TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Bryne slår tilbake! Etter ein dårleg start klarar Bryne til slutt å få med seg eitt poeng. Flataker stod for det første målet før to minutt var spelt. Då såg det lovande ut for heimelaget. Ingimundarson dobla leiinga etter 33 minutt. I andre omgang såg ting annleis ut. Bryne tok meir over. Innbyttar Mneney reduserte på corner, og det var liv i kampen igjen. Like før slutt utlikna Abel Stensrud. Sogndal vil nok vere ekstremt skuffa over å ha kasta vekk tre poeng på denne måten. Den lange turen heim til Bryne blir litt lettare med eitt poeng med seg i bagasjen.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+4'
Frispark
90+4'
Sjølstad blir felt i god posisjon.
90+2'
Spillerbytte
90+1'
Hjørnespark
Stor sjanse for van der Spa som headar utanfor!
90'
Hoven slår eit innlegg rett i hanskane til Spiridonov.
90'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
90'
Frispark
Van der Spa klarerar.
89'
Offside
88'
Mål!
2-2
Så sit utlikninga! Hatlehol slår inn frå høgre. Inni boksen står Stensrud, og stangar inn 2-2. Den var viktig for bortelaget.
87'
Per-Egil Flo får også sine første minutt denne sesongen.
86'
Spillerbytte
86'
Sjølstad har fått seg ein smell i hovudet. Får behandling utanfor bana.
82'
Frispark
82'
Mneney får ballen på halv volley. Han prøver å skyte, og ballen går over målet.
81'
Spiridonov trekker seg når Ørjasæter er på veg gjennom. Likevel klarar han å få til ei redning frå 16 meter.
79'
Bryne pressar Sogndal til å gjere skumle feil no.
79'
Sogndal har skapt veldig lite i andre omgang. Akkurat no ser det vanskeleg ut for dei å punktere kampen.
78'
Frispark
76'
Mål!
2-1
Redusering frå bortelaget! Innbytar Mneney stangar inn ei scoring frå corner. Då er det liv i kampen igjen.
76'
Hjørnespark
76'
Arrocha klarerar ut til corner.
75'
Bryne er meir med i kampen no enn dei var i første omgang.
73'
Hjørnespark
73'
Dybevik avsluttar frå langt hald. Fij reddar.
72'
Bryne speler ballen inn i bokosen, men der finn dei berre Fij som plukkar opp ballen.
69'
Hjørnespark
Går til slutt ut til utspark for Fij.
69'
Flo set inn på to nye spelarar. Andreas van der Spa får sine første minutt denne sesongen etter å ha vore ute med skade.
68'
Spillerbytte
68'
Spillerbytte
67'
Gult kort
66'
Frispark
Ender med frispark utover. Folk trudde eit lite sekund at det var straffepark.
66'
Gult kort
Stoppar Landu Landu på veg framover.
64'
På saltokast nummer tre blir det dømt feilkast på Mneney.
63'
Diaw har vore den farlegaste av spissane til Bryne, men han slit med å kome til gode avslutningar.
61'
Frispark
61'
Mneney har prøvd seg på eit par saltokast, men begge gongene har Sogndal klarert ballen.
60'
Det er bra liv i B-gjengen no til tross for resultatet.
59'
Offside
Får ballen frå Nessø, men står i offside.
59'
Fij plukkar ein gjennombrotspasning meint for Diaw.
57'
Frispark
Spiridonov slår frisparket langt opp i bana.
56'
Frispark
55'
Ørjasæter dreg seg inn i bana frå venstre. Avslutninga hans går utanfor målet.
53'
Frispark
53'
Frispark
50'
Frispark
Hoven klarerar frisparket. Ikkje spesielt godt slått.
49'
Baldvinsson ser at Fij ikkje står på rett plass. Prøver å skru ballen i lengste, men Fij klarar å kome seg på plass.
48'
Hatlehol dreg seg forbi Sjølstad, men klarar ikkje å levere frå seg ballen.
46'
Baldvinsson og Mneney har kome inn for Husebø og Sødal.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Bryne gjer klar to byter før andre omgang.
Sogndal leiar fortjent til pause. Dei fekk ein draumestart då Flataker satt inn det første målet etter at det hadde gått berre litt over eitt minutt. Ingimundarson dobla leiinga ei stund seinare. Bryne hadde periodar der dei var med i kampen, men ikkje overraskande at det er heimelaget som leiar no.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+1'
Sjølstad dreg seg fint framover. Innlegget hans treff Flataker. Headinga hans går rett på keeper.
45'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
45'
Frispark
Frisparket går rett i muren.
45'
Arrocha er for tøff i ein duell med Stensrud. Frispark i god posisjon.
