TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Skotstatistikken viser at Sogndal hadde 10 avslutnignar. 5 av desse på mål. For Fredrikstad var det bedrøvelege 4 skot og ingen av desse trefte mål sjølv om Westgaard var nære med sitt skot i tverra. Takk for oss frå Fosshaugane Campus. No får de alle nyte resten av kvelden her i live-senteret med kampar både frå 1. divisjon og Tippeliga samt breddefotball lenger nedover i divisjonane for dei som foretrekkjer det.
Det var ei relativt kjedeleg kamp i dag i Sogndal i dag. Heimelaget hadde ei god periode i fyrste omgang der og deira to mål frå midtsoppar Patronen kom. Begge to på corner. Fredrikstad var elendige i fyrste omgang, men lyfta seg litt i den andre omgangen sjølv om det framleis var lite å rope hurra for. Arne Erlandsen har mykje å jobbe med framover.
Vi beklagar litt sein avslutning av denne kampen då Sogndal Fotball må ha skrudd av alt som heitte trådløst internett på stadion. Men no er altså kampen over og Sogndal vann 2-0 over Fredrikstad.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+2'
Hjørnespark
Hagerup boksar ut.
90+2'
Hjørnespark
Ny corner.
90+2'
2722 betalande innan portanne i dag.
90+1'
Fire minutt tillegg.
90+1'
Ein treng ikkje væra rakettforskar for å finna ut kven som er stemt fram til Sogndal sin beste matchvinnar opplyser speaker Wolff Navarsete. Hannu Patronen!
87'
Ny god sjanse for Sogndal etter eit kast der Otoo nesten klarar å brasse ballen i mål.
85'
Hjørnespark
Nye sjansar for Sogndal, men Johansen sin avslutning vert for veik.
85'
Hjørnespark
Over alle og ut til ny corner.
83'
Spillerbytte
82'
Hjørnespark
Enorme sjansar for Sogndal til å avgjere kampen. Psyche er høgast, men Jenssen gjev retur. Klabb og babb i feltet, men til slutt får FFK klarert.
82'
Shroot bør spele til Johansen eller Strand som er fri, men skyt sjølv via Straith til corner.
81'
Haltar litt, men ser ut som han klarar å halde fram.
80'
Adaramola ligg nede etter ei stempling frå Strand.
78'
FFK heilt klart meir med no. Sogndal har jekka litt ned på tempoet og gjer fleire feil enn tidlegare i kampen.
77'
Hjørnespark
Hammar headar like utafor.
77'
To skot frå Jenssen, men begge vert blokkert. Kast no for FFK.
76'
FFK fekk og eit frispark som dei slo inn i feltet, men igjen fekk Sogndal klarert.
76'
Gult kort
For dytt i ryggen. Veldig billig, men mogleg det var for fleire situasjonar.
74'
Psyche rotar det nesten til, men Grodås får klarert. FFK set meir press på Sogndal no.
72'
Kapteinbyte. Utvik gjev kapteinsbåndet til Bolseth.
72'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
72'
Sarr stangar ut frisparket frå Westgaard.
71'
Utvik med armane i ryggen på Olsen og FFk vinn eit frispark halvegs inn på Sogndal sin banehalvdel.
70'
Rett skal være rett. I tverra og ned på strek. Nermare kjem du ikkje. Kan dette være vitamininnsprøytinga som østfoldingane treng.
69'
Så kom FFK sitt første skot på mål. Det var derimot eit bra skot! Wesgaard smell ballen frå 16 meter rett i tverra.
67'
Skal FFK redde eit poeng må dei begynne å produsere noko snart. Til no tel vi eit skot utafor og ingen skot på mål.
67'
FFK kjem til innlegg med innbyttar Jenssen, men Utvik stangar ballen vekk.
65'
Shroot med skot frå 14 meter. Rett på Jenssen.
64'
Men så blir Grodås spelt fri på venstresida og slår knallhardt inn. Der er Jenssen og boksar ballen ut, rett i hovudet på Johansen og over.
63'
Sogndal trillar ball i bakre rekker og Fredrikstad nektar å presse høgt. Kjedeleg!
61'
Hjørnespark
Flo stangar ut.
61'
Spillerbytte
61'
FFK ligg og litt høgare i banen og dette åpnar meir for Sogndal. Shroot spring seg fri og får ballen på 16 meter. Skyt ein liten meter utafor.
60'
FFK litt meir med i kampen no. Åsheim med skotforsøk frå 18 meter, men det blir blokkert.
57'
Olsen stjel ballen frå Grodås som kanskje skulle hatt eit frispark der. Uansett klarar ikkje FFK å få noko ut av situasjonen sjølv om Sogndal er i ubalanse.
55'
Flo stussar til Shroot osm nesten får ballen forbi Straith, men midtstopparen får slengt ut ein fot i siste liten.
54'
Langt innkast som ein FFK-spelar stussar inn til Jenssen i buret.
53'
Fint spel av Sogndal og Strand kjem til innlegg. Der er Hammar og stangar ballen ut til kast.
52'
Grodås spelar gjennom Kjemhus som dreg seg til linja og slår hardt inn i feltet. Der er Jenssen nede og held ballen.
51'
Veldig lite som ksjer innleiingsvis her.
48'
Ser ut som FFK har fått flytta spelet sitt litt lenger opp i bana. Så får vi sjå om dei og klarar å skape nokon sjansar etterkvart.
46'
Ingen byter på nokon av laga i pausen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det har vore klasseforskjell på laga i denne omgangen. FFK var med i starten, men det var noko tamt over begge laga då. Så gira Sogndal opp og eigde kampen frå Patronen si scoring etter ca. 10 minutt og utover.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+1'
Hjørnespark
Skal vi sei: 'endeleg ein dårlig corner frå Strand'. Gå langt bak i feltet og ut til kast for FFK. Også det siste som skjer i omgangen.
45'
Hjørnespark
Sarr klarerar ein heller dårlig corner på første stolpe.
44'
Ikkje ofte det er spelarar med ei fortid i Tottenham og Valencia på Fosshaugane, men nemnte Olsen har faktisk vore innom desse klubbane. Dogg med ikkje med den heilt store suksessen.
43'
Og Olsen får og dagens første skot for FFK då han skyt i nettveggen frå 10 meter.
42'
Spillerbytte
Skade på Johansen.
42'
Grodås tek med seg ballen frå midtstreken og kjem seg heil inn i FFK sin før han avsluttar like utafor. Svært bra av Grodås, men og svært dårlig forsvar av FFK.
40'
Enorm sjanse for Hammar! Men dessverre var han i offside. Headinga frå tre meter gjekk og utafor.
39'
Westgaard skal slå.
39'
Frispark til FFK på ca. 25 meter.
38'
Det er fullstendig einvegskjøring her no. FFK må nok håpe på å halde dette inn så får vi sjå om ein hårfønar frå Erlandsen i pausen kan hjelpe på for østfoldingane.
37'
Grodås svingar innover og ballen landar på 5-meter. Veldig bra slått igjen, men denne gong får FFK klarert. Grodås og Strand har vore outstanding på alle dødballar i dag for Sogndal.
35'
Hjørnespark
Burde nok hatt eit frispark der Jenssen, men dommaren let spelet gå. Til slutt får Sogndal eit frispark på 35 meter.
32'
Mål!
2-0
Glimrande corner igjen frå Strand denne gong på bakerste der Patronen knuser Hammar i lufta og stangar inn sitt andre for dagen.
31'
Hjørnespark
31'
Glimrande frispark av Strand. Knallhard innsvingar, men ingen er på ballen og Jenssen held sikkert. Svakt av sogndalspelarane der å ikkje være meir aggressive.
30'
Sogndal vinn eit frispark på kanten som skal svingast inn i feltet.
29'
Adaramola vert spelt åleine gjennom, men Hagerup er glimrande ute klarerar framfor FFk sin midtbanespelar.
28'
Hjørnespark
Fredrikstad kontrar 2 mot 2.
28'
Knallhardt innlegg frå Grodås som Flo prøver å flikke vidare inn i mål. Der er Hammar og blokkerar til corner.
27'
Vi tel berre fem bortesupporterar i dag. Ser ikkje ut som Plankehaugen har mobilisert for dette bortemøte i Sogn.
24'
Ser ut som FFK ligg meir i ein 4-4-2 no med Nazari og Johansen på topp.
23'
Vi nermar oss halvegs i denne omgangen og vi har endå ikkje notert eit skudd verken på eller utafor mål for Fredikstad.
22'
No er det Sogndal som styer det meste utpå her.
20'
Hjørnespark
Jenssen boksar ballen rett opp i lufta og til slutt får Kjemhus sjansne frå 20 meter. Han skyt ca. 5 meter over. Vi noterer det som eit skot over mål.
19'
Men Fredrikstad får ridd unna stormen og vinn seg eit innkast og eit pusterom.
18'
Sogndal trykker på no.
17'
Jim Johansen prøver seg frå nesten 30 meter. Skotet går like til side for Jenssen sin høgre stolpe. SPørs om sisteskansen hadde kontroll der.
16'
Kjemhus med glimrande innlegg som dett ned på fem meter, men ingen sogndalspelarar på plass i boksen.
15'
Endar i åpent spel der FFk etterkvart mistar ballen.
14'
Innkast til FFK på høgd med Sogndal sin 16-meter.
13'
Jim Johansen prøver seg frå 25 meter, men rett i armane på Jenssen.
12'
Støttepasning frå Rafn og Arne Erlandsen blir forbanna. 'Den ballen skal fram!'
