TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sogndal-spelarane takkar Saftkokaradn og publikum for støtta, medan Branns-spelarane går skuffa i garderoben.
Stormande jubel på Fosshaugane! Sogndal vinn fortent 1-0 over eit tafatt Brann-lag. Ørjan Hopen scora kampens einaste mål, direkte frå corner. 5623 tilskodarar såg kampen.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
Hjørnespark
Lite ut av corneren, og Brann framleis i angrep. Piotr med brassespark i feltet, og Sogndal får frispark.
90+4'
Haugen slår inn, og Brann får corner.
90+3'
Brann jaktar 1-1 no. Får frispark høgt oppe på Sogndal sin banehalvdel. Piotr går opp i feltet!
90+2'
Gult kort
Etter tøff takling på Tore Andrè Flo.
90+2'
Brann avsluttar kampen med ti mann.
90+1'
Det er lagt til fire minutt.
90+1'
Torp ut på båre. Vanskeleg å sjå kva som skjedde i den situasjonen.
90'
Spillerbytte
90'
Dramatikk på Fosshaugane! Torp går rett i bakken, og Røde Kors-personell stormar inn på bana.
88'
Spillerbytte
87'
Kjempesjanse for Sogndal! Tore Andre Flo gir til innbytar Brochmann som kjem aleine med keeper. Piotr leverer nok ei god redning!
86'
Det går mot tre poeng til Sogndal. Ser ikkje ut som Brann har noko sluttspurt å komme med.
86'
Grorud med god takling, og hindrar Sogndal-corner.
84'
Gult kort
Blir takla reint av Grorud, og skubbar Bajter unna like etter. Også han må stå over neste kamp mot Fredrikstad.
82'
Austin prøver eit skot frå over 40 meter. Blir blokkert.
81'
Spillerbytte
80'
Det blir kaptein Mjelde som går av, og Grorud tek over kapteinsbindet.
79'
Spillerbytte
79'
Torp står klar på sidelinja for Brann. Blir overraska om ikkje Bajter går av bana.
77'
Frustrasjon i Brann-forsvaret no, og Sogndal får eit innkast etter personlig feil.
76'
Ser heilt klart at Sogndal vil vinne denne kampen. Alle spelarane kjempar beinhardt for kvarandre.
75'
Hjørnespark
Sogndal overtek.
74'
Hjørnespark
Ny corner.
73'
Gult kort
Takling på Austin, og dermed må begge midtbanespelarane til Sogndal stå over neste kamp.
73'
Sogndal jaktar 2-0 no! Furebotn slår inn, og Flo er nære på å stange ballen i mål. Når likevel ikkje heilt fram, og det blir utspark frå mål.
72'
Bajter med balltap på midten og Sogndal overtek. Halvorsen finn Elvis som skyt frå 20 meter. Høgt over!
70'
Hjørnespark
Flo får avslutta med hovudet. Over.
70'
Flo til Flo som får corner.
70'
Labukas skyt frå 15 meter. Rett på Udjus!
68'
Fin Sogndal-spelar! Grorud med tilbakespel mot Piotr, som får lite med tid. Hovland kjem jagande, og Brann-keeperen får såvidt ballen unna.
67'
Aabrekk ivrig på sidelinja. Jagar spelarane til ekstra innsats. Kanskje Skarsfjord skulle gjort det samme?
62'
Hjørnespark
Sogndal avklarar tilbake til Guastavino. Han utfordrar Hovland, men møter veggen i Elvis. Utspark frå Udjus.
61'
Kaos i Brann-forsvaret. Grorud med feilpasning, og Halvorsen får ballen. Han gir til Flo som sklir i det han skal skyte. Utanfor.
60'
Halvorsen leiker seg med El Fakiri. Fintar seg forbi langs dødlinja og slår tilbake mot Flo. Piotr kastar seg fram og får kontroll.
58'
Lang ball frå Flo mot Solheim. Han nikkar tilbake i feltet, men Piotr held ballen.
57'
Haugen prøver å finne Mjelde på løp, men ballen går heilt inn til Udjus.
56'
Hjørnespark
Scheel avsluttar over.
56'
Kjempesjanse for Sogndal! Hopen slår corneren inn i feltet. Der kastar Ulrik Flo seg fram, og Piotr viser fram ei klasseredning!
