TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Les kva Even Hovland og Harald Aabrekk meiner om kampen i Firda torsdag.
Pipekonsert på Fosshaugane for første gong i år. Bryne tek med seg eit fortent poeng frå saftbygda. Dei jobba og kjempa hardt gjennom 90 minutt. Sogndal har mykje å tenkje på i veka som kjem og må løfte seg 12-13 hakk om laget skal spele i Tippeligaen til neste år.
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+3'
Spillerbytte
90+2'
Spillerbytte
90+2'
To Bryne-spelarar ligg nede for telling etter at dei braka saman i duell.
90+1'
Det er lagt til tre minutt.
87'
Vi beklagar litt tekniske problem med klokka i denne kampen, og kampen er no på overtid.
83'
To gule kort
Får sitt andre gule kort for holding. Dermed raudt kort!
83'
Elvis med meisterleg jobb på midten og vinn ballen når Bryne stormar i angrep. Ivorianaren har vore Sogndal sin klart beste spelar i dag og gitt alt i duellane - som vanleg. Hos Bryne har Bala laga trøbbel for Sogndal-forsvaret kvar gong han får utfordre med stor fart.
81'
Solheim kjem rundt på høgrekanten og kan slå inn. Det gjer han også, men lite hjelp i det når ballen går bak mål.
80'
Spillerbytte
80'
Elvis kåra til Sogndal sin beste spelar av ein lokal jury.
78'
Flo slår frispaket inn i feltet, men ballen går over alle.
78'
Furebotn til Halvorsen som får frispark ved hjørneflagget. Flo skal slå inn.
76'
Solheim legg inn, men Møster får avklart.
76'
Bala set ein støkk i Sogndal-publikumet. Stormar mot mål og skyt frå 25 meter. Like utanfor!
75'
Sogndal kjem fem mot fire, men Furebotn mistar ballen.
75'
Aabrekk heilt still på sidelinja no, og er usikker kva grep han skal gjere siste 15 minutta.
74'
Furebotn ligg i returrommet og skyt på direkten. Skotet blir blokkert!
72'
Rudolfsen fyller 22 år i dag. Skal den tidlegare storscoraren bli den store helten, ute på bana også?
71'
Heimelaget slår mykje langt no.
71'
Innbytar Petersen kjempar heriosk og vinn duellen mot Solheim på backen.
70'
Heimelaget med tre strake tap foran denne kampen, og opprykkskandidaten klarar ikkje å spele ut Bryne som kjempar for å overleve i divisjonen. Held dette spelet fram, blir Tippeligaen berre ein langsiktig draum for Sogndal.
69'
Spillerbytte
69'
Flo skyt, men Bryne får avklart.
68'
Frispark til Sogndal i god posisjon. Flo gjere seg klar..
66'
Spillerbytte
66'
Olsen prøver seg nok ein gong, men får ikkje skikkeleg treff med venstrefoten. Kristiansen kontrollerer ballen ut.
65'
Bryne fullt på høgde med heimelaget no, og kampen kan vippe begge vegar!
64'
Hjørnespark
Grorud avklarar.
63'
Fin sjanse for Bryne! Melhus slår inn i retning Petersen som stussar ballen vidare. Utanfor!
62'
Frispark til Bryne i god posisjon. Melhus skal slå inn like utanfor kanten av sekstenmeteren.
62'
Solheim ryddar opp i eige forsvar og får applaus av heimepublikum.
59'
Elvis skyt frå 25 meter. Rett på keeper!
59'
Solheim får ballen på midten og skal finne Flo inne i feltet. Håplaus hard pasning frå nordfjordingen og Bryne overtek.
58'
1857 tilskodarar ser kampen.
57'
Kjempesjanse til Sogndal. Furebotn slår eit frispark inn i feltet. Olsen får ballen på ti meter, men bles ballen hardt over! Der bør du score!
54'
Gult kort
Etter tøff takling på Grorud.
54'
Bala leiker seg med Flo og utfordar Grorud. Midstopparen snappar opp ballen og blir takla hardt like etter. Frispark!
