TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Klasseforskjell på Fosshaugane i dag. Brann enormt gode og Sogndal hang greitt med i den første omgangen sjølv om bergensaraen var to mål forran. I andre omgang var det kun eit lag på bana og seieren kunne blitt mykje større.
Kamp slutt Slutt (0-4)
90+3'
Frispark
Sogndal klarerar.
90+2'
Hjørnespark
Endar i frispark til Brann.
90+2'
Får seg to minutt på slutten her den lokale ungguten.
90+1'
Spillerbytte
90'
Fire minutt tillegg.
90'
Brann med ball og roar alt ned.
89'
Nytt show frå dommar Støfringshaug her no. Ingen forstår noko som helst.
89'
Grønner gjennom åleine, men avslutningar er for svak. Blir nok hekta der også.
85'
Spillerbytte
85'
Spillerbytte
85'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
84'
Offside
84'
Kan Brann klare eit femte her då?
83'
No hadde oddsen min vore inne om dommaren hadde gjort jobben sin på Sogndal sitt mål.
81'
Mål!
0-4
Miniputtfotball når Finne driblar og driblar i Sogndal sin boks før han enkelt trillar ballen ned i hjørnet.
81'
5249 i på tribuna i dag. Soleklar sesongbeste.
81'
Der forsvant vel den siste piffen for sognignane.
79'
To gule kort
Twum takler Wolfe på vei fremover og får sitt andre gule kort av dommer Støfringshaug.
78'
Offside
77'
Spillerbytte
77'
Spillerbytte
76'
Bataljonen holder koken. Norges beste supportere står heile kampen ut.
75'
Offside
75'
Har gitt litt opp no heimelaget. Var nok svært demotiverande å sjå dommartabben som ikkje gav dei mål.
74'
Castro med skot som Fij reddar.
73'
Hjørnespark
Over alle og ut til femmeter.
73'
Enorm sjanse for Heggebø. Dunkar til frå femmeter, men både keeper og ein Sogndalspelar reddar på streken.
71'
Situasjonen vist på storskjerm her no og ballen er ikkje i nærheiten av handa til Grønner. Skulle hatt seg eit mål der Sogndal.
71'
Så skal femtedommar Heltne NIlsen stoppe kampen for det er svarte konfetti på bana. Støfringshaug lystrar.
70'
Sogndal scorar, men dommar bles for hands. Igjen ser det veldig rart ut frå mannen i svart som ikkje er særleg populær her no.
68'
Piping når Dyngeland har ballen frå Sogndalfansen. Unødvendig mot godguten Mathias som tileigna mange av sine lovande år til laget frå saftbygda.
65'
Hjørnespark
Kort corner som etterkvart blir klarert av Brann
64'
Spillerbytte
64'
Wolfe dunkar ned Mathiesen. Det er soleklart gult kort og dermed raudt på backen. Svært svakt av dommar Støfringshaug den der. Oppgåva di er å beskytte spelarane.
63'
Sogndal faktisk frampå her, men Dyngeland stuper inn framfor Grønner og fangar ballen.
62'
Sogndalspelarane konstant ein eller to meter på etterskot. Eventuelt brannspelarane som er gode i bevegelsane. Ein god kombinasjon er vel det riktige svaret.
61'
Spillerbytte
61'
Spillerbytte
59'
Brann fullstendig overlegne i denne omgangen. Sogndal har faktisk vore svært dårlige etter ein relativt gode første omgang.
58'
Langt over.
58'
Castro som skal ta det ser det ut som.
57'
Gult kort
57'
Frispark
Frå 20 meter.
55'
Ørjasæter ser heilt sluttkjørt ut. Bør byte no Flo.
54'
Har verkeleg laga fest i dag Brann for dei 1000 tilreisande.
53'
Wolfe stormar mot linja og slår inn Sogndal får såvidt klarert før Brann kjem igjen. Wolfe avsluttar over frå kort hald.
52'
Det var den speningen. Einaste som er interessant no er om min over 4,5 mål vil gå inn.
51'
Mål!
0-3
Brann rullar over eit Sogndal i fullstendig ubalanse. Og Castro slepp ballen fint til Myhre som berre chippar den over Fij.
50'
Gult kort
Den får dommar Støfringshaug forklare etterpå.
