Referat
Kun høydepunkter
Då gjenstår det berre å takka for seg her frå Fosshaugane Campus etter ein fantastisk fotballkamp. Oppmodar alle om å gå på Eliteseriekampar i morgon. Lag ei ramme rundt kampen som her i Sogndal i dag. Då vert fotball gøy! Og dersom du ikkje kan komma deg på kamp så følg den her i vår liveportal. Gøy det og!
Alt i alt må det nok seiast at dette var fortent då Brann styrte kampen, men sjølvsagt surt for Sogndal som leia 2-0 og følte dei hadde grei kontroll. Avslutningsstatikken viser 7-14 og av desse hadde Brann sju på mål og Sogndal fire.
For ein andreomgang vi fekk her i Sogndal. Då heimelaget tok leiinga 2-0 ved Steiring trudde nok mange sogningar at ein igjen skulle tukte Brann på eige gras, men målet rett etterpå var nok utrulig viktig for Brann då dei fekk ny giv. Etter detta pumpa Brann ballen inn i feltet og det var til slutt på ein corner at Orry Larsen fekk stanga inn utligninga. Berre to minutt seinare klinka Haugen til frå 25 meter og dermed hadde Brann snudd kampen.
Kamp slutt Slutt (2-3)
90+4'
Lang ball opp som Piotr snappar. Eitt minutt igjen!
90+3'
Sogndal med ball.
90+3'
Sogndal slår langt opp, men Acosta har grei kontroll på Næss Lund i lufta.
90+2'
Lang ball opp mot Næss Lund som stussar, men Piotr er ute framfor Ramsland og snappar.
90+1'
Fire minutt tillegg.
90+1'
Går mot cornerflagget no Brann.
90'
Sist gong Brann vann i Sogndal vart det også 3-2.
90'
Ser ikkje akkurat ut som Sogndal skal klare å skape noko på slutten.
88'
Næss Lund er flytta opp. No er det Sogndal som slår langt og inn i boksen.
87'
Kan Sogndal slå tilbake no mot slutten?
87'
For ein kamp vi har fått i Sogndal!
86'
Kontring frå Brann og SKålevik får stå pleine på 13 meter, men skyt rett på Dyngeland.
86'
Då blei det liv i den eine kortsida, mens resten av haugadn stilna.
84'
5600 tilskodarar i dag, men er nokon tomme setar så ein del sesongkort har nok ikkje møtt opp.
80'
Så tittar ei låg kveldssol fram igjen. Vil dette påverke Dyngeland.
80'
Kampmønsteret no er at Brann spelar rundt i 10-20 sekund før dei dunkar ballen opp og inn i Sogndal sin sekstenmeter.
79'
Possesion har nok vore 70-30 i Brann sin favør denne kampen.
78'
Azar vinn halvparten av duellane og lagar frispark i den andre halvparten.
77'
Pipekonsert nmot Orry Larsen som omtrent var klar til å signere for Sogndal i vinter før han veldig raskt kasta seg på ekspressbåten til Bergen.
75'
Furebotn smell inn i Braaten med strake bein, men er på ball. Hissig fyrste innvolvering av Furebotn.
73'
Barmen haltar og det blir signalisert byte.
70'
Azar vinn på ny og Skålevik går på stussen. Er først på ballen i duell mot Dyngeland, men Teniste reddar på strek. Er også dømt frispark.
69'
Andreomgangen har vore sit langt fyrverki. Ikkje den finaste fotballen, men vi har fått mål og sjansar. Det likar vi.
68'
Lang ball inn i Sogndal sitt feltet. Azar vinn duellen og headar til Haugen som avsluttar på volley i oversida av tverra. Brann nermar seg.
64'
No er det vestlandsderby slik som vi vil ha det!
61'
Brann ropar på straffe etter holding i feltet. Vi såg ingenting frå vår posisjon.
59'
Så er Sogndal frampå. Innlegg frå Ramsland til Birkelund som åleine på sju meter headar rett på Piotr.
58'
Kjempefeil i Sogndalforsvaret og Orlov får ballen. Er pressa av Fredriksen, men får til ei avslutning som Dygeland slår til corner.
57'
Azar skal inn.
57'
Brann soleklart best her no. Sogndal slår mykje langt og mistar ballen fort.
54'
Brann styrer det meste og Sogndal ligg med alle mann frå 35 meter og inn.
52'
I 2002 sette sogndalbautaen og bergensaren Roar Fredriksen inn 3-1-målet i kampen som til slutt enda 4-3 til Sogndal. Kan sonen hans Ulrik i gjere det same i dag mot sine «eigne» tjuagutter?
51'
Fredriksen har full kontroll på Haugen som må lage frispark. God kamp så langt av 17-åringen.
50'
Godt frispark av Koomson som går over Piotr og på bakerste. Ingen sogndalspelarar er derimot hissige nok til å gå på den og det endar i femmeter.
49'
Wormgoor rett og slett dyttar Schulze overende i ein løpsduell. Gult meinar heimepublikum. Nei meinar Eskås.
