Referat
Kun høydepunkter
Fredrikstad Fotballklubb tek ein ny trepoengar og toppar OBOS-ligaen åleine med ni poeng og full pott etter tre kampar. Det var relativt fortent frå eit solid fredrikstadlag i alle kampens fasar. Sogndal hadde sine periodar, men det var for mykje slurv både offansivt og deffansivt for heimelaget i dag. Alle dagens scoringar kom i andre omgang og kampen stod og vippa ved fleire høve, men det var til slutt kraftspissen Kjelsrud Johansen som avgjorde kampen med eit godt skot frå sekstemeteren. Dermed toppar laget frå plankebyen tabellen, men heimelaget som har opprykksambisjonar berre har eitt poeng etter tre kampar. Ny runde for begge desse laga til helga der Sogndal møter Sandnes Ulf heime og FFK tek i mot Jerv på Fredrikstad Stadion. Stig Anders Huage takkar for seg og ynskjer velkomen tilbake ved eit seinare høve.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90'
Var tre byter her, men fjerdedommar klarte ikkje å få opp tala så litt usikker kven som kom inn og ut.
90+6'
FFK vinn duellen og kampen vert blåst av.
90+6'
Nytt frispark til Sogndal. Igjen skal det måkast opp.
90+6'
Jenssen lett ute og fangar.
90+5'
Frispark til Sogndal på midten. Ballen skal måkast opp.
90+4'
Begby skyt utafor frå ti meter.
90+3'
FFK kontrar.
90+3'
Endar i frispark til Sogndal.
90+3'
Frispark til FFK nede ved hjørneflagget.
90+2'
Fem minutt tillegg.
90+1'
Her var det drammatikk, men ia alle fall elleve raudkledde utpå no.
90+1'
Spelte FFK med tolv mann?
87'
Mange slitne bein utpå her no.
87'
Sogndal med ball. FFK ligg djupt.
84'
Akor driv framover, men frå 20 meter vel han å skyte. Blir ei lompe som Jenssen plukkar lett.
82'
FFK kjem fire mot tre. Kryger får takla til corner.
80'
Roseth stangar ut.
80'
Frispark til FFK som skal slåast inn i boksen.
79'
Dobbelsjanse for FFK. Først reddar Mbaye frå kloss hald før det ser ut som det er Ismaheel som set ballen over.
78'
Svingar verkeleg av denne kampen no. Skal FFK komme tilbake slik dei gjorde mot Ulf sist veke.
77'
FFK med ein stor overgangsmoglegheit. Kjem tre mot to, men pasningen frå Ismaheel er for dårlig til Johansen. Til slutt avlsuttar Ismaheel utafor frå ti meter.
76'
Er nok ikkje nøgd der Bummen med forsvarspelet.
75'
Aukland får sjansen frå 20 meter, men det ser meir ut som ei klarering enn eit skot.
74'
Skjer litt ting her no!
74'
Så er FFK frampå, men Sogndal får klarert.
73'
Glimrande redning av Jenssen.
73'
Frispark til Sogndal. Flo skal svinge ballen inn i feltet.
72'
FFK får holde litt på ballen, men klarar ikkje å spele seg fram til noko. Ballen til slutt ut over sidelinja.
69'
Sogndal kjører kampen no.
67'
Hoven igjen frampå. Riv seg laus i boksen, men avslutninga går utafor. Faktisk har Sogndal ingen avslutningar på mål i dag.
67'
Nydelig spel av Sogndal, men Hoven klarar ikkje å sette ballen i mål.
67'
SKaper litt no Sogndal, men FFK ser også gode ut på overgangar så her blir det fort fleire mål.
66'
Sogndal med frispark so mvert slått inn i feltet. Der er Nessø til slutt svært nære å sette ballen i mål.
64'
Men stoppar opp og spelar ballen bakover. Har god kontroll no østfoldingane.
63'
FFK kjem på overgang.