50'
Dommar dømmer frispark til Sogndal, men gult til Twum. Kva i alle dagar?
49'
Brann som har tatt tak i spelet i denne omgangen.
48'
Wolfe ser ut som Messi når han driblar seg gjennom eit statisk sogndalforsvar, men ballen går til slutt ut over kortlinja.
47'
Sogndal byrjar omgangen med nokre livsfarlige pasningar i bakre rekker. Alt ved det normale med andre ord.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er laga tilbake på bana. Ser ikkje ut som det er gjort nokon byter.
Pause i Sogndal etter ein heseblesande omgang. Brann rett i strupen på Sogndal og fekk seg eit tidlig leiingsmål. Etter det relativt jamnspelt, men Brann heile tida mykje farligare enn heimelaget og fekk også 2-0 ved Myhre etter gode 30 minutt. Heilt fortent at Brann leiar. Er rett og slett litt for gode for sogningane. Samtidig skal det seiast at heimelaget har hatt sine sjansar, men dei må settast når serieleiaren kjem på besøk om det skal verta spaning.
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45'
Eitt minutt tillegg.
45'
Heggebø blir stoppa på veg gjennom.
45'
Sogndal på ein god overgang, men siste pasningen er så dårlig at den faktisk skaper ein livsfarlig overgang for Brann.
44'
Så er plutselig Castro åleine gjennom på utspelet til Dyngeland. Katstrofalt forsvarspel der av heimelaget, men Fij er ute og klarerar.
44'
Dyngeland dunkar ballen i Ingemundarson, men heldigvis for sisteskansen går ballen utafor.
43'
Gullet skal hem syng Bataljonen. Det stemmer nok. OBOS-gullet.
42'
Sogndal prøver å spele seg ut, men Brann bryt igjen. Børsting avsluttar over under press.
41'
Frispark
Tas kort på eigen banehalvdel
40'
Frispark
Inn til ein umarkert Horn Myhre som headar utafor.
40'
Frispark til Brann på kanten av sekstenmeteren.
39'
Den må sitte dersom du skal utfordre Brann, men det skal seiast at forareidet til islendingen var i Maradonnaklassen.
38'
Der kom sjansen for Sogndal. Ingemundarson gjer alt sjølv, men blir til slutt stoppa av ein glimrande redning frå Dyngeland.
36'
Hjørnespark
Klarert frå Sogndal, men Brann beheld ballen.
36'
Då blir det svært vanskelig for Sogndal!
34'
Mål!
0-2
Enkelt, enkelt, enkelt for Brann, men samtidig så utrulig bra. Horn Myhre dreg seg lett forbi inne i boksen og legg ut 45 grader der Heggebø breisider ballen i mål.
34'
Ser faktisk litt småtrøtte ut begge lag her no. Høg intensitet så langt.
32'
Frispark
32'
Fantastisk gode Brann til å spele seg gjennom Sogndal sentralt i bana. Skapt mange sjanser på dette.
31'
Horn Myhre avsluttar utafor frå god posisjon inne i boksen.
30'
Sogndal frampå, men Ørjasæter sitt skot frå sekstenmeteren går rett på Dyngeland.
28'
Nye enorme sjansar til Brann. Spelar seg lett gjennom inne i Sogndal sin boks og det er til slutt Castro som avlsuttar over frå sju meter.
27'
Sogndal med mange trekk, men siste pasningen frå Twum går inn til Dyngeland.
25'
Roa seg litt ned no kampen.
25'
Frispark
Tas kort.
24'
Nytt frispark til Sogndal. Denne gongen blir Ørjasæter sparka ned i det oppbyggande spelet.
23'
Heltne Nilsen klipper ned Twum midt på bana. Som vanleg oppgitt der brannkapteinen over at det blir frispark.
22'
Mathiesen prøver seg frå 20 meter. Godt skot, men Dynglenad er nede i hjørnet og reddar.
21'
Sogndal prøver å spele seg ut bakfrå, men det er litt for lite bevegelse framover.
18'
Brann klarer.
18'
Frispark
Ca. 35 meter. Skal slås inn.
17'
Brann ser farlige ut kvar gong dei kjem. Sogndal har fått meir tid i det oppbyggande spelet, men ser ikkje like farlige ut. Men trur ikkje det siste målet er scora i denne kampen.
