TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Vi takkar for oss frå Fosshaugane Campus. No kan de fylgje Liverpool-Bournemouth her i liveportalen. Ha ein fin kveld!
Sogndal er nok mest nøgd med dette resultatet då dei no har ei luke på 5 poeng til Sandnes Ulf og 7 til Kristiansund og Brann. Bergensaren spelar sin sjuande kamp utan tap, men det byrjar å bli litt for mange uavgjorte. I dag passerte Kristiansund dei slik at det no er 4.plass for laget frå Bergen.
Då var det over. Det siste minuttet var det mest spennande i 2.omgang. Sogndal med to store sjansar her på slutten, men 0-0 er nok eit ganske rettferig resultat. Avslutningane våre viser 7-6 i heimelaget sin favør. Av desse gjekk faktisk heile 6 av Sogndal sine på mål, mens Brann hadde 3.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+4'
Brasse frå Otoo rett på Leciejewski.
90+4'
Frispark Sogndal på midten. Blir det siste som skjer.
90+3'
I stopen frå Otoo! Teniste kastar langt og ballen sprett inne i 5-meteren. Otoo får ein touch, men ballen går i stolpen. Sogndal utrulig nære her på slutten.
90+2'
Teniste skal kaste langt for Sogndal.
90+2'
Det skjer svært lite framfor måla, men stemning er nervøs både i sogndal- og brannleiren.
90+1'
Tre minutt tillegg.
90'
Skålevik avsluttar frå 16 meter. Over.
89'
Godt slått av Opseth, men ingen går etter ballen og den landar i armane på Piotr.
89'
Nytt frispark til Sogndal. Denne gong litt lenger inn i bana og på ca. 30 meter.
87'
Spillerbytte
86'
Frispark til Sogndal ute på kanten. Igjen av den billige sorten. Men det skal seiast at Hagen har vore relativt konsekvent.
84'
Spillerbytte
83'
Scorar Sogndal har dei 9 poeng ned til 3.plass. Scorar Brann ligg dei likt med Sandens Ulf på 3.plass.
83'
5287 tilskodarar.
82'
Eit mål no vil bety ekstremt mykje for det laget som klarar å få hol på byllen.
82'
Slått mot Psyche på bakerste som headar på mål, men Piotr held sikkert.
81'
Frispark til Sogndal på litt over 20 meter. Acosta for tøff mot Opseth, men igjen kan det diskuterast.
80'
Omgangens første avslutning. Demidov på bakerste, men det blir litt for skrått. Dyngeland må dog gje retur, men det blir etterkvart dømd frispark til Sogndal.
79'
Spillerbytte
79'
No har Brann sjansen! Frispark på kanten av 16-meteren. Tvilsamt frispark, men kan nok forsvarast.
79'
'Kom igjen da Sivert' ropar trenar og pappa Nilsen.
78'
Begge laga har særs lite å by på offansivt no. Får vi mål så blir det nok på ein tilfeldigheit.
76'
Piotr slår ballen vekk.
76'
Frispark til Sogndal på kanten ca. 35 meter frå mål.
75'
Spillerbytte
74'
Haltar ut. Ser ut som Skaasheim skal inn.
74'
Grodås nede no. Spørs om han må byte.
74'
Lite som skjer her no. Vi har endå ikkje notert nokon avlsutningar i 2.omgang.
72'
Kast frå Teniste som Piotr er ute og snappar.
71'
Spillerbytte
70'
Skålevik i duell med Teniste i feltet som er sistemann. Stjel ballen, men Hagen meiner Brann sin nye spiss er i ryggen på Teniste og bles frispark.
67'
Men kom seg mirakuløst opp igjen. I fylgje reprisen så trengte ikkje brannforsvararen ha mykje vondt heller.
66'
Acosta nede. Held seg til hovudet.
66'
Der gjekk sola ned. Piotr kan pusta letta ut.
65'
Sarr stangar ut.
