sogndal og FFK jaktar 1-0. Kven får første målet?
35'
Thomassen er tilbake på bana.
35'
Thomassen ser raudt blod, og må ut på sidelinja. Får hjelp frå benken.
33'
Frispark frå Flo. Rett på Masalin.
33'
Det er no ti år sidan Tommy Øren scora på Ullevaal mot Vålerenga og sende Sogndal til Tippeligaen. Skjer det igjen i dag?
30'
Ramberg testar skotfoten frå 22 meter. Utanfor.
29'
Thomassen går i bakken i duell mot Halvorsen inne i feltet. Kjensli ser ikkje noko ulovleg, og spelet held fram.
27'
FFK betre med no, og presser heimelaget bakover på bana.
25'
Kjempesjanse for FFK. Askar kjem gjennom Sogndal-forsvaret og skyt frå skrå vinkel. Ballen går bak Bendik - i stolpen!
24'
Mange tøffe duellar ute på bana. Både Elvis hos heimelaget og Piiroja for gjestene trøkker til hardt på kort tid. Kjensli let spelet gå og legg lista.
22'
Borges skyt frå 30 meter. Rett i muren!
21'
FKK-frispark etter at Elvis er for tøff mot Borges i luftduell. Laget flyttar opp folk, samstundes som det står tre spelarar ved ballen.
21'
Mulac går for skot frå 20 meter, men Elvis blokkerer.
20'
Flo slår frisparket inn i feltet, men FFK ryddar unna.
20'
Nytt Sogndal-frispark i god posisjon. Per Egil Flo skal slå inn.
19'
Sogndal si venstreside med Kader har vore mykje involvert første del av omgangen. Heimelaget har opna best, og debutant Bendik har få innvolveringar til no i oppgjeret.
16'
Halvorsen skyt - rett på keeper Masalin! Corner.
16'
Halvorsen går bort til ballen, på kanten av sekstenmeteren.
15'
Sogndal får frispark i god posisjon, etter at Kader blir holdt i trøya.
15'
Lang ball mot Askar, men Hovland les spelet godt og avklarar.
14'
Solheim med svak avklaring og FFK kan overta, men Furebotn jobbar godt og stjel ballen. Får applaus av heimepublikum.
13'
Kader prøver å finne Flo, men får innkast ved hjørneflagget.
12'
Rafn går inn som høgre midtbane, og FFK flyttar opp Amin Askar som spiss.
11'
FFK i angrep, men innlegget frå Gamboa går bak mål.
9'
Sogndal legg press på gjestene no.
8'
Spissen hinkar av bana og må truleg gi seg før ti minutt er spelt.
7'
Kader bommar på ballen, og treff Thorvaldsson. Sogndal får frispark i situasjonen i forkant.
6'
Kaptein Ophaug tek eit godt tak rundt Flo, men dommar Kjensli vinkar spelet vidare. Aabrekk gir tydeleg beskjed kva han meiner om det.
5'
Stor sjanse for Sogndal. Kader skyt og ballen går via Øren. Like over!
5'
Elvis frys og må ut å hente hanskar på benken.
4'
Kader driv framover, men innlegget er for svakt.
4'
Fin ball mot Askar som tek Flo på farten. Heimelaget får likevel ballen unna.
3'
Fin lang ball mot Øren som dreg av Gamboa. Skotet med høgrefoten går langt utanfor. Kampens første halvsjanse.
2'
Thomassen slår inn, men Hovland ryddar unna.
2'
Nytt FFK-frispark. Elvis legg Borges i bakken. Piiroja tek turen opp i feltet.
1'
Frispark til gjestene på midstreken. Risholt velg en kort variant.
1'
Elvis slår langt mot Øren, som ikkje får kontroll på ballen. Innkast til FFK.
1'
FFK tek avspark. Kampen er i gang!
Avspark Start 1. omgang
Fotballpresident Yngve Hallen tek plass på tribunen. Nærmar seg kampstart!
Det er no klart at Piotr Leciejewski må sone karantene resten av sesongen. Det betyr tre kampar for 21-år gamle Joe Bendik i mål i serieinnspurten.
FFK stiller med same mannskap som i sist kamp mot Løv Ham. Laga er no i full gang med oppvarming!
Årets snitt på Fosshaugane er 1937 tilskodarar. Likevel håper Sogndal på 3000 tilskodarar til denne storkampen. Det som i alle fall er sikkert at det blir kaldt for publikum i kveld. Vel en time før kampstart viser gradestokken 3 grader.
Sogndal har 9-2-1 og 30-11 i målskilnad på sine heimekampar. Dagens gjester har 7-1-3 på sine bortekampar og 24-16 i målprotokollen.
Sogndal slit framover på bana for tida. To mål på dei siste tre kampane er ikkje mykje å skryte av - av ein serieleiar i 1.divisjon. Likevel har laget tatt fire poeng på desse kampane.
Celso Borges er FFK sin toppscorar denne sesongen med 12 fulltreffarar. For Sogndal er det Espen Olsen som har flest nettkjennningar, med sine 12 mål. Måltjuven til heimelaget må i dag stå over kampen grunna skade i låret. Han blir erstatta av Tommy Øren.
Sogndal må i dag klare seg utan sin solide keeper Piotr Leciejewski. Inn kjem unge og urutinerte Joe Bendik, som på Sogndal II i år har sleppt inn nesten 60 mål. Difor er spenninga stor i Sogndal-leiren framfor dette møtet med eit godt FFK-lag.
FFK har hatt god kontroll på vertane tidlegare i sesongen. Både på La Manga og i vårkampen var det FFK som var det beste laget.
Sogndal kan med tre poeng i dag sikre seg opprykk. Fredrikstad jaktar comeback i Tippeligaen og går for tre poeng mot Sogndal i dag.
Velkommen til toppkampen Sogndal - Fredrikstad frå Fosshaugane Campus!