53'
Sogndal-spissen reiser seg, og tek seg ein prat med dommar Døvle.
53'
Olsen ligg nede i feltet og har fått seg ein smell i hovudet.
52'
Gult kort
For filming.
52'
Stokkeland driblar seg igjennom Sogndal-forsvaret og blir lagt i bakken av Hovland. Han bil ha frispark, men istaden tek dommar Døvle opp kortstokken og gir gult for for filming.
49'
Hjørnespark
Bryne får kontroll og spelar langt mot Bala.
49'
Hjørnespark
Ny corner.
48'
Kjempesjanse for Sogndal! Halvorsen slår inn frå høgrekanten, og Elvis stormar mot bakerste stolpe. Han skyt knallhardt - i nettveggen!
47'
Hjørnespark
Grorud avsluttar - utanfor.
47'
Ingen av laga har gjort byter i pausen.
46'
Bryne tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Spelarane kjem ut på bana, klare til dei siste 45 minutt!
Dommaren bles av før klokka har passert 45 minutt. Dermed går laga til pause på 2-2. Sogndal-spelarane heng med hovudet på veg ut av stadion, medan håpet om tre poeng til Bryne framleis lev i høgste grad! Det blir ein spennande 2.omgang her på Fosshaugane!
Slutt 1. omgang Pause (2-2)
44'
- Vi må prøve å kome meir rundt på kantane, gutta! Aabrekk vil ha Halvorsen og Kader meir involert i spelet, samt fleire spelarar inne i boksen.
44'
Midtsian slår langt - rett i klypene til Piotr.
43'
Ertzeid får juling i duell mot Elvis. Bryne får frispark.
41'
Kampen har roa seg ned no, etter seks hektiske minutt med tre mål.
40'
Hardkjempande Melhus driv framover og driblar av eit par mann. Sogndal-forsvaret får tilslutt stoppa 20-åringen.
38'
Flo kastar mot Flo som stussar vidare. Mot kven? Ingen.
37'
Furebotn får ballen inne i feltet, men rotar det til for både seg sjølv og laget. Bryne overtek og heimepublikum fortvilar over at midtbanespelaren ikkje prøvde skotfoten.
35'
Flo avsluttar utanfor med pannebrasken.
33'
Mål!
2-2
To mål på tre minutt! Hovland rotar det til i eige forsvar, og Moldskred får ballen på 40 meter og stormar mot mål. Han klinkar til frå 25 meter og ballen fyk inn bak Piotr!
31'
Mål!
2-1
Midtsian er sikker frå straffemerket. Han chippar ballen elegant over Piotr! Ny spenning i kampen!
30'
Gult kort
Får gult kort i straffesituasjonen.
30'
Straffe!
Hovland held eit godt tak rundt Moldskred og dommaren dømmer straffe!
29'
I situasjonen som førte til corner var Espen Olsen åleine med keeper Kristiansen, men sisteskansen fekk fingertuppane på ballen.
27'
Mål!
2-0
Flo slår ein corner inn i feltet som Even Hovland stangar kontant i nettet! 2-0!
26'
Hjørnespark
26'
Han slår inn, men ballen går over målet til Piotr.
26'
Elvis får tilsnakk etter ei tøff takling på kanten. Midtsian skal slå inn.
25'
Halvsjanse for Sogndal. Innlegg i retning Flo som Møster får avklart vidare i feltet. Nære at ballen går rett i beina på Sogndal-spissen.
24'
Det har vore mykje nedbør i Sogndal i dag. Det har ikkje Bala fått med seg, og sklir på grasmatta når han skal ta i mot ballen. Den nigerianske spissen ser på knottane sine..
23'
Moldskred spelar Bala gjennom. Spissen er på feil side av forsvarsrekkja, og blir avblåst for offside.
21'
Hjørnespark
Bryne får avklart.
20'
Halvsjanse for Sogndal. Olsen prøver seg med eit volleyskot, men ballen sklir av foten til heimelaget sin toppscorar.
19'
Sogndal festar grepet no, og trillar ball inne i på Bryne sin halvdel.
