Referat
Kun høydepunkter
Avslutningane viser at Sogndal hadde 13 mens Follo hadde 8. 7 av Sogndal sine var på mål, men Follo hadde 3. Vi takkar dermed for oss her frå Fosshaugane og ynskjer velkomen igjen om 14 dagar når Nest-Sotra kjem på besøk.
Uansett så er det ingenting å gjere med dette no og Sogndal befestar dermed plassen sin øverst på tabellen, men Follo no stygt nermar seg nedrykkstreken. Men viss det skal være ein trøst for østlendingane så meinar underteikna at dette laget er for godt til å rykke ned.
Sogndal tek ein ny trepoengar, men denne sat langt inne. Follo føler seg nok snytt for ei straffe på slutten, men frå vår posisjon såg det ikkje ut som ballen var i hånda på Patronen. Men etter reaksjonane til dei næraste så kan vi ikkje seie oss heilt sikre.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+5'
Kort corner og Chikere fiksar ny corner.
90+4'
Men så vinn Sogndal ballen og går til hjørneflagget.
90+3'
Follo med bra trykk no her på slutten.
90+3'
Dramatikk her på slutten igjen mellom desse laga. Follo samt fleire på tribuna meinar at det var straffe i framkant av scoringa.
90+2'
Vi er ikkje sikker på om det er Simonesen som var sist på ballen. Og det var det heller ikkje. Ballen går via Simonsen og så i Mjønner og deretter forbi ein sjanselaus Rasheed.
90'
Innlegg frå Akineymei og Follo ropar på hands av Patronen. Såg ikkje slik ut frå vår posisjon.
89'
Vi seier og 'ser ut som' for i oppgjeret i vår avgjorde Sogndal fem minutt på overtid.
89'
Ser ut som dette skal ende i uavgjort, men akkurat no avsluttar Øby like over frå 20 meter.
88'
Toppe lar seg derimot ikkje lurar og vinkar han opp på beina.
87'
Akineyemi ligg nede med 'skade'. Mens spelet foregår lettar han på hovudet og føl angrepet heile vegen. Når ballen går ut over sidelinja går hovudet ned igjen og vingen får svært vondt.
85'
Endar i to støttepasningar og så stoppar det opp.
85'
Kontring for Follo.
84'
2932 tilskodarar i dag.
82'
Endar til slutt i eit frispark rundt midtsirkelen for bortelaget.
81'
Follo no med ballen inne på Sogndal sin halvdel.
77'
Akinyemi skyt over frå 20 meter.
77'
Follo på ein sjeldan visitt no. Held ballen i laget inne på Sogndal sin banehalvdel.
76'
Dårlig slått. Follo klarerar på fremste stolpe.
75'
Grodås skal svinge innover.
73'
Innlegg frå Grodås som går gjennom heile feltet. Det er heilt klart Sogndal som styrer kampen akkurat no.
73'
Otoo blir tatt like utafor 16-meteren, men Toppe dømmer ikkje frispark. Ei av fleire uforståelege avgjørelsar dei siste fem minutta. Dog har det gått begge vegar.
71'
Igjen dett ballen ned i 5-meteren og Follo får såvidt klarert.
71'
Innkast til Sogndal og Teniste skal kaste.
70'
Kampen står heilt klart og vippar no. Follo er fullt med i kampen sjølv om det er Sogndal som styrer.
67'
Målscorar og ein ellers god Karoliussen går ut.
64'
Synd for Follo dette som nok kunne tenkt seg å ridd lenger på leiinga og komme på overgangar.
62'
Kaos i boksen. Corner til Sogndal.
61'
Kast til Sogndal. Teniste.
59'
Follo held ballen i laget og tvingar Sogndal eil eit høgare press. Kan bli ein morosam siste halvtime dette.
57'
Drage med glimrande innlegg til Otoo som på fem meter skal klare å styre den ballen på mål.
56'
Frispark til Sogndal 10 meter inn på Follo sin banehalvdel. Skal svingast inn i feltet.
56'
Då får vi sjå kva serieleiaren kan svare med.
53'
Innlegg frå Drage som Rasheed kastar seg ut og boksar like framfor Otoo.