65'
Frispark til Brann på kanten. Skla slås inn i feltet.
64'
Kampen står heilt og vippar no. Sogndal har kanskje ballen mest, men Brann byggjer og opp nokre gode angrep innimellom. Vi har derimot igjen ingen avslutnignar så langt i denne omgangen
61'
Spillerbytte
Nei det var byte. Nyervervelsen Rennie inn.
61'
Karadas nektar å forlate bana når Hagen seier han må ut å stelle litt på bandasjen rundt hovudet.
60'
Karadas klarerar.
60'
Innkast for Sogndal. Teniste skal kaste langt.
59'
Litt meir trøkk på tribuna og no når kampen kvesser til.
59'
Mykje prat om dommaren her no, men så langt i denne omgangen har det vore mange særs thigte situasjonar. Ikkje lett å dømme denne kampen.
58'
Gult kort
58'
Fleire spelarar i heftig krangel etterpå. Karadas og Bolseth i sentrum av det.
57'
Like før vart og Skaanes hekta i boksen, men Hagen bles ikkje. Vanskelig å vite kva som er frispark og ikkje her no.
56'
Chikere blir heldt igjen av Demidov som bakerste mann, men Hagen dømmer frispark andre vegen. Spørs om spissen begynte å holde. Igjen ein særs interessant situasjon.
55'
Igjen ein rar situasjon der Opseth såvidt er borti Nouri. Hagen dømmer frispark. Bles veldig lett frispark i dag dommaren, men det er relativt jamnt på begge laga.
52'
Hagen dømmer frispark til Sogndal sjølv om assistenten som står to meter unna ikkje vinkar. Kanskje ikkje rett den Hagen.
52'
Brann beheld ballen i laget, men klarar ikkje å skape noko.
50'
Haugen frampå med ein stikkar til Karadas, men Patronen klarerar til kast.
49'
Drage prøver å komme seg forbi Acosta, men der er brannforsvararen solid og skjermar ballen ut til 5-meter.
49'
Veldig låg kveldsol for Piotr no. Går ned om 10 minutt.
48'
Opseth skyt i muren.
47'
Ser ut som Opseth vil prøve igjen.
47'
Frispark til Sogndal på 25 meter.
46'
Ingen byter på nokon av laga.
46'
Brann med avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Og for dei som er lei mykje floprat så kan de no tak dykk ein kaffi og slappe av. Vi er tilbake om ca. 10 minutt med den andre omgangen her i frå Fosshaugane Campus.
Og for dei som trudde det var slutt på Flo'ane i Sogndal så blir no son til Håvard, Fredrik Flo presentert som ny sogndalspelar. Han signerte denne veka proffkontrakt med Sogndal.
Vi ventar spent på andre omgang her frå Fosshaugane Campus. No blir Ulrik Flo takka av frå sportsjef Håvard Flo. Ulrik Flo går no til Odd etter nesten 10 år i Sogndal. Ståande applaus frå Fosshaugane Campus.
3-4 i avslutningar seier kanskje ikkje så mykje om kampen fordi det har vore intenst og begge laga har trøkt på framover. Derimot har det og vore to solide forsvar som har hindra fleire avslutningar.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Endar i offside på Chikere.
45+2'
Teniste skal kaste langt.
45+2'
I muren og til kast frå Opseth.
45+1'
Drage og Opseth står klar.
45+1'
Frispark til Sogndal på 20 meter.
45+1'
To minutt tillegg.
45+1'
Nytt fint gjennomspel til Skaanes, men ungguten er igjen i offside.
45'
Innkast frå Teniste som Sarr stig til værs og headar på. Ny god redning av Leciejewski.
44'
Barmen er oppe igjen.
43'
Barmen ligg nede etter ein duell i feltet.
42'
Hjørnespark
Ballen gjennom heile feltet. Der hadde ikkje Brann kontroll.
41'
Heilt klart Sogndal som har tatt over her dei siste ti minuttane. Brann ser no meir ut som dei vil satse på overgangar og ligg svært lågt.
