Referat
Kun høydepunkter
Og når vi ser skotstatistikken så skal nok Glimt seie seg nøgde med eitt poeng her i kveld. Sogndal vinn denne 15-6 og har faktisk 9 på mål mot Glimt sine 3.
Og der er det over i Sogndal. Glimt føler seg nok snytt etter å ha leia 2-0 når berre eit godt kvarter stod igjen. Men Sogndal kom sterkt tilbake og kriga til seg eitt poeng og sin 10. kamp på rad utan tap.
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+4'
Sogndal pressar no på slutten.
90+2'
Hauge med ei kule som Dyngeland må slå til corner.
90+2'
Otoo vrir seg laus i boksen og går for vinkelen, men ein glimrande ukrainar er der og snappar.
90+1'
Fire minutt tillegg.
90+1'
Som Sogndal til slutt får klarert.
90'
Endar i kontring til Glimt.
90'
Sogndal skal dunke eit frispark inn i feltet.
89'
Eitt minutt pluss tillegg igjen. Skal vi få ein vinnar?
88'
To svært slitne lag her no og det er kanskje Glimt som viser flest svakheitsteikn.
87'
Må nok være fryktelig bittert for Glimt dette. Såg ut til å ha full kontroll på kampen for ti minuttar sidan for så å gje vekk to relativt enkle mål.
84'
Azemi mot Utvik, men sistnemnte får hjelp og utan det så hadde nok spissen vore åleine gjennom.
83'
Sogndal med innlegg på innlegg, men denne gongen er Pogorilyy ute og snappar. Svært god debut av ukrainaren. Heilt klart at Glimt har det med å finne utanlandske keperstjerner.
80'
Utvik er på etterskot og riv ned Azemi. Soleklar straffe i mine auge som sitt 80 meter unna. Hafsår ueinig med meg.
80'
3219 tilstades på Fosshaugane i dag.
79'
Truar Sogndal til innlegg inni boksen og der er Glimt relativt overlegne.
79'
Glimt ligg veldig djupt no.
78'
Er klar igjen no kapteinen til Glimt.
77'
Jacobsen ligg nede med skade.
76'
Dette trengte denne kampen som var i ferd med å dale kraftig i intensitet.
72'
Bakke gjer sine siste byter.
66'
Pogorilyy med ei glimrande redning ein mot ein med Ramsland.
65'
Glimt har vore svært effektive i dag. To avslutnignar på mål har gjeve to mål.
65'
Sogndal prøver å trykkje Glimt, men det endar berre i eit skot frå 20 meter frå Moberg som går eit godt stykke utafor.
63'
Då går det nok mot Glimt sin tredje siger på rad og Sogndal si imponerande rekkje på ni kampar utan tap ser ut til å ta slutt.
60'
Glimt med ein del ballbesittelse akkurat no, utan at dei klarar å skapa noko særleg vel å merka.
58'
Veldig lik kamp som siste del av den første omgangen. Sogndal styrer utan å skape så alt for mykje og Glimt ligg lågt og satsar på kontringar. Ser trygge ut no nordlendingane som er på veg mot sin tredje siger på rad.
56'
Sogndal byggjer fint opp, men den siste pasningen er som regel for hard eller for laus. Eit frustret heimepublikum her no.
53'
Begge lag med fine kombinasjonar sentralt i bana der dei spelar seg gjennom, men det er stopp når dei nermar seg 6-meteren.
50'
Jonassen med ei kanon frå 20 meter som tar i Utvik og går til corner.
49'
Koomson med ei lompe som går i muren.
49'
Frispark til Sogndal på 25 meter.
46'
Jevtovic nære på å utnytte ein feil av PSyche her i starten, men franskmannen får tåa på ballen i siste sekund.
46'
Glimt med avspark og no har det skya over så Dyngelnad får ikkje sola i andlete i denne omgangen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ingen byter på nokon av laga.
Då er laga på bana og vi er straks klar for dei siste 45 minutta frå Sogndal.
Glimt leiar 1-0. Kanskje litt ufortent, men nordlendinga tok sjansen sin då Moberg mista ballen på midten og Olsen var iskald åleine med Dyngeland. Vi tek 7-3 i avslutningar fordel heimelaget og Sveen og Ramsland burde nok kanskje ha fått inn ei utlikning for heimelaget.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Olsen med eit innlegg som går over alle og ut til kast for Sogndal.
45+1'
Eitt minutt tillegg.
39'
Trond Olsen stangar ut. Svakt slått.
39'
Frispark til Sogndal frå Glimt sin høgrekant. Skal svingast inn i feltet av Koomson.
37'
Edvardsen med innlegg som går rett i klypene på Dyngeland.
37'
Sogndal med ballen mykje akkurat no, men slit med å komme seg gjennom Glimt sin forsvarsmur.
32'
Ein enorm sjanse for Sogndal etter glitrande spel! Kombinerar glimrande i midten og får ballen ut til Raitala på kant. Han legg 45 grader ut og Sveen skal berre breiside ballen i mål, men set den heller ein god meter utafor.
30'
Høgt press frå Glimt no. Tvingar Sogndal til å slå langt.
29'
Glimt ligg lågt no og dunkar ballen i bakrom når sjansen byr seg. Ikkje lukkast enno, men både Olsen og Azemi truar dette bakromemt med stor fart.
28'
Sogndal rundt på høgrekanten igjen. Teniste og Koomson kombinerar og førstnemnte får slått inn til Sveen som headar utafor.
27'
Sogndal sitt første skot på mål er det Birkelund som står for, men får ikkje heilt dreis på høgreslegga og ukrainaren Pogorilyy kan notere si første redning for Glimt.