53'
Det har skjedd meir så langt i omgangen enn i heile den fyrste til saman. Lat oss håpe det held fram slik.
51'
Så er det Follo som får til eit visst trykk som endar i corner.
49'
Sogndal trykkjer på og trykkjer på i ettertid av annuleringa. Grodås med kanonskot frå 25 meter, men Rasheed går ut i full strekk og reddar.
48'
Innlegg frå Drage osm Otoo stangar i mål, men det er vinka.
47'
Begge laga ligg svært djupt her i starten av denne omgangen.
46'
Karoliussen stjel ballen lett frå Opseth.
46'
Sogndal med avspark og går rett i angrep.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ingen byter ser det ut som.
Laga tilbake på bana og vi er straks klare for den andre omgangen her frå Fosshaugane Campus.
Lite store sjansar i denne kampen som heilt klart står og vippar. Follo best dei fyrste minutta, men så tok Sogndal over før Follo var nære på her på slutten.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Simonesen var det som avslutta på den føregåande corneren. Follo sin beste sjanse i kampen.
44'
Ruud Tveter skyt via ein sogndalspelar til corner.
42'
Sarr stussar og Bolseth avsluttar. Med brasse! Over.
42'
Vestvatn klarerar, men igjen til innkast.
41'
Sogndal trykkjer Follo no.
41'
Nytt kast frå same plass.
41'
Ballen vert kasta heilt inn på strek, men vert til slutt klarert.
40'
Innkast til Sogndal og det er Teniste som tek turen opp.
39'
Men Follo får ingenting ut av den. Dårlig av bortelaget der ettersom at Sogndal var i ubalanse.
39'
Grodås snublar i krøllgraset og Follo kan kontre.
36'
Sogndal det førande laget no.
35'
Glimrande angrep av Sogndal. Det går på eintouch i lengderetninga mellom Opseth, Aase og Otoo, men på innlegget til sistnemnte er det ingen i boksen.
35'
Drage med innlegg som Opseth set like over. Kanskje kampen største sjanse til no.
32'
Sogndal med litt meir trøkk no. Follo slit litt meir med pasningsspelet sitt.
31'
Nære på igjen for Sogndal. Pasningen frå Opseth vert stoppa av Lübeck. Viss ikkje ville Drage vore åleine med Rasheed.
30'
Opseth igjen med nydelig draging, men vert taklar i siste sekund. Også glimrande jobba av Rasheed som kastar seg og reddar ballen for å unngå corner.
29'
Opseth no med eit skot og detter er hardare, men framleis enkelt for Rasheed. Hjelper dog på skotstatistikken dette.
28'
Så er det Aase som prøver seg etter at ballen dett ned på 16 meteren. Ca 5.meter over frå debutanten.
28'
Fyrste avslutning på mål då Teniste slår opp på Opseth som tek ballen ned på kassa, snur seg og skyt, men det vert meir ei pasning enn skot og difor veldig enkelt for Rasheed i folloburet.
27'
Over til til styrtregn no.
25'
Lett regn i Sogndal no.
25'
Grodås til linja og får til iet innlegg, men det er faktisk ingen sogndalspelarar i boksen.
24'
Nytt skot. Igjen er det Karoliussen og no er det berre snakk om ein meter eller to over målet til Dyngeland.
23'
Heilt uoffisielle tal vel og merka.
23'
I possesion har vi kanskje 60-40 sålangt i favør bortelaget.
20'
Opseth skyt og Mjønner blokkerar til corner.
19'
Aase med innlegg som Otoo headar nokre meter til side for mål.
17'
Blir derimot veldig mykje trilling på midtbana. Stoppar som regel når ein prøver å spele seg framover.
16'
Follo no med sikkert 30 trekk i laget.
15'
Dagens fyrste avslutning og den kjem frå Follo. Bajrovic skyt ca. 5 meter over.
13'
Akinyemi får tilsnakk etter ei takling på Grodås. Frispark til Sogndal midt på bana.
13'
Follo mistar ballen og Sogndal kan kontre. Bortelaget er derimot knallgode på å jobbe heim og Sogndal kjem aldri i overtal.
