Referat
Kun høydepunkter
Åsane kler av Sogndal i dag. Har ingen problem med å ta med seg ein 2-0 siger til Bergen. Heilt rett etter spel og sjansar. Lenge sidan eg har sett Sogndal so dårleg. Skulle tru dei tok ut straumsikringa før kampen. Me gratulerar Åsane med avansemang, og Sogndal bør skamma seg etter kveldens kamp. Syltynt.
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+4'
Siste sjans no. Nope, heading ut av feltet.
90+2'
623 syndige sjeler på kamp i dag.
90+1'
Domaren legg til 4 minutt minimum.
90'
Full kontroll no for bortelaget.
89'
Åsane har gjort berre 4 byte, men har ikkje med seg fleire i dag.
86'
Heading over på corner av Åsane, langt over faktisk.
85'
Sogndal rådville og heilt daue. Åsane kontrollerar dette.
84'
Sogndal får ikkje til noko.
83'
Godly Michael set seg ned, og Sogndal har gjort alle byta. Han får bita tennene sammen.
82'
Sogndal bryt på midten, god overgangsmoglegheit, men det rullar vekk i sanden.
81'
Frustrert heimepublikum no, med rette.
80'
Åsane verkar å ha god kontroll, men 10 min att.
77'
Kva no SIL? Må skje noko framover drugt snart.
74'
Sogndal bryt eit oppspel, men håplaust innlegg. Stein i skoen.
73'
Sogndal må opp med agressiviteten. Ellers er eg redd det blir kavring og surmjølk i cupen i år og.
71'
Skal 3. runde syndromet slå til att for SIL? Men Åsane leve farleg med småspel bak. Fin kontring av Åsane. Dei vbil ha straffe, men det hadde vore strengt.
68'
Åsane dreg tid, spyrs om det svarar seg.
68'
Kanskje begynne å tenkje på ein sluttspurt no Sogndal. Daua litt no.
67'
Fredriksen måtte også ut etter skallinga. Såg noko groggy ut og heilt rett å sende han i garderoben.
64'
Skalling mellom to spelarar. Me får håpa det går bra. Åsane-spelar på beina, ser verre ut med A Hoven. Må ut å sy ser det ut som.
63'
Darcy verka bra han, fin teknikk.
62'
Sogndal meir direkte enn i 1. og større fart på ballen. Men den store sjansen let vente på seg.
58'
Avslutning av Michael, laaangt utanfor. Men bra gjennvinning.
57'
Avslutning på dirren av Åsane, langt utanfor.
56'
Bollen er meir på Åsane sin halvdel enn i første. Positive signal frå heimelaget.
54'
Publikum likar ikkje ei avgjerdsle. Skal ikkje gjenta kva sidemannen sa. Då hadde eg vorte ekskludert herifrå på nanosekundar.
53'
Eid inn på sin vante plass, Nouri skifta side. A Hoven joina broren i angrep og Darcy på sentral. So får me sjå om det blir gull eller gråstein.
51'
Avventande frå begge lag no, eksploderar det snart?
47'
Åsane køyrer på med dei same 11.
46'
Darcy prøver seg, men rett på keeper. Bra av Sogndal i starten.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Åsane best og leiar fortjent. Har meir ball enn Sogndal og meir trøkk i spelet. Sogndal blir for passive og spring for mykje i mellom. Bakke har ein del å retta på før 2. omgang. Då er det tid for ein kaffi og noko søtt.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Lang pasning mot K Hoven, men får ikkje stokka bein eller ball, og det renn ut i sanden.
45'
Flott spel av Sogndal, innlegg, avslutning av Nouri, men Åsane blokkerar. Det skotet hadde god retning. Det heile endar med offside.
42'
Åsane trillar ball, Sogndal kjem ikkje oppi, corner.
41'
Ikkje so mykje som skjer no.
39'
Sogndal slit, får ikkje sett spelet, mykje feilpasningar.
38'
Åsane har beste grunnspelet til no, og får eit frispark rett utanfor 16-meteren til Sogndal. Innlegg, men over alle. Men hadde du kontroll der Johnsen?
34'
Meir trøkk i Sogndal no. Kjem til nokre innlegg, men ikkje fårleg enno.
33'
Åsane kombinerar fint på SIL sin banehalvdel, men dårleg avslutning.
31'
Bra Sogndal-spel, innlegg rett over skolten til Kupen, og Åsane får gitt til corner. Rett bak vaka to SIL-spelarar, so det var ein viktig avklaring.
28'
Flott Åsane spel, fin heading av Lorentzen,men like utanfor. Får stå merkeleg åleine på 10 meter.
25'
Sogndal må opp nokre hakk her, Åsane betre første 25 og ikkje ufortjent at dei leiar.
25'
Sogndal hadde ein bra sjans like etter sjølvmålet, men avblesen for frispark.
17'
Heading utafor av K. Hoven. Bra hald, skulle kanskje fått meir ut av den.
17'
Flott spel av Sogndal, Kristoffer Hoven avsluttar med eit godt skot, keeper fistar til corner.
15'
Tempen stig på bana. Dette kan bli juicy utover. Ligg nokre sklitaklingar i lufti.
14'
Nesten kjeks til Nessø. Litt heldig der som unngår gult.
13'
Lite initiativ av bortelaget, har iallefall ballen mest og virka litt farlegare innledningsvis.
11'
Sogndal står høgt, Åsane prøver å spela seg ut. Syns bollen heng litt i graset av dei store nedbørsmengdene. Dette kan bli interessant framover.
10'
Skot av Krstoffersen som snitta tverra. Den hadde ikkje Johnsen teke om den hadde gått under.
8'
Absoulutt nada av den corneren, frispark Åsane.
8'
Kupen igjennom på sida etter kast og stuss, men keeper får gitt til corner med beinparade.
6'
Bra sjanse Åsane etter innlegg, men ingen fekk fota ballen i mål i mølja.
6'
To frispark på kort tid som Kryger laga. Skal passa seg litt no for ein advarsel.
4'
Alt skal avgjerast i kveld. Uavgjort etter 120 min, blir det straffar.
2'
Roleg opning, ballen har vore inne til kjæling for begge lag.
1'
Godt og vått utpå, herlege forhold.
Avspark Start 1. omgang
Før kamp utdeling av blommor til Rasmus Mo som har sin siste dag som dagleg leiar. 15 år har han hatt Sogndal som arbeidsgivar. Me takkar han for den gode jobben han har gjort, og ynskjer poden lykke til vidare i livet.
Sogndal slo Åsane 3-1 på heimebane tidlegare i år. Der tok Åsane leiinga 1-0, Sogndal utlikna minutten etter og dominerte dei neste 70 minutta. Fullt fortjent denne kvelden, og Sogndal tek nok gjerne ein reprise.
Diverre er ikkje cup-interessa so stor i Sogndal i dag. Kun ei tribune som er åpen. Me får håpa mellom 500-700 i laupet av kvelden.
Sogndal tek ein ligacup og byter so og sei heile laget i dag. 7 byter frå helgas kamp mot Grorud. Kun Lereng, Kryger, A. Hoven og Nessø beheld plassane. Keeper Johnsen gjer debut i dag. Likeså den nye Nouri som vart signert i går. Han tek over plassen til Eid. Ellers verdt å merka seg. Darcy og Jarvelaid på benken i dag. Dei var henta i sumar og enno ikkje vore på benken pga skade og eit par veