TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då gjenstår det berre å takke for seg å avsløre at Sogndal hadde 10 avslutningar. 7 av desse på mål, mens Bryne hadde 8 avslutningar der 4 gjekk på mål. Takk for oss og velkomne igjen til Fosshaugane Campus neste mandag og vestlandsderby mellom Sogndal og Brann
Bryne blir då liggande på 8.plass, men med berre to poeng opp til kvalikk er jærbuene for fullt med i opprykkskampen.
Sogndal rykkjer då i frå i toppen og har no seks poeng ned til Sandnes Ulf og sju poeng til Brann som er neste motstandar på Fosshaugane Cmapus. Den kampen får vi allereie fyrstkommande mandag.
Sogndal avgjorde det meste i 1.omgang etter tre scoringar på dødball. Den andre omgangen var ikkje så mykje å skrive heim om, men Bryne heva seg litt og kunne med litt meir flaks laga litt spaning på slutten.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+3'
Underteikna og publikum er for fyrste gong einige. Bolseth stemt fram som Sogndals beste og då og banens beste.
90+3'
Stemning på Fosshaugane no. Heimepublikum nøgd sjølv om Sogndal ikkje har vore så gode i 2.omgang.
90+2'
Vi har ikkje fått vita kor mykje tillegg som skal spelast.
90+1'
No er det nok for seint for Bryne.
90+1'
Rett på Dyngleand som denne gong held sikkert.
90+1'
Lode står klar.
90'
Skartun i bakken etter duell med Patronen på 20 meter. Burde kanskje hatt eit kort der Patronen som stopper ein god sjanse for Bryne.
88'
Spillerbytte
87'
Addo opphevar offsiden og Chikere kjem til linja. Slår inn, men Bryne får klarert. I bylgje to får Chikere sjølv moglegheiten, men Krisitansen reddar.
85'
Hjørnespark
Kristiansen held.
85'
Nei det var corner.
85'
Vinn dog eit innkast.
85'
Men i staden for å spele ball så går Opseth sjølv og blir takla av Lote som jobba heilhjerta heim.
85'
Sogndal 3 mot 1.
84'
Får til eit innlegg der Dyngeland bommar fullstendig og boksar ballen i brystet på Undheim som ikkje får kontroll.
83'
Bryne vinn eit kast nede med hjørnefalgget.
83'
Begge laga byggjer no opp fint i midtbaneleddet, men det vært svært tynt når dei nermar seg mål.
80'
Sogndal no med lengre ballar mot kraftspissen Chikere. Ikkje lukkast nemneverdig endå.
79'
Sarr nede no etter å fått ei hand i ansiktet. Ser meir ut som eit pust i bakken.
79'
Står litt og vippar her no. Bryne bør ha eit mål ganske kjapt viss dei skal klare å skape litt spenning på slutten.
76'
Spillerbytte
76'
Skartun med dagen høgaste 'nei' når han skyt over frå 10 meter.
75'
God moglegheit for Bryne, men Psyche får ei tå på ballen ellers hadde Dahle vore åleine gjennom.
74'
Addo klarerar.
74'
Teniste skal kaste.
73'
Spillerbytte
72'
Sjølv om Utvik var den uheldige på Bryne sitt mål har han vore ein av Sogndal sine beste i dag.
71'
Kast frå Teniste, men no er Kristiansen ute og boksar. Får den berre ut på 16 meter der Bolseth prøver å heade på mål, men Kristiansen når tilbake og held ballen.
69'
Viking sitt bomkjøp får sjansen i Sogndal.
69'
Spillerbytte
69'
Ser ut som nyerveringa Chikere skal inn.
68'
Takk forøvrig til Asgeir Årdal som føl kampen med argusauge.
67'
Så får vi melding her om at det var eit sjølvmål av Bjørn Inge Utvik som ikkje fekk klarert ballen på streken.
66'
God sjanse for Sogndal når Drage avsluttar ein meter til side for målet til Kristiansen.
65'
Selvmål!
3-1
Ser ut som ballen går gjennom heile feltet og på ein meter står sogningen Oddbjørn Skartun og pressar Utvik til å setje ballen i eige mål. Kan vi få spenningen her i denne kampen?
64'
Hjørnespark
63'
Hjørnespark
Addo klarerar.
63'
Corner for Sogndal.
62'
Teniste skal kaste langt. Bryne skjelv.
62'
Igjen kjem Otoo og Kjemhus seg gjennom. Denne gong er det sistnemnte som avsluttar utafor.
61'
Spillerbytte
60'
Frispark til Bryne rett framfor Sogndal sin benk. Holmvik og Bakke diskuterar litt.
59'
Så er Sogndal farleg frampå med eit godt og hardt innlegg mot Otoo, men Wemberg får klarert.
58'
I neste bølgje kjem det eit innlegg som landar på 16 meter. Der drar Khalili til på volley og han får god dreis på kula. Dessverre for han går forsøket rett på Dyngeland som held sikkert.
57'
Hjørnespark
Psyche klarerar.
56'
Skartun med innlegg, men det går alt for høgt og ut til innkast for Sogndal. Ikkje vore nokon god kveld for den heimvendte son Skartun i kveld.
