Referat
Kun høydepunkter
Der var kampen på Fosshaugane over. Vi var vitna til ein fartsfylt start på kampen der Sogndal skapa ei rekke sjansar dei første 20 minutta. Åsane sjokkerte då dei satte inn 1.0 etter å ha fått til lite. Det tok Sogndal kun minuttet å svare då Adams fant nettmaskene. Sogndal pressa på og fekk uttelling då Austevoll gjorde sjølvmål. Andre omgang baud på mindre sjansar, og Åsane hadde problem med å trenge gjennom eit godt etablert Songdal-forsvar. Lufta gjekk nok heilt ut av ballongen for Åsane då Mannsverk satte inn 3-1 i 90. minutt og parkerte kampen for Sogndal.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+5'
Sogndal kjem frammover på bana og Hoven får avslutta frå 20 meter. Ballen går like utanfor mål.
90+3'
Dommaren legg til fem minutt i kampen.
88'
På ny kjem Sogndal gjennom etter at Åsane må ta fleire sjansar. Eid kjem gjennom Sogndal har alle tiders moglegheit til å sette 3-1 då dei har tre spelarar mot to Åsane forsvarar på 16 meter. Akor får til slutt ballen men bommar på ballen frå 8 meter og brenn målsjanse.
87'
Åsane står høgt i bana i det Mannsverk slår godt i bakrom til Hoven. Eid får til slutt slått inn frå sida. På bakre ventar Flo som slår hardt til. Ballen går hardt over.
85'
Fredriksen lempar frisparket inn i boksen, men Sogndal får avklart.
84'
Flo kjem for seint i duel med Nygard og får seg sjølv ein real smell, i det dommar sletner dømmer frispark 10 meter inn på Sogndal sin banehalvdel.
83'
Med kun ti minutt igjen av kampen må Åsane gå i seg sjølve og finne fram godfotballen som har gjort at dei ligg på tredjeplass.
81'
Kristoffersen gjer seg klar og ladar kanona frå 17 meter. Ballen fyk fleire meter over mål.
74'
Eid tek med seg ballen på kanten og kjem ned ved dødlinja. Dogham lagar frispark og blir tildelt det gule, like ved hjørneflagget.
73'
Roseth spelar igjennom Hoven nede ved dødlinja til Åsane, men Åsane får klarert til corner.
72'
Dommaren bles, og vi er i gang igjen.
71'
Varmen i dag er som tidlegare sagt ein påkjenning, og kampen blir stoppa for 'cool break'.
70'
Sogndal ser ut til å være nøgde med at Åsane har ballen og held seg samla.
69'
Åsane held på ballen og flyttar seg oppover i bana. Sogndal senkar seg og gjer det vanskeleg for Åsane å trenge gjennom.
68'
Begge lag prøver å skape sjansar, men slit med å kome gjennom.
66'
Sogndal er fortsatt laget som skapar mest ut på matta. Sjølv om tempoet har roa seg noko fra første omgang kan det godt hende vi får fleire nettkjenningar dei siste 25.
63'
Åsane prøvar å spele seg ut frå bakre halvdel, men Sogndal står tett. Sogndal vinn med dette corner og Valsvik gjer seg klar.
62'
Etter ein førsteomgang med høgt tempo, kjenner nok begge laga på solsteiken. Sola og været gjer spalarar og publikum både varme og solbrune i dag.
60'
Sogndal står høgt med laget og her må nok Åsane prøve å finne luker og rom der dei kan.
58'
Åsane prøver å trenge seg gjennom et tett Sogndal. Men Åsane-spelarane kjenner nok at dei står ovanfor ei tunellstenging av Sogndal-forsvaret.
56'
Eid får slått inn frå kanten av 16-meteren. Ballen endar ut til corner.
53'
Kupen får seg ein trøkk i duell med Austevoll og blir bytta ut. Dommar stoppar spelet. Det er verkeleg ein varm dag for fotball og spelarane nyttar pausen i spelet til å ta seg drikke.
51'
Trenar Røssland har kanskje viska nokre vakre ord i øyra på spelarane sine som har ballen meir no enn førre omgang.
49'
Åsane verkar å være meir med i kampen no. Dei prøvar å spele seg gjennom, men Sogndal forsvarar seg tett.
47'
Og der var vi i gang igjen på Fosshaugane. Sogndal kjem på nytt gjennom med Eid på kanten. Eid legg hardt inn frå dødlinja men Jensen får handa på den og slår ut ballen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Og der bles dommar Sletner av fyrste omgang. Det har verkeleg vore ein actionfylt fyrsteomgang på Fosshaugane. Sogndal har vore det klart dominerande laget og skapt mykje mot eit Åsane som verkar å slite mot eit Sogndal-lag som har stått høgt gjennom heile kampen. Det kunne fort ha stått fleire mål til Sogndal. Vi ventar spent på om det kan komme nokon lovande ord frå garderoben. For no må Åsane løyse eit høgtståande-Sogndal for å hente med seg poeng frå Saftbygda. Vi er straks tilbake med 2. omgang.
