TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sogndal vinn fortent 2-1, sjølv om Alta kom betre med i kampen i andre omgang. Laget frå Finnmark skal ha ros for at dei aldri gav opp. Sogndal held fram sin veg mot Tippeliga-spel neste sesong og tek tre viktige poeng.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+5'
Spelet er i gang igjen.
90+4'
Elvis er no på båre, på veg ut av stadion - med nakkekrage.
90+2'
Kan sjå ut som Elvis ligg medvitslaus på grasmatta. Røde kors er inne på bana.
90+1'
Elvis går rett i bakken etter at han får kneet til ein Alta-spelar i hovudet. Både spelarar og dommar vinkar febrilsk på hjelp.
90'
Flo brukar lang tid ved hjørneflagget, og får frispark.
90'
Sogndal spelar med fem mann i forsvaret no, medan Alta har flytta opp Harris som spiss.
89'
Hjørnespark
Piotr held ballen.
89'
Brekke skyt, og Piotr må gi til corner!
88'
Innkast ved hjørneflagget, og Alta har ni mann inne i boksen.
87'
Elvis med hands på midten, og Alta flyttar opp alt av spelarar.
86'
Ole Jørgen Halvorsen er kåra til dagens Sogndal-spelar.
84'
Spillerbytte
83'
Gult kort
Brukar for lang tid på innkast.
81'
Hjørnespark
Sogndal vinn ballen og går i angrep. Solheim driv framover, men Hovland får frispark imot seg i feltet.
80'
Sogndal baktunge no og Alta kjempar hardt for poeng.
79'
Spillerbytte
78'
Diomande skyt frå 25 meter. Langt utanfor!
77'
Heimelaget blir pressa bakover på bana og Håvard Flo ligg nede i midtbaneleddet.
76'
Gjestene langt betre med og er best ute på bana akkurat no. Denne gongen er Andersen på løp, men skotet blir blokkert.
76'
Braaten tek seg av ein retur og testar skotfoten frå 22 meter. Over!
76'
Spillerbytte
75'
Alta har fått ny giv etter Norbye sitt mål, og jaktar 2-2 no.
73'
Brekke slår inn, men Sogndal får frispark inne i feltet.
72'
Nytt Alta-frispark i god posisjon. Skal Alta stjele med seg poeng frå Fosshaugane?
70'
Mål!
2-1
Frispark inn i feltet, som Norbye stussar vidare. Nesten kopi av Hovland si 2-0 scoring. Ny spenning i kampen!
70'
Furebotn legg Andersen i bakken og Alta får frispark i god posisjon.
68'
Mål!
2-0
Flo slår eit frispark inn i feltet. Den stussar Hovland i mål, bak Efendic! 2-0!
66'
Harris i tøff duell mot innbytar Flo. Sogndal får frispark.
66'
Fin ball ut mot Nilsson, men svensken missar i mottaket.
65'
Braaten går opp på midtbana, medan Harris tek over plassen i midtforsvaret.
64'
Stor sjanse for Sogndal og Olsen. Elvis slår inn, men Olsen avsluttar rett på Efendic. God redning av Alta sin keeper!
62'
Spillerbytte
62'
Skal Brekke og Harris snu kampen for Alta?
61'
Spillerbytte
61'
Spillerbytte
59'
Framleis spenning i denne kampen, og Alta har ikkje gitt opp håpet om poeng.
57'
Alta litt betre med no, og Diomande får innkast i duell mot Solheim.
55'
Lang ball mot Olsen, men spissen er i offside.
54'
Kjempesjanse for Sogndal! Olsen legg inn til Kader som har ei enkel oppgåve å score 2-0, berre han treff ballen. Det gjere han ikkje! Framleis 1-0!
53'
Diomande utfordrar Elvis, men får ikkje skikkeleg kontroll.
52'
Stor sjanse for Sogndal. Diomande med frykteleg feilpasning i forsvaret og Furebotn stjel ballen. Han legg inn mot bakerste stolpe, men ingen Sogndal-spelarar når fram.
51'
Alta prøver seg på høgrekanten, men innlegget er for svakt.
49'
Halvorsen slår inn, men rett på Efendic.
49'
Heimelaget opnar andre omgang slik som dei avslutta den første.
48'
Han skyt.. ..rett i muren!
48'
Hovland ladar kanona, avstand over 30 meter.
47'
Diomande legg Halvorsen i bakken. Frispark.
46'
Ingen av laga har gjort byter i pausen.
46'
Alta tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går pause med 1-0 til Sogndal. Fullt fortent etter spel og sjansar. Alta hadde eit par småsjansar det første kvarteret, men fekk ikkje ballen i mål bak Piotr. Etter det har det vore spel mot eit mål, og Sogndal kunne ha leia med fleire mål etter dei første 45 minutta.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Det er lagt til eit minutt.
45'
Hjørnespark
Norbye avklarar.
44'
Halvorsen leikar seg med venstreback Rolandsen no. Men denne gongen blir innlegget for upresist.
42'
Sogndal styrer kampen, etter Alta si friske opning.
40'
Flo slår inn frå venstrekanten, men Efendic kastar seg fram og plukkar lett.
