TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Skotstatistikken viser 16-8 i heimelagets favør. Sogndal hadde 9 av desse på mål, mens Åsane berre hadde 2 på mål. Takk for oss her frå Fosshaugane Campus og velkomen tilbake 16.mai.
Då er det over på Fosshaugane. Sogndal gjorde årsbeste i 1.omgang og leia 3-0 til pause etter tre flotte mål. 2.omgang var av det meir kjedelege slaget, med Sogndal framleis i førarsete. Med dette vippar og Sogndal Åsane ned frå toppen og overtek denne om Follo ikkje slår Kristiansund.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+1'
Grodås prøver seg igjen, men skotet går langt over.
88'
Spillerbytte
87'
Innlegg frå Lerpold. Blir slått hardt langs bakken og debutant Hagerup er kjapt nede og held ballen. Har komme svært godt frå det i dag keeperen som kom frå 2.divisjon og Fyllingsdalen.
85'
2263 betalande på Fosshaugane i dag.
85'
Lite som skjer her no. Grodås akkurat med eit innlegg som gjekk bak mål.
81'
Hjørnespark
Wiik stangar ut.
81'
Hjørnespark
Ny corner igjen.
80'
Hjørnespark
Ny corner.
80'
Langs bakken og Wiik klarerar framfor Otoo til corner.
80'
Grodås skal svinge innover.
79'
Frispark heilt på kanten av 16-meteren når Grov feller Flo.
79'
Ganske stille og rolig nede på kunstgraset på Fosshaugane no.
76'
Spillerbytte
76'
Sist gong kritiserte vi russen i Sogndal som hadde eit slett oppmøte. I dag er det endå verre. Berre to stykk kan eg sjå og dei har plassert seg med saftkokarane. No er det berre ien sjanse igjen for Sogndalsrussen og det er mot Ranheim 16.mai. Er det dårlig oppmøte då og bør dei gå under namnet skuff-russ 2015.
74'
Så slår Shroot til Flo som på blank kasse set ballen over.
74'
Nydelig stikkar til Shroot som åleine med Østgaard set ballen på innsida av stolpen før ballen trillar inn i armane til nemnte Østgaard.
72'
Spillerbytte
72'
Løpeball i bakrom mot Shroot, men Wiik viser klasse og tek ballen lett frå engelskmannen.
69'
Spillerbytte
Dette er vel det me kan kalla eit deffansivt bytte Bakke. Jim Johansne får stor applaus når han går av bana. Sogndal beste i dag.
68'
Meir open kamp no. Åsane heilt klart med og Sogndal satsar meir på overgangar.
66'
Ulrik Flo klemmer til på heil volley frå 20 meter og det er eit HARDT skot. Går ein liten meter over.
65'
Litt ping-pong i boksen til Sogndal før Grov får ballen umarkert på 16 meter. Han skyt 16 meter utafor. Desse sjansane må Åsane ta om dei skal klare å komme inn igjen i kampen.
64'
Men det går for seint med Åsane i dag og Sogndal kjem seg tilbake.
64'
Åsane kjem på kontra.
63'
Hjørnespark
Klarert.
62'
Hjørnespark
Sogndal klarerar.
62'
Lerpol med skot frå 12 meter som Hagerup slår over. Bra av begge.
60'
Stikkar mot Lorentzen, men Psyche tek ein skulder mot skulder og då er spissen borte. Sterkt av Sogndal sin midtstoppar.
58'
Hjørnespark
Sarr headar rett på Østgaard og returen headar Utvik like over. Nære 4-0 der.
58'
Johansen skyt via Gravdal til corner.
57'
Grov prøver eit skot, men det går 10 meter utafor.
56'
Lorentzen mistar til Strand.
56'
Åsane no oppe og luktar på målet til Hagerup. Vinn eit kast høgt i bana.
55'
Jim Johansen prøver seg på heil volley på 40-meterspasningen frå Kjemhus. Nordlendingen struttar i sjølvtillit, men skotet går til kast.
52'
Åsane har store problem med å spele seg ut. Sogndal legg høgt press sjølv om dei leiar 3-0.
51'
Johansen med leikestove på kanten går og går langs kortlinja før han legg ut til Flo osm set ballen rett på Østgaard. God sjanse for Sogndal.
50'
Hjørnespark
Vert klarert.
50'
Elendig utnytta. Kort til Grodås som mistar ballen.