53'
Grodås kjem på overlapp og slår knallhardt inn. Kristiansen er fyrst på ballen og får boksa unna.
52'
Bryne trillar ball og Sogndal legg presset 10 meter inn på eigen banehalvdel. Heilt klart jærbuane som har komme best i gang i denne omgangen.
51'
Holmvik slår inn og Dyngeland boksar. Bryne beheld ballen.
50'
Frispark til Bryne heilt ute på kanten ca. 30 meter frå målet til Sogndal.
50'
Bryne med trøkk. Tveita spelar gjennom Khalili, mne ballen blir litt for lang. Spissen når derimot ballen ved kortlinja og Bryne held fram trøkket og til slutt får Dahle avslutta midt på Dyngeland. Tendensar frå Bryne.
47'
Nydelige kombinasjonar av Otoo og Kjemus. Førstnemnte blir splet igjennom, men avslutninga er for svak og går rett på Kristiansen.
46'
Rutinerte Khalili inn for Bryne.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ein glimrande omgang av Sogndal på dødball. Sogningane har fire avslutningar på mål og tre scoringar. Bryne var gode dei ti første minutta, men så fall dei saman. Sogndal slapp inn tre mål mot Ranheim sist, men eg blir overraska om det skjer igjen her. Men vi får sjå om Gaute Larsen klarar å motivere sine elleve utvalde i pausen slik at vi får ein spennande andreomgang.
Ingen tillegg frå dommar Rafiq.
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
45'
Sogndal har heilt klart vore gode i denne omgangen, men måten Bryne fall saman på etter det første målet må skremme kvar ein jærbu.
44'
Addo med innlegg, men det går bak mål.
44'
Sogndal svært gode på dødball i dag, men det må stillast store spørsmålsteikn til Bryne sin måte å forsvara seg på på desse dødballane.
42'
Mål!
3-0
Igjen er det dødball og igjen er det eit kast frå Teniste. Sarr går enkelt opp på første og stangar ballen ned til Utvik som ekspederer den vidare i mål med hovudet.
41'
Landro med ei forferdeleg tversoverpasning slik at Sogndal kjem i overtal. Heldigvis for Landro les Lode pasninga frå Kjemhus slik at Drage ikkje kjem åleine mot keeper.
39'
For motivasjonen til jærbuane får vi jo nemne at Sogndal leia 2-0 også sist kamp og det enda i eit 3-2 tap mot Ranheim.
38'
Endeleg ei avslutning for Bryne på corneren her. Så får vi sjå om dei klarar å lyfte spelet dei siste minutta av omgangen.
37'
Hjørnespark
Dynglenad boksar ut på 16 meter til Dahle som skyt nokre meter over.
37'
Bøglid skyt via Bolseth til corner.
35'
Bryne var friske i starten, men sidan det 10. minutt har vi ikkje registrert ei avslutning verken på eller utafor mål.
32'
Bryne prøver å spele seg ut, men no slit jærbuene. Sogndal pressar dei og Landro spelar ballen ut over sidelinja på eigen banehalvdel.
31'
Hjørnespark
Endar i frispark for Bryne.
31'
Fin sjanse for Sogndal når Drage dreg seg forbi Landro og legg inn til Otoo som avsluttar via Lode til corner.
30'
Bryne kontrar, men Utvik blokkerar skotforsøket frå Skartun.
30'
Bryne klarerar, men Sogndal beheld ballen før Otoo sår ein forferdeleg feilpasning.
29'
Frispark til Sogndal frå 40 meter som Grodås skal svinge inn i feltet.
28'
I motsetnad til Sogndal tek dei kastet kort og det endar tilslutt i ingenting.
28'
Kast til Bryne nede ved hjørneflagget.
26'
Godt slått, men ballen går heilt inn til Dyngland. Der må Bryne være meir hissig på grauten.
26'
Frispark til Bryne. Holmvik skal svinge ballen innover.
25'
Fyrste gule kortet nokon gong i sogndaldrakta dette for Otoo.
24'
Gult kort
Held igjen Bøglid når Bryne kjem på ei kontring.
22'
Hjørnespark
På ny ein god sjanse for Sogndal når ballen går gjennom heile feltet utan at verken Bryne eller heimelaget klarar å nå ballen.
21'
Sogndal har framleis grepet om kampen og truar fram dødball på dødball. Oftast gjennom innkast frå Teniste.
20'
Må være surt for Bryne dette som hadde to feite sjansar i byrjinga.
18'
Gult kort
18'
Mål!
2-0
Ny dødball og nytt mål. Her er Bryne slappe i markeringa og Sarr møter den låge corneren til Drage på kanten av 5-meteren. Styrer ballen i mål og Sogndal leiar med to mål etter to avslutningar på mål.
17'
Hjørnespark
16'
Endar i ingenting.
16'
Nytt innkast frå Teniste.
16'
Viktig scoring der for Sogndal etter at Bryne har vore farlegast i innleiinga.
14'
Mål!
1-0
Langt innkast frå Teniste og etter fleire duellar i boksen er det til slutt Otoo som set ballen i mål.
