Oppsummering
Bortelaget klarar å stele med seg alle tre poenga i ein tøff kamp! Det er eit kampbilete der Sogndal prøver å spele seg gjennom forsvaret til FFK medan bortelaget satsar på dødballar og kontringar. Dei fleste kunne sjå føre seg at det skulle bli slik. Kampen er prega av mange tøffe duellar, og det vart etterkvart mykje krangling. Heimelaget får fleire store sjansar som dei misbruker, og då kan Fredrikstad straffe dei. Det skjer ved at Stray Molde slår ballen inn til Alba som stangar inn 0-1. Sogndal jakta utlikning etter det, men til inga nytte. Nok ein gong viser Fredrikstad ein vinn kampar dersom ein er solide bakover. No kan FFK for alvor ta til å tenke på eit eventuelt opprykk.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+6'
Tida renn ut for heimelaget. Jenssen har utspark, og kan bruke opp tida.
90+5'
Ørjasæter for ein sjanse til å utlikne. Ender med corner etter blokkering.
90+3'
Heile 4089 tilskodarar har møtt opp for å sjå denne kampen!
90'
Det er lagt til 7 minutter overtid.
89'
Bortelaget gjer sine tre siste byte. Björkström er endeleg tilbake!
87'
Eg har mista tal på kor mange gonger Konte har satt seg ned for å få hjelp. No er heimesupportarane leie av det. No kan det sjå ut som at han straks skal ut.
86'
Sogndal jaktar utlikning. Dei har hatt fleire sjanser til å score, men har misbrukt dei fleste. Keeper Jenssen har også vore god.
78'
Arrocha slit også etter duellen med Alba. Han må også ut kan det sjå ut som.
77'
Enorm sjanse for Sogndal! Ingimundarson er fri til høgre. Han avsluttar, men det er ei strålande redning frå Jenssen. Ørjasæter set returen i nettveggen.
73'
Magnusson avsluttar på Fij. Corner til FFK.
72'
Det er lite som tyder på at FFK skal jakte mål nummer to. Dei skal forsvare, og dette blir tungt for Sogndal.
68'
Begge lag forsøker å kontre. Begge forsøk ender med at keeper plukkar ballen.
63'
Det var ein periode med mange dødballar for FFK no. Det er her dei har vore nærmast scoring.
59'
Fij må i aksjon når Stray Molde går for avslutning, og ikkje innlegg.
58'
Frispark til FFK i god posisjon!
57'
Flataker ser eit innlegg som kjem, men er akkurat for sein til å få ein god berøring på den.
53'
Bjartalid får ballen høgt i bana. Hna kan skyte sjølv, men legg igjen til Magnusson. Han sender ballen langt utanfor.
51'
Andre omgang startar slik som første omgang avslutta. Tøffe duellar, og litt krangling.
47'
Metcalfe startar med å gi eit frispark mot seg i boksen til Sogndal.
46'
Metcalfe kjem inn for Åsheim til andre omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Den første omgangen hadde høg temperatur. Sogndal prøvde å kombinere seg fram medan FFK kjempa tappert i forsvar. Det har vore mange tøffe duellar, og det har blitt tendansar til dårleg stemning mellom nokre av spelarane. Sogndal har vore nærmast scoring, og ein ser sjeldan at Fredrikstad har ballen langt framme i bana.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Stor sjanse for Nessø! Sogndal speler seg fint fram ute til høgre. Innlegget blir lagt igjen til indreløparen som slår ballen litt for langt over målet.
45'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
45'
Det er høg temperatur mellom spelarane. Spesielt Nessø har kjefta mykje i kveld.
41'
Hoven slår eit innlegg frå høgre rett på hovudet til Flataker. Headinga er ikkje presis nok, og går over målet.
37'
Både Flataker og Rafn slepp gult kort. Voldsom fyring. Samtlege spelarar var på kvarandre. Situasjonen startar då Flataker går i bakken, og vil ha straffe.
33'
Nesten for Sogndal! Først ein avslutning i stolpe, og deretter blokkering på strek. Sjølstad hadde den siste avslutninga. Der trudde mange at det stod 1-0.
32'
Sjølstad forsøker seg med eit innlegg ute til venstre. FFK klarerer det utan problem.
26'
Konte fekk seg ein smell i ein duell med Jonsson.
25'
Så langt har det som venta vore ein kamp utan dei store sjansane. Begge lag har solide forsvar som ikkje let noko passere.
22'
Rafn dreg seg fram ute til høgre. Han finn Alba på bakerste som headar over målet.
15'
Frispark til Sogndal ute til venstre når Nessø får ein arm i ansiktet.
12'
Nessø snappar ballen. Han kan sentre til Jonsson, men vel å avslutte sjølv. Ballen går rett på Jenssen.
9'
Ørjasæter viser fram sine ferdigheiter ute til venstre. Han legg igjen til Skaanes som sender ballen langt utanfor.
8'
Sogndal leiter etter sin første store sjanse, men forsvaret til FFK er som venta veldig tett.
6'
Van der Spa prøver seg frå 30 meter. Veldig optimistisk, og avslutninga går langt utanfor.
3'
Alba får kampens første sjanse. Eit innlegg frå venstre landar hos han. Avslutnina går rett på Fij.
1'
Flataker sparkar i gong kveldens kamp!
Avspark Start 1. omgang
Speaker har eit intervju med Tore Andre Flo før kampen. Kampen mot Brasil i 1998 er naturlegvis eit tema som blir snakka om. "Eg scora mål mot Brasil. Det var kjempekjekt!" seier Flo om den kampen. Publikum strøymer inn på stadion no, og det er ingen tvil om at det blir årbeste på publikumstal for Sogndal sin del.
Det er framleis ei stund til kamp, men det er allereie mange ungar på stadion som leiter etter Tore Andre Flo. Det er ingen tvil om kven som er den store stjerna her i dag.
Det er ikkje meldt om nokre store fråfall hos heimelaget. Det er nokre spelarar som ikkje er med for bortelaget. Begby og Hendriksson er sjuke. Kjelsrud Johansen er ute med ein strekkskade medan Thomas Drage slit med ankelen. Den gode nyheiten for FFK er at Tim Björkström er tilbake!
Det er kun eitt poeng som skil heime- og bortelaget før kampen. Etter 12 serierundar har Sogndal 21 poeng medan Fredrikstad har 22 poeng. Sogndal kan altså gå forbi FFK på tabellen i kveld, og FFK har moglegheita til å få litt avstand ned til Sogndal.
Heile bygda er prega av at det er Lerum Cup denne helga. Heile 323 lag er med, og rundt 3700 spelarar deltek i cupen. Sjølv om samtlege i og rundt klubben har brukt all sin tid til å gjennomføre dette, er det framleis tid til å få inn ein OBOS-kamp i kveld. Cupen kjem til å setje sitt preg på kampen ved at det er venta at det fort kan bli opp mot 4000 tilskodarar i kveld. Ein stor del av dei vil vere born. Det er lov å håpe på god stemning i kveld!
Velkomen til livedekning av toppkampen mellom Sogndal og Fredrikstad i OBOS-ligaen! Det er meldt om bra ver, mykje folk og to lag som vil ha tre poeng, så alt ligg til rette for at dette skal bli ein bra kveld.