Referat
Kun høydepunkter
For Brann held marerittet i Sogndal fram. Siste siger var i 2002 og på dei siste 25 åra har det berre vorte to sigrar. Ca. 300 bergensarar reiser slukøyra heim til Bergen.
Sogndal tek tre fortente poeng heime på Fosshaugane Campus. Malick Mane med to scoringar. Det var derimot Azar Karadas som var kampens store spelar. Vinn omtrent alle duellar, eit mål og ien målgjevande lovar god for fortsettelsen til den heimvendte son.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+3'
Heilt fortent at Brann fekk eit mål. Sjølv om dei ikkje har hatt så mange sjansar har dei vore best spelemessig. Også med ti mann.
89'
Azar Karadas kåra til dagens sogning og forlet no Fosshaugane til ståande applaus.
88'
Sogndal klarerar igjen.
88'
Frispark i farlig posisjon for Brann.
87'
Berre 4063 betalande får med seg Sogndal sin beste kamp sålangt iår.
85'
Azar Karadas klarar så vidt å bevege seg ut på her no. Krampe i begge bein.
85'
Sogndal begynner å hale ut tida ved å halde ballen ved hjørneflagget. Det er fem minutt igjen og dei er ein mann meir. Litt feigt spør du meg.
84'
Brann prøver og prøver, men det vert for upresist. Denne gong er det Sokolowski som slår ballen ut over sidelinja.
83'
Sogndal klarerar som vanleg.
82'
Larsen skal slå.
82'
Frispark til Brann på ca. 35 meter.
82'
Sogndal kontrar og Mane skyt to meter utanfor. Der kunne han også spelt ballen.
80'
Sagna skyt 15 meter utanfor.
79'
Gode moglegheitar for Brann. Rullar opp angrep etter angrep, men avslutningane er horrible.
78'
Sogndal med utrulig lite spel sjølv om dei er ein mann meir. Brann styrer banespelet.
77'
På beina igjen no og Dahlin kan setje spelet i gang.
77'
Sagna ligg nede etter at at fekk ein ball i hovudet.
76'
Karadas med krampe. har sprunge mykje mot gamleklubben.
75'
Sokolowski med ei spennande finte. Heilt åleine med ballen snublar han og rullar rundt. Har framleis ballen i beina.
74'
Sogndal med lang ball opp til Karadas. Han stussar til Santos som ikkje får stokka beina.
73'
Feller Badji og lagar frispark er det fyrste Santos gjer. På kanten til kort og.
71'
Bolseth ligg nede.
71'
Sogndal held fram med å presse lågt sjølv om dei er ein mann meir. Det er faktisk Brann som styrer kampen.
69'
Bård Finne skal inn.
68'
Brann har absolutt ikkje gitt seg. Dei har produsert 2-3 store sjansar etter utvisninga.
66'
Store overgangsmoglegheitar for Sogndal no.
65'
Litt tekniske problem her, men vi kan rapportere om at kampen svingar fram og tilbake. Brann har ikkje gitt seg.
63'
Askar slår inn og Patronen klarerar til corner.
63'
Frispark til Brann.
61'
Mykje underhaldning dei siste minuttane på Fosshaugane Campus.
60'
Huseklepp gjennom og det ser ut som han blir hekta. Dommar Johnsen meinar ikkje det. Sogndalspelarane meiner Huseklepp dett lett.
60'
Karadas leikar seg utpå her no. Rundar proffklare Korcsmar og sler inn til flo som har eit skonummer for lite til å sette ballen i mål.
57'
Enorm sjanse for Brann! Per Egil Flo rotar det skikkeig til som sistemann. Mistar ballen til Huseklepp som spelar gjennom Pusic. Han gjer eit dårlig mottak og kjem litt skrått på mål og avslutninga går rett på Dahlin.
57'
Gedigen sjanse for Sogndal. Ulrik Flo vert spelt gjennom, men klarar ikkje å lobbe ballen over Mohus i brannburet. Der burde det stått 3-0 til Sogndal.
56'
Mane skyt, men denne gangen har Mohus kontroll på skotet som går over.
56'
Nytt farlig frispark til Sogndal.
53'
Brann held fram med å spele langt inn på Sogndal sin banehalvdel, men er frykteleg upresise når dei nermar seg mål.
52'
Ellevilt på Fosshaugane Capus for fyrste gong i år. 'Gøy på landet' rungar blant saftkokarane.
49'
Valsvik har lyst til å skyte.
49'
Endar i frispark frå 22 meter.
48'
God overgangsmoglegheit for Sogndal no.