42'
Hjørnespark
Corneren går over alle, og ut til utspark for keeper.
41'
Hjørnespark
Blir ny corner.
40'
Sjølstad blir liggande etter ein duell. Kjem seg fort opp igjen.
39'
Offside
38'
Frispark
Sogndal klarerar frisparket.
38'
Gult kort
Gult kort for å sparke vekk ballen på frispark.
36'
Frispark
33'
Mål!
2-0
Den islandske duoen gjer som i sist kamp! Jonsson speler gjennom Ingimundarson som har gått på løp inn i boksen. Han skyt ballen knallhardt i mål! Ein kopi av målet mot Moss.
32'
Sogndal ropar på straffe når Spiridonov feller Flataker. Dommaren vil la spelet gå vidare. Ingimundarson avsluttar rett i ein Brynespelar rett etterpå.
31'
Bryne kontrar, og kjem til ein halvfarleg sjanse. Diaw avsluttar langt over mål frå venstre.
29'
Hjørnespark
Spiridonov boksar ballen vekk.
28'
Hjørnespark
Norheim bommar på ballen då corneren landar hos han.
27'
Diaw leiter etter ein moglegheit til å avslutte, men det er ikkje mykje rom rundt forsvaret til Sogndal.
26'
Hjørnespark
Spiridonov fangar corneren.
26'
God redning frå Spiridonov frå forsøket til Nessø.
23'
Frispark
22'
Ny sjanse for Bryne. Denne gongen går den også utanfor. Bortelaget er litt meir med i kampen no.
19'
Bryne får ein moglegheit ved eit innlegg, men Rotihaug headar ballen over målet.
15'
Jonsson prøver å spele gjennom Flataker, men Bryne ser kva dei prøver på, og får kontroll.
13'
Hjørnespark
Arrocha får ikkje nok kontakt med ballen. Går ut til innkast.
13'
Enorm redning frå Spiridonov! Flataker sin heading frå fem meter blir utruleg nok redda.
11'
Bryne har fått ein del dødballar i starten av kampen. Dei har ikkje klart å skape noko frå dei.
10'
Frispark
9'
Frispark
Husebø prøver å heade, men ballen kjem litt for høgt.
8'
Hjørnespark
Gueye klarerar corneren.
7'
Frispark
Skrur ballen inn, men Ingimundarson klarerar.
7'
Ørjasæter får ballen i god posisjon, og skrur ballen rett utanfor stolpen.
6'
Det er eit heimelag som har tenkt å kontrollere kampen.
2'
Mål!
1-0
Sogndal tek leiinga med ein gong! Ungguten Flataker set inn ein retur etter at Nessø avsluttar i stolpen. Sogndal gjekk i angrep med mange spelarar, og Bryne klarte ikkje å henge med. Draumestart for Sogndal!
1'
Heimelaget går rett i angrep. Jonsson avsluttar utanfor boksen, men det blir blokkert.
1'
Sogndal sparkar i gong kampen.
Avspark Start 1. omgang
No er Juniorsvingen på veg utpå bana! Det betyr berre ein ting. Det er straks kampstart!
Då er lagoppstillingane klare! Me legg merke til at både Andreas van der Spa og Per-Egil Flo er tilbake på benken for heimelaget. For bortelaget har Sødal og Hatlehol kome inn sidan kampen mot Start.
Skadesituasjonen til heimelaget har ikkje endra seg den siste veka. Skaanes er framleis ute. Det same gjeld også Emanuel Grønner, Anders Nord og Andreas van der Spa. Både Skaanes og van der Spa har vore med på delar av treningane. Tidlegare Sogndalspelar Axel Kryger har fått seg ein smell, men er mest truleg klar til kampen. Både Robert Undheim og Sigurd Grønli er mest truleg ikkje med.
På dei ti siste kampane mellom Sogndal og Bryne, så har faktisk ikkje Bryne vunne ein einaste kamp. Det skal seiast at fem av dei har enda med uavgjort. Sogndla har altså hatt eit lite overtak dei siste åra, men Bryne har klart å krige til seg poeng i ein del av kampane. I fjor vann Sogndal dette oppgjeret på Fosshaugane 2-1 etter at Bryne fekk ei utvising i første omgang. I Bryne enda kampen heile 3-3!
Heimelaget har hatt ein god start på sesongen, og har framleis ikkje fått sitt første tap. Til no har dei fått to sigrar etter å ha spelt uavgjort i første runde. Førre veke var det Moss som vart beseira 1-2 på Melløs. Etter tre kampar står Bryne med fire poeng. Ein siger, ein uavgjort og eitt tap. I runde tre hadde dei besøk av Start, og den kampen enda 3-3.
Hei, og velkomen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Bryne i den fjerde runden i OBOS-ligaen!