TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Dramatiske sluttminuttar her på Fosshaugane. Ser ut som ein klar hekt på Ørjasæter der og sogndalspelarane flokkar seg rundt dommaren etter kamp. Uansett ein fartsflyt og spanande kamp til siste sekund. Til tider velspelt, men også litt for høgt tempo i forhold til nivå i periodar. Åsane tek uansett med seg tre svært viktige poeng etter Hagos sitt viktige sigersmål då kampen stod og vippa i andre omgang.
Kamp slutt Slutt (2-3)
90+7'
Hjørnespark
Åsane klarerer.
90+6'
Der skal Sogndal ha straffe! Ørjasæter blir heilt kalrt hekta, men dommaren bles ikkje.
90+6'
Seks minutt spelt. Kanksje blir det eitt minutt til?
90+5'
Frispark
Faller som ein sekk der Stephensen og får frispark.
90+4'
Åsane måkar ballen opp no ved kvar einaste annledning.
90+3'
Hjørnespark
Frispark til Åsane.
90+2'
Hjørnespark
Kanonande av Sogndal!
90+2'
Sogndal pressar på.
90+1'
Gult kort
Uthaling av tid.
90'
Godt med tillegg så dette er ikkje voer. Blir lange minuttar dette for Åsane som kjempar for å få med seg årets første trepoengar.
90'
Det er lagt til 6 minutter overtid.
90'
Gult kort
90'
SKulle visst ikkje byte alikevel Doghman. Stått opp frå dei døde har no uansett.
90'
Spillerbytte
89'
Spillerbytte
89'
Der ligg Dohman nede med krampe eller skade. Når han oppdager at han skal bytast ut sprett han opp for å klage på trenaren sin. reine Jesu oppstandelse dette frå Doghman..
88'
Ingimundarsson prøver seg frå 1 meter, men Lysgård reddar.
86'
Igjen spelar Sogndal seg fint rundt på kant, men Åsane får blokkert skotet.
86'
Sogndal har ein god overgangsmoglegheit, men Michael sosar den vekk.
84'
Enorm sjanse for Jonsson, men han blir avvinka for offside. Set ballen over frå fem meter så like greitt at han blei avvinka der.
83'
Spillerbytte
83'
Spillerbytte
82'
Ti minuttar igjen. Har Sogndal noko å svare med eller skal Åsane ri dette av og innkassere årets første siger?
80'
Hjørnespark
Endar i eit skot som går rett i nasa på Blårud. Han går rett i bakken, men er oppe igjen no.
80'
Godt angrep av Åsane som Van der Spa må gi corner på til slutt.
78'
Gult kort
For sein på Thornes
77'
Vi går no i nn i det siste kvarteret og det blir spennande å sjå kor mange gonger kampen må stoppast for at spelarar skal tøye krampe.
77'
SKjedde mykje på kort tid her no. Sogndal trykkjer godt på etter cornerane og ropar også på straffe. Hadde vore veldig billig om dei hadde fått den.
76'
Hjørnespark
Åsane får klarert.
75'
Hjørnespark
Ny corner etter mykje klabb og babb.
75'
Sogndal kjem i bølge to etter frisparket og får seg ein corner.
74'
Spillerbytte
74'
Frispark
Skal slås inni feltet.
73'
Sogndal svarar, men ingen er på innlegget frå Hoven.
71'
Mål!
2-3
Åsane ropar på straffe etter ei takling på ball og det ser ut som heile sogndallaget vert paralysert. Hagos stoppar ikkje opp og bankar ballen i mål frå kort hald.
70'
Har vore eit høgt tempo gjennom heile kampen så begge lag ser litt kjørt ut her no.
68'
Ørjasæter leikar seg på kanten før han avsluttar ein god meter over.
67'
Offside
Spissen er såvidt i offside på eit innlegg frå Larsen.
