Referat
Kun høydepunkter
3 skjebnesvangre minutt i fyrste omgang vert avgjerande, men Brann kunne scora fleire mål enn dei 2.
Dyngeland med nokre kjemperedningar i andre omgang holdt Sogndal sitt håp i live, men det holdt ikkje i dag.
Der er kampen over, Brann vinn fortent og går vidare til neste runde.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+5'
Løkberg kjem seg fri, men Totland står i vegen.
90+4'
Steiring er flytta opp.
90+3'
Dyngeland med ny kjemperedning! Berisha igjennom og slår inn på Strand som trur han skal sette ballen i mål, men der står Dyngeland.
90+2'
Sogndal kjempar iherdig og får med seg ballen, men innlegget frå Roseth blir for upresist.
90+1'
Blir lagt til 5 minutt.
90'
Flo set ballen i mål, men blir avvinka for offside.
89'
Strand med ein god prestasjon på kontring for Brann, kjem til avslutning men Dyngeland avvergar til corner.
88'
Sogndal er på jakt etter scoring og slår mykje inn mot feltet til Brann no.
86'
Roseth kjem til innlegg som blir klarert til corner.
84'
No kjem Brann til mange sjansar her. Bamba med ny avslutning frå skrått hold, denne gangen går den over.
83'
Kjemperedning av Dyngeland! Slår ballen i tverra etter fri heading og ut til ny corner.
82'
Berisha spelt gjennom, og han prøvar å finne Bamba inne i feltet. Den blir slått ut til corner.
81'
Haugen blir spelt fri og prøvar seg frå skrått hold, men den blir for enkel og Holmen Johansen held avslutninga i fast grep.
80'
Bamba blir spelt åleine gjennom, men Dyngeland tvingar han utover. Han slår so tilbake til Yttergård Jensen som bommar på ballen! Sogndal får klarert til corner.
78'
Sogndal har gått over til ein 4-3-3 med Flo på bana.
75'
Totland når nesten Flo, men ballen blir akkurat for lang.
73'
Brann vinn ballen og kan kontre, men Sogndal er gode i returløpet.
72'
Ramsland blir spelt gjennom, og er ikkje i offside, men touchet blir for dårleg, og Brann får klarert til kast.
71'
Rolantsson til farleg innlegg som går gjennom heile feltet.
71'
Sogndal fullt på høgde med Brann i denne kampen, men manglar litt kvalitet på siste tredel.
70'
Haugen kjem til innlegg som blir klarert.
69'
Berisha med ny avslutning, heading over.
69'
Strand blir flytta inn på midten med Rolantsson på høgre.
66'
Yttergård Jensen slår ein nydeleg ball gjennom til Berisha som fyrst lurar Sogndalforsvaret, men rotar det til før han skal avslutte.
65'
Full stillingskrig her no.
63'
Ramsland jobbar godt og Holmen Johansen slår ballen rett i Ramsland og vidare ut til kast.
60'
Innlegg frå Brann som Roseth klarerar rett til Bamba, Sogndal får den ut til corner.
58'
Roseth slår inn på Haugen som headar over mål frå rundt 13 meter.
54'
Haugen blir spelt fri, men Strand kjem seg akkurat på plass til å avverge til corner.
52'
Sogndal spelar seg fint ut på kanten men innlegget blir for svakt.
48'
Ramsland får nesten kontroll på ballen i 16-meteren, men Brann får avklart.
48'
Frisparket blir klarert rett ut til kast.
47'
Frispark til Sogndal rett utanfor 16-meter.
47'
Haugen blir hindra av Wormgoor åleine med keeper, men ikkje nok til å blåse.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Haugen og Ramsland har vore friske for heimelaget, medan Yttergård Jensen og Berisha har stått fram for Brann hittil.
Laga kjem ut på bana igjen.
Men her er det fortsatt moglegheiter for heimelaget, og vi har 45 spennande minutt i vente på Fosshaugane Campus!
Sogndal kunne gått opp i 2-0 om Jensen hadde vore litt meir egoistisk åleine med keeper då Haugen vert avblåst for offside.
Ein fyrsteomgong der Sogndal har imponert med enormt høg innsats. Brann har vore som farlegast når Berisha får springe i bakrom og dei får slått inn på Karadas, og mot slutten lønna dette seg og i form av to scoringar.
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45'
Tøft for Sogndal som har spelt ein god omgang fram til no.
40'
Stor sjanse for Sogndal! Haugen kjem til avslutning skrått på mål, men den reddar Holmen.
39'
Brann slit med å finne åpninga i Sogndal.