39'
Nouri stormar fram og legg inn. Karadas svevar, men ballen går over han.
38'
Sogndal har tatt over meir her no.
38'
Hjørnespark
Klarert.
38'
Ein ball blir lempa inn i feltet og Psyche dett i ein duell, men får ikkje straffe. Var nok rett av Hagen det.
36'
Gult kort
Hindrar ei kontring.
36'
Dommar hagen særs upopulær her no.
36'
Gult kort
Protestar etter frispark.
35'
Karadas stangar unna.
34'
Grodås skal slå.
34'
Frispark til Sogndal på 30 meter.
34'
Nytt innlegg like etter corneren og igjen er det ei redning i verdensklasse av Piotr. Opseth stussar, men polakken er som ein tiger nede i hjønet og reddar.
32'
Hjørnespark
Svakt på første stolpe og Barmen klarerar.
32'
Innkast for Brann som endar i at Heltne Nilsen skyt utafor.
30'
Hjørnespark
Stangast ut av Sogndal
30'
Endar i corner.
30'
Frisaprk i fin posisjon for Brann.
30'
Skålevik i bakken og får frispark. Det er fullstendig feil Hagen. Svak dømming av tippeligadommaren.
29'
Hjørnespark
Endar i 5-meter for Brann.
29'
Innlegg frå Drage til Chikere som heng i lufta og stangar ballen ned i hjørnet. Der er Leciejewsji og reddar meisterleg.
28'
No svingar det her.
28'
Så kjem Brann på ei kontring og Skålevik får til eit skot, men det blir for laust.
28'
Chikere i bakken, men det var nok ikkje straffe.
27'
Sogndal med eit lite trykk på Brann her.
26'
Sogndal sitt beste angrep då Opseth får lagt inn til Chikere, men igjen er Leciejewski ute og snappar. Solid kamp sålangt av Brann sin sisteskanse.
25'
Brann heilt klart det førande laget her. Minnar mykje om det forrige møtest i Bergen dette, men då med Brann som det førande laget og ikkje Sogndal.
24'
Glimrande slått av Kristensen til Karadas som stangar til frå fem meter. Dyngeland reddar meisterleg og held ballen. Litt krangling etterpå då nokre brannspelarar dyttar til Sogndal sin sisteskanse.
23'
Frisaprk til Brann på 35 meter etter at Barmen blir tatt. Skal svingast innover av Kristiansen.
22'
Dei to supportergjengane samarbeidar no om å synge 'Fotball skal spelast i helga'.
21'
Barmen gjennom, men blir avvinka for offside.
20'
Brann held fram trykket, men Karadas blir godt pakka inn i feltet av Patronen og Psyche.
18'
Heltne Nilsen med dagens første avslutning. Utafor.
18'
Ingen skot på mål i kampen så langt.
17'
Nytt innlegg frå Sogndal, men igjen er polakken ute og snappar ballen.
17'
Langt frispark frå Sogndal som Sarr stussar inn i feltet, men der er Leceijewski ute og held.
16'
Kristensen dreg seg inn i feltet og fell i bakken i duell med Bolseth. Hagen dømmer 5-meter. Det var nok riktig.
15'
Karadas med eit skotforsøk, men Psyche blokkerar.
15'
Og der er Sarr klar og.
15'
Karadas ute på bana. Brann sitt legeteam syr raskare enn Sogndal sitt.
14'
Så prøver Nouri ein stikkar i bakrommet, men ballen ut til 5-meter.
14'
Bran har holdt på ballen i over eit minutt no. Men blir mest trilling fram og tilbake.
13'
Brann klart mest med ballen her i starten.
12'
Skålevik på topp no for Brann. Ser frisk og fin ut denne nyervervelsen.
11'
Fint spel av Brann, men avslutninga frå Haugen går til kast.
11'
Lang ball frå Sogndal, men Barmen vinn enkelt i lufta mot Chikere.