49'
Frispark til Sogndal nede med hjørneflagget.
48'
Flo kjem til linja og legg inn, men Østgaard snappar innlegget.
47'
Sogndal begynner bra denne omgangen og. Fine kombinasjonar av Kjemhus og Shroot endar i kast for sogningane.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ser ut som Erelnd Grov skal inn for Åsane. Han varmar i allefall godt opp her i pausen.
Pause i Sogndal og det er nok Åsane nøgde med. Serieleiaren har blitt avkledd i første omgang og shortsen til Wiik har glide endå lenger opp enn tidlegare. Sogndal har rett og slett sprunge Åsane i hel i fyrste omgang og krydra det heile med to glimradne skot frå Johansen og herlige pasningskombinasjonar før Shroot sette ballen i mål.
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
44'
Lerpold, med skot langt over.
43'
Wiik med horribelt tilbakespel til Østgaard som såvidt får klarert framfor Shroot.
42'
Gult kort
Handser midt på bana.
41'
Åsane får kvilt seg litt med ball, men endar med å slå langt opp og der er Utvik og Psyche vanskelege å bryne seg på for Lorentzen og Lerpold.
39'
Mykje rot i feltet, men Åsane får til slutt klarert.
38'
Frispark til Sogndal som skal svingast innover.
38'
Hjørnespark
Hagos klarerar.
37'
Kjemus rundt på kant igjen og får lagt inn. Østgaard får vippa den vekk.
36'
Sogndal igjen frampå. Strand prøver seg frå 16 meter, men Wiik blokkerar.
33'
Åsane slit kraftig, men det er like mykje Sogndal som legg ned ein stor innsats. Spesielt utan ball spring sogningane mykje og gjer det vanskelig for Åsane sitt possesionspel.
31'
Brutalt straffa her Åsane.
29'
Mål!
3-0
Jim Johansen gjer det igjen. Dreg seg innover frå kanten av 16-meteren og dunkar ballen i motsatt kryss. Denne gongen er Østgaard etter ballen, men den er for hard og for velplassert for sisteskansen. For ein omgang av Sogndal!
27'
Mål!
2-0
Kalddusj for Åsane! Sogndal går rett i angrep etter corner. Flotte kombinasjonar gjer at Shroot til slutt får ballen og set den til side for Østgaard.
26'
Hjørnespark
Lang ball over alle til Moberg på kanten av 16-meteren, men han rotar ballen vekk.
23'
Hjørnespark
Igjen er Moberg på plass og stangar ballen ut.
23'
Johansen kjem seg fri Bjørkkjær, men Moberg kjem backen til unnsetning og får gjeve til corner.
22'
Åsane meir med i kampen no.
22'
Nei det var Gravdal som skaut. Og det var ikkje dårlig heller. Like over tverra til Hagerup.
21'
Frispark til Åsane på ca. 20 meter. Lerpold og Hagos står klar.
20'
Utvik stoppar Lerpold igjen.
20'
Åsane kjem på overgang.
19'
Godt slått, men headinga til ein sogndalspelar går til kast!
19'
Frispark til Sogndal som Grodås skal svinge innover.
18'
Stor sjanse for Åsane når Grodås slår ein horribel pasning bakover. Lerpold gjennom med Hagerup, men Utvik kastar seg inn og blokkerar.
16'
Sogndal soleklart best sålangt i kampen, men Åsane er langt frå ufarleg dei få gongene dei har komme seg framover.
14'
Strand slår inn til Shroot som dempar på kassa og bles ballen over. Ny god sjanse til Sogndal.
12'
Lorentzen luktar når Hagerup og Utvik nesten kolliderar, men Sogndal sin debutant klarar å få tak i ballen.
11'
Hjørnespark
Østgaard får kontroll.
10'
Hjørnespark
Fleire halvsjansar før SOgndal vinn ein ny corner.
9'
Hjørnespark
Ny corner.
9'
Ny god sjanse for Sogndal når Kjemhus kjem rundt på kant. Ny corner for Sogndal.
9'
Og med det leiar Sogndal 1.divisjon.
6'
Mål!
1-0
Duellar i feltet og Åsane verkar litt tamme då Sogndal vinn alle desse. Til slutt får Psyche gjeve ut til Johansen som skyt frå ca. 16 meter. Skotet er godt, men Østgaard burde kanskje tatt den. Mulig Åsane si sisteskanse var dekka då det var mykje folk inne i boksen.