55'
Hjørnespark
54'
Hjørnespark
Ny corner - igjen.
54'
Hjørnespark
Hard corner på første stolpe. Ny corner.
53'
Sogndal-forsvaret har spelt godt i dag. Ein av dei er Per Egil Flo, som spelar sin kamp nummer 200 for Sogndal i dag - i ein alder av 22 år!
53'
Dommar Staberg vil ha fart i Sogndal, etter at Hovland bruker lang tid på å ta eit frispark.
50'
Brann-fansen er illsinte, etter at linjemann ikkje gir laget hjørnespark. Det hadde dei nok god grunn til. Såg ut som ei feil avgjerdsle.
49'
Brann styrer dei første minutta av andre omgang.
48'
Labukas går i bakken etter duell mot Flo. Staberg vinkar spissen opp på beina att.
47'
Gult kort
Elvis må stå over neste kamp etter takling på midten.
47'
Sogndal tek avspark.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ser ut som Tonny Brochmann skal inn etter pause for Sogndal, medan Fredrik Haugen skal spele andre omgang for Brann.
Fortent 1-0 til Sogndal til pause. Ørjan Hopen klinka til med corner rett i mål like før pause. Heimelaget har vore klart best, og hatt fleire store sjansar. Brann har hatt nokre få halvsjansar med Guastavino, men ikkje funne vegen til nettmaskene. Det blir uansett ein spennande andre omgang frå Fosshaugane!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Lang ball mot Guastavino, men Hovland legg inn i takling. Innkast.
45'
Det er lagt til minimum eit minutt.
45'
Hjørnespark
Piotr får frispark i eige felt.
45'
Ny sjanse for Sogndal! Halvorsen legg tilbake til Flo som skyt. Via Brann-spelar og til corner.
44'
Hopen skyt igjen, frå 35 meter. Utanfor!
42'
Sogndal som styrer kampen på Fosshaugane.
41'
Hopen gir seg ikkje. No prøver han seg frå nær 30 meter, men Piotr held ballen.
40'
Ny stor sjanse til Sogndal og Ørjan Hopen! Får ballen på 20 meter og skyt. Like utanfor!
39'
Brann prøver seg, men Hopen er nede på eigen sekstenmeter og ryddar opp.
37'
Mål!
1-0
Hopen tek corneren, og skyt rett i mål!! 1-0 til Sogndal! Det er berre ein mann i Norge som skyt frå cornermerket, og han heiter Ørjan Hopen. For ei klassescoring!
37'
Hjørnespark
36'
Det er Guastavino er som arkitekten bak det Brann skaper av målsjanser. Denne gongen prøver han seg med eit skot, som blir blokkert.
35'
Frispark til Brann på Sogndal sin banehalvdel. Elvis avklarar.
34'
Fin Brann-sjanse! Guastavino kjem på fint løp i feltet og skyt frå skrå vinkel. Like utanfor!
32'
Scheel slår inn til Flo som avsluttar med pannebrasken. Utanfor!
31'
Guastavino vil ha straffe etter at Hovland legg han i bakken i feltet. Midtstopparen er også først på ballen, og dommar Stabert vinkar spelet vidare.
30'
Brann betre med og trillar ball i laget.
28'
Austin skyt - over!
28'
Kaptein Mjelde har vore heilt usynleg, men får frispark i duell mot Flo. Frispark 30 meter frå mål.
27'
Brann prøver seg og Bentley testar skotfoten sin. Svakt utanfor.
27'
Holsæter til Furebotn som slår inn frå venstrekanten. Der er Halvorsen og skyt, men Piotr held ballen nede ved stolperota.
25'
Hopen klinkar til frå 40 meter - over!
24'
Hovland driv framover frå sin midtstoppar-posisjon, og vil ha frispark. Det får han ikkje.
22'
Hjørnespark
Fram og tilbake, før Halvorsen sjølv går i offside.
22'
Hjørnespark
Kort variant, Brann får kontroll.
21'
Ulrik Flo viser seg fram på topp for Sogndal. Tek ned lang ball frå Hovland på brystet, og Halvorsen får corner i neste trekk.
20'
Både Labukas og Bajter debuterer frå start for Brann i dag. Duoen er begge på lån.
18'
Hjørnespark
Svak corner, og Sogndal overtek.
17'
Hjørnespark
Ny corner.