9'
Brann ser gifitgast her ut i starten. Har komme fint rundt på kant fleire gongar, men har ikkje vore giftige nok i boksen.
9'
Godt innlegg frå Nouri, men ballen går gjennom heile feltet.
8'
Karadas er også ute så begge laga spelar no 10 mot 10.
7'
Kastar kort til Haugen, men han mistar ballen.
7'
Brann vinn innkast høgt i bana.
7'
Sogndal med ti mann då Sarr blør frå hivudet og må ut og sy.
6'
Det same er og Sarr no.
6'
Karadas har og fått seg ein støyt, men han er på beina igjen.
5'
Sarr ligg nede eit ein duell i Brann sin 5-meter.
5'
Psyche med styggt tilbakespel, men Dyngland får måka ballen vekk.
4'
Ingen buing på Karadas frå heimepublikumet. Verkar som eidaren er tilgitt for sin overgang til erkerivalen.
3'
Innlegg frå Skålevik som Dyngeland fangar framfor Karadas.
3'
Lang ball frå Brann som går ut til 5-meter for Dyngeland som har sola i ansiktet i denne omgangen.
2'
Polakken med fortid i Sogndal er ikkje så veldig populær i sognebygda etter overgangen til rivalen.
2'
Litt buing på Leceijewski her i starten.
1'
Opseth med innlegg, men Acosta klarerar.
1'
Sogndal med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga på veg inn på bana og vi er straks klare for vestlandsderby og toppoppgjer i 1.divisjon frå Fosshuagane Campus.
Babacar Sarr er ifylgje vår børs Sogndal sine beste spelar i år med eit snitt på 5.37. For Brann må vi langt ned på lista før vi finn Kristoffer Larsen på 4.95.
Bra med tilreisande på bortetribuna, men ikkje i nærleiken av korleis det var i glansdagane når desse klubbane møttest. Men i gamle dagar vart jo og slike festkveldar lagt til helgene og ikkje mandagar. Tunellar i fyr og flammer samt tronge fjellovergangar gjer nok og at fleire bergensarar vel å fylgje denne kampen frå godstolen enn å ta vegen til Sogn.
Som ei oppladning til denne kampen møttes i går klubbane sine gutelag til 1.runde i NM for G16. Etter ein mållaus 1.omgang sette branngutane i nådestøtet og gav seg ikkje før det stod 0-4 på resutlattavla. Kanskje ein motivasjonsfaktor for dei elleve seniorane til Brann som skal ut og fighte i kveld.
Men eit håp for Brann kan være at statistikken på Brann stadion viste 13 sigrar til Brann, 4 uavgjort og berre 1 siger for Sogndal før sogningane tok ein overlegen 4-0 siger i juni. Kan dette være omvendtsesongen der vestlandslaga gjer bortebanen til sin? Vi får sjå. Om vel 20 minutt har vi dei fyrste indikasjonane på korleis dette oppgjeret vil utarte seg.
Litt statistikk. Dei 18 siste kampane mellom desse laga har enda i 13 heimesigrar, 2 uavgjort og 3 bortesigrar. Med andre ord er Sogndal store favorittar om ein legg statistikken til grunne.
Toppscorar for Sogndal i år er Kristian Fardal Opseth med 9 mål. For Brann har Kristoffer Larsen 6 mål, men han er skada og ute i dag. Av dei som spelar har Huseklepp 5 mål, men Steffen Skålevik har 11 mål for Nest-Sotra.
Godt med folk allereie på Campus. Blir nok publikumsrekord i dag. Ein ventar opp mot 5000, men hadde kampen blitt spelt i helga hadde det nok vore smekkfullt.
Leciejewski, Karadas og Udjus har tidlegare vore sentrale brikker på Sogndal. På motsett side finn vi bergensarane Dyngeland, Strand, Hagerup og Kjemhus. Tek vi med vossingen Brekkhus så tel vi fem hordalendingar mot berre fire frå Sogn og Fjordane i Sogndal sin tropp i dag. På Brann finn vi heile 8 hordalendingar dersom vi reknar sotrafødde Heltne Nilsen som ein av dei.
