TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Det er slutt og Sogndal spelar Tippeliga 2013 etter 2-0 over Brann. Heilt fortjent etter spel og sjansar.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+3'
Hjørnespark
90+2'
Spillerbytte
90+2'
Mane leikar seg med Brann. Rundar fire til fem mann før han legg inn. Der ryddar derimot Wangberg unna.
90+1'
Det er lagt til minumum to minutt.
90'
Mane åleine med Mohus, men set ballen over. Elendig av Mane!
89'
Heimepublikummet svært nøgde med sine elleve og reiser seg for å applaudere.
87'
Spillerbytte
87'
Demir stormar framover, men innlegget er svakt og går bak mål.
86'
God moglegheit igjen for Sogndal. Hopen slår inn, men Flo når ikkje fram.
85'
Valsvik dreg ned Askar, men igjen er dommaren gnien på frisparka.
83'
Mål!
2-0
Sogndal kjem på ei kontring. Mane fører opp og skyt i Wangberg. Returen dunkar Hopen i mål frå 16 meter. No er det nok ingen tvil. Sogndal spelar Tippeliga 2013!
82'
5207 tilskodarar.
82'
Fint hælspark frå Huseklepp og Patronen får såvidt klarert framfor Sævarsson.
81'
Sogndal ligger lågt og Brann for kombinere fint langt inn sogningane sin banehalvdel.
80'
Brann jaktar 1-1 og dei er klart best akkurat no.
80'
Brann jaktar 1-1 og dei er klart best akkurat no.
78'
Spillerbytte
78'
Sogndal prøver å halde ballen i laget og Brann er ikkje så veldig interessert i å presse.
77'
Brann med fine kombiansjonar og Finne avsluttar over.
75'
Brann har tatt meir over og Sogndal ser meir trøtte ut.
75'
Litt tekniske problemar med oppdateringa, men vi satsar på at vi er tilbake no.
74'
Gult kort
74'
Per Egil Flo spelar opp til Mane på kanten. Han dreg seg inn i feltet, men mistar ballen.
70'
Gult kort
70'
Hjørnespark
Sogndal klarerar.
70'
Godt slått frispark frå Barmen, men Patronen stussar ballen ut til corner.
69'
Spillerbytte
69'
Ny rar situasjon. Wanberg dyttar Mane overende, men Berntsen bles ikkje denne gongen heller. Fosshaugane lite nøgd med dommaren no.
66'
Gult kort
Klipper ned Mane osm er på full fart framover.
66'
Santos skal inn for Sogndal.
65'
Eidaren er oppe igjen, men signaliserar byte til benken.
65'
Karadas er skada og Mohus kastar ballen ut. Spørs om det blir byte på Sogndal.
64'
God stemning på Fosshaugane med resultata frå dei andre kampane. Det skal derimot ikkje meir til ein eit mål frå Brann og eit frå Fredrikstad så er Sogndal på kvalikkplass.
63'
Skot frå Furebotn, men rett på Mohus.
62'
Hjørnespark
Ojo stangar ballen ut.
61'
Hopen med eit elendig forsøk! Skyt eit svakt skot i muren.
61'
Sogndal får eit frispark i farleg posisjon.
60'
Brann kombinerar bra og det kunne blitt ein veldig god sjanse, men Huseklepp går i offside.
59'
Hjørnespark
Sogndal klarerar på ny.
58'
Hjørnespark
Sogndal klarerar til ny corner.
58'
Ny enorm sjanse for Sogndal! Mane med ballen ved kortlinja. Slår ut til Ulrik Flo som frå sju meter skyt over.
57'
No er det liv i kampen. Sogndal med nokon gode moglegheitar, men ingen av avslutningane er av høg klasse.
55'
Igjen er Brann farleg frampå. Finne åleine med Udjus, men Per Egil Flo får pressa fram ei dårlig avslutning frå stortalentet.
55'
Aalesund aukar til 2-0 og stemningen stig i Sogndal.
53'
Enorm sjanse til Brann! Fine kombinasjonar på høgrekanten og Barmen skyt frå skrå vinkel. Udjus gjev retur midt ut i feltet, men ingen klarar å komme på ballen og Udjus plukkar den opp igjen.
52'
Brann med eit lite initiativ i kampen. Men Sogndal sitt forsvarar verkar å ha grei kontroll på både Huseklepp, Ojo og Finne.