11'
Lite som har skjedd både før og etter scoringa. Fredrikstad held ein del i ballen no, men klarar ikkje å skape noko særleg.
8'
Mål!
1-0
Innsvingar som Patronen stangar i mål ved første stolpe. Glimrande slått og glimrande heading av Patronen, men ein fredirkstadsupporter ville nok satt spørsmålsteikn ved den deffansive organiseringa på corneren. Patronen fekk gå meget lett opp.
8'
Hjørnespark
8'
Arne Erlandsen særs misnøgd etter at eit nytt gjennomspel hamnar i henda til Hagerup.
7'
Begge laga ligg relativt lågt i starten og det er ingenting som tyda på at nokon av dei heller ikkje klarar å spele ut det andre. Vi får håpe det offansive kjem seg utover fordi vi treng verkeleg noko å varme oss på her i dag.
6'
Åsheim stormar framover, men blir takla av ein sogndalspelar slik at han mistar leggbeskyttaren. Kunne blitt ein fin overgang der for Fredrikstad, men heilhjerta innsats frå ein sogndalspelarar hundra dette.
4'
Hammar gjev ballen enkelt ut til innkast og då gjer Teniste seg klar til å kaste langt.
3'
Sogndal prøver å byggje på på venstrekanten til Kjemhus, men Strand sender ballen over kortlinja og til utspel frå Jenssen.
2'
Byggjer fint opp Fredrikstad, men Nazari sin pasning ut til Nystrøm går over dødlinja.
Avspark Start 1. omgang
Fredrikstad med avspark.
Fredrikstad får dalatrekken i tryne i 1.omgang. Bles godt frå Dalen og det er berre rundt 10 grader og surt på Fosshaugane.
Fem minutt til start og ikkje akkurat folksamt på Fosshaugane. Spørs om sogningane har bomma på kamptidspunktet og trur kampen byrjar klokka seks som vanleg.
Sist gong desse laga møttes på Fosshaugane var i Tippeligaen i 2012. Då vann Fredrikstad 3-1 etter at tidlegare Ole Jørgen Halvorsen satte spikaren i kista fem minutt før slutt. Samme sesong rykka derimot østfoldingane ned til stor skuffelse i plankebyen.
For Fredrikstad har Ludvig Begby fått eit problem med lysken og står difor over dagens kamp. Verdt å merke seg er også at Fredrikstad berre har med seg fire innbyttarar til Sogn, inkludert juniorkeeper Aleksander Karstensen.
Då har vi laga klare for dykk og vi ser at for Sogndal så er det ingen Dyngeland på benken. Den tidlegare U-21 keeperen er altså ikkje heilt restituert frå skaden som har sett han utafor heile denne sesongen.
Obs obs! Kampstart kl 1500 i dag. Vi kjem tilbake ca. ein time før med lagoppstillingar og litt anna statistikk og snaks. Vel møt tilbake då!
Sjokkmelding for Fredrikstad denne veka då nyheita om at Keeper Masalin kan være ute i fleire veker. Håvard G. Jensen får difor sjansen i dag og sannsynlegvis i fleire kampar den komande tida.
For Sogndal har vi ikkje hørt om nokre skadar frå sist, men keeper Dyngeland er tilbake etter eit langt skadeavbrekk. Han tar nok plass på benken då nyankomne Hagerup frå Fyllingsdalen har stått glimrande og berre slept inn eitt mål på sine fyrste fire kampar.
Fredrikstad står med berre ein siger så langt i sesongen. Den kom heime mot Ranheim 16.mai. Sogndal står med berre eit tap og det kom heime mot Levanger 30.april. Med andre ord har Eirik Bakke gått heile mai utan tap. Så får vi sjå om Bakke sitt mannskap klarar å være ubesigra i heile mai eller om månadens siste dag blir deira endelik.
Etter ein tidleg exit i cupen gjekk trenar Håkon Wibe Lund av tidleg i mai. No har Fredrikstad henta inn ringreven Arne Erlandsen for å styre skuta vidare. Hans første kamp sist helg starta glimrande, men Follo kom tilbake og berga uavgjort etter at Fredrikstad hadde tatt ei tidleg 2-0 leiing.
Vi har spelt ein tredjedel av årets 1.divisjon og for Sogndal har det vore ein samanhengande opptur frå kamp ein. For Fredrikstad har det derimot vore ein litt meir humpete tur. Det tidlegare storlaget satsa på å kjempa i toppen i år, men for augneblinken ligg dei under nedrykkstreken. Sogndal tronar øvst på toppen av tabellen med to poengs ned til Hødd, men heile seks poeng ned til Bærum på 3.plass.
Hei og velkomne til den 11.runden i årets 1.divisjon. I dag er det Fredrikstad som vitjar Fosshaugane Campus.