TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då er kampen over, og FFK tek med seg tre viktige poeng. Heimelaget skuffa stort, og heng med hovudet. Det har dei god grunn til å gjere, for i dag var det ikkje Tippeliga-nivå på det dei presterte. Gjestene takkar fansen for støtta, og klatrar opp på sjuandeplass på tabellen. Med dagens seier tok laget sin første siger i Tippeligaen sidan 16.mai. Det er 40 dagar sidan!
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+1'
Det er lagt til tre minutt.
90+1'
Halvorsen kjem rundt på høgrekanten og legg inn. Vil ha hands og straffespark, men dommar Hafsås let seg ikkje påverke.
89'
Sogndal jaktar 1-1 no.
88'
2607 tilskodarar ser kampen.
87'
Flo finn Solheim på løp, men innlegget går rett i klypene til keeper Staw.
86'
Kjempesjanse for Sogndal! Olsen legg inn, og Halvorsen avsluttar frå kort hald. Like over!
84'
Tarik får ballen på 20 meter og skyt. Over!
82'
Borges klinkar til frå 25 meter. Rett på Udjus som må gi retur!
82'
Spillerbytte
79'
Merkeleg taktisk grep av Sogndal-trenar Aabrekk. Han set spiss Ulrik Flo ned som høgreback, og flyttar Solheim over på venstrebacken. Framleis fem mann i forsvar, sjølv om det står 0-1 og ti minutt att.
77'
Hjørnespark
Lang corner - bak mål.
75'
Spillerbytte
74'
Kader med tøff takling på Rudd Tveter. Dommar Hafsås vinkar spelet vidare.
74'
Kjempesjanse for FFK! Utsøkt pasning til Borges som kjem aleine med keeper Udjus. Han blir litt for sein, og Tarik får etterkvart ballen. Han avsluttar - like over!
71'
Ness prøver seg med eit skot frå 25 meter. Utanfor.
71'
Hjørnespark
FFK får kontroll.
70'
Hjørnespark
Kort variant til Flo som skyt på direkten! Ballen skiftar retning, og den går til corner.
70'
Olsen slår inn - rett i muren. Corner.
70'
Halvorsen viser god teknikk, og får frispark like utanfor sekstenmeteren - ved dødlinja.
69'
Martinsen får seg ein smell i duell mot Halvorsen. Høgrebacken småhaltar.
67'
Hjørnespark
Kader avklarar.
65'
Hjørnespark
Olsen sin første corner i Sogndal-drakt blir avklart på første stolpe.
65'
Spillerbytte
65'
Kader finn Olsen som legg inn. Corner.
64'
FFK-trenar Tom Freddy Aune er godt nøgd med det han ser av laget sitt no. Dei har god kontroll, og kan gå mot tre viktige poeng om dei held fram på denne måten.
62'
Hjørnespark
Frispark til FFK.
62'
Sogndal slår mykje langt, mot 176 cm høge Cato Hansen. Det blir som oftast lett parti for FFK-forsvaret.
60'
FFK i angrep. Hansen skyt på halvspretten frå 16 meter - rett på Udjus.
60'
Angriparen er tilbake på bana.
59'
Sogndal-spiss Hansen ligg nede og held seg til hovudet.
57'
Scheel med langpasning mot Solheim, men ballen går over dødlinja. Stor frustrasjon i heimelaget no.
57'
Lite trøkk i Sogndal-mannskapet, og laget har skapt få målsjansar etter pause.
55'
Martinsen slår inn i feltet. Der er Borges på rett plass, men avslutninga blir det ikkje fart over. Solheim får avklart.
55'
Piiroja og Hansen i løpsduell, men FFK-midtstopparen er rutinert og brukar kroppen i duellen. Utspark frå mål.
52'
Spillerbytte
51'
Fin FFK-sjanse! Eit frispark går inn i feltet, og der er Piiroja høgst. Udjus er på bærtur, og ballen går like over.
50'
Gjermundstad bryt fint på midten, men dommar Hafsås meiner det er frispark. Heimepublikum er oppgitt.
49'
Langt innkast frå Solheim inn i feltet, men der er ingen fyrtårn med kvit drakt. Piiroja nikkar lett unna.
46'
Ser ikkje ut som nokon av laga har gjort byter i pausen.
46'
FFK tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause med 0-1. Pipekonsert på Fosshaugane på dommartrioen, etter omdiskutert straffesituasjon like før pause. FFK har vore effektive, og Tarik utnytta slurv i Sogndal-forsvaret. Heimelaget har også hatt nokre sjansar, men har ikkje klart å setje ballen i mål. Det blir 45 spennande minutt i andre omgang. Følg med!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Heimelaget prøver seg igjen. Olsen snappar opp ein ball i returrommet, men prøver å drible seg gjennom heile FFK-forsvaret. Det går ikkje, og gjestene får avklart.
45'
Det er lagt til eit minutt av første omgang.
44'
Stor sjanse for Sogndal! Flo slår frisparket inn i feltet, og Olsen avsluttar. Ballen går ut til Gjermundstad som slår tilbake i feltet. Heimelaget og publikum vil ha straffe, etter at dei meiner ballen treff ei FFK-hand. Dommaren vinkar spelet vidare.
42'
Thomassen med stygg alboge i duell mot Solheim. Frispark på kanten av sekstenmeteren. Flo står klar.
40'
FFK-frispark i fin posisjon. Tarik slår inn, men heimelaget får avklart.
