Referat
Kun høydepunkter
- Det var den femte strafferedninga mi i år. Eg såg på auga til Markegård, og forstod kvar han kom til å skyte, seier Piotr til firda.no.
For ein dramatikk på Fosshaugane! Eirik Markegård scora tre gonger for Follo, og bomma på straffespark eit minutt før slutt etter ei kjemperedning av Piotr Leciejewski! Follo-spelarane ruslar skuffa i garderoben og hadde fortent poeng etter heroisk innsats gjennom 90 minutt mot serieleiar Sogndal.
Kamp slutt Slutt (4-3)
90+4'
Keeper Hansen med ballen for Follo no, og vinkar spelarane i angrep.
90+2'
Follo i angrep no, og jaktar framleis 4-4!
87'
Ein lokal jury har kåra Even Hovland til dagens Sogndal-spelar. Fortent.
86'
Svak avklaring frå Røed som Karoliussen snappar opp. Frispark til heimelaget i situasjonen etter.
84'
Mads Clausen står klar på sidelinja for Follo no.
83'
Ulrik Flo i fint driv langs venstrekanten, men snublar i det han skal slå pasningen mot Hopen. Spissen blir liggjande att på grasmatta - med krampe.
82'
Follo står høgt og spelar framleis om poeng her på Fosshaugane.
81'
Innlegg frå Skogmo og Markegård vinn duellen i feltet. Avslutninga går rett på Piotr.
80'
Dobbelsjanse for Håvard Flo. Han får ballen av Grorud og brukar kroppen i duell mot Grini. Han får avslutta, men keeper Hansen gir retur. Den får Flo rett i beina, men blir riven i bakken i det han skal avslutta. Spissen slår oppgitt ut med armane.
77'
Han skyt - rett på keeper.
77'
Frispark i god posisjon for Sogndal. Hopen ladar venstrefoten.
77'
Hovland vrir seg i smerte, men er kjapt tilbake på beina. Det er også Maruti og spelet held fram.
76'
Maruti og Hovland smell i hop. Begge spelarane går rett i bakken.
75'
Stor sjanse til Follo. Eit langt innkast blir stussa ut i feltet. Der får Karoliussen stå heilt åleine. Skotet går i nettveggen!
72'
Stor Sogndal-sjanse etter at Grini slår eit tilbakespel eigen til keeper frå 20 meter. Han får litt for godt treff og ballen fyk i tverrliggjaren! Flo tek seg av returen og skyt - til innkast! Pussig situasjon!
69'
Kader skyt hardt frå 25 meter. Rett på keeper!
69'
Midtsoppar Skagestad i angrep for Follo, men Maruti stjel ballen og mistar den like etter. Markegård og resten av Follo-spelarane fortviler.
68'
Halvorsen får ballen inne i feltet og avsluttar. Berre centimeter tilside for målet til Hansen. Nære 5-2 der!
63'
Maruti avsluttar via Grorud - like over! Får corner.
62'
Follo gir aldri opp og har framleis håp om å ta med seg poeng frå Fosshaugane. Framleis ein halvtime att å spele. Her blir det fleire mål!
59'
Dobbelsjanse for Sogndal. Olsen leiker seg inne i feltet før han skyt. Hansen gir retur - Halvorsen set ballen i stolpen. Kveldens femte stolpeskot!
58'
Maruti legg tilbake til Grini som skyt i steget. Skotet blir blokkert.
57'
Flott Sogndal-angrep. Halvorsen finn Furebotn som prøver å skru ballen i ein bue forbi Hansen. Berre nesten der!
56'
På sine 61 kampar i 1.divisjon har Even Hovland scora tre mål. I dag har han den gode midtstopparen jubla for to nye nettkjenningar.
53'
Hovland med lang ball mot Olsen, men keeper Hansen plukkar enkelt opp stussen.
51'
Furebotn skyt - høgt over.
51'
1708 tilskodarar ser kampen.
50'
Furebotn slår inn frå venstrekanten og Halvorsen stormar inn i feltet. Han får avslutta - i stolpen og ut!
49'
Røssevold tek frisparket, men ballen går rett i klypene Piotr.
49'
Elvis ufin mot Røssevold på midten. Frispark.
46'
Begge lag stiller med same mannskap som i den første omgangen.
46'
Follo tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Spelarane står klare på bana.
Fire mål på 14 minutt her på Fosshaugane. Follo-spelarane har lagt ned eit godt stykke arbeid og har i tillegg til straffemålet frå Markegård hatt tre skot i aluminiumen. Sjølv om dette er topp mot botn er ikkje denne kampen avgjort!
