Referat
Kun høydepunkter
Der er det over på Fosshaugane Campus. Ein oppskriftsmessig 3-1 siger til Sogndal. Bærum var gode i periodar, men alt i alt så var Sogndal både eit og to hakk betre. Banens beste var utan tvil venstreback på Sogndal, Vicotr Grodås. Sogndal med 18 avslutningar. 8 av desse på mål. Bærum hadde sju avslutningar og 3 av desse på mål.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+4'
Sogndal er farlege på vergangar, men tek dei ikkje heilhjarta.
90+2'
Bærum trykkjer Songdal tilbake.
90+1'
Johansen aleine gjennom, men kjem litt skrått på mål og skyt hardt. Devaux reddar og Pedersen er på returen.
90+1'
Fire minutt tillegg.
90+1'
Aalbu riv seg laus i boksen og legg 45 grader ut. Der er dessverre for Bærum ingen gule.
88'
Fine kombinasjonar frå Bærum. Kjapt på eintoch, men den siste pasninga går ut over kortlinja.
85'
Bærum med eit visst trykk mot sogndalmålet no.
84'
2417 tilstades på Fosshaugane i dag.
84'
Kan Bærum komme tilbake då?
82'
Frispark til Bærum på venstrekanten etter at Alba vart felt.
81'
Kort til Grodås som skyt fem meter over.
80'
Grodås rundt på kant igjen. Endar i corner for Sogndal.
80'
Benmoussa har vore frisk for Bærum etter at han kom innpå.
79'
Pedersen stangar ut, men berrre til Johansen som skyt over frå 16 meter.
79'
Nytt frispark til Sogndal. Denne gong litt lenger ute på høgrekanten. Igjen er det Grodås som skal svinge innover.
78'
Bærum spelar særs fint til tider, men det vert lite ut av det.
76'
Gjennom heile feltet og ut til 5-meter. Der burde sogndalspelarane vore endå litt meir på høgget i fylge heimepublikummet.
76'
Grodås skal svinge innover.
76'
Frispark til Sogndal på høgrakanten. Ca. 20 meter til mål.
74'
Sukke boksar til corner.
73'
Alba vinn eit frispark på venstrekanten.
73'
Framleis Sogndal som styer kampen, men cruise-controllen er no satt på.
70'
Lenge sidan heimepublikumet har fått SÅ mykje å juble for på Fosshaugane Campus.
69'
Fin sjanse for Bærum når Aalbu avluttar rett på Sukke.
69'
Då er nok kampen avgjort!
66'
Ser ut som Opseth vil ta frisparket sjølv.
66'
Frispark til Sogndal etter at Warshaw feller Opseth på 20 meter. Nei lat oss sei 25 meter.
65'
Benmoussa gjennom på venstrekanten, men skyt i nettveggen.
65'
Bærum med ballen no. Kanskje Amarh og Benmoussa kan gje dei ei vitamininnsprøyting.
62'
To byter på Bærum.
62'
Sogndal held fram med å styre kampen. VIl overraska mange om Bærum klarar å komme tilbake her.
61'
Fin skoring av ein ellers anonym Flo.
58'
Flo skyt nokre centimeter utafor. Via ein bærumspelar så det vert ein corner til sogningane.
57'
Det regnar godt i Sogndal akkurat no.
56'
Høgresida til Bærum har vore relativt open i dag. Strand og Grodås har fått boltre seg fritt mot Nedrebø då Kalezic ikkje har bidratt så alt for mykje deffansivt.
55'
Igjen er Sogndal frampå med ein halvsjanse. Heilt kalrt sogningane som har tatt over initiativet i kampen.
54'
Fin kross igjen frå Skaasheim over til Strand. Bergensaren dreg av litt for mange bæringar og tilslutt er det Warshaw som får stoppa han.
53'
Skaasheim spelar gjennom Johansen som set fart inn i 16-meteren til Bærum. Skotet hans går rett på keeper.
51'
Fint spel av Bærum, men vinn ikkje noko anna enn eit kast nede ved hjørneflagget til Sogndal.
50'
Tore Andre Flo og på kamp i sognebygda i dag. Må bøye seg ned då han står rett framfor pressetribuna og me dessverre ikkje ser målet til Bærum då.
49'
Warshaw med ei katastrofal tilbakeheading til Shroot som ligg bak bærumsforsvaret. Engelskmannen vert derimot raskt takla av Pedersen og Bærum slepp med skrekken.
48'
Bærum med ballen og eit visst trykk her i starten. Sogndal ligg lågare og satsar på overgangar.
47'
Warshaw kjempar seg fri på ca. 20 meter og skyt, men rett i ansiktet til Utvik. I motsetnad til andre fotballspelarar med særs låg smerteterskel reiser Utvik seg kjapt opp igjen for å vinne ballen som vart liggjande fri.
