Referat
Kun høydepunkter
Skotstatistikken viser 11-11 med 7-7 på mål. Stig Anders Hauge takkar for seg og ynskjer deg ein god kveld vidare med fotball på liveportalen. Ps! Spørs om det er ein florøværing som har tatt over spakane i kommentatorbua for no spelar dei 'We are the champions' over høgtalarannlegget her.
Ein fantastisk dag for Florø og fylkeslaget som knuser storebror Sogndal på Fosshaugane. Dette smakte nok godt for florøværingane som enn så lenge tek turen opp frå nedrykkstreken til kvalikkplass. Eg er framleis sikker på at dei må løfte seg endå eitt hakk om dei skal halde plassen, men desse tre poenga var superviktige for laget i blått. For heimelaget ser det no mørkt ut etter to tap mot to dumpekandidatar. Spelet som har ein har vist seier også at Sogndal har veldig lite å gjera på noregs høgste nivå.
Kamp slutt Slutt (2-3)
90+6'
Nei det skal det ikkje! Der bles dommaren av kampen.
90+3'
Så er det Aase so mer farlig frampå for gjestane. Ganske opent bak der hjå heimelaget no.
90+3'
Stor sjanse for Sogndal. Fij er ute å rotar. Sogndal legg inn og Birkelund står på sju meter. Dempar ballen og legg den til rette. Spørs om han og hadde tenkt og ete middag for brukar så lang tid at ein florøspelar lett får klarert.
90+1'
Fem minutt tillegg.
90'
Der Peter Aase avsluttar utafor.
90'
Som Florø igjen kontrar på.
90'
Som ikkje får meir ut av det enn eit kast.
89'
Frisparket endar i kontring for Sogndal.
89'
Peter aase fell i bakken som ein potetsekk når Rindarøy legg armen på ryggen hans. Pinleg, men domamr Hauge lar seg lura. Frispark til Florø nede ved hjørneflagget.
87'
Florø med god kontroll. SOgndal med lang ballar opp i feltet. Kanskje ikkje lurt når bautaene Hove og Gjermundstad står der og stangar ballen ut.
84'
2908 på stadion i dag. Burde vore 1000 fleire minst!
82'
Mønsterangrep av Sogndal. Flo med glimrande innlegg som Haugen møter på første og set like over.
77'
Sogndal verkar veldig daue. Ser ikkje ut som dei skal klare å komme tilbake her sjølv om dei har vore spelemessig betre gjennom heile kampen. Manglar sprut i songingane no for tida.
74'
Riise mistar til Ndour som driv framover og skyt rett på Dyngeland.
66'
Og no skin sola også i Sogndal. Skin rett på Stimen som kosar seg innst her i Sognefjorden.
65'
Sogndal trykkjer på, men det blir ikkje noko særlig framfor mål. Har ok kontroll på dette Florø.
64'
Rett på Fij.
64'
Riise står klar.
63'
Så feller målscorar Ndour Olsen like utafor sekstenmeteren.
60'
Over alle og uttil femmeter. Uavhengig av frisparket så har verken Riise eller Olsen imponert noko særlig i dag.
59'
Riise med frispark.
56'
No er det liv i Stimen! Augnar ein skikkelig skalp her no florøværingane som stiller med 7 spelarar frå fylket frå start. Sogndal ingen!
52'
Savland riv seg laus frå Baranov og Wæhler. Sistnemnte får tilslutt blokkert avslutninga.
49'
Rindarøy tilbake på bana. Viktig for Sogndal så mange som holdt pusten då han låg nede.
48'
Hove med skot frå 50 meter, men det går nokon meter til side for mål.
46'
Rindarøy nede for telling og dette ser ikkje bra ut for backen.
46'
Haugen rett i bakrom og Gjermundstad får såvidt kasta seg fram og gitt til corner.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga på bana og vi er straks klare for 2.omgang her frå Fosshaugane Campus.
Ingen tillegg. 1-1 i Sogndal. For det meste jamnt og tett med mange duellar og ikkje for bra spel. Fin steming på tribuna sålangt i dette derbyet, men eg må nok skuffe mange florøværingar og sogningar. Etter denne omgangen er eg ganske sikker på at Florø rykkjer ned og at Sogndal ikkje rykkjer opp. No har dei 45 minutt på seg til å få meg på andre tankar.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
44'
Etter mykje klabb og babb vinn Florø ballen.
44'
Nytt kast.
43'
Får den ikkje over første florøspelar og det endar i kast.
43'
Frispark til Sogndal som Riise skal slå inn.
41'
Javashvili med eit hardt frispark inn i boksen som Sogndal såvidt får klarert.
41'
Frispark til Florø litt skrått ca. 30 meter frå Sogndal sitt mål. Flyttar fram Hove og Gjermundstad.
39'
Nytt godt slått frispark frå Olsen, men Sogndal er svært lite på i boks og Fij får plukke lett.
36'
Husa for sein på Schulze, men dommar Huage held framleis korta i lomma. Korrekt igjen meiner eg.
34'
Innlegg frå Rindarøy og Riise får avslutta. Sleivar litt, men vert og pressa av Husa når han set ballen utafor. Kunne ha blitt ein draumedebut det for Riise.
32'
Låg vel ikkje akkurat i korta at Florø skulle få ei utlikning, men Sogndal har slept seg langt ned etter scoringa si og på tilfeldigheiter som ved ein corner kan alt skje. No er det kamp igjen på Huagadn.
26'
Knallhardt innelgg frå Olsen som Gjermundstad såvidt får klarert.
23'
Schulze dreg seg innover. Får ikkje plassert skotet godt nok og det går rett på Fij som held sikkert.
20'
Riise går rett i Husa framfor benken til Sogndal. Frispark til Florø og Bakke som vanleg misnøgd med dommaren si avgjer.
18'
Innlegg til Jensen som stangar ballen ned i hjørnet. Der er Fij og får gitt til corner. Gode prestasjonar av begge.
17'
Hove klypper ned Haugen bakfrå midt i bana. Hauge nøyer seg med tilsnakk.
15'
Florø med eit visst press her etter scoringa. Hadde vore godt for florøværignane å komme kjapt tilbake. Haugen si avslutning var Sogndal si første i kampen så gutta i blått føler nok dei blir hardt straffa her.
10'
Haugen igjennom, men fell i duell med Hove. Heilt klart kontakt, men Haugen fell svært lett og dommar Hauge gjer nok heilt riktig sjølv om spissen meiner det skulle vore straffe.
9'
Lite osm skjer akkurat no. Begge av laga med litt possesionspel, men lite evne til å bryte gjennom motstandaren sitt forsvar.
5'
Innlegg som Fij fistar til corner.
5'
Godt slått, men Hove får enkelt klarert.
4'
Så er det Sogndal som vinn eit frispark. Olsen skal svinge innover.
4'
Endar i eit tåskudd frå 20 meter, men tåa til Ndour sender ballen eit par meter over.
3'
Frispark til Florø halvvegs inn på Sogndal sin halvdel.
2'
Blir heller kort og endar i kast til Florø.
2'
Vinn eit kast sogningane og Latifu skal kaste langt.
1'
Sogndal dunkar ballen opp, men Florø får klarert.
Avspark Start 1. omgang
Men det skal seiast at sjølv om Sogndal sine saftkokarar stiller med bluss så er Stimen frå Florø i klart overtak. Så får me sjå kva supportergrupper som får mest å juble for utover ettermiddagen.
Laga på veg inn på bana. Ikkje så mykje folk sjølv om det sig inn ein del framleis. Hadde forventa meir både av sogndaløer og florøværingar i dag.
Nokre minutt til kampstart. Fine forhold for fotball i Sogndal i dag. 16-17 plussgrader, opphaldsvær og litt vind.
Lagoppstillingane er forresten klare og vi ser at både Olsen og Riise spelar frå start for sogningane. For Florø er det reservekeeper Fij som tek plass mellom stengene samt at viktige Runar Hove er tilbake i midtforsvaret.
Ikkje så mykje statistikk å snakke om mellom desse laga i seriesystemet då dei berre har møttes ei gong og det var i juli i år då Sogndal vann 2-1 på Florø Stadion. Dei har og møttes to gonger i cupen sidan 2012 og begge dei gongen har florøværingane stukke av med sigeren.
Så blir det spanande å sjå kva spelarar som kjem ut på grasmatta i ettermiddag. Det einaste som er sikkert er at Florø kjem til å ha fleire fylkesspelarar enn Sogndal. Vel møtt!
Ungt og lokalt har i allefall Sogndal ikkje satsa. Ut porten forsvann årdølen Edin Øy og stortalentet frå Sogndal Johan Hove. Begge har fått svært lite tillit og moglegheiter på Fosshaugane. Inn kom rutinerte Riise, Olsen samt nigerianaren Akar Jerome Adams. Alle desse overgangane har verkeleg satt diskusjonen i Sogndal i gang om både klubben sin lokale profil og som utviklingsarena for unge spelarar.
Ein del inn og ut for desse klubbane på overgangsvindauga sine siste dagar. Eit stort tap for Florø var det at keeper Jacob Storevik forsvann til Sandefjord. Inn kom 18-åringen Lars Martin Kvarekvål frå Stabæk. I tillegg har laget frå palmekysten henta inn den lokale 16-åringen Anders Ulvik Fleten frå Dale.
Sist runde klarte begge klubbane å øydeleggje for den andre. Florø gjekk ikkje overraskande på eit tap mot Sogndal sin opprykksrival Aalesund, men sogningane sjølv klarte å rote det til både for seg sjølv og Florø då dei umotiverte tapte borte mot Strømmen. Det sendte Strømmen forbi Florø som no er nede på direkte nedrykksplass. Sogndal ramla også ned frå 2. til 4.plass.
Og for ein viktig kamp dette er for begge lag. Sogndal jagar opprykk, mens Florø kjempar med nebb og klør for å halde seg på det nest øvste nivået i Noreg.
Hei og velkomne til den 20.serierunden i 1.divisjon. I dag kan vi tilby eit ekte fylkesderby på Fosshaugane når Florø kjem på besøk.