11'
Karoliussen stangar ut.
11'
Grodås skal svinge innover.
11'
Frispark til Sogndal ca. 30 meter frå Follo sitt mål.
8'
Glimrande på eintouch frå Follo, men pasningen frå Akinyemi er upressis mot Ruud Tveter.
7'
Follo og pressar høgt her i starten og truar fram nokre lengre ballar frå Sogndal sin backfirar.
6'
Fine trekantar midt på bana av Follo, men Sogndal pressar høgt så vanskeleg for Follo å få til noko offansivt spel.
4'
Denne gongen fekk ikkje Sogndal noko ut av kastet.
4'
Sogndal har vore svært farlege på kast dei siste kampane. teniste sine lange kast er perfekte for bokskrigarane, Sarr, Psyché og Patronen.
4'
Endar i nytt kast.
4'
Innkast til Sogndal ved Teniste.
3'
Så er det Sogndal som kjem framover. Grodås prøver seg på eit innlegg, men vert blokkert av Skogmo.
2'
Follo med ein del posession her i starten.
1'
Follo med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga på veg ut på bana og vi er straks klare for den 22.runden i 1.divisjon.
Overskya i Sogndal i dag og rundt 15 grader. Spelarane gjer no dei siste førebuingane før dei vandrar i garderoben. Om 15 minutt er vi klare til denne viktige kampen for både topp- og bunnstriden i årets 1.divisjon.
Sogndal har eit snitt på 12.6 avslutningar per kamp når dei spelar heime, mens Follo har eit snitt på 9,6 når dei spelar borte. Med andre ord bør vi klare å få over 20 avslutnignar i løpet av dagens kamp og då bør vi samtidig og forvente oss litt mål.
Sogndal sin beste i år er Babacar Sarr med 5.40 tett fulgt av toppscorar Opseth med 5.38. Det same har også Follo sin kaptein Jens Kristian Skogmo.
I fylgje vår bør er Follo sin beste spelar i år Christian Bwamy, men han må diverre stå over dagen kamp. Kenyanaren med eit snitt på 5.54 er rangert som den nest beste spelaren i 1.divisjon i år.
Den kanskje mest kjende kampen mellom desse laga var nok kvartfinalen i cupen i 2010. Den gjekk på Ski Stadion og etter at Sogndal tok leiinga kom Follo tilbake og vann 3-1. Korleis det gjekk vidare veit vi jo alle då Follo på nytt overraska og slo RBK i semifinalen.
Det blir ofte uavgjort når desse to laga møtes. Av dei fire oppgjøra laga har spelt i Sogndal har tre av desse enda uavgjort. Den siste kampen vann Sogndal 4-3 og det var i 2010.
Follo gjer også to byter. Ventreback Gaye går ut og inn kjem Anders Lübeck. På den sentrale midtbana kjem og Patrik Korneliussen inn i staden for Robin Rasch.
For Sogndal må Utvik, sjølv om han spelte ein veldig god kamp sist, vike plass for Sarr på den sentrale midtbana. Ut må og Simen Brekkhus gå, mens Peter Aase får sin debut frå start for Sogndal.
Då er laga klare og vi ser at begge lag gjer to endringar frå sist kamp.
Kristian Fardal Opseth nærmar seg Pontus Engblom på toppscorarlista i avdelinga. Dei står høvesvis med 11 og 12 mål. Hos Follo er Alexander Ruud Tveter den mestscorande, med sine 10 mål.
Sogndal sin venstreback Victor Grodås er tilbake frå skade, og er å finne i troppen til dette oppgjeret.
Gjestene står med berre ein siger på dei siste åtte kampane. Sogndal har heller ikkje imponert i samme periode, har på like mange kampar to sigrar. Men sist vart det heile 5-0 over Bærum på bortebane, og Sogndal sin formkurve peiker kanskje rett veg att.
Vertane toppar tabellen suverent, og har 43 poeng. Kristiansund er nummer to med sju poeng mindre. Follo er nummer 10 med 25 poeng.
Hei, og velkommen til Sogndal - Follo frå Fosshaugane Campus!