60'
Sogndal prøver å slå litt langt, men i lufta har FFK vore soleklart best i dag.
58'
Stor sjanse for Sogndal utan at dei klarar å avslutte skikkelig. Michael omtrent bommar på ballen på åpent mål.
55'
Sogndal rett i angrep, men Kristoffer Hoven får ikkje avslutta.
55'
Og dermed er FFK serieleiar i OBOS-ligaen.
52'
FFK har gitt bort nokon overgangar her no, men heimelaget bøttar ikkje akkurat folk framover.
51'
Sogndal meir direkte no. Prøver å finne Kristoffer Hoven i bakrom, men Nielsen har god kontroll på fjorårets toppscorar.
49'
Flo med eit hardt skot frå 20 meter som snik seg ein meter utafor.
48'
Stygg feilpasning som gir Nessø sjansen, men han blir usikker mot Nielsen og slår ein dårlig pasning til Hoven som aldri kjem fram.
47'
FFK startar omgangen med å legge press på heimelaget.
46'
Keeper Jenssen som for det meste var areidslaus i første omgang har ei lei aftensol i andlete denne omgangen.
46'
Ingen byter på nokon av laga ser det ut som.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Mållaust til pause og det kan nok bortelaget være minst nøgd med. FFK tok tak i kampen frå start og pressa heimelaget til å gjere fleire feil på eigen halvdel. Klarte derimot ikkje å skape mange sjansar FFK, men mange nestensituasjonar. Heimpublikum er nok svært skuffa over eit sogndallag som slit med både pasningar, mottak og løp. Stemmer ikkje heilt for Bakke sine gutar så får vi sjå om det er han eller Bummen som klarer å motivere karane sine mest i pausen.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+4'
FFK farlig frampå igjen. Ball i bakrom på ALba og Roseth får inn ei tå i siste lite. Er nok bortpå Alba også der så forståelig at dei raudkledde skrik litt på dommar.
45+2'
Tre minutt tillegg.
45+2'
Nytt innlegg frå Drage som går gjennom heile feltet og i mål, men Hauge har blåst for ein situasjon i feltet.
45'
Kjeldsrud Johansen stormar framover og får avslutta frå 17 meter, men Mbaye reddar. Ropar på frispark der spissen, men Hauge bles ikkje.
43'
Midtstoppar Nielsen stoppar eit innlegg med sine edlare deler. Klarer å dunke ballen ut før han sig saman i enorme smerter. Eit sukk går gjennom dei mannlege stemmene på tribuna når dei ser reprisen, men eit par kvinnestemmer ler litt.
42'
Valsvik med ein feilpasning og ALba stormar mot mål. Rundar Kryger, men Lereng og Mbaye får til slutt stoppa vingen.
38'
På beina igjen ganske kjapt der backen.
38'
Sogndal slår eit innlegg inn i feltet og etter ein duell vert einn fredrikstadspelar liggande nede med ein hovudskade. Ser ut som det er Aukland.
33'
Heimelaget trillar ball, men har store problem med å finne romma offansivt. Både mottak, pasningar og løp stemmer ikkje for dei kvitkledde.
31'
Sogndal får låne ballen litt.
27'
Vinn svært mange andreballar FFK. Har heilt klart momentumet i kampen.
27'
Godt innlegg igjen frå Drage, men Sogndal får stanga unna.
25'
FFK med godt press igjen inne på Sogndal sin halvdel. Er nære på ved fleire høve å bryte sogningane.
24'
Innlegg som går gjennom heile sogndalfeltet. Solberg svært nær å pirke inn 1-0 til bortelaget.
21'
Fint innlegg frå Solberg, men Mbaye er ute og snappar.
21'
Ser ut som FFK må gjere eit bytte. Øby skal inn.
20'
Bummen og Bakke er begynt å veksle nokre ord på sida. Ikkje heilt einige i eit frispark der.