38'
Hjørnespark
Fin Sogndal-sjanse! Hopen slår ein god corner, og Scheel vinn luftduellen i feltet. Staw leverer ei kjemperedning!
38'
Sogndal prøver seg, men Solheim møter veggen i Piiroja. Får corner.
37'
Stor sjanse for FFK! Hansen kjem seg rundt på høgrekanten, og legg inn til Borges. Han får ballen på åtte meter, men skotet blir blokkert i Gjermundstad. Nær 0-2!
35'
Hopen slår inn, men Tarik blokkerer som einaste mann i mur.
35'
Halvorsen får frispark midt på FFK sin banehalvdel. Hopen skal slå inn.
34'
Fin sjanse for Sogndal! Hansen får ballen inne i feltet, men får ikkje skikkeleg treff. Berre nesten for heimelaget.
32'
Fin ball mot Borges, men FFK-spissen er på feil side av forsvarsrekkja.
31'
Hovland har vore svært god for Sogndal dei siste kampane. Det var tydeleg å sjå at kapteinen var skuffa, då han måtte gi kapteinsbindet over til Flo.
30'
Hjørnespark
Sogndal avklarar.
30'
Gjermundstad går inn som midtstoppar, medan Kader går ned som venstreback. Olsen skal dermed spele dei siste 60 minutta som venstrekant.
29'
Spillerbytte
29'
Fin ball mot Hansen, men keeper Udjus avklarar.
28'
Lang ball mot Hansen, men Piiroja vinn duellen lett.
27'
Høyres ut som både FFK-fansen og Safkokaradn har tatt tidleg sommarferie. Lite liv på tribunen til no i kampen.
25'
Piiroja med vanskeleg tilbakespel til Staw, men FFK-keeperen tek ballen ned på ein perfekt måte. Avklaringa var det ikkje like høg klasse over.
23'
Viktig scoring for FFK, som berre har eit poeng dei siste fem kampane i Tippeligaen.
21'
FFK i føringa, etter at heimelaget har opna best.
19'
Mål!
0-1
FFK utnyttar gavepakke frå Sogndal-forsvaret. Halvorsen med svak støttepasning til Solheim, som blir snappa opp av Borges. Han finn Hussain som går ned til dødlinja og legg ut til Tarik. Han er rolig aleine med Udjus og plasserer ballen i høgre hjørne!
18'
Fin sjanse for Sogndal! Hopen tek frisparket frå 25 meter og ballen stryk tverrliggjaren! Får applaus for godt forsøk.
17'
Hansen får frispark frå 25 meter. Hopen gjere seg klar..
15'
Piiroja rotar det til, og Sogndal får innkast på midtstreken.
15'
Heimelaget har opna best på Fosshaugane.
14'
Borges testar skotfoten frå 25 meter. Rett på Udjus!
12'
Hjørnespark
God corner frå Hopen, men det er frispark til FFK inne i feltet.
11'
Tarik går i bakken i duell mot Elvis, men dommaren vinkar spelet vidare.
10'
Elvis prøver seg med eit skot frå 20 meter. Utanfor.
9'
Kjempesjanse for Sogndal. Solheim kjem rundt på høgrekanten og slår inn. Der kjem Hansen i stor fart, men når ikkje fram!
8'
Vi beklagar tekniske problem dei første minutta, men no skal alt vere i orden.
3'
Horn tek med seg ballen over midstreken, men pasningen mot Tarik blir blokkert.
2'
Thomassen klinkar til frå 30 meter. Utanfor!
1'
Lang ball mot Hansen, men Staw les spelet godt - og plukkar lett.
1'
Sogndal tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Spelarane på veg ut på bana, og publikum reiser seg.
Historisk dag for Sogndal Fotball i dag. Ny tribune blir opna i dag på eine langsida, og dermed er det sitjeplassar rundt heile Fosshaugane.
Sol og vindstille i Sogndal i dag. Flotte forhold for fin fotball på Fosshaugane!
Laga er i full gang med oppvarming. Tilskodarane strøymer til og det nærmar seg kampstart!
Vi kjem tilbake med meir informasjon når det nærmar seg kampstart kl.1400.
Sogndal har fleire spelarar utilgjenglige til denne kampen. Både Røed, Valsvik, Bakke, Furebotn og Næss Lund sit på tribunen i dag, grunna skader. Hos gjestene er Mulac og Valencia på skadelista. Med til Sogndal er heller ikkje Askar eller Gamboa, som begge soner karantene.
Desse laga var i aksjon på onsdag, i NM-cupens 4.runde. Sogndal måtte gjennom 120 minutt og straffespark-konkurranse, før Brann vart for gode og vann 5-4. FFK sette ein strek over den svake borteformen, og tok ein sterk 2-1 siger mot Odd i Skien. Dermed revansjerte dei 0-1 tapet for nettopp Odd i førre serierunde.
Sogndal har tatt åtte av lagets elleve poeng på heimebane, medan FFK har fire bortetap på rad i serien. Utifrå denne statestikken er heimelaget favorittar, noko også Norsk Tipping er samde i utifrå dagens langodds.
Ole Jørgen Halvorsen er Sogndal sin toppscirar med fire mål. For FFK er Tarik Elyounoussi mestscorande med sine fem nettkjenningar.
Tabelljumbo Sogndal tek imot Fredrikstad til ein svært viktig kamp i botnstriden. Gjestene er nummer 12 på tabellen med 14 poeng, medan vertane har elleve poeng.
Velkommen til Sogndal - Fredrikstad frå Fosshaugane Campus!