39'
Halvorsen slår inn. Keepermat.
39'
Gult kort
Legg Kader i bakken.
38'
Kader vinn ballen og Flo prøver å utfordre Alta-forsvaret. Det går ikkje, og spissen mistar ballen.
36'
Ole Jørgen Halvorsen skyt frå 25 meter. Like utanfor!
35'
Spillerbytte
35'
Halvorsen med nok eit godt innlegg, men Sogndal får berre corner.
34'
Flo vil ha straffe i duell inne i feltet, men Edvardsen vinkar spelet vidare.
33'
'Vi må ha større fart i ballen, gutta!' er beskjed frå Aabrekk til spelarane sine. Trenaren er ikkje nøgd med alt som skjer ute på bana akkurat no.
30'
Sogndal-frispark som Halvorsen slår rett i klypene til keeper Efendic.
29'
Gult kort
Holding i trøya.
29'
Flott angrep av Sogndal. Flo vidare til Furebotn som leitar etter Kader på venstrekanten. Overvik ligg riktig plassert og får ballen unna.
27'
Stor applaus på Fosshaugane når publikum får vite av Kaupanger sitt damelag i 2.divisjon leiar 2-1 over Åsane, medan Avaldsnes ligg under mot Loddefjord på heimebane. Dermed kan det gå mot opprykk for jentene frå Sogn.
26'
Sogndal er tøffe i duellane og vinn dei fleste duellane no. Både Hovland og Elvis viser god duellstyrke.
24'
Langt oppspel, og El Hadje er i løpsduell mot Flo. Backen skjermar ball ut og har full kontroll.
22'
Svakt utspel av Piotr, og Alta får innkast på midtstreken.
21'
Grorud slit med kneet, og Alta-spelarane nyttar sjansen til å drikke.
19'
Mål!
1-0
Nydeleg mål av Sogndal og Ulrik Flo! Olsen legg inn frå høgre og Flo nikkar tilbake i det lengste hjørne!
17'
Ny kjempesjanse for Sogndal. Nok ein gong legg Halvorsen inn, men både Olsen og Flo når akkurat ikkje fram!
16'
Halvorsen legg inn, og Kader avslutter med pannebrasken - i stolpen. Nær 1-0 der!
15'
Hovland med balltap på midten, men Alta blir for upresise.
13'
Furebotn, Flo og Kader kombinerer fint, men sistnemnde er i offside i trekket etter.
12'
Hjørnespark
Flo avklarar.
11'
Diomande går i bakken inne i feltet, men Edvardsen vinkar kantspelaren opp på beina att. Sogndal overtek.
8'
Hjørnespark
Olsen avsluttar, men Efendic plukkar lett.
8'
Solheim driv framover og finn Flo på kanten. Han slår inn mot Kader, og Overvik må gi til corner.
7'
Alta har opna kampen bra her på Fosshaugane.
7'
Overvik legg inn og Diomande skyt på direkten. Utanfor!
6'
Diomande prøver seg frå 10 meter, men skyt over!
4'
Dette var Elvis sitt tredje gule kort for sesongen. Dermed må midtbanespelaren sone karantene neste kamp.
3'
Gult kort
Stygg takling på Nilsson.
3'
Elvis ut til Halvorsen som legg inn. Vasilev avklarar.
1'
Nordbye prøver seg, men Sogndal avklarar til innkast.
1'
Henrik Furebotn tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal står i ring ute på grasmatta, medan Alta-spelarane gjer det same rett foran Alta-benken.
Spelarane på veg ut på bana.
Sogndal manglar Ørjan Hopen og Eivind Daniel Røed som begge er på samling med G18-landslaget. Der får dei besøk av Gustav Valsvik, som reiser rett etter dagens kamp.
- Helgas kamp mot Sognal blir viktig. Vi må ha poeng og vi må ha dem fort for å sikre oss videre spill i førstedivisjon, seier Alta-trener Aasmund Bjørkan til Finnmark Dagblad før kampen.
Laga er i full gang med oppvarming. Nærmar seg kampstart i Sogndal, ei bygd som badar i sol denne ettermiddagen.
Ingen av laga har gjort byter sidan førre serierunde. Då vann Alta 2-1 over Fredrikstad, medan Sogndal vann 2-0 borte mot Nybergsund Trysil.
Hos Sogndal er Espen Olsen toppscorar med 11 mål på sine 21 kampar denne sesongen. For Alta har både Christian Gauseth, Christian Reginiussen og Magnus Andersen fem mål kvar.
For ni serierunder sidan var Alta tabelljumbo i 1.divisjon. Sju serierunder før slutt har laget klatra heilt til åttandeplass på tabellen. Dermed har laget tatt eit stort steg bort frå nedrykkstriden, og er eit av fleire lag som kjempar om kvalifiseringsplass til Tippeligaen.
Alta har berre to tap på sine siste ni kampar. Og på dei siste fire kampane (3-1-0) er det berre Sogndal som har vist like god formkurve som laget frå Finnmark.
Velkommen til Sogndal - Alta frå Fosshaugane Campus!