66'
Spillerbytte
66'
Kryger på veg inn iboksen etter at han vinn ein duell mot Doghman. Blir avblåst når backen faller over ende. Det er så alt for billig frå dommar Kellerhals.
64'
Står veldig og vippar denne kampen no. Sogndal kanskje me deit lite overtak, men etterlet seg store rom fro Åsane.
64'
Frispark
Nytt frispark til Åsane på eigen halvdel.
61'
Hjørnespark
Blir blåst frispark. Den er ekstremt billig frå dommaren.
60'
Frispark
Frå kanten av sekstemeteren. Innsvingar som Lysgård må gi til corner.
59'
Frispark
Slår ballen inn feltet, men der er Kryger iskald og brystar ballen ned til Fij.
58'
Ein meget underhaldande kamp no mellom to lag som ynskjer å angripe.
57'
Hjørnespark
Roseth igjen høgast, men får ikkje noko kraft på headinga si.
57'
Så er det Roseth som tesstar slegga frå 18 meter. Lysgård må gi til corner.
56'
Thornes skyt like utafor.
55'
Åsane med ballen mest dei siste minutta. Sogndal står ekstremt høgt så det er gode rom, men dei har bergensaren ikkje funne endå.
54'
Offside
52'
Frispark
Tas kort.
52'
Mathisen alt for seint inn på Kalsaas, men slepp unna kort der. Frispar ktil Åsane midt på bana.
51'
Frispark
Frispark nede ved eigen sekstenmeter.
49'
Draumestart for Sogndal dette på denne omgangen.
49'
Mål!
2-2
Innoverskrudd corner som Roseth stangar inn på første stolpe.
49'
Hjørnespark
48'
God sjanse for Sogndal. Roseth rundt på kant og inn til Ingemundarsson. Han skyt via ein Åsanespelar til corner.
47'
Frispark
Sogndal klarerar.
47'
Spanande byte her frå Sogndal. Roseth blir satt opp på midtbana og Ingemundarsson og Ørjasæter er spissar.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ingen tillegg på Fosshaugane. Heimelaget såg komfortable ut etter at dei oppskriftsmessig gjekk opp i 1-0 etter 20 minutt, mne Åsane kom sterkt tilbake med to flotte scoringar. Ein jamn kamp dette som kan vippe begge vegar. Trur ikkje vi har sett dei siste måla i denne kampen.
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45'
Frustrerte no heimelaget.
45'
Åsane med alle spelarane inni sin eigen sekstenmeter når Sogndal angrip.
43'
Åsane rett frå corner og opp. Kalsaas avsluttar over frå ti meter.
42'
Hjørnespark
Åsane kontrar!
42'
Hjørnespark
Ingemundarsson får skutt, men igjen blir det blokkert til corner.
42'
Sogndal spelar seg fint igjennom, men Åsane får blokkert til corner.
38'
Mål!
1-2
For ei scoring av vingen! Dunkar ballen i krysset frå kanten av sekstemeteren. Åsane har snudd kampen.
38'
Sogndal tråklar seg gjennom på kant og får til slutt avslutta, men via ein åsanespelar og inn til keeper Lysgård.
35'
Låg litt i korta det målet ettersom at Åsane har vore det førande laget dei siste minutta.
32'
Mål!
1-1
Åsane bryt og Thornes stormar framover. Chippar gjennom til Doughmann som igjen vippar ballen nydelig over ein utrusande Fij. Flott angrep av Åsane.
31'
Åsane har steppa opp litt her dei siste minutta.
31'
Innlegg inn i Sogndal sitt felt og der ruvar Haugsdal åleine, men headar rett på Fij.
30'
Igjen er Åsane frampå. Haugsdal avsluttar utafor etter press frå Roseth.
29'
Åsane spelar seg igjen gjennom to ledd og Larsen kan drive framover. SKyt frå ca. 16 meter, men skotet er verken hardt eller særlig bra plassert der det går ein meter over.