48'
For ein bom av Barmen! Haugen svingar innover og Barmen får ta ned ballen på femmeter. Upressa set han ballen over mål. Det var svakt av midtbanespelaren.
47'
Frispark til Brann på kanten ca. 40 meter frå Sogndal sitt mål.
47'
Sola har verkeleg gøymt seg bak skyene no så Dyngeland er langt frå så sjenert av den som Piotr var.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga på bana og vi er straks klare for den andre omgangen frå Fosshaugane Campus.
Sogndal leiar 1-0 etter at Schulze var frampå etter ein retur frå Piotr. Ellers har det vore intenst utan dei heilt store sjansane her i Sogndal. Brann fører det meste av spelet, men slit med å skape dei heilt store sjansane. Vi håpar på litt meir underhaldning i form av sjansar og mål i den andre omgangen.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Eitt minutt tillegg.
45+1'
Langt frispark inn i Brann sin boks. Steiring får til ei avslutning, men det er aldri farlig.
44'
Fullsteding klabb og babb inni Sogndal sin sekstenmeter, men det er til slutt ein Sogndalspelar som får foten på ballen og klarert. Mykje nesten for Brann i denne omgangen.
41'
Nytt innlegg inn i Sogndal sin boks som blir klarert til corner.
38'
Koomson stormar framover og får seg ein corner.
38'
Sogndal får trille litt ball. Slit derimot litt med å få til noko framover og det endar i ein lang ball opp. Der har Acosta og Wormgoor relativt god kontroll.
35'
Var nok ikkje hamstringen, men smellen tidlegare i kampen som plaga Wæhler.
35'
Ser ut som han prøver seg litt til.
34'
Wæhler held seg til hamstringen. Ser ikkje bra ut dette.
34'
Innlegg frå Kristiansen til Orlov som er pressa, men fåt til ei avslutning over.
33'
Sogndal med ein enorm overgangsmoglegheit, men Ramsland rotar vekk ballen midt på bana.
32'
Rett i muren.
31'
Haugen vil nok gjerne skyte her.
31'
Frispark til Brann på 25 meter. Ser ikkje riktig ut frå vår posisjon, men Eskåas står betre plassert.
29'
Godt innelgg inn i boksen som Fredriksen får klarert til corner.
28'
Må prøve på ein del vanskelege løysingar Brann. Nouri prøver å nå Braaten i bakrom med ein chipp, men sender ballen ut over dødlinja.
27'
Frustrerte no fleire brannspealrar. Slit med å finne ein veg gjennom Sogndal sitt forsvarspel.
26'
Bra trøkk på Fosshaugane i dag. Brann har fylt opp heile den eine kortsida og det er berre eit par tomme settar på langsiden. Over 5000 trur eg.
24'
Igjen litt risikabelt bak hjå Brann, men det går bra denne gongen også.
23'
Piotr med herleg fotbarbeid når han mottek eit dårlig tilbakespel. Dempar ballen og sender den mellom to sogndalspelarar til Wormgoor.
22'
Brann har ballen mest og spelar seg fint rundt på kant, men inne i boks har dei tre stoggarane til Sogndal klart seg bra.
19'
Kjapt frispark til Koomson som frå kanten av sekstenmeteren legg ballen ut på elleve meter. Kjemhus avsluttar over.
18'
Barmen riv ned Schulza halvegs inne på sin eigen halvdel. Frispark til Sogndal.
17'
Ramsland seint inne på Heltne Nilsen som får seg ein trøkk. Eskås held framleis korta i lomma. Greitt det i denne duellen ser det ut som.
16'
Gamlefar er oppe og går igjen.
15'
Wæhler i duell og får seg ein trøkk slik at han blir liggande.
15'
Innkast til Sogndal på høgd ved sekstenmeteren. Teniste skal kaste langt.
13'
Var vel eigentleg fyrste gong Sogndal var innanfor Brann sin sekstenmeter dette.
9'
Stering får ballen ut.
9'
Haugen skal svinge utover.
9'
Frispark til Brann nede ved hjørneflagget.
8'
Lang ball inn som Dyngeland plukkar upressa.
8'
Wæhler obstruerar Gili på veg framover og Brann får eit frispark midt inne på Sogndal sin banehalvdel.
7'
Sogndal har denne veka lansert sitt nye produkt «Sogndal-kondomen» med det slagkraftige slagordet: «Stao no pao», og etter sigande kan produsenten garantera scoring. Å snakke om at ein ynskjer mange scoringar på Fosshaugane i kveld blir kanskje litt søkt etter denne informasjonen så eg tru vi held oss til at vi ynskjer mange MÅL på Fosshaugane i kveld.
6'
Heilt klart Brann som skal styre denne kampen. Sogndal lite ivirige etter å bygge opp noko spel. Slår langt ved fyrste anledning.
4'
Mykje kriging og ballen meir i lufta enn på bakken dei fyrste fire minutta.