18'
Sogndal litt meir med i kampen no. Har kalrt å spele seg gjennom pressledda til FFK ved nokre høve.
15'
Sogndal får endelig litt fart på kula og eit innlegg frå Eid er nære på å treffe Hoven. God sjanse for Sogndal.
13'
Ein heilt anna intensitet på det Fredrikstad driv med her no enn kva heimelaget klarar. Både med og uten ball er FFK veldig gode.
13'
Mbaye nære på å rote det til igjen etter at Fredrikstad pressar Sogndal langt inn i eigen boks. Luktar eit mål til bortelaget no.
12'
Igjen er FFK nære på å bryte Sogndal langt inne på deira eigen banehalvdel. Veldig hissige i presset i starten her dei raudkledde.
11'
Blir ein liten meter over frå Valsvik.
11'
Valsvik eller Flo skal prøve seg.
10'
Sogndal med frispark på 17 meter.
9'
Slit med pasningspelet her heimelaget mot hissige østfoldinga.
7'
FFK soleklart best dei første minutta.
6'
Godt slått inn i feltet og ballen hoppar rundt, men ingen i raudt får til ei avslutning.
6'
Nytt frispark til FFK i fin posisjon. Kan gå for skot her Drage.
5'
Godt press frå FFK her i starten. Sogndal slit med å spele seg ut frå eigen halvdel.
5'
Endar i åpent spel og ballen blir lempa inn igjen i feltet. Der er Mbaye heilt på bærtur, men Sogndal får klarert.
4'
Frispark til bortelaget i fin posisjon. Skal svingast innover.
2'
Alba med eit godt skot som Mbaye må gi til corner.
1'
Sogndal med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Fint vær i Sogn i dag og opp mot 20 varmegrader. Ein finfin kveld for fotball.
Den kampen flest sogningar hugsar best er nok frå 2010 då heimelaget rykka opp etter ein 2-0 siger. Målscorar den gongen, Per-Egil Flo, er i dag tilbake på bana for sogningane etter åtte år borte frå klubben.
Fredrikstad har generelt eit godt tak på Sogndal. Til og med her i Sogn har gutta frå plankebyen ein positiv statistikk. Laga har møtt kvarandre seks gonger i moderne til på Fosshaugane. FFK har tre sigrar og Sogndal to. Ein gong har det enda uavgjort. Vi må heile seks år tilbake for å finne førre møte og då vann Sogndal 2-0 etter to mål av Hannu Patronen.
Der har vi laga klare for dykk og vi ser at Per-Egil Flo går rett inn som kaptein for Sogndal. Ganske imponerande etter kun 2 veker i bygda. For FFK er Lindström inne på laget som vi forutsåg. I tillegg er Alba gått inn på topp istaden for Ismaheel.
For Sogndal er det forventa at dei både Per-Egil Flo og Kristoffer Valsvik får sin debut frå start denne sesongen. Valsvik spela andreomgang sist mot Stjørdal og viste seg ved fleire høve fram som ei viktig brikke i Bakke sitt lag denne sesongen. Fasiten på kven Bakke og Bummen vel frå start i dag får vi når vi er tilbake ca. ein time før kampstart. Vel møtt!
Fredrikstad stiller for det meste med same tropp som mot Sandnes Ulf blir det rapportert. I tillegg er også Jakob Lindström forventa å starte denne kampen etter at han var kvilt mot Ulf.
Men litt overraskande er det nyopprykka Fredrikstad som er topplaget når desse to møtes. Dei nyopprykka frå plankebyane har to strake sigrar så langt og kan faktisk innta tabelltopp med tre poeng her i dag. Sogndal, som berre var nokre få minutt unna å kvalifisera seg for Eliteserien i fjor, har hatt ein elendig start så langt og står berre med eitt poeng.
Hei og velkomne til Fosshaugane Campus. Vi er endå berre i den 3.serierunden, men kan allereie snakke om topp mot bunn når Fredrikstad vitjar sognebygda.