48'
Mane blir klippa ned, men Jihnsen vel å ikkje blåse. Publikum ikkje nøgde.
47'
Huseklepp hoppar over ein pasning med El Fakiri er ikkje heilt med på den.
47'
Larsen går inn sentralt på Brann si midtbane og skal erstatte ein heller svak Nordkvelle.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vi er klar for dei siste 45 minutta på Fosshaugane Campus.
Fortent at Sogndal leiar til pause. Brann veldig tafatte i midtperioden i kampen og det var og då målet til Sogndal kom. No har sogningane senka seg og ligg med lågt press. Brann klarar til tider å spele seg gjennom, men sistepasningen eller kanskje heller siste løpet er for dårlig. Sogndal satsar på kontringar og slik vil nok den andre omgangen utvikle seg og.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Brann heit klart med dei siste ti minutta.
45'
God ball frå Badji til Pusic, men østerrikaren snublar i duell med Patronen.
41'
Mohus må gje til corner.
40'
Mane skal skyte.
40'
Frispark til Sogndal på ca 25. meter.
39'
Huseklepp med glimrande innlegg men nesten ingen brannspelarar i boksen. Svakt av brann sine angriparar.
39'
Sogndal ligg no lågt inne på sin eigen banehalvdel og gjer det vanskelig for Brann.
38'
Brann med meir trøkk no. Klarer å etablere spel inne på Sogndal sin banehalvdel, men ingen store sjansar ut av spelet.
36'
Brann skapar litt då Huesklepp får ballen i feltet. Vender vekk Teniste og legg inn. Dahlin mistar ballen i duellen med Pusic, men får frispark. Verken bergensarane på bana eller på tribuna er einige i det.
34'
Brann veldig tannlause no. Mykje av grunnen til det er at Sogndal stressar dei, men pasningane og løpa er heller ikkje gode nok frå bergensarane.
33'
Enorm sjanse til Sogndal. Ballen vert pumpa inn i feltet Karadas vinn duellen og headar til Ulrik flo som ikkje klarer å sette ballen på mål. Der burde Sogndal gått opp til 2-0.
32'
Nytt frispark til Sogndal. Denne gong frå 40 meter og ballen skal pumpast inn i feltet.
30'
Men det er Mane som som skyt. Over!
30'
Frispark til Sogndal i farlig posisjon. Per Egil Flo står klar.
29'
No skjer det mykje. Sogndal kontrar og Fakiri feller Mane 18 meter frå målet til Brann.
29'
God opprulling av Brann. Innlegg frå Nordkvelle og det er berre såvidt at Flo får klarert.
28'
Ny stor sjanse til Sogndal. Teniste kastar inn. Karadas headar og ballen treff Grønner i det den er på veg mot mål.
28'
Verdt å merke seg er at Sogndal er det laget i Tippeligaen som har hatt flest cornerar i år. No klarte dei og å omsette ein av dei til mål.
23'
Mange tette duellar og frispark i til no. Heilt klart ein kamp begge lag vil vinne.
23'
Grønner missar og Karadas får satt opp Mane. Senegalesaren skyt derimot både over og utanfor målet til Mohus.
21'
Dahlin dunkar ballen ut av stadion. Innkast til Brann.
21'
Litt stillingskrig no. Relativt underhaldande sjølv om vi manglar dei store målsjansane.
19'
Blir frispark til Brann til store protestar frå sogndalspelarane.
18'
Frispark til Sogndal. Skal slås inn i feltet.
17'
Skot frå Nordkvelle to meter utafor målet til Dahlin.
17'
Godt brannspel før corneren. Badji med ein 50-meterspasning av høg internasjonal klasse.
16'
Og kastet blir det heller ikkje noko ut av.
14'
Karadas med eit godt skot, men over målet til Mohus.
13'
Ny god sjanse til Sogndal. Sagna får ballen innanfor 16-meteren, men brukar for lang til og Brann får klarert.
13'
Mane byrjar å få kontroll på El Fakiri i duellen på kanten. For Sogndal er Mane ein viktig mann i det oppbyggande spelet.
11'
God sjanse for Sogndal. Mane spelar til Flo som skyt via Grønner og til corner.
10'
Huseklepp slår inn, men gjennom heile feltet og ut til 5-meter for Sogndal.
9'
Frispark til Brann i god posisjon på venstrekanten.
9'
Mykje langt frå Sogndal til å byrje med. Dårlig adresse gjer at brannforsvaret har ein lett jobb.