25'
Assistentrenaren til Glimt, Tom Mangersnes, var i fleire år analysesjef i Sogndal. I Bodø vert han no berre kalla DVD-Tom så det går sikkert mykje i videoanalyse i Bodø for tida også.
24'
Då vert det tid for ein liten time-out prat også for både trenarar og assisentar.
24'
Drikkepause erklærar dommar Hafsås.
21'
Innlegg frå Koomson og Ramsland skal berre sette skallen til ballen på fem meter, men ballen sklir av pannebrasken til sørlendingen.
21'
Stygg feil der av debutantent Moberg då han mista ballen til Azemi.
17'
Veldig lite som skjer i kampen akkurat no. Begge laga har senka presset og begge laga brukar god tid i det oppbyggande spelet utan å få til noko særleg offansivt.
14'
Glimt prøver ved kvar annledning dei har å få ballen i bakrom på sine raske spissar. har ikkje lykkast med dette endå.
12'
Veldig lite som skjer framfor måla her i innleiinga, men det er bra tempo og begge lag har fleire gode kombinasjonar. To kontante forsvar har sålangt rydda unna det som har komme framfor boksen.
9'
Litt fram og tilbake her no. Glimt vinn eit frispark på 25 meter og tek det kjapt utan resultat. Så kjem Sogndal på ei kontring som Normann spring opp.
7'
Heilt tomt på bortesupporterfeltet på Fosshaugane i dag. Men eg kan høyre at under oss sit det ein god gjeng nordlendingar. Umulig for oss å telje dei sidan vi ikkje ser dei, men dei lagar iallefall god stemning.
5'
Innlegg frå Sogndal som går i handa på ein glimtspelar. Hadde vore strengt med straffe der, men har sett det blitt blåst på slikt tidlegare.
4'
Høgt tempo i starten. Begge laga med høgt press. Kanskje eit lite overtak til heimelaget så langt.
2'
Koomson rundt på kant og Glimt må gje til corner.
2'
Glimt med ballen i laget no. Trillar rundt i bakre rekker.
1'
Der er vi gang. Utvik klinkar ballen opp og Bjørnbak stangar ut.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal startar med ballen og debutant Pogorilyy har sola i andlete i denne førsteomgangen.
Då er laga på veg inn på bana og vi er om få straksar klar for dette oppgjeret mellom dei to formlaga i Tippeligaen.
Vi har òg lova vèrmelding og vi kan melde om sol frå ein nesten skyfri himmel og litt over 20 grader i Sogn i dag.
Historisk sett er det jamne kampar mellom Sogndal og Glimt i Sogndal. Talas tale er at heimelaget har vunne fire, bortelaget har vunne fem og to kampar har enda uavgjort i løpet av dei siste 22 åra. Sist desse laga møttes på Fosshaugane var i 2014 og då vann Glimt 1-0 etter ei sein scoring av Dominic Chatto. Oppgjeret på Aspmyra i år var seriestarten i Tippeligaen og då vann Glimt 2-0 etter mål av Emil Jonassen og Milan Jevtovic
Då har vi endeleg fått lagoppstillingane og vi bit oss merke i to debutantar, ein på kvar av laga. Som venta blir den ukrainske keeperen Pogorilyy kasta inn i det frå start, men meir overraskande er det at Leikvoll Moberg får debuten sin frå start på Sogndal si midtbane. Henrik Furubotn spelar ikkje dagens kamp då ei avtale mellom dagens klubbar gjer at årdølen ikkje kan spele mot gamleklubben Glimt. Vi legg og merke til at Hannu Patronen ikkje er med i Sogndal sin tropp grunna skade og at Glimt berre fyller opp 6 av 7 plassar på innbytarbenken.
Kampstart er kl.1800 og vi er tilbake ca. 1 time før dette med lagoppstillingar og vêrmelding frå Sogn. Vel møtt.
For Sogndal har det vore ei hektisk veke på overgangsmarknaden. Først vart Henrik Furubotn klar. Han kom frå ingen andre enn Bodø/Glimt og får mest truleg sin debut mot gamleklubben i dag. I tillegg vart Sogndal sin klart beste spelar denne sesongen, Babacarr Sarr, snappa opp av Molde. Dermed måtte Eirik Bakke ut å finne ein erstattar og valet fall på Åsane sin kaptein Vegard Leikvoll Moberg. Han og kan fort få sin debut i dag.
Hannes Halldorsson spelte sin siste kamp for Glimt sist helg. Han er no gått til den danske klubben Randers. Førstekeeper Simon Thomas er framleis skada og difor såg det lenge ut til at 39-åringen og klubblegenda Jonas Ueland Kolstad mest truleg skulle vakta Glimt sitt mål i dag. Men på fredag henta Glimt den ukrainske keeperen Sergey Porogelei som har vore klubblaus etter eit opphald i Metalist Kharkiv i heimlandet. Han får sin debut på Fosshaugane i dag. Elles er det ingen skadar eller karantener på Glimt som vi veit om.
Både Sogndal og Bodø/Glimt har vist veldig god form etter ferien. Begge står med to sigrar og ein uavgjort. Glimt imponerte med 2-1 mot gulljagande Odd sist helg, mens Sogndal fekk med eitt poeng mot Vålerenga på Ullevål. Heimelaget har faktisk ikkje tapt ein eliteseriekamp sidan 23.april, så får vi sjå om nordlendingane frå Bodø kan stoppe denne gode statistikken i kveld.
Desse laga er tabellnaboar på henholdsvis 9. og 10. plass. Sogndal på 22 poeng og Bodø/Glimt på 18 poeng.
Hei og velkomne til den 17.runden i årets Tippeliga. Dagens kamp frå Fosshaugane Campus er mellom Sogndal og Bodø/Glimt.