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45+3'
Sogndal kjem på ny til sjansar. Eid vinn til seg ballen og sendar den langt i bakrommet bak Åsane-forsvaret. Der kjem Valsvik i full fart, og Jensen kjem i full spurt ut frå målet. Steen kjem på ballen først og får klarert med to Sogndalspelarar tett på seg og med eit åpent mål bak seg. Neuer-tendensar frå Jensen ut på her
45'
Sogndal vinn ballen i det Åsane ligg høgt. Mannsverk spelar lang ball bak Åsane-forsvaret kor Adams kjem springande. Adams får ballen og utfordrar frå 16 meter. Han får avslutta men ballen går rett i Steen som får seg ein real trøkk.
37'
Eid blir spelt igjennom på kanten av 16-meter og slår hardt inn framfor mål. Der Kjem Austevoll litt for seint fram i det han skal klarerer. I staden for å skli ballen ut, sklir han ballen rett inn i nettmaskene til Åsane. Austevoll er tydeleg oppgitt og Sogndal har med dette snudd kampen!
37'
Kupen header igjennom til Adams som utfordrar inn i 16 meteren. Adams kjem seg forbi og legg hardt inn nede ved linja frå 8 meter. På bakerste dukkar Flo opp og er klar til å sette ballen i nettet. Men ballen fer like utanfor frå 4 meters hold! Utruleg sjanse som Flo setter 9 av 10 gonger. Sogndalspelarane kan ikkje tru at den gjekk utanfor.
33'
Sogndal kjem seg frammover på bana og blir dømd frispark frå hjørnet av 16-meteren. Valsvik stillar seg opp, siktar inn, og fyrar av, men skyt nokre meter over mål.
31'
Lassen blir felt av kupen. Dommar dømmer frispark til Åsane, noko publikum er tydeleg uenige i.
30'
Roseth kjem seg til hektene og spelet startar opp igjen.
29'
Roseth blir liggande etter å ha komme for seint inn i duel med Nygard. Han har tydelege smerter og medisinsk apparat kjem inn på bana.
27'
Plutsleg fant begge lag nettnotene. Åsane har verkeleg vore effektive og funne nettmaskene på ein av få sjansar dei har hatt. Sogndal slo fort tilbake og har klart vore det dominerande laget gjennom dei fyrste 20 minutta.
16'
Sogndal har prega dei første ti minutta av kampen og har kome til ei rekke sjansar. Det er tydeleg kven av laga som jaktar scoring.
10'
Sogndal kjem på nytt fram på Åsane sin banehalvdel og prøver å skape noko på kanten. Det resulterar i kast, og Åsane får avklart.
8'
Det skjer verkeleg mykje dei fyrste minutta av kampen, og no er det Åsane som kjem frammover i bana. Det endar med avslutning rett på Mbaye frå 20 meter.
7'
Valsvik gjer seg klar, og hamrar til frå 17 meter. Ballen fyk like utanfor mål, men Sogndal blir dømt corner etter stuss frå Åsane-muren.
6'
Den lange avklaringa havnar langt oppe i bana, der Kupen utfordrar mot to Åsane spelarar. Han blir tatt go får frispark frå 17 meter. Sogndal gjer seg klar i farleg posisjon!
5'
Åsane har haldt på ballen de siste minuttet og prøver å komme seg fremi bana. Då kjem det lang avklaring frå Sogndalforsvaret.
4'
Sogndal har i løpet av dei to fyrste minutta komme til sjansar og publikum på Fosshaugane applauderar den friske starten frå dei kvitkledde.
2'
Då var vi i gang frå Fosshaugane! Sogndal startar friskt med godt lagt frispark frå Flo frå 25 meter som Åsane header vekk frå feltet.
Avspark Start 1. omgang
Velkommen til ein forrykande dag for fotball! Sola skin som aldri før og det er straks klart for fotball i saftbygda!
Sogndal og Åsane er har fått svært ulik start på årets sesong. Etter sjuande serierunde har Sogndal ikkje henta nok poeng og ligg på 12. plass før dagens kamp, medan Åsane har fått ein fantastisk start og ligg på tredje.
Sogndal viste kva som bur i dei, då sei sendte Ålesund heim 2-0 ved forrige heimekamp. Likevel blei det tap for dei svarte og kvite i forrige runde mot tabelltopp HamKam. Om opprykk skal være innan rekkevidde må Bakke og co snu trenden og heve seg i kampane som kjem.
Åsane har etter sin femteplass i forrige sesong fått ein utruleg god start og ligg førebels på tredjeplass. Laget frå vest har verkeleg fått ting til å stemme og er på jakt etter nye poeng i saftbygdi.
Når desse laga møtast, har Sogndal ofte trekt det lengste strået. Med 7 sigrar til Sogndal, 3 uavgjort og 2 sigrar til Åsane har nok bergensarane ynskje om å snu trenden og vise kvifor dei ligg på tredjeplass.