16'
Hjørnespark
Endar i kast på motsatt side til Brann.
15'
Eit heilt utrulig trykk på Fosshaugane desse første femten minuttane. Brannfansen er i eit utrulig antal, men heimepublikum har aldri vore meir høglytte. Fantastisk ramme og spelet på bana har også vore særs underhaldande.
14'
Brann bryt og Sogndal er fullstendig i ubalense. Berre tilfeldigheiter som gjer at ikkje Castro får avslutte på mål.
13'
Innlegg mot Diaz som ikkje klarer å få kontroll på ballen og Dyngeland snappar.
12'
Igjne blir ein sogndalspelar sparka ned på veg framover. Stygt der frå Børsting, men han slepp unna kortet. Greitt det.
11'
Intense ti minutt så langt med Brann som det førande laget.
11'
Heltne Nilsen er sjølvsagt framme og forklarer til domamren kva som skal skje. Heile OBOS sin femtedommer Brann sin kaptein.
9'
Hjørnespark
Endar i åpent spel og Sogndal trykkjer på, men til slutt blir spelet stoppa etter at ballen treff dommaren.
8'
Gult kort
Sparkar ned Mathisen. Lært av die andre laga i divisjonen.
8'
Brann fortsett kjøret mot Sogndal sitt mål.
6'
Mål!
0-1
Drar seg lett forbi på sekstenmeteren og omtrent trillar ballen ned i hjørnet. Det ser ftyktelig enkelt ut, men Fij er dekka og ser ikkje utgangen på skotet.
5'
Det skal dei ha Sogndal, dei prøver å spele seg ut. Men dei raudkledde er som ulvar her i starten.
4'
Brann igjen med flotte kombinasjonar og igjen på Fij hente fram sitt beste for å stanse dei raudkledde.
2'
Brann rett i strupen på sogningane her i starten.
2'
Ny god sjanse for Brann. Wolfe med innlegg som går gjennom heile feltet. Børsting når akkurat ikkje fram på bakerste.
1'
Brann rett i angrep og Heggebø er heilt åleine med Fij som reddar meisterleg.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga ute på bana og vi er straks klare for slaget om vestlandet.
Ein halvtime før start er det fleire tilskuarar innom portane på Fosshaugane enn det har vore i nokon kamp tidlegare i år. Dette blir kok!
Den det derimot blir knytt mest spaning til i dag er Sogndal sitt nye spisskjøp, Alejandro Diaz frå Mexico. Både score og brente straffe i debuten mot Mjøndalen. Vert spanande å sjå han opp mot Brann sitt robuste forsvar i dag. Vi er tilbake med lagoppstillingane ein god time før kampstart. Vel møtt!
Sogndal veldig opp og ned så langt i sesongen. Etter ein elendig periode med berre eitt poeng på tre kampar klinka sogndølene til med 4-0 borte mot Mjøndalen sist helg. Jonatan Jonson har vore stor for Sogndal i år og med to mål sist og ti mål totalt er han på delt andreplass på toppscorerlista i OBOS. Det same antal scoringar har også Brann sin midtbaneelegant Mathias Rasmussen.
Så litt fotball. Brann har vore suverene så langt i årets sesong og er så godt som klare for opprykk. Faktisk har raudtrøyene vunne alle sine 10 bortekampar så langt. I lag med Åsane er Sogndal det einaste lage Brann ikkje har slått i år etter 1-1 på Stadion i april. Med andre ord eit heiltent brannlag som kjem til Sogn i dag.
Og for ein dag dette kan bli. Strålande sol og gode 20 grader er meldt. Frå Bergen er det venta over 1000 «kokende idioter» og sogndølene har sjølv mobilisert så ein ventar opp mot 5000 på tribuna i dag. Med kapasitet på 5500 er det framleis nokon ledige seter til dei som vil oppleve folkefesten i staden for å sitte inne å sture. Kom på kamp!
Slaget om Vestlandet innleiar denne runden av OBOS-ligaen. Fjord mot hav, raudt mot kvitt, Olav Stedje mot Ove Thue, Erna mot Liv Signe, raudt mot kvitt. Sogndal møter Brann mellom fjella i saftbygda i dag.