26'
Mathisen og og K.Hoven kombinerar fint og førstnemnte skyt i stolpen og ut frå 16 meter. Fine kombinasjonar der av heimelaget.
24'
Åsane trillar bra framover, men det stoppar liksom når det nermar seg sekstemeteren. Frustrerande for dei oransjekledde dette.
22'
Igjen rullar Sogndla rundt på si venstreside. Andreas er nære på å finna sin storebror Kristoffer i boksen, men Austevoll får såvidt klarert framfor Sogndal sin storvokste spiss.
21'
Var både dagens første skot på mål dette og kampen første reelle målsjanse.
20'
Mål!
1-0
Sogndal rullar fint rundt på kant og Ørjasæter legg inn. Åsane får klarert, men berre til Kryger som frå gode ti meter dunkar ballen ned i Lysgård sitt høgre hjørne.
17'
Ingemundarsson blir regelrett holdt rundt livet i fleire meter. Får gitt til Mathisen som skyt over. Blir ikkje kort der til Åsane. Vanvittig!
13'
Vågen går og går før han skyt frå ca 16 meter. Over.
11'
Åsane med litt mier tak på kampen no. Bryt Sogndal ved fleire høve og kombinerer fint framover. Stoppar litt ved sekstemeteren for bergensarane også.
10'
Sogndal speler seg fint framover igjen, men det stoppar for det meste ved sekstemeteren.
9'
Austevoll stormar framover og går forbi to ledd. Speler til Stephensen som ikkje finn ein laglkammerat. Gode takter frå bortelaget der.
7'
Mange duellar her no og Sogndal kjem sigrande ut av dei fleste.
5'
Frisk start frå begge lag.
5'
Sogndal pressar på igjen og eit innlegg blir slått inni feltet. Lysgård ute og snappar.
4'
Hjørnespark
Lysgård ute og boksar
3'
Åsane rett i angrep. Spelar seg fint fri på venstresida, men innlegget går over alle.
2'
Frispark
God sjanse for Sogndal her frå 20 meter. Dunkar ballen langt over.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga på bana og vi er klare for kamp i Sogndal. Delvis overskya med litt sol akkurat no. 15 grader og litt vind. gode forhold for fotball med andre ord.
Litt usikre på skadesituasjonen i dei to klubbene. Heilt sikkert er det at Per Egil Flo er ute for Sogndal. Roseth vart også tatt av bana sist mot Start og var heller ikkje med mot Florø. I tillegg fekk den islandske backen Gunnarsson ei skade mot Start som eg tvilar på er lega. For Åsane er Ueland garantert ute etter raudt kort sist. I tillegg måtte både Steen og Kalsås forlate bana med skader mot Bryne så det tynnest i rekkene hjå dei oransjekledde også. Lag klarar nok dei begge å stille og akkurat kven som startar får vi sjå når vi er tilbake ca. ein time før kampstart. Vel møtt!
Heimelaget starta sesongen veldig bra, men kom raskt ned på jorda igjen i sist seriekamp der dei tapte heile 5-1 borte mot Start. Sogndal har derimot vore spelemessig veldig bra og slo tilbake i cupen med 5-0 borte mot Florø. Med siger i dag vil sogningane komme seg opp på 14 poeng og ein 3.plass dersom dei andre resultat går deiras veg.
Åsane har hatt ei forferdeleg sesonginnleiing og ligg per no på 14.plass med berre tre poeng. Dei tre poenga er tatt i tre uavgjorte kampar så bergensarane har faktisk ikkje vunne ein fotballkamp i år. Det blei også tap i cupen mot 3.divisjonslaget Os etter ein dramatisk kamp som enda 6-5 etter ekstraomgangar.
Vestlandsderby dette og to lag som treng poeng. Heimelaget for å halde fylgje i toppen og bortelaget for å komme seg bort frå nedrykkstriden.
Hei og velkomne til Fosshaugane Campus og kampen mellom Sogndal og Åsane.