Brann stiller i 4-3-3 der Demidov, Barmen, Haugen og Karadas er tilbake siden kampen mot Åsane. I tillegg går nyervervelsen Skålevik rett inn på laget.
Då har vi fått lagene klare og vi ser at Sogndal stiller i sin kjente 4-4-2 der Chikere får sin debut frå start på topp. Strand og Patronen er også tilbake for heimelaget.
Rundt kl 1800 er vi då tilbake med alt om kven som startar og litt statistikk samt anna interessant og uinteressant info rundt dette oppgjøret. Vel møtt!
Vi har framleis ikkje fått noko meir info om Sogndal sin tropp, men det som er sikkert er at Ulrik Flo er seld til Odd og difor uaktuell til dagens kamp.
Utanom trenar Bakke har Sogndal ingen suspensjonar, men det tvilsamt om Ulrik Flo spelar då han skal være nær ein overgang til Odd. I tillegg håpar nok sogningane på at Petter Strand og Hannu Patronen er tilbake frå skade. Vi kjem tilbake når vi veit meir om troppen til Sogndal.
Ellers har Brann signert både Steffen Lie Skålevik og Amadaiya Rennie denne veka og begge går inn i troppen til dagens kamp. I tillegg er Barmen, Haugen og Demidov tilbake frå karantene. I fylgje brann.no kjem bergensarane til Sogndal med denne troppen: 12 Kenneth Udjus, Piotr Leciejewski, Erlend Hanstveit, Eirik Birkelund, Vadim Demidov, Fredrik Haugen, Kasper Skaanes, Steffen Lie Skålevik, Alejandro Castro, Erik Huseklepp, Bismar Acosta, Viljar Vevatne, Azar Karadas, Ruben Kristiansen, Sivert Heltne Nilsen, Amadaiya Rennie, Kristoffer Barmen, Amin Nouri
Begge laga var innvolvert i dramatiske kampar i midtveka. Brann klarte berre 2-2 heime mot bydelsklubben Åsane og tillegg vart Grønner utvist og må difor stå over i dag. Sogndal trudde dei hadde fiksa biffen då Sarr krangla inn leiinga seint i kampen mot Fredrikstad, men eit tvilsamt straffespark gjorde at sogningane berre fekk uavgjort samt at trenar Bakke vart utvist for reskajonane sine mot straffa. Bakka sonar i dag og må følje kampen frå tribuna.
Sidan den gong har Brann ikkje tapt ein kamp og står med 3 sigrar og 3 uavgjorte på dei siste 6 kampane. Sogndal derimot har opplevd ein klar formsvikt og står med 1-4-1 sidan den tid.
Brann har nok store ambisjonar om å hevne kanskje ein av syne største ydmykelsar nokon sinne i kveld. Vi tenkjer sjølvsagt på kampen mellom desse to laga på Brann Stadion for litt under to månader sidan, der Sogndal vann 4-0.
I tillegg til denne kampen så møtes også Kristiansund og Sandnes Ulf i dag. Dei ligg henholdsvis som nr. 6 og nr. 2 på tabellen så klokka 9 i kveld vil vi ha danna oss eit klarare bilete på korleis kampen om opprykk vil sjå ut resten av sesongen.
Ikkje berre er dette ein naboduell der heider og ære står på spel, men kampen er og særs viktig i forhold til toppkampen i 1.divisjon. Med siger vil Sogndal være 10 poeng føre Brann med 10 kampar igjen å spele. Mens dei som er gode i hovudrekning finn vel fort ut at med brannsiger så vil avstanden være 4 poeng. Men andre ord ein skikkelig sekspoengar dette.
Hei og velkomne til livedekninga av den 20.sereirunden i 1.divisjon og vestlandsderbyet mellom Sogndal og Brann.