8'
Badji blir pepen ut av heimefansen. Ganske utrulig når ein veit at Sogndal innkasserte 8 millonar på salet til Brann og sannsynlegvis redda 2013-budsjettet.
6'
God sjanse for Brann. Haugen spring seg fri og får lagt inn, men der er Teniste framfor Pusic og får klarert.
4'
Holsæter prøver seg, men får ballen for langt forran seg og ut til kast for Brann.
3'
Stort trøkk frå dei tilreisande frå Bergen, men og meir liv i heimepublikummet i dag.
2'
Begge lag byrjar med å presse høgt. Det vert difor lite tid spelarane får med ballen i beina før nokon er oppi dei.
2'
Sogndal og med lange ballar opp mot Karadas.
1'
Lang ball opp frå Korcsmar som går heilt inn til Dahlin.
Avspark Start 1. omgang
Kapteinane Per Egil Flo og Hassn El Fakiri helser på kvarandre og de vert klart at Brann startar med ballen i denne 1.omgangen.
Då er laga på veg inn på bana til vestlandsderbyet 2013 del 1.
Det er forventa opp mot 500 bergensarar på dagens kamp og det er allereie begynna å fylla seg opp bak Jørgen Mohus i brannburet.
Dette er den STORE kampen i Sogndal i år. 20 minutt før kampstart er det kome fleire folk på tribuna enn det har vore på nokon kamp tidlegare i år.
I fjor vann Sogndal tilsvarande oppgjør 2-0 . Verdt å merka seg var at Sogndal måtte vinna denne kampen for å sikre tippeligakontrakten, mens Brann ikkje hadde noko å spele for.
Som forventa får Azar Karadas sin fyrste start i Tippeligaen i år. Så får vi sjå om eidaren klarer å straffe sin tidlegare arbeidsgivar.
Martin Pusic får igjen sjansen på topp for Brann sjølv om østerrikaren endå ikkje har funne nettmaskene i Tippeligaen 2013.
Det er verdt å nemna at Brann ikkje har vunne på kunstgras i Tippeligane på nesten to år. Dei har også berre slått Sogndal to gonger dei siste 25 åra. Det er med andre ord mykje som talar i mot at bergensaranetar med seg tre poeng heim til Bergen i kveld. Svaret får vi om ca to og ein halv time.
Halvtime igjen til vestlandsderbyet. Begge laga er i oppvarming og mykje folk har allereie funne vegen til Fosshaugane Campus.
Vi kjem tilbake ca. ein time før kampstart med lagoppstilling og meir info rundt lag og spelarar.
Fleire spelarar frå begge laga som har spela i begge klubbar. Azar Karadas var helt på stadion i si tida og har vel uttalt at Brann er klubben i hans hjerte. Stephane Badji var ei viktig brikke på Sogndal i fjor og etter ynskje om klubbyte i vinter hamna han i Brann. Vi får sjå kva mottaking dei to får når dei entrar bana kl.1900 i kveld.
I cupen på onsdag gjekk begge laga vidare. Sogndal med eit naudskrik etter at dei trengte straffar for å slå 2.divisjonslaget Træff. Brann kom tilbake etter å ha komme under mot 3.divisjonslaget Øystese og vann til tilslutt komfortabelt 6-1.
For Sogndal er det ikkje meldt om nye skadeproblem. Ørjan Hopen slit med ein strekk og vert ute nokre veker til, mens danske Tony Brochmann spelte for Sogndal 2 på mandag utan å imponera. Det er og venta at Azar Karadas vil gå inn for Ricardo Santos på topp slik han gjorde i cupkampen mot Træff på onsdag.
Dårlige nyhende for Brann føre kampen i dag då ein av deira beste denne sesongen, keeper Piotr Leciejewski, har måtta kasta inn handklede grunna ein dårlig rygg. I tillegg er midtstopparane Markus Jonsson og Simen Wangberg ute med skade. I tillegg til dette vart og Zsolt Korscmar på fredag seld til tyske Greuther Fürth, men denne overgangen vil ikkje skje før 1.juni så ungararen er speleklar til i dag.
Dette er ein kamp mellom to lag som har hatt ein vidt forskjellig åpning av årets Tippeliga. Brann ligg på 4.plass forran denne runden med 4 sigrar og 2 tap. Sogndal ligg på 14.plass og kjem frå eit braknederlag i Stavanger der Viking knuste sogningane 4-1.
Hei og velkomen til live-dekning av den 7.runden i Tippeligaen. På Fosshaugane Campus er det duka for vestlandsderby mellom Sogndal og Brann.