50'
Stor sjanse for Brann! Huseklepp spelar fri Demir som dunkar ballen inn i feltet. Ingen klarar derimot å styre ballen i mål.
49'
Denne gong skyt Karadas frå 20 meter, men også han slit med å treffe mål.
48'
Hopen med skot frå 35 meter. Godt over.
47'
Sogndal startar friskast i denne omgangen og. Vinn eit innkast høgt oppe i bana.
47'
Karadas jagar eit oppspel, men Mohus er ute og snappar ballen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Akkurat no er Sogndal på trygg plass. Skulle det derimot komme eit mål i nokon av dei andre kampane og eit mål til Brann, kan sogningane være på direkte nedrykk.
Brann startar best i denne kampen, men etter kvart tek Sogndal meir over. Dei siste ti minuttane var det berre eit lag på bana og det er difor fortjent at det er Sogndal som går til pause med ei 1-0 leiing.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Brann kjem med nokon spede forsøk men verken Huseklepp eller Ojo klarer å trenge gjennom eit tett sogndalforsvar.
44'
Hopen kjem runft på kant og slår eit godt innlegg. Wangberg får klarert. Sogndal som styrer alt her no.
42'
Mål!
1-0
Mane kjøyrer karusell med Demir og legg inn. Mohus gjev retur og Flo er framme og pirkar ballen i mål. Fosshaugane til himmels!
42'
Brann stormar framover, men innlegget frå Larsen vert snappa av Udjus.
40'
Stor sjanse for Mane og Sogndal! Innlegg frå Flo og senegalesaren står heilt åleine på sju meter, men nikkar over mål.
39'
Ny offside på Ojo. Svakt av nigerianaren.
39'
Igjen er sogndølene lite nøgde med dommaren. Ballen slår heilt klart i handa til ein brannspelar, men Berntsen bles ikkje. Kunne blitt eit frispark i farleg posisjon for heimelaget.
37'
Brann sine stopparar har hatt god kontroll på Sogndal sine spissar. Det same kan seiast om Valsvik og Patronen. Ojo og Finne har ikkje fått til mykje.
35'
Brann på nokre visittar, men Ojo og Finne går mykje i offside.
34'
Sogndal med fleire innlegg frå kant, men lite presisjon. Denne gong er det Per Egil Flo som slår inn. Det går ut over kortlinja.
33'
Motsett kampforløp no. Sogndal styrer kampen og det er Brann som satsar på kontringar.
31'
Framleis spelar Sogndal mykje langt mot Flo og Karadas. det er derimot Korscmar og Wangberg som har vunne dei fleste duellane.
29'
Kanskje er sogningane inspirert av dei gode resultata frå dei andre stadionane rundt om i landet.
29'
No er Sogndal som er det førande laget og Brann som gjer dei små enkle feilene.
28'
Mane tråklarseg gjennom forsvaret til Brann, men avslutninga er svak og går utafor.
27'
Stor jubel igjen i Sogndal! Rosenborg har tatt føringa mot Hønefoss.
25'
Hjørnespark
Rett i Huseklepp og til kast.
25'
Finne er igjennom og set ballen i mål, men linjemannen er oppe med flagget.
24'
Karadas i harnisk over dommar Berntsen. Kjem seg fri Korcsmar og ungararen riv han ned. Dommaren frå Fart bles derimot ikkje.
22'
Enorm sjanse for Ulrik Flo! Kampen sin største sjanse er eit faktum då Flo jobbar hardt og kjem åleine med Mohus. Stryningen er i litt dårlig balanse og lobben over kepper går til sida for mål.
21'
Brann med mange gode kombinasjonar. Spesielt på venstresida har bergensarane kome gjennom fleire gonger.
20'
Mykje feilpasnigar og svake prestasjonar av begge lag her no.
19'
Sævarsson skjer innover og skyt, men avslutningen er for svak.
18'
No hadde Mane ein god overgang, men senegalesaren mistar ballen på veg framover.
18'
Ein ganske jamn kamp sålangt der Brann har det vesle overtaket.
17'
Brann kontrar og det kunne blitt farlig for heimelaget. Furebotn gjer derimot ein god jobb og bryt den siste avgjerande pasningen frå Finne.
