TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Glimt fortviler etter nok eit bortetap - Sogndal-spelarane er letta over tre poeng! Alt i alt fortent etter spel og sjansar. I neste runde får Glimt besøk av Bryne, medan Sogndal har spelefri grunna fleire spelarar på landslagsoppdrag.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+3'
Piotr har ballen i Sogndal-buret og brukar lang tid.
90+2'
Spillerbytte
90+2'
Haukås tråklar seg igjennom Sogndal-forsvaret, og blir lagt i bakken. Edvardsen vinkar han opp!
90+1'
Londak langt utanfor sekstenmeteren, og lurer vekk Halvorsen. Keeperen får etterkvart avklart!
90'
Innlegg frå Rønning, men Piotr plukkar lett.
90'
Håvard Flo på løp (!) i Glimt-forsvaret. Han vippar ballen forbi Londak frå skrå vinkel. Der dukkar Ulrik Flo opp, men innbytaren klarar ikkje å setje ballen i mål!
88'
Lars Grorud driv oppover langs sidelinja, men midtstopparen sparkar ballen likegodt utover sidelinja. Han snur, og klagar på ei humpete grasmatte..
86'
Lars Grorud er kåra til dagens Sogndal-spelar av den lokale juryen.
85'
Hjørnespark
Frispark til heimelaget inne i feltet.
82'
Flo til Flo, men Ulrik er i offside. Frispark!
82'
Glimt betre med no, og jaktar 1-1!
81'
Hjørnespark
Frispark til Glimt i feltet.
81'
Per Egil Flo med to (!) tunnellar på rappen. Får corner og applaus!
80'
Tre blad FLO for Sogndal no!
79'
Spillerbytte
79'
Sogndal ofrar alt for poenga no! Furebotn jobbar som ein helt og leverer to flotte taklingar på under eit minutt.
78'
Spillerbytte
78'
Spillerbytte
78'
Grorud viser også teikn til byte.
77'
Glimt med dobbelt byte no. Dermed skal både Sakariassen og Stensland inn på bana.
76'
Bjørdal frå frispark i duell mot Olsen.
74'
Hjørnespark
Glimt får avklart.
74'
Martins får ein siste sjanse av Edvardsen!
73'
Martins sleng med kjeften nok ein gong, og dommar Edvardsen vinkar spissen til seg. Blir det raudt kort?
70'
Tidlegare i sesongen uttalte Hovland at han ikkje skulle klippe håret før han scora sitt første mål for sesongen. Det kom i cupkampen mot Førde, men panneluggen er framleis like lang.
69'
Gult kort
Munnbruk!
67'
Hjørnespark
Piotr boksar ut.
66'
Hjørnespark
Ufarleg.
65'
Haukås skyt frå 20 meter. Godt forsøk - utanfor!
64'
Kader lurer seg forbi Rønning på venstrekanten, men Londak er perfekt ute å reddar!
63'
Det stemmer ikkje for Glimt no. Rønning med hålaus tversoverpasning, og Sogndal får innkast på midtstreken.
60'
Langt oppspel mot Martins, men Scheel nikkar tilbake til Piotr.
59'
..rett i muren!
59'
Flo gjere seg klar..
59'
Halvorsen med tunnel på Forko og blir lagt i bakken. Frispark på kanten av sekstenmeteren!
57'
Halvorsen slår inn, rett på Londak!
57'
2314 tilskodarar ser kampen. Årsbeste!
56'
Frispark til Sogndal i god posisjon. Både Halvorsen og Hovland står klare..
56'
Innlegg frå høgreback Rønning som går like over tverrliggjaren.
54'
Glimt sin midtbanetrio er sju år yngre enn Sogndal sin spissduo ute på matta akkurat no..
53'
Hjørnespark
Frispark til Glimt og Londak.
52'
Furebotn med god takling på Konradsen. Heimelaget har opna andre omgang friskt!
50'
Mål!
1-0
Furebotn slår inn, Olsen stussar vidare mot Flo som stangar inn 1-0!
49'
Hjørnespark
Flo avsluttar - utanfor!
49'
Flo slår inn, og Flo når ikkje fram. Høvesvis Per Egil og Håvard. Får corner!
48'
Flo opnar med ein frykteleg støttepasning og Glimt kan overta. 'Dan vegen', ropar ein tilskodar og peikar i retning Londak i Glimt-buret.
46'
Spillerbytte
46'
Glimt med avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
40-år gamle Håvard Flo vart sendt i oppvarming før første omgang var over. I cupkampen mot Førde på onsdag var det ringreven som avgjorde kampen. Skjer det i kveld også?
Laga går til pause på stillinga 0-0. Kaptein Bjørdal og Johansen i kraftig diskusjon med dommar Edvardsen medan dei ruslar mot garderoben. Glimt-spelarane er tydeleg oppgitte over hovuddommaren si leiing av kampen.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Hjørnespark
Ufarleg.
45+1'
Rudolfsen avsluttar med pannebrasken - rett på Londak som slår til corner!
45+1'
Rudolfsen legg inn frå høgre og Furebotn sklir inn i feltet. Londak reddar!
45'
Johansen får ballen på 25 meter og ladar venstrefoten! Skotet går utanfor!
44'
Det er lagt til to minutt.
44'
Aabrekk har vore langt meir ivrig enn trenarkollega Ingebrigtsen nede på sidelinja i den første omgangen.
42'
Furebotn skyt frå 25 meter. Utanfor!
40'
Grorud er tilbake på bana, til stor applaus frå heimepublikum.
38'
Flo er på beina att, men Grorud må ut på sidelinja. Dermed blir Valsvik sendt til oppvarming.
37'
Grorud og Flo kolliderar, og går rett i bakken begge to. Ser ikkje godt ut, og dommar Edvardsen ber Røde Kors entre bana med båre.
36'
Elvis med tøff takling på Haukås på kanten. Ivorianaren lev farleg med gult frå før.
35'
Jamn kamp på Fosshaugane no.
32'
Halvorsen slår eit Sogndal-frispark inn i feltet. Ballen stryk stolpen!
32'
Hovland driv framover, men midtstopparen går for lenge med ballen og Glimt får frispark når Sogndal-spelaren skal reparere eigne feil. Frispark!
28'
Elvis med fin ball mot Rudolfsen, men den tidlegare Mo-spissen får ikkje kontroll på ballen. I fjor scora han 19 mål for 2.divisjonsklubben, medan han til no i år har ei nettkjenning for Sogndal.
26'
Haukås testar skotfoten frå 25 meter. Blokkert av Elvis!
26'
Gult kort
Høgt spark - ifølje dommar Edvardsen. Godt over 2000 tilskodarar er ueinige.
25'
Grorud tabbar seg ut og Hamoud snappar opp ballen. Han slår inn i feltet, men Martins klarar ikkje å lage sitt niande mål for sesongen. Svakt forsvarsspel av heimelaget, og Sogndal-kapteinen får høyre det av trenar Aabrekk.
22'
Rudolfsen dreg seg fri og slår 45 grader ut. Der står fleire Sogndal-spelarar i kø for å setje ballen i mål, men Glimt-spelarane ofrar alt i eigen sekstenmeter og får avklart!
19'
Martins skyt frå 20 meter - rett på keeper.
18'
Tilbakespel frå Hovland mot Piotr som sleivar ut til innkast.
17'
Johansen slår tidleg inn frå venstre i retning Martins, men Hovland avklarar til innkast.
17'
Heimelaget betre med og styrer kampen no.
16'
Hjørnespark
Rudolfsen avsluttar over.
14'
Kjempesjanse til Sogndal! Espen Olsen og Joakim Rudolfsen kjem åleine med keeper, men keeper Londak let seg ikkje lure! Olsen held seg til hovudet og fortviler.
14'
Hjørnespark
Londak boksar ut.
14'
Kader leiker seg med Rønning på høgrebacken og slår hardt inn. Corner!
13'
Hovland slår langt mot Halvorsen. Upresist.
13'
Rekord med talet på tilskodarar på Fosshaugane i år. Glimt sin gode sesongstart har tydeleg lokka publikum til Sogn i kveld.
11'
Gult kort
Etter takling på Flo.
11'
Hovland rotar det til eige forsvar. Furebotn ryddar opp, men mistar ballen på 17 meter. Livsfarleg, men Flo får snappa opp ballen.
9'
Glimt har opna best på Fosshaugane.
7'
Johanesen slår frisparket inn i feltet. Martins avsluttar over!
6'
Frispark til Glimt, Johansen skal slå inn frå høgre.
6'
Konradsen skyt frå 20 meter, og Martins er nære på å skli inn 1-0 til Glimt!
5'
Svein-Erik Edvartsen er til vanleg å finne i Tippeligaen. I dag er han mannen i svart ute på Fosshaugane Campus.
4'
Innlegg frå Hamoud, men dommaren ser ein hands på Johansen inne i feltet.
3'
Det har regna kraftig i Sogndal i dag. Fleire spelarar slit også med underlaget, mellom andre Martins og Hovland som begge har smakt litt på grasmatta.
2'
Med Christian Berg utilgjengeleg i denne kampen, har Glimt berre to utespelarar på benken. Daniel Stensland og Håvard Sakariassen sit der samen med reservekeeper Jonas Ueland Kolstad.
1'
Sogndal tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Kjedeleg melding til alle Glimt-fans i Nord. Like før kampstart her på Fosshaugane må Christian Berg gi seg under oppvarming, grunna problem med leggande. Han blir erstatta av Anders Karlsen.
Sogndal stiller med same mannskap som vann 2-1 over Strømmen 15.mai. Glimt har gjort to endringar sidan kampen mot Follo i førre runde. Anders Karlsen og Daniel Stensland er ute, og desse blir erstatta av Michael Haukås og Thomas Rønning.
Firda kjem tilbake med meir informasjon om kampen når det nærmar seg kampstart!
Onsdag var begge desse laga i aksjon i 2.runde i NM-cupen. Bodø/Glimt hadde ei enkel oppgåve på Nye Sagbakken stadion der dei vann 4-0 over Stålkameratene. Sogndal avanserte også til 3.runde, etter 3-2 siger over Førde.
Sist desse to laga møttest var i 2007, då Ahyee Aye Elvis og Mats Solheim sikra Sogndal 2-0 siger.
Thiago Martins er toppscorar for Bodø/Glimt med åtte mål. For Sogndal er Espen Olsen og Ole Jørgen Halvorsen mestscorande, med fire mål kvar.
Sogndal ligg som nummer fem på tabellen med 14 poeng etter dei første åtte kampane. Gjestene frå Bodø ligg som nummer to, med to poeng meir.
Velkommen til Firda si livedekning, og til oppgjeret mellom Sogndal og Bodø Glimt frå Fosshaugane Campus.