18'
Flo prøver å finne Olsen inne i feltet, men keeper snappar opp.
18'
Larsen får seg ein smell, men haltar vidare.
17'
Lang ball mot Bala, men Solheim vinn duellen i luftrommet. Får innkast.
16'
Bryne opna kampen bra, og var det førande laget når Sogndal tok leiinga.
15'
Halvsjanse til Bryne. Lang ball som Piotr skal ut å avklare. Han bommar på ballen, og kula sprett opp i armen på keeperen utanfor sekstenmeteren. Det ser heile stadion, men dommaren får det ikkje med seg.
14'
Hjørnespark
Bryne får kontroll.
14'
Furebotn skyt med venstre frå 25 meter. Keeper leverer ei god redning må gi til corner!
13'
Kader slår inn frå venstre i retning Flo. Keeper Kristiansen boksar ut!
11'
Olsen vil ha straffe etter at han går i bakken inne i feltet. Dommar Døvle vinkar spelet vidare.
11'
Ingen Bryne-supporterar er å sjå på bortefeltet på Fosshaugane i dag.
10'
Applaus på Fosshaugane når Løv Ham tek føringa mot Ranheim.
8'
Kader slår inn, men Bryne-forsvaret får rydda unna.
7'
Heimelaget scorar første gang dei er innanfor sekstenmeteren til Bryne. Viktig scoring for opprykksjagande Sogndal!
6'
Mål!
1-0
Flo kastar tidleg mot Furebotn som er på løp inn i feltet. Han bankar ballen i mål frå skrå vinkel!
6'
Langt utspel frå Piotr mot Olsen. Spissen får frispark imot seg, etter at mottaket var for svakt.
5'
Stokkeland skyt frå 25 meter, og skotet blir blokkert. Innkast for gjestene.
4'
Solheim avklarar langt.
4'
Midtsian skal slå inn i feltet.
3'
Bryne har festa eit lite grep om kampen, og har fått frispark på Sogndal sin banehalvdel.
2'
Endringar i Bryne-laget like før start. Keeper Roger Eskeland blir erstatta av Anders Kristiansen, usikker kva årsak.
1'
Lang ball mot Flo, som får frispark imot seg etter dytt i rygg i duell mot Petersen.
1'
Sogndal tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Kaupanger sitt jentelag entrar bana, og får heider frå fotballkrinsen etter sigeren i juniorklassa i Norway Cup i sommar. Sogndal sitt jentelag får også gratulasjonar etter at dei vart nummer tre i si klasse. Vi gratulerer!
Bryne kjem til Sogndal med sju strake tap. Likevel trur trenar Tommy Bergersen at laget kan sikre seg tre poeng i dag. - Det viktigste nå er at vi har kommet en vei med det vi har gjort. Vi har en felles forståelse av hvordan vi skal komme oss ut av dette. Alle skjønner alvoret nå. Er vi kompakt som lag og jobber knallhardt, er vi gode nok. Sogndal har svakheter, og på en god dag kan vi slå dem, seier Tommy Bergersen til Jærbladet.
Før sommarferien var Bryne serieleiar i 1.divisjon og kjempa om opprykk til Tippeligaen. Så gjekk Lyn konkurs, og laget mista tre viktige poeng. Då gjekk lufta ut av jærbuene og er no eit poeng unna nedrykk til 2.divisjon.
No er også Bryne sin toppscorar i år Marius Helle reist frå Bryne. Han prøver lykken i Stabæk, og scora i sin første kamp for klubben.
Svak form på begge desse laga. Sogndal har gått på tre strake tap mot Tromsdalen (0-1), Follo i NM-cupen (1-3) og Sarpsborg (0-4). For Bryne er situasjonen enno verre: Sist dei raudkledde vann ein seriekamp var 6.juni i 11.serierunde!
Dagens tre kampar i avdelinga er hengekampar frå 18. serierunde, der Ranheim, Follo og Sogndal alle var i aksjon i NM-cupen.
Velkommen til Sogndal - Bryne og Fosshaugane Campus!