15'
Aalesund i leiinga og dagens største jubel på Fosshaugane. Akkurat no er Sogndal over streken i Tippeligaen.
14'
Godt slått frispark av Mane, men Korscmar er høgast og får klarert.
14'
Meir frustrajon når Flo ikkje får frispark i duell med Korscmar. Duellen såg derimot fair ut.
12'
Frustrasjon på tribunen når Mane upressa spelar ballen ut over sidelinja. Tydeleg at sogndalspelarane er nervøse og veit kva som står på spel.
10'
Hjørnespark
Wangberg kjem høgast, men avsluttar utanfor.
10'
Jamnare i Sogndal no.
9'
Sogndal med lange ballar opp, men fullstendig utan adresse og dei fleste hamnar i fanget til Mohus.
8'
Fyrst vinn Valsik ein duell med Finne og sender ballen opp til Karadas. Korscmar er for tøff med eidaren og Sogndal får frispark.
6'
Flo med innlegg, men ingen når fram. Fyrste gong Sogndal er inne i 16-metaren til Brann.
6'
Sogndalspelarane verkar utrulig nervøse. Slit med motak, pasningar og val. Dette kan verta styrgt om ikkje sogningane skjerpar seg.
5'
Sogndal ligg lågt og og det Brann som trillar ball sålangt.
4'
Udjus med utspark. Rett ut over sidelinja. Sogndal slit innleiingsvis her.
3'
Frispark til Brann. Larsen slår inn men ballen går i den einaste sogndalspelaren i muren, Hopen.
2'
Heilt klart Brann som har starta best. Sogndal slit med å få til noko spel.
1'
Brann trykkjer på innleiingsvis. Kjem rundt på kant og slår inn men Patronen renskar unna.
Avspark Start 1. omgang
Brann tek avspark.
Det regnar godt i Sogndal. Dette vert ein tung batalje for dei 22 som skal avgjera korleis tippeligaen 2012 endar.
Fem minutt til avspark i nedrykksdramaet 2012. Laga på veg inn på bana og tribunane er i ferd med å verta fylt opp i Sogndal.
Sjølv om det ikkje er like mange brannsupporterar som det vanlegvis er på desse vestlandsderbyene, så er det venta nesten fullt på Fosshaugane Campus i dag. Det vil seie opp mot 5000 tilskodarar.
Stor banner med 'Nedrykksfest 2012' møter Sogndal-spelarane i det dei kjem ut på bana til oppvarminga. Brann-fansen er komne til saftbygda for å feire eit eventuelt nedrykk for veslebror på Vestlandet.
Det er mange moglege utfall i nedrykkstriden. I tillegg til Sogndal er Fredrikstad, Sandnes Ulf og Hønefoss innblanda. Eit mål til eitt av desse laga kan snu tabellen på hovudet. For å følgje utviklinga bør alle ha auga sine på den oppdaterte tabellen til venstre.
Det er likevel ein god del bergensarar som har tatt turen. Dei synger 'rykker ned, rykker ned, rykker ned'. Så får ein sjå om det er begensarane som får rett eller om det er sogningane som jublar høgst etter kampslutt
Ein buss med Brann-supporterar vart stoppa av politiet på ferjekaien og sendt tilbake til Bergen tidlegare i dag. Dei kan følgje kampen her.
Brann stiller med fleire store talent i startoppstillinga si i dag. Mohus, Barmen, Haugen , Larsen og Finne er alle eigne produkt. Det same kan ein vel seie om Huseklepp sjølv om han ikkje er nokon unggut lenger. På benken sit Øvretveit, Kalve og Grønner. Det blir spennande å følgje dei lokale unge spelarane frå Bergen i tida framover.
Sogndal har fått tilbake Azar Karadas og han går rett inn på laget. Ut går brasilianaren Ricardo Santos. Henrik Furebotn er og tilbake og tek plass sentralt på midtbana.
For Brann betyr kampen ingenting, men bergensaren vil nok vise for alle kven som er storebror på Vestlandet.
I Sogndal vert denne kampen omtala som 'lagnadskampen'. No skal alt avgjerast om laget frå saftbygda spelar tippeliga eller adeccoliga neste år.
Då vil vi ynskje velkomen til den siste runden i tippeligaen 2012 og vestlandsderbyet mellom Sogndal og Brann.