Oppsummering
Sogndal åpnar bra med ein nydelig skåring av Ingimundarson. Islendingen får vise fram skotfoten sin der. Kampen blir prega av at Aamodt får raudt kort når han dreg Hoven ned i bakken når han er gjennom åleine med keeper. Då blir det tungt for Bryne. Sogndal doblar leiinga med Andreas Hoven etter fine kombinasjonar mellom Ørjasæter og Flo. Då skal kampen vere avgjort, men Bryne får eit straffespark då Fij sender Romslo ned i bakken. Dybevik setter ballen i mål. Då blir det igjen liv i kampen. Bryne prøver å skapa ei utlikning, men slit med å kome seg forbi forsvaret til Sogndal. Då endar det til slutt 2-1. Heimelaget føler kanskje at denne kampen var litt meir "close" enn den burde vere, men dei klarar å få med seg alle poenga.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+4'
Siste sjanse for Bryne. Fij tek i mot innlegget.
90+3'
Roseth slår langt mot Jonsson. Ender opp hos A. Hoven . Blir ingen sjansen, men bruker opp litt tid.
90+1'
Nord slår over til Jonsson. Han curler ballen utanfor.
90+1'
Kryger speler gjennom hoven. Kjem seg ikkje fram til målet. Sogndal vil berre bruke tid no.
90'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
89'
Fij klarerar høgt farm til Hoven, men han mistar ballen.
88'
Bryne forsøker å kome seg gjennom forsvaret. ingen suksess.
85'
Blei litt spenning i kampen no dei siste minutta. Bryne ser ein moglegheit til å ta poeng. Sogndal kjempar imot.
78'
Songal kombinerar seg inn i boksen. Ørjasæter skaffar corner.
77'
Ullenes sitt innlegg blir heada vekk. Ein av få sjansar Bryne har hatt i denne omgangen.
74'
Hoven og Ørjasøter kombinerer. Blir corner.
73'
Ørjasæter driblar seg gjennom forsvaret og gir ballen til Kryger. Han sender ballen over målet.
68'
Rotihaug vinn ballen, og set fart framover. Endar til slutt opp med avslutning og redning fra keeper.
61'
Bryne får ein halvsjanse, men får ikkje avslutta. Dybevik bruker for lang tid.
60'
Mathisen går sjøv framover og slår ballen til Hoven. Hans asvlutning går langt utanfor.
59'
Ørjasæter får ein avslutning, men keeper får full kontroll på den. Kunne blitt skummelt.
58'
Flo får ein avslutning på keeper. Første redning for han.
56'
Ørjasæter forsøker seg på eit raid. Blir til slutt stoppa.
54'
Nessø blir spelt gjennom av Mathisen. Innlegget blir slått mot Hoven, men han treff ikkje ballen slik som han vil.
53'
Nytt innlegg frå Flo. Headingen til Ingimundarson går over målet.
52'
Flo legg inn i boksen. Ballen endar til slutt hos A. Hoven som får forsøket sitt blokkert.
51'
Grønli prøver å slå gjennom forsvaret, men der står Fij klar.
50'
Gunnarsson sl¨år over til Flo. Han legg igjen til Ingimundarson som får skotet sitt blokkert.
49'
Ørjasæter jobbar seg inn i boksen, men får ikkje til eit innlegg. Blir utspark.
48'
Hermansen vinn ballen, og slår ballen hardt inn. Dybevik får ein sjanse som går utanfor.
47'
Mathisen slår inn mot A. Hoven. Han får ikkje kontroll på ballen.
46'
Mathisen sparkar i gang den andre omgangen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal ledar 1-0 til pause etter ein perleskåring av Ingimundarson. Begge lag har hatt nokre sjansar, men slit med å få avslutningar på mål. Bryne sine angrep blir ofte stoppa av forsvaret før dei kjem til avslutning. Pål Aamodt var eit viktig angrepsbåpen for Bryne, og han kjem dei til å savne i andreomgang. Ingen tvil om at det raude kortet på han var korrekt. Kan bli tøft for Bryne å kome tilbake i andreomgang.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
42'
Ingimundarson vinn ballen på midten, og prøver å finne Nessø. Keeperen ser derimot kva som skjer og snappar opp ballen.
41'
Voilås legg eit innlegg som blir klarert av van der Spa. Nordlendingen har stoppa alt som har kome mot han.
39'
Grønli prøver å slå motstatt, men treff ikkje ballen skikkelig. Keeper sin ball.
37'
Ingimundarson mistar nesten ballen i farleg posisjon, men blir redda av van der Spa.
36'
Van der Spa slår langt, men Hoven rekk ikkje å ta imot ballen.
