TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Skotstatistikken viser 7-7 og av dei hadde Brann 5 på mål, mens Sogndal hadde 4. Stig Anders Hauge takkar for seg frå Sogndal og ynksjer dykk alle ein fortreffeleg laurdskveld vidare.
Det blei eit antiklimaks i Songdal i kveld. Det hadde vore ei stor opphausing av kampen på førehand og steminga var stor kampen gjennom. Dessverre klarte dei 22 på bana ikkje heilt å leve opp til forventningane. Det vart mange duellar og i ein av dei vart Acosta utvist etter å ha slått til Furebotn. Kanskje vart kampen litt øydelagt her då eit allereie deffansivt brannlag la seg endå lågare. Sogndal hadde ikkje kvaliteten til å spele seg gjennom forsvarsmuren til Brann og sjølv om Azar var god på topp for Brann så blei han ofte åleine. Då endar det 0-0 i Sogndal for andre år på rad.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+3'
Hjørnespark
Over alle og ut til kast.
90+3'
Gult kort
kastar vekk ballen.
90+3'
Hjørnespark
Ny corner.
90+3'
Birkelund skyt via ein brannspelar til corner.
90+1'
Otoo prøver seg, men skotet går over.
90+1'
Sogndal trillar ball.
90+1'
3 minutt tillegg.
90'
Brann slår for det meste unna no.
90'
Furebotn kåra til Sogndals beste til øredøvande pipekosnert frå brannfansen.
90'
Braaten er svært sliten.
89'
Det meste foregår på brann sin halvdel no.
88'
Sogndal prøver og prøver, men klarar ikkje å bryte gjennom Brann sin forsvarsmur.
87'
Azar stangar ut.
86'
Sogndal med frispark som skal svingast inn.
86'
Gult kort
For sein i ei takling.
86'
Sogndal får etterkvart klarert kastet etter fleire duellar i boksen.
85'
Lang ball opp på Azar som har fem kvitkleddde rundt seg. Tar ned ballen og vinn til slutt eit innkast. Sterkt!
83'
5600 betalande i dag. Det er rekord.
83'
Som sagt så styrer Sogndal mykje, men er svært unøyaktige i den sistedelen av bana. Noko av dette har også med Brann si glimrande deffansive organisering.
82'
Sogndal som styer mykje her no, men Brann kjem på nokon gode overgangar.
79'
Opnar seg litt meir opp kampen her no.
78'
Koomson åleine gjennom, men skyt over. Grønner fint inne og pressar han der.
75'
Hjørnespark
Stor sjanse for Sogndal. Knallhard innoversvingar frå Koomson. Psyche stussat og Patronen er ein centimeter frå å stange Sogndal i leiinga.
73'
Ein råsterk Azar riv seg laus frå Psyche og avsluttar knallhardt i nettveggen frå 20 meter.
72'
Otoo går opp, men stussen hans går langt utafor.
72'
Frispark til Sogndal som skal svingast innover.
69'
Hjørnespark
Endar i frispark til Brann.
69'
Sogndal spelar seg fint igjenn, men løp og pasning sitt ikkje i den siste delen. Furebotn spelar ein pasning rett ut over dødlinja.
67'
Hjørnespark
Endar i frispark til Sogndal.
67'
Hjørnespark
Ny corner.
66'
Lite å fortelje om akkurat no. Det skjer veldig lite framfor måla, men det er ein god nerve i kampen.
65'
Ekstremt mange duellar utpå her. Dette passar faktisk Azar Karadas veldig godt.
61'
Gult kort
Feiar ned Heltne Nilsen. Soleklart.
61'
Sogndal kjem rundt på kant, men innlegget går forbi alt og alle.
60'
Dommar Lundby ikkje heilt sikker kva veg han dømmer frispark. Ikkje ein lett kamp å dømme dette.
60'
Ser ut som Brann ligg i ein slag 4-2-3 formasjon.
59'
Gult kort
Ser grei ut den då han er alt for sein i duellen.
59'
No er det berre duellar, etterslengar og krangling her. Bolseth er sein i duell med Heltne Nilsen, men meiner midtbanestrategen overspelar.
57'
Spillerbytte
57'
No skal Ramsland ut.
56'
Er heldig der sogndalspissen dersom han er borti Heltne Nilsen. Umulig for oss å sjå frå vår posisjon.
56'
Gjer ingenting til øredøvande pipekonsert frå dei 6-700 tilreisande.
55'
Ramsland er sein i ei takling og brannspelarane stormar til sommaren. Vi får sjå kva Lundby gjer.
52'
Tek det kort til Heltne Nilsen som skyt rett på Dyngeland.
51'
Karadas vinn eit frispark nede ved dødlinja på høgd med Sogndal sin 16-meter.
51'
Sogndal får ein sjeldan overgang og Sveen skjer inn i bana. Prøver seg på ein stikkar til Ramsland, men giganten Demidov les og avskjer så lett som bare det.
49'
Brann ligg ti meter inn på eigen halvdel og Sogndal trillar ball.
46'
To rutinerte ringrevar inn her.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
0-0 i Sogndal. Brann begynte veldig friskt, men Sogndal kom meir med etterkvart. Ingen av laga har varta opp med nokon underhaldande sambafotball. Her er det duellar og tempo som gjeld. Kampen fekk ei dramatisk vending etter 32 minutt då Ramsland feia ned Nouri. Spelarane storma til situasjonen og i basketaka så gir Acosta Furebotn faktisk ein rett høgre og blir sendt i dusjen. Dessverre ingenting å seie på den for brannfansen og fryktelig unødvending av Acosta. No blir det spananade å sjå kva utvikling vi får resten av kampen. Brann har lege lågt og det er vel liten sjans for at dei kjem høgare i bana no. Sogndal prøvde i starten å spele seg gjennom, men lukkast lite med det. Gjekk over til ein meir direkte stil på slutten og då fekk dei og kampen meir over i sitt spor dog utan å skape dei store sjansane. Vi er straks tilbake med dei site 45 minutta frå Fosshaugane Campus.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Nytt skot frå Birkelund som tek i ein brannspelar, men Piotr let seg ikkje lure og reddar enkelt.
45+1'
To minutt tillegg.
45'
Birkelund prøver seg frå 30 meter. rett på Piotr som glepp ballen, men polakken hadde nok kontroll der.
43'
God stemning, bra tempo og mange duellar. Dessverre lite med det gode spelet og dei store sjansane i kampen no.
41'
Sogndal får klarert.
41'
Frispark til Brann som skal slås inn i boksen.
40'
Koomson klarer for første gong å komme seg skikkelig forbi Kristiansen, men innlegget går i klypene på Piotr.
38'
Så ein god sjanse til Sogndal etter eit innkast. Etterpå viser Braaten styrke på midten når han vender vekk to sogndøler før han nesten spelar gjennom Skaanes. Nesten er eit ord som gjenspelgar kampen akkurat no.
36'
Spillerbytte
35'
Grønner skal inn.
34'
Hjørnespark
Over alle og ut til femmeter.
33'
Har vore ampert heile kampen mellom Sogndal sine spissar og Demidov og Acosta.
32'
Rødt kort
Jepp! Her er det dramatikk. Vanskelig for oss å sjå om det er riktig, men bilda i ettertid viser at det ikkje er ei skalling mein ein rett høgre Acosta gir Furebotn. Då har Lundby ikkje noko val og Acosta må i dusjen.
32'
Gult kort
Får kortet for å hoppe inn i Mouri. heilt korrekt og det som fyrte opp situasjonen.
31'
Dramatikk på Fosshaugane! Ramsland spring rett ned Nouri og det blir eit soleklart raudt kort. Så er det ein brannspelar som sender Furebotn i bakken. Er det skalling?
30'
Heilt klart at Sogndal har endra spelestil. Meir langt og meir kontante no enn i starten. Komme meir med i kampen og no sogndølene.
27'
Hjørnespark
Kjemhus avsluttar frå 16 meter, men det blir ein sleiv utafor.
27'
Endar i eit nytt kast som Teniste skal slenge inn i boksen.
26'
Sogndal vinn eit innkast på høgd med Brann sin 16-meter.
24'
Veldig forskjell på laga sin spelestil her. Sogndal pressar høgt og Brann lågt. Sogndal prøver å spele seg gjennom, mens Brann satsar på brudd og lange ballar opp mot sterke Orlov.
21'
Sogndal prøver å spele seg ut, men slit veldig med å komme gjennom eit kompakt brannlag. Får veldig ofte brudd eller nestenbrudd imot.
19'
Mykje krangling mellom Sogndal sine spissar og Brann sine forsvararar.
18'
Mange tette duellar så langt og det er Brann som har gått vinnande ut av dei fleste. Skaanes og Braaten har begynte bra i indreløparrollane sine.
15'
Frispark til Brann som blir heada rett på Dyngeland.
13'
Enorm sjanse til Sogndal eytter eit innkast frå Teniste. Etter duellane i boksen dett ballen ned hjå Koomson. Avslutninga han er laus, men Piotr må gje retur. Ballen blir liggande laus på tre meter, men Acosta får klarert framfor Sveen.
12'
Mange frispark her no. Får håpe dommar Lundby tålet litt duellar og ikkje bles i hel denne kampen.
12'
Brann klart best i gang her på Fosshaugane. Vinn dei fleste duellane og har fått det offansive spelet til å sitte.
11'
Vega skyt rett på Dyngeland.
10'
Vega blir flet av Raitala på kanten like utafor 16-meteren. Dommaren lar det går, men assisten vinkar. Såg tvilsam ut den.
9'
Psyche sklir og Orlov kan spele gjennom Skaanes. Han blir pressa av Patronen slik at avslutninga vert for svak.
8'
Faktisk ein god del ledige setar på familietribuna så fleire som ikkje har brukt sesongkortet sitt i dag.
6'
Mykje duellar i innleiinga og det er for det meste Brann som har vunne desse.
3'
Hjørnespark
Stor sjanse for Brann både på corneren og etterpå. Først er Acosta supersterk og vinn duellen med Dyngeland, men Psyche får redda på streken. Så står plutselig Orlov heilt åleine med ballen i beina, men denne gongen er det Patronen som reddar Sogndal.
3'
Koomson svingar inn og Piotr boksar unna.
2'
Frispark til Sogndal like utafor 16-meteren, men nesten nede ved dødlinja.
1'
Sogndal trillar ball på eigen halvdel. Brann ligg lågt og set inn presset rundt midtstreken.
1'
Etter Stao no pao føl brannfansen opp med Nystemten. God stemning.
Avspark Start 1. omgang
Brann med avspark.
Det er kjølig og haustmørke byrjar å sige på. Det er flaumlys. Det er fulle tribunar. Det er 10 minutt til kampstart i årets Vestlandsderby. Dette vert ei oppleving som ein ikkje har hatt på lenge i Sogndal. No er det berre for dei 22 som straks skal inn på bana å fullbyrde festen.
Publikum strøymer til stadion og det er allereie god stemning bak dei to måla. Etter fleire år med mandagskampar og seine søndagskampar som har hindra publikum i å ta turen, har endelig NFF gjeve Vestlandsderbyet ei flott ramme med laurdagskamp kl 1800. Det får dei no full utteling for med eit utseld Fosshaugane Campus.
Ekstremt mange bånd mellom desse to laga. Lars Arne Nilsen har to sesongar bak seg som spelar i Sogndal og Eirik Bakke har fire år i den raude drakta. I Sogndal sin tropp har Eirik Birkelund fleire år bak seg i branndrakta mens Dyngeland, Moberg, Kjemhus og Hagerup alle er frå bergensområdet. Brann sin eminente sisteskanse Leciejewski var ein bauta bak for Sgondal i opprykksesongen 2010 før han gjekk til storebror i Bergen, mens Azar Karadas har spelt for Sogndal i to periodar før han i 2014 gjekk tilbake igjen til Brann. Ein kan og opp gjennom åra nemne i fleng spelarar som har spelt for begge klubbar som til dømes Tore Andre Flo, Mons Ivar Mjelde og Atle Torvanger.