12'
Hjørnespark
Sarr stangar ballen i stolpen.
12'
Bak målet til Dyngeland der bortesupporterane vanlegvis står er det heilt tomt. Mogleg det er nokon på langsida,m ne det ser vi ikkje frå vår posisjon.
11'
Sogndal mykje med ball ein periode her no. Klarer derimot ikkje å skape noko særleg.
9'
Bryne ligg lågt inne på eigen banehalvdel, men kjører raske overgangar når dei vinn ballen.
8'
Ganske bra fart på starten av denne kampen. Sogndal har ballen mest, men det er Bryne som har skapt dei største sjansane.
7'
Greit å ta med at dette er Dyngeland sin fyrste kamp i år. Han fekk sjansen etter at Hagerup slapp inn 3 mål på ein omgang mot Ranheim.
5'
Ny god sjanse for Bryne når Dyngland klarerar ballen i Skartun, men Sogndal si sisteskanse klarar til slutt å redde.
4'
Endar i ei brynekontring.
4'
Sogndal vinn eit kast heilt nede ved hjørneflagget.
2'
Litt tekniske problem her i starten for vår live, men vi håpar det er registrert at Thomas Drage har komme inn for Petter Strand som må gje seg på oppvarminga.
1'
Stor sjanse for Bryne i starten! Ballen sprett fram og tilbake i feltet før Bøglid avlsuttar i tverrliggaren frå skrått hold.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga inne på bana og vi er straks klart for å fullføre den 18.runden i årets 1.divisjon.
Toppscorar for Sogndal i år er den lokale ungguten Krisitan Fardal Opseth med 9 mål. For Bryne er det og ein sogning som er toppscorar nemleg Oddbjørn Skartun som har netta 8 gonger.
På vår NTB-børs er det Babaca Sarr og Petter Strand som tronar øverst for heimelaget med eit snitt på 5.29. For Bryne må vi ned på 5.00 og der ligg Jon-Helge Tveita og Viljar Vevatne, men sistnemnte er som sagt seld til Brann
Kampen tidlegare i år på Jæren enda 0-2 og for sogningane var det Otoo og Kjemhus som scora. Begge desse startar i dag for heimelaget.
Vi må faktisk tilbake til 2010 for å finne sist møte i Sogndal. Då vart det 2-2. Furebotn og Even Hovland sende Sogndal i leiinga før Bryne kom tilbake ved Aleksander Midtsian og Mats Cato Moldskred.
Statistikken mellom desse laga i Sogndal er ganske jamn. Heimelaget har 7 sigrar, men bortelaget har 6. To av oppgjera har enda uavgjort.
For Bryne er er Paul Addo som skal erstatte Viljar Vevatne på venstrebacken.
Då skal laga være klare og vi ser at Sogndal lar nykommarane kvile på benken i allefall i starten av kampen.
Kampstart er kl. 1900, men ca. 1 time før dette kan vi presentere startoppstillingane og innbytarbenkane. Vel møtt!
Når det gjeld skadar og suspensjonar kan vi nemne frå bryneleiren at Truls Sælevik Vagle er ute med skade, mens viktige Aram Khalili er tilbake. For Sogndal har vi ikkje så mange nyheiter anngåande skadar, men midtstoppar Psyche er i allefall tilbake frå suspensjon.
Bryne har ikkje vore like aktive denne veka, men dessverre for jærbuane har både Viljar Vevatne og Henrik Breimyr folatt klubben til fordel for henholdsvis Brann og Start.
Sogndal har vore svært aktive på overgangsfronten den siste veka. Robin Shroot fann seg ikkje heilt til rette i Sogndal og reiste tilbake til Hødd, mens Thomas Drage og Osita Henry Chikere vart klare for klubben.
Bryne ligg på 8.plass på tabellen og kjempar hardt for å nå play-off. Sist helg tok dei ein viktig 2-0 siger heime mot Kristiansund. Før dette fekk jærbuane eit surt nederlag 3-2 borte mot Sandnes Ulf. Ein siger i dag vil føre Bryne opp på 4.plass på tabellen så dette er heilt klart ein veldig viktig kamp for begge lag.
Sogndal har difor berre spela ein kamp sidan sommarpausen og det var sist mandag mot Ranheim. Som kanskje fleire fekk med seg ramla tabelleiaren fullstendig saman og tapte 3-2 etter å ha leia 2-0 til pause. Faktisk må vi heilt tilbake til 21.juni og 4-0 smadringa av Brann i Bergen for å finne sist sogndalsiger. Sidan dette har sogningane spelt fire kampar utan å vinne. Alikevel tronar dei øverst på tabellen, men no er luka ned berre på tre poeng til Sandnes Ulf og fire poeng til Brann.
Då er det ei gleda å ynskje tilbake igjen til Sogndal og Fosshaugane Campus. Sist gong vi var her var heilt tilbake til 27.juni. Årsaka til dette er at Sogndal har lagt nytt banedekke i sommar. No er det flunka nytt kunstgras og unnskyldningane for ein feilpasning byrjar å verte få. Vi får sjå kl. 1900 i kveld om det nye dekket vil føra nivået på spelet til nye høgder.