6'
Hjørnespark
5'
Kjemus kjem rundt på kant og Steen må gje til corner.
4'
Lerpold svingar inn, men Psyche stangar ut.
4'
Frispark til Åsane på kanten av 16-meteren til Sogndal.
3'
God sjanse for Sogndal når Shroot får stå umarkert på kanten av 5-meteren. Dessverre for Sogndal vel engelskmannen å finte istadenfor å skyte og Wiik tek enkelt frå han ballen.
2'
Teniste skal kaste langt.
2'
Sogndal som styrer her innleiingsvis.
1'
Sogndal med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Då står laga oppstilt framfor oss og om nokre minutt er toppkampen frå Fosshaugane Campus i gang.
I dag har det og møtt opp ein god del bortesupporterar og sjølv om ikkje alle har kledd seg i Åsane si flotte oransje drakt så er det kjekt å sjå 20-30 bergensarar på plass.
Ikkje akkurat folksomt på Haugadn no ti minutt før kampstart. Men sogningane er ikkje akkurat kjende for å møta opp i god tid før kamp så det kan hende det kjem nokon rennande her før dommar Lundby bles igang kampen.
Det bles litt i Sogndal i dag og det er rundt 10 grader.
Sidan 1992 har Åsane berre slått Sogndal ei gong og det var i 1995 på heimebane. Totalt mellom laga har Sogndal sju sigrar og to har enda uavgjort. I Sogndal har heimlaget fem sigrar og ein kamp har enda uavgjort sidan 1992. Sogndal har difor statistikken på si side, så får vi sjå når klokka nermar seg 20.00 om denne statistikken held fram eller om Åsane kan ta sin fyrste trepoengar i Sogndal.
Men inn på Åsane sitt lag har Kristoffer Stephensen komme. Bergensaren var fleire sesongar i Sogndal før han i vinter sette nasen heim til Bergen og spel for Åsane. I forrige kamp her frå Fosshaugane var det heimvendte Ørjan Hopen som brillierte og senka Sogndal. Så får vi sjå om Stephensen klarar det same i kveld.
Då har vi laga klare og kanskje ei overrasking at 1.divisjon sin beste spelar ifylgje vår bårs, Joachim Soltvedt, startar på benken.
Ikkje nok med at Åsane per dags dato er det beste laget i 1.divisjon, det er og det som har eit av dei aller minste budsjetta. Så får vi sjå om Kjetil Knutsen sine utvalde kan halde fram å imponere fotball-Noreg. Vi er i alle fall tilbake med lagoppstillingane ca. kl. 17.00. Vel møtt!
Litt sparsamt med info på Åsane sine heimesider om kva tropp trenar Kjetil Knutsen tek med seg, men vi veit at ligaleiaren i motsetnad til mange av sine divisjonskollegar ikkje har budd på hotell i Sogndal i natt. Dei set seg på bussen no i dag tidleg for å køyre dei fire timane til sognebygda.
I tillegg har Bakke tatt ut denne troppen til dagens kamp: Kristian Rutlin, Joar Tryti, Hannu Patronen, Taijo Teniste, Christophe Psyché, Bjørn Inge Utvik, Victor Grodås, Petter Strand, Babacar Sarr, Simen Brekkhus, Edin Øy, Lars Christian Kjemhus, Rune Bolli Bolseth, Jim Johansen, Mahatma Otoo, Robin Shroot, Ulrik Flo
Sogndal har hatt mannfall på keepersida med både Dyngeland og Sukke ute i lang tid. Sogningane har difor sett seg nøydde til å henta inn Fyllingsdalen sin keeper Stefan Hagerup.
I midtveka tok begge laga seg vidare i cupen og er difor premiert av NFF med henholdsvis heimekamp for Sogndal mot Hønefoss og bortekamp for Åsane mot Ranheim.
Nyopprykka Åsane leiar divisjonen framfor storebror Brann, mens Sogndal innheld i skrivande stund 5.plassen. Men det er så jamt i denne divisjonen at dagens eventuell vinnar garantert kjem til å ligge på opprykksplass.
Hei og velkomne til Fosshaugane Campus og den 7.runden i årets 1.divisjon. Sogndal tek i dag i mot Åsane i det som me nok kan kalle ein toppkamp.