34'
Sogndal kan kontre og Sveen legg til Jensen som vel å sentre Haugen på blank. Diverre står Haugen i offside.
34'
Yttergård Jensen fortsett å strø på midten, slår ballen perfekt til Berisha som skyt rett i Roseth.
32'
Brann rullar opp ute på kanten fleire gongar, men Sogndal klarerar.
30'
Haugen jobbar knallhardt og vinn ballen for sogndal, fører til innlegg som Ramsland styrer utanfor.
26'
Straffe til Sogndal! Holmen bommar fulstendig når han skal ut og bokse! Rett i Haugen.
26'
Fredriksen med stygt balltap utanfor 16 der, kunne vore straffa hardt.
25'
Berisha set ballen i mål, men står i offside.
23'
Utspark.
22'
Sogndal får frispark omtrent midt på bana.
22'
Berisha har vore eit uromoment for Sogndalforsvaret i starten her.
21'
Stor Sjanse for Brann! Berisha blir spelt gjennom og frå skrått hold set han ballen i stolpen.
20'
Yttergård Jensen med ny ballvinning som fører til ein sjanse for Brann.
19'
Berisha med lurt innlegg til Karadas som prøver å finne Barmen, men Sogndal får klarert.
18'
Sogndal jobbar knallhardt uten ball, og Brannspelarane får begrensa tid.
15'
Sett bort frå Berisha sin sjanse har det ikkje skjedd allverda hittil.
14'
Ein skal passe seg for å skrive kven som har initiativet, for då tek plutseleg det andre laget over.
13'
Stor sjanse for Brann! Yttergård Jensen vinn ballen på midten og dreg han med seg framover, slepp så ut til Berisha, men Dyngeland reddar!
12'
Nilsen aktiv på sidelinja no, Sogndal har teke initiativet i kampen.
11'
Sogndal med innlegg over alt og alle.
9'
Sogndal får kast høgt på Brann sin halvdel.
9'
Antonijevic avvergar når Berisha er på vei gjennom.
8'
Den går rett gjennom feltet og til utspark.
8'
Frispark til Brann midt på Sogndals halvdel.
8'
Slik det ser ut no, kan ein seie at vinnaren av denne kampen kan kalle seg for 'luftens baron'.
6'
Begge laga pressar slik at ein må slå longt til ei kvar tid.
5'
Ingen av laga som klarar å etablere eit skikkeleg spel so longt.
2'
Sogndal slår langt inn mot Ramsland, men ballen går gjennom feltet.
2'
Antonijevic og Karadas er allereie i gong med knuffing.
1'
Då er kampen i gong!
Avspark Start 1. omgang
Me kan sjå Eirik Bakke og Lars-Arne Nilsen i hyggeleg passiar på sidelinja før Sogndal skal ta avspark.
Laga entrar bana.
Det byrjar å fylle seg opp på stadion no, og Brannfansen er godt i gang.
Ellers er det verdt og legge merke til at det er fleire Bergenserar i Sogndal si startoppstilling enn for Brann.
Med Karadas på topp for Brann kan det bli ein tungtvektarduell mellom han og Antonijevic på dødballar idag. Vi ser og at tidlegare Sogndalspelar Teniste startar på benken.
Sjølv om Sogndal har vore betre i det siste, var publikumoppmøtet sist kamp svært labert, men med Brann på besøk håpar vi at det fyllar seg godt opp her på Fossahaugane idag.
Sogndal ser ut til å ha funne formen den siste tida, med ein sterk bortesiger mot Sandefjord, og 4-2 heime mot Strømmen sist.
Sjølv om Sogndal tilsynelatande har overtaket på Fosshaugane har dei ikkje vunne ein gjeldande kamp mot Brann heime sidan 2014. Med alt dette som bakteppe, håper vi å få sjå ein forrykande kamp på Fosshaugane Campus i dag!
Sogndal har og ein sterk heimeform med 4 sigerar på dei 6 siste, og 15-9 i målforskjell.
Historisk sett har Sogndal eit godt tak på Brann på heimebane, der laget har 11 sigerar, 4 uavgjort og 3 tap. Brann som storebror i Eliteserien kjem med god borteform til Fosshaugane i dag, der dei har vunne 5 av dei 6 siste bortekampane med imponerande 14-3 i målforskjell.
Sist Brann gjesta Fosshaugane Campus var i 2017 då Sogndal gjekk på eit knepent 2-3 tap.
Hei, og velkommen til dagens dekning av cupens tredje runde mellom Sogndal og Brann!