Slutt 1. omgang Pause (3-1)
45'
Det er lagt til eit minutt.
45'
Furebotn vinn ballen på midten og blir lagt i bakken. Frispark.
45'
Svært underhaldande første omgang her på Fosshaugane. Fire mål og ei rekkje store sjansar til begge lag.
42'
Stor sjanse for Flo og Sogndal. Han får ballen på 25 meter og skyt. Ballen går via Jahnsen og i ein bue over keeper. Heldigvis for Follo stryk ballen stolpen.
41'
Applaus på Fosshaugane etter at dei tidlegare Sogndal-spelarane Ødegaard og Steenslid har scora mål for Viking i Stavanger.
40'
Fin sjanse for Sogndal. Flo tek ballen ned på brystkassen og finn Olsen inne i feltet. Han skyt - like utanfor!
38'
Kader testar skotfoten, men skotet blir blokkert i Dahl Hansen.
32'
Tre mål i kampen og tre skot i aluminiumen for Follo. Gjestene hadde fortent meir enn berre denne eine scoringa etter den første halvtimen.
29'
Maruti dreg seg fri inne i feltet, og skyt mot lengste hjørnet. Ballen treff stolpen!
28'
Røssevold ligg nede, og Sogndal stormar i angrep. Pasningen mot Flo blir for upresis og Follo kan overta.
27'
Skjer mykje på Fosshaugane no. Tre mål på sju minutt!
24'
Stor sjanse for Follo! Maruti avsluttar med pannebrasken - like utanfor!
22'
Glenn Arne Hansen hadde ikkje sjanse på det knallharde skotet frå Kader. Før denne kampen hadde den tidlegare Bradford City og Strømsgodset-keeperen plukka 16 ballar ut av nettet.
19'
Tveter og Karoliussen kolliderer og Follo spelar ballen ut over sidelinja.
16'
Sogndal er rysta, etter at Follo har hatt to store sjansar på få minutt. Etter ei god opning av heimelaget dei første minutta er det gjestene som har vore nærmast 1-0.
14'
Røssevold skyt frisparket i tverrliggjaren og ut! Markegård får returen rett i beina, men set ballen like utanfor! Tabelljumbo Follo styrer kampen på Fosshaugane!
13'
Tveter og Karoliussen står klare..
12'
Frispark til Follo i god posisjon. Avstand: 17,5 meter!
12'
Ny stor kjempesjanse for Follo! Røssevold skyt hardt frå 25 meter, og Piotr får slått ballen i tverrliggjaren. Maruti tek seg av returen, men også der er den polske keeperen frampå med ei kjemperedning!
10'
Lang ball mot Flo, men Skagestad bryt foran.
10'
Røed og Sogndal vil ha straffe, men dommar Steen vinkar spelet korrekt vidare.
8'
Kjempesjanse for Follo! Markegård spelar Maruti heilt fri, men Piotr leverer ei flott redning!
6'
Lang ball mot Maruti, men Hovland avklarar til innkast.
5'
Sogndal har opna kampen klart best.
4'
To store sjansar for Sogndal! Barry Kader klinkar til frå 25 meter, og keeper Hansen må gi retur. Like etter er Henrik Furebotn frampå, men skotet hans går like utanfor!
2'
Kader legg inn, men Skagestad ryddar unna.
2'
Midtstopparen er tilbake på beina og får applaus.
1'
Grorud går ned for telling etter duell mot Maruti. Kapteinen held seg til ankelen.
1'
Ulrik Flo tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Spelarane på veg ut på bana. Nærmar seg kampstart!
Historiebøkene viser at Follo har eit godt tak på Sogndal. I 2006 slo laget Sogndal ut NM-cupens 4.runde med 2-1 etter ekstraomgangar. I seriekampen enda det 2-2 på Fosshaugane, etter at Lennox Kanu sikra sogningane eit poeng på overtid.
Både Mats Solheim (Sogndal) og Christian G. Petersen (Follo) fekk raudt kort av dommaren i førre runde, og må sone karantene i dagens kamp.
Dette er ein av tre kampar mellom desse laga på under to månader. Laga møtest også i NM-cupens kvartfinale 15.august på Ski Stadion.
Topp mot botn i denne 13.serierunden. Serieleiar Sogndal står med 8-2-2 til no denne sesongen, medan tabelljumbo Follo har 2-5-5 på sine første tolv kampar. Med siger på Fosshaugane vil likevel gjestene klatre godt på tabellen.
Velkommen Sogndal - Follo frå Fosshaugane Campus!