Patronen, Birkelund og Raitala står med 2 gule og må passe seg med tanke på karantene i neste runde. For Brann står Vega med 4 gule og må være forsiktig. I tillegg har Johansen og Karadas som sitt på benken 2 gule og. Veldig interessant også at Sogndal berre står med 23 gule på 24 kampar, mens Brann står med heile 46.
Som sagt har Sogndal eit svært godt tak på Brann på heimebane. Ditto har Brann svært godt tak på Sogndal i Bergen. Der står Brann med 13 sigrar og Sogndal berre 2. I fjor var eit lite unntak frå dette då Sogndal knuste Brann 4-0 i Bergen og Brann var nærast i sigeren i 0-0 batalja på Fosshaugane Campus. I det motsatte møte i år var vi tilbake til normalen då Brann kontrolert vann 2-0 i Bergen.
Mykje historie å gripe tak i mellom desse laga. Sidan 1988 har dei møttes 16 gonger i Sogndal. Heimelaget har vunne heile 11 av desse oppgjera. 3 har enda uavgjort og berre 2 brannsigrar har det vorte. Sist bergensarane tok med seg 3 poeng var i 2002 då dei vann 3-2. Ein av målscorarane frå den kampen for 14 år sida, Rune Bolseth, sitt faktisk på benken for Sogndal i dag.
Då er laga ute. Vi tel ned! Det er ein time igjen til Vestlandsderbyet framfor smekk fulle tribunar på Fosshaugane Campus!
Alle billettane til dagens kamp er seld. I ei tid der pessimistane snakkar om dårlig kvalitet og lite publikumsinteresse i Tippeligaen er det ei ære å få ynskje velkomen til eit utseld Fosshaugane Campus for fyrste gong i historia. Vi kjem tilbake med lagoppstillingane og stemningsrapport ein time før kampstart. Vel møtt til årets Vestlandsderby frå Fosshaugane Campus!
Sogndal har Utvik og Fardal Opseth ute med skade. Elles er det forventa at Eirik Bakke stiller med same lag som slo Lillestrøm sist helg.
Brann må klare seg utan Haugen og toppscorar Barmen som er suspendert, mens Acosta og Bråten er tilbake frå suspensjon. Både Horwath og Leciejewski har slitt med skadar, men begge er med i kamptroppen til Brann.
Brann derimot har fleire meritter å slå i bordet med, men sjølv om ein ikkje har sjanse til å vinne årets Tippeliga så må dette kallast ein jubelsesong for bergensarane. Etter nedrykk for to år sidan og krisestemning ein sjølv i Bergen ikkje hadde sett maken til, kom trollmannen Lars Arne Nilsen til roret og sidan då har bergensarane ikkje sett seg tilbake og kjempar no ein knallhard kamp for å bli Noregs nest beste lag etter suverene RBK. Med siger i dag vil dei ha heile 5 poeng forsprang før Odd spelar sin kamp i morgon. Ein fantastisk innsats av det nyopprykka laget, men bergensarane har ikkje akkurat vist så stor entusiasme for dette i årets sesong. I dag derimot er det venta over 500 tilreisande frå Vestlandets hovudstad.
Det er haust og epleplukking i saftbygda, men Sogndal er ein sjeldan gong på lenge verken innvolvert i opprykks- eller nedrykkskamp. Faktisk så kan Sogndal med siger i dag berre være 3 poeng bak Haugesund og ein mogleg europacup-plass. Med andre ord kan dette bli ein særs god sesong for Sogndal og med ei god avslutning vil ein kanskje kunne setje ny bestenotering i den norske toppdivisjonen. I 1988 vart sogningane nr.6, men då var det berre 12 lag på øvste nivå.
Hei og velkomne til den 26.sereirunden i årets Tippeliga og vestlandsderbyet mellom Sogndal og Brann.