3'
Brann spelar rundt i bakre rekker og Sogndal pressar høgt her i starten.
2'
Høgt tempo i starten og Koomson er vel seint ute på Heltne Nilsen midt på bana. Får tilsnakk av Eskås.
Avspark Start 1. omgang
Då er vi klar for kamp. Sogndal med avspark og Piotr med sola i andlete i den fyrste omgangen.
Tidlegare vaktmeister i Sogndahallen, Sead Sabanovic, som tapte kampen mot kreften 59 år gamal, vert heidra med eitt minutts applaus før kampen.
Eit interessant poeng er at branntrenar Lars Arne Nilsen har spelt i Sogndal og sogndaltrenar Eirik Bakke har spelt i Brann. I tillegg kan vi nemne Leciejewski og Karadas som begge har ei fortid i Sogndal og Birkelund som har ei fortid i Brann. Bergensarane Dyngeland, Kjemhus og Fredriksen har skarre-r, men ingen av dei har vore brannspelarar. Som om ikkje dette var nok har Brann sin fysiske trenar Helge Haugen ei fortid i Sogndal som både spelar og trenar.
Når vi først er inne på odds så kan dessverre 0-0 være eit artig tips i dag. Begge dei to siste oppgjera på Fosshaugane Campus har enda 0-0 og Sogndal sin siste siger mot Brann var utrulig nok i Bergen då begge klubbane var i OBOS-ligaen. Det var derimot ein opplevelse for alle sogningar då dei vann 4-0 på Stadion. Sist gong det var raud jubel i Sogndal var faktisk i 2002 då bergensarane vann 3-2. Målscorarar i denne kampen var Bolseth, Ødegaard, Knarvik, Furuseth Olsen og Helstad. Nostalgi.
I dette vestlandsderbyet har det alltid vore ein fordel med heimebane. På dei 17 siste kampane i Sogndal har heimelaget vunne elleve av dei. Fire har enda uavgjort og berre to gonger har det blitt raud jubel. Det skal takst med at statistikken er omtrent lik på oppgjera i Bergen, men der og i heimelagets favør. Norsk tipping sin odds tek uansett ikkje høgde for denne statistikken då dei har Brann som favorittar til denne kampen.
Vakkert vêr i Sogndal i dag. Sola har skine heile dagen, men er no erstatta med eit tynt skydekke. 20 grader og så godt som vindtstille gjer dette til ein perfekt kveld for fotball.
Då er lagoppstillingane klare og vi ser at ingen av trenarane gjer nokre endringar i frå sist kamp. Det betyr at både Braaten og kaptein Wormgoor er klare for raudtrøyene.
For Sogndal er det ingen nye skadar og det gjer nok godt for Bakke som har sett den eine etter den andre førstelagsspelaren blitt boren av bana denne sesongen. For Brann er Bråten og kaptein Wormgoor usikre, men ein håpar å få dei klare til dette viktige derbyet med avspark kl.1800. Vi er tilbake ein liten time før med lagoppstillingane og anna spanande informasjon rundt kampen. Vel møtt!
Dei siste billettane til kampen er i ferd med å verta rivne bort. Brann kan annonsera at dei har seld alle sine billettar til kampen. Det betyr mest sannsynleg over 5000 tilskodarar og tilnærma fullt hus på Fosshaugane Campus.
Håp om mål har vi for det er to formlag som møtes. Sogndal låg nede med broten rygg då Eirik Bakke henta inn ringreven Kjetil Wæhler for knappe to veker sida. Etter det har Sogndal vunne to kampar på imponerande vis mot Viking og Molde og klatra opp på 11.plass på tabellen. Med siger i dag kan faktisk sogningane sprette heilt opp på 6.plass. Brann har hatt ein fantastisk sesong så langt og toppa dette med 5-0 mot Sandefjord på 16.mai. Brann med 9-1 i målskilnad på dei to siste kampane, men dei har begge vore på heimebane. Med siger i dag kan også Brann innta tabelltopp om Rosenborg skulle gå på ei ny blemme på Lerkendal. Med andre ord er det ein god karamell som ligg i posen for dei som klarar å ta tre poeng i dag. Vi håpar difor på angrepsfotball frå Fosshaugane.
Målrikt har det derimot ikkje vore dei to siste sesongane desse laga her møttes på Fosshaugane. 0-0 begge gongene og vi håpar inderleg på at dette ikkje skjer i kveld. I fjor var det derimot bra med dramatikk då Acosta blei utvist for å ha dytta Furebotn. Alle bergensarar meinte Furebotn filma, men årdølen nekta for dette og hevda at han aldri hadde filma i karriera si. Vi får sjå om dei to kamphanene møtes i kveld også.
Hei og velkomne til den 9.runden i Eliteserien frå Fosshaugane Campus. Dagens kamp mellom Sogndal og Brann har avspark kl. 1800. Vestlandsderbyet, som dette oppgjeret har fått namn etter, har dei siste åra gjeve oss mykje dramatikk, mål og spaning. Vi håpar på det same i kveld.