16'
Det er heimelaget som er nærmast nettkjenning på Fosshaugane.
16'
Solheim slår inn, Piotr held ballen enkelt.
15'
Stor sjanse for Sogndal! Per Egil Flo skyt frå 20 meter, og ballen går til Ulrik Flo som står heilt åleine inne i feltet. Frå åtte meter skyt han like utanfor! Der burde det blitt 1-0.
15'
Austin legg Elvis i bakken. Frispark til Sogndal.
15'
Korcsmar med lang ball - utan adresse. Udjus skal slå langt.
14'
Grorud tilbake på beina - får applaus denne gongen.
13'
Grorud vinn hovudduell mot Halvorsen, og blir liggjande att på bakken. Heimepublikum pip.
12'
Frispark til Brann i midtsirkelen.
11'
Kjempesjanse for Sogndal! Hopen skyt(!) corneren inn mot mål, og Korcsmar får redda på streken!
10'
Hjørnespark
Kjempesjanse for Sogndal!
10'
Halvorsen driv flott oppover langs høgrekanten, men Bentley gjer ein god jobb heimover på bana.
9'
Sogndal prøver seg med Halvorsen inne i feltet, men får ikkje skikkeleg treff på avslutninga. Brann får kontroll.
8'
Frispark til Brann midt på Sogndal sin banehalvdel. Guastavino slår inn - rett på Udjus.
8'
Guastavino skyt frå 20 meter, men skotet blir blokkert i Hovland.
7'
Jamn opning på kampen.
6'
Flo finn Holsæter på venstrekanten, men linjemannen er oppe med flagget.
5'
Bajter får frispark på midten. Brann tek det kjapt.
5'
Litt forsiktig opning frå gjestene.
4'
Hovland med god pasning mot Flo som finn Halvorsen på kanten. Innlegget blir for upresist.
2'
Innlegg frå høgre og Holsæter får to sjansar med hovudet, men Piotr får kontroll.
1'
Brann tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Dagens kapteinar er Even Hovland og Erik Mjelde.
Spelarane på veg ut på bana til enorm jubel frå tribunen!
Billettane er utseld, men framleis mange ledige plassar på Fosshaugane like før kampstart. På ferjesambandet Mannheller-Fodnes er det over en time ventetid!
Fullt hus på Fosshaugane i dag. Det betyr at 78 prosent av Sogndal kommune sitt folketal er på fotballkamp i dag. Imponerande!
Laga er no full gang med oppvarming, og publikum strøymer til Fosshaugane!
Harald Aabrekk har gjort tre endringar på laget som tapte 2-1 mot Rosenborg. Ole Jørgen Halvorsen, Per Egil Flo og Ørjan Hopen er tilbake på laget. På benken sit dermed Tonny Brockmann, Gustav Valsvik og Vegar Gjermundstad.
Brann-trenar Rune Skarsfjord har vraka Carl Erik Torp frå laget til denne kampen. Inn kjem Maxi Bajter, som spelte godt som innbytar i førre kamp mot Haugesund.
Vi kjem tilbake med meir informasjon og lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart på Fosshaugane. Følg med!
Det blir fullt hus og 5623 tilskodarar på Fosshaugane i dag, der 500-600 blant desse er raudkledde bergensarar.
Heimelaget har tapt dei to siste seriekampane, medan Brann er ubesigra på sine siste sju oppgjer i Tippeligaen.
Gjestene frå Bergen må klare seg utan toppscorar Kim Ojo som soner for karantene. Tidlegare Sogndal-spelar Christian Kalvenes er skada, og får heller ikkje med seg oppgjeret.
Heimelaget får tilbake Per Egil Flo og Ole Jørgen Halvorsen i troppen til dagens kamp mot Brann. Teijo Teniste og Cato Hansen er framleis på skadelista. Eirik Bakke snakka på seg eit unødvendig gult kort etter kampslutt i Trondheim, og må sjå dagens viktige kamp frå tribunen.
Svært viktig kamp for begge lag. Sogndal kjempar om ny kontrakt i Tippeligaen, medan Brann luktar medalje. I førre kamp vann Brann 1-0 over Haugesund, og Sogndal tapte sin hengekamp 2-1 mot Rosenborg på Lerkendal.
Hei, og velkommen til Sogndal - Brann frå Fosshaugane Campus!