46'
Bærum med avspark. Ingen byter på nokon av laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er laga tilbake på bana og me er straks klare for 2.omgang her frå Fosshaugane Campus.
1-0 til pause og det er relativt fortent. SOgndal har vore det beste laget utanom dei ti fyrste minutta då Bærum fort kunne ha leia etter at Aalbu heada over frå fem meter. Etter dette tok Sogndal over det meste, men skapte ikkje så alt for mykje.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Eit minutt tillegg og Saftkokarane er nøgde og syng på Eirik Bakke.
45'
Sogndal spelar seg fint rundt på kant, men Shroot glir når han skal dra av Pedersen som sistemann. Godt spel og god sjanse for Sogndal.
43'
Shroot riv seg laus i boksen, me nfår ikkje avslutta og Bærum gjev til corner.
41'
Strand driv oppgjennom midtbane og legg tre bærumspelarar bak seg. I staden for å slå til Johansen som er aleine på høgrekanten skyt han og Pedersen får blokkert til kast.
40'
Sogndal sine spelarar søv og Kalezic slår kjapt til Tollås som står aleine på 16 meter. Han skyt dessverre for bærumingane over. Dei sjansane må Bærum ta vare på.
39'
Frispark til Bærum på 30 meter.
38'
Sogndal farleg frampå like etter skoringa også, men framleis 1-0.
34'
Bærum kjem til Innlegg ved Kalezic, men Sukke er ute og snappar. Fyrste gong på lenge at Bærum er på besøk på Sogndal sin banehalvdel.
32'
Innkast til Sogndal og ballen vert stussa vidare, men rett på Devaux. Såg ikkje kven som stussa, men ein ny god sjanse for Sogndal.
31'
Sogndal spelar seg fint rundt på kant og på innlegget frå Skaasheim prøver Fardal Opseth å sette den i mål med hælen. Dessverre for sogningane går ballen over.
29'
Alba oppe igjen og klar til dyst.
29'
Riki Alba ligg nede igjen. Denne gongen er det knettet han held seg til.
28'
Jim Johansen prøver seg og skyt i nettveggen. Saftkokarane bak mål meiner det var corner, men vanskleig å jså om Devaux var borti den.
25'
Tollås får gå heile vegen fram til 16-meteren og skyt rett på Sukke. Spørs om han faktisk kunne gått endå lenger der for presset til Sogndal var ikkje mykje å skryte over.
23'
Bærum med høgare press no, men Sogndal klarer å spele seg ut.
23'
Johansen er på lån frå Bodø/Glimt.
22'
Det var Jim Johansen som kom inn for Sogndal. Vi har no retta dette opp tidlegare i teksten også.
22'
Kalezic prøver seg frå 25 meter, men skotet går langt over og er heller ikkje serleg hardt.
21'
Bærum starta kmapen best, men Sogndal har tatt fullstendig over dei siste minutta.
19'
Strand på heil volley frå 25 meter. Devaux slår i tverra og Pedersen klarerar etterpå til corner.
16'
Kampen har skifta karater dei siste fem minutta. Sogndal har tatt over og komme til fleire gode sjansar. Sist var Fardal Opseth gjennom, men Devaux kom ut og fekk stoppa han.
15'
Ny god sjanse for Sogndal då Grodås kjem rundt på kant og får lagt inn. El-Masouri gjev til corner.
14'
Shroot kjem seg laus på 20 meter og skyt ein liter meter til sida. Sogndal sin beste sjanse til no.
13'
Bærum klarerar til kast.
12'
Grodås fører opp og skyt frå kanten av 16-meteren. Tek i ein bærumspelar og går til corner.
10'
Men han kom seg fort igjen han og. Lågt tempo her no.
10'
No er det Opseth som ligg nede og held seg til hovudet etter ein duell.
9'
10 minutt spelt og det er Bærum som har vore det beste laget i innleiinga av denne kampen.
9'
Alba oppe igjen og spelet held fram.
7'
Alba ligg nede etter ein duell med Bolseth. Held seg til hovudet og dommaren stoppar kampen.
5'
Bærum held ballen i laget no. Sogndal har slått mykje langt her i starten.
4'
Innkast frå Bærum og Aalbu headar 10 cm over. Ny bra sjanse for Bærum.
4'
Tas kort og Bærum spelar seg rundt på kant. Innlegget skal være enkelt å klarere for Psyche, men han bommar på ballen. Skaasheim klarar å kaste seg inn framfor Alba som der kunne plasser ballen i åpent mål. God sjanse for Bærum.
3'
Frispark til Barum ca. 30 meter frå målet til Sogndal.
2'
Grodås med innlegg, men keeper Devaux plukkar lett ned ballen.
1'
Flo skyt 10 meter utafor frå kanoten av 16-meteren.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal med avspark.
Bra oppmøte på Haugadn. Kanskje rundt 2000.
Laga på veg inn på bana og vi er straks klar for årets fyrste kamp frå Fosshaugane Campus. Denne gong i 1.divisjon.
15 minutt til kampstart og laga gjer sine siste førebuingar i oppvarminga. Begge laga ser svært klare ut for å komme i gang med årets sesong.
Av andre kuriositeter kan me ta med at venstreback på Bærum Mounir El-Masrouri spelar på det norske futsal-landslaget. I kveld skal han få bryne seg på fjorårets komet på Fosshaugane Campus, Petter Strand.
Bærum har EIN stor supporter. Erik Massimo Herstadhagen. Om han dukkar opp i Sogndal i kveld i badedraktkostymet sitt vil han få ein kald aften. Ein litt kald vind og 7-8 grader gjer at vi anbefaler stilongs og tjukk jakke for dei som har tenkt seg på kamp.
Då har vi dei to laga klare!
Vi ynskjer alle våre lesarar velkomne tilbake kl 1700 då vi skal ha dei to laga klare. Vel møtt til den etterlengta starten for norsk fotball!
Sogndal har som Bærum hatt ei varierande sesongoppkjøring, men tok heim ein sterk 2-1 siger mot Hødd på Nye Høddvoll Stadion sist helg.
Mest dramatikk i sognebygda har det vore rundt assistenttrenar Ian McParland som for litt over ei veka sidan sa opp stillinga si og reiste tilbake til England etter berre 3 månader i klubben. Eirik Bakke har endå ikkje henta inn ei ny assistent.
Inn for Sogndal har det vore ganske mange, men av betydning kan vi i allefall nemne Victor Grodås og Robin Shroot. Begge to frå divisjonrival Hødd. I troppen til dagens kamp kan vi og nemne Edin Øy (Årdal), Lars C. Kjemhus (Fana), Jim Johansen (lån frå Bodø/Glimt) og Christian Sukke (lån frå Sarpsborg 08) som nye frå i fjor. I tillegg til dette og er det greitt å nemne Joar Tryti og Simen Brekkhus som er unggutar frå eigen stall som ikkje spelte så mykje i fjor, men i år har fått tillit frå Eirik Bakke.
Ein god del utskiftingar på Sogndal og frå nedrykket i fjor. Ut av betydning kan vi nemne islendingen Valgardsson som var fjorårets assistkonge for Sogndal. I tillegg har og Helge Haugen lagt opp og gått inn i støtteapparatet som fysioterapeut.
Sogndal offentleggjorde troppen sin i går eg den består av: Mathias Dyngeland, Christian Sukke, Joar Tryti, Eirik Skaasheim, Victor Grodås, Edin Øy, Babacar Sarr, Lars Christian Kjemhus, Simen Brekkhus, Ulrik Flo, Kristian Fardal Opseth, Robin Shroot, Jim Johansen, Rune Bolli Bolseth, Petter Strand, Bjørn Inge Utvik, Hannu Patronen, Christophe Psyché
Diverre har vi ikkje fått tak kva tropp Johansen tek med seg til Sogndal så dette må vi ta då laga vert offentleggjorte ca. 1 time før kampstart.
Når det gjeld spelarar inn for Bærum er det verdt å legge merkje til ungguten Riki Alba som er på lån frå Vålernega og som har putta jamnt og trutt i ei heller varierande sesongoppkjøring for Bærum. Andre nyervervelsar framfor sesongen er Morten Gievær, Emmanuel Amarh og i sist veke vart og Vasko Kalezi klar.
På spelarfronten har fjorårets kaptein Lars Sanbu lagt opp for å satse på ei vidare karriere innanfor advokatyrket. Ahmal Pellegrino og Marius Lundemo er tidlegare spelarar frå Bærum som no spelar i Tippeligaen for Lillestrøm.
Framfor denne sesongen har Bærum mista suksesstrenar Morten Tandberg gått til Vålerenga for å bistå Kjetil Rekdal. Inn er tidlegare Sarpsborg 08 trenar Roar Johansen komme.
Dei to laga hadde to vidt forskjellige soesongar i fjor. Sogndal skuffa stort i Tippeligaen og rykka til slutt ned etter ei forferdeleg tapsrekkje i andre halvdel av sesongen. Bærum overraska alle då dei som forrhåndstippa nedrykkskandidat spelte seg inn i opprykksstriden og tilslutt berre var nokre sekund unna opprykksfinale mot Brann. Dessverre for bærumingane utlikna Mjøndalen på overtid og drog heim sigeren etter ekstraomgangar. Kva som skjedde vidare med MIF veit vi jo alle.
Hei og velkomne til livedekninga frå seriestarten i 1.divisjon 2015. Kl 1800 i dag tek Sogndal i mot Bærum på Fosshaugane Campus.