32'
Bryne jobbar seg inn i boksen, men Aamodt sender ballen høgt opp på tribuna då han skal legge inn.
31'
Grønli slåt inn mot Voilås. Han setter ballen utanfor målet.
29'
Nessø blir spelt opp. Driblar seg forbi to spelarar, men avslutningen får 16 meter går over.
24'
Gunnarsson slår heilt over til Flo. Han gjer frå seg ballen til Ørjasæter som set ballen utanfor målet.
22'
Bryne prøver å kombinere seg inn i boksen til Songdal. Blir konstant stoppa på veg inn. Aamodt mykje involvert.
21'
Langt innkast frå Bryne. Gunnarsson slår ballen vekk.
17'
Farleg tilbakespel frå hoven. Blir nesten ein sjanse for Bryne.
15'
Voilås prøver å spele opp seg sjølv til eit brassespark. Lukkast ikkje.
14'
lang ball frå ingimundarson opp mot Hoven. Sogndal speler seg inn i boksen, og Andreas Hoven avsluttar like over mål.
12'
Voilås går ned i bakken, men får ingenting. Utspel frå keeper.
11'
K. Hoven slår inn, og ballen går inn til keeper.
8'
Aamodt går opp i bana, og får ballen i skummel posisjon. Avslutninga går utanfor.
7'
Det er Sogndal som har styrt spelet dei seks første minutta.
6'
Blir heada ut av Baldvinsson. Ørjasæter kjem nesten til ein sjanse etterpå, men blir stoppa.
3'
Roseth slår langt mot Flo, men veteranen er ikkje rask nok til å ta imot pasninga.
2'
Bryne går rett i angrep. Aamodt slår over til høgre, og ballen trillar framfor mål.
1'
Dybevik sprkar kampen i gong.
Avspark Start 1. omgang
Me nærmar oss kampstart. Sola lyser opp stadion, og temperaturen er ganske grei. Nydeleg vèr til å spele fotball i.
Då er lagoppstillingane klare. Sogndal gjer eitt byte frå forrige kamp. Andreas Hoven kjem inn for Mathias Blårud. Langeland og Undheim er ute av laget til Bryne. Inne er Guddal og Voilås. I tilleg har dei også bytta keeper. Hadaya er inne for Spiridonov.
Dagens hovuddommar er Jan Morten Tennøy. Han har med seg Bjørnar Drtina Bjørnstad og Karwan Mamhassan som assistentar. Jakob Sande Søgnen er fjerdedommar.
Sjølv om poengfangsten har vore forskjellig har begge laga skåra 2 mål denne sesongen. Andreas van der Spa og Kristoffer Hoven har stått for Sogndal sine mål. Bryne sitt første mål for sesongen kom frå eit sjølvmål frå Kristoffer Hay mot Sandnes Ulf. Arne Gunnes skåra målet deira mot KFUM. Begge lag har mista toppskåraren deira frå forrige sesong. Akor Adams har gått frå Sogndal til LSK medan Joacim Holtan gjekk frå Bryne til Haugesund.
Begge lag har fått ny hovudtrenar før sesongen. Tore André Flo tok over etter Eirik Bakke som var trenar i Saftbygda i sju sesongar. Dette er Flo sin første jobb som hovudtrenar, men han har erfaring frå diverse rollar i Chelsea i tillegg til at han var i trenarteamet til U21-landslaget til Norge. Kevin Knappen er ny hovudtrenar i Bryne etter at det blei klart at Jan Halvor Halvorsen ikkje lenger skulle trene klubben. Knappen har tidlegare vore i blant anna Hødd og HamKam. Flo har så langt fått gode resultat i starten av trenarkarrieren hans. Knappen har fått ein tøff start i Bryne, men det skal seiast at Bryne ikkje har vore rekna som favorittar i dei to første kampane sine.
Då desse to laga møttest forrige sesong i Sogndal blei stillinga 0-0. I Bryne tok Sogndal alle tre poenga etter skåring av Akor Adams. Tobias Bjørnebye fekk også raudt kort for Sogndal seint i kampen. For å finne sist gong Bryne slo Sogndal i ein teljande kamp må ein heilt tilbake til 2007 då Bryne vann 2-1.
Det er tredje runde i sesongen, og laga som skal møtast her på Fosshaugane Campus har hatt ein litt forskjellig start på sesongen. Heimelaget opna sterkt med seier heime mot Raufoss. Deretter blei det eitt poeng borte mot Stabæk på Nadderud. Bryne vart slått 2-1 av Sandnes Ulf i lokaloppgjeret i første runde. I neste runde blei det også tøft mot KFUM Oslo der det blei nok eit tap.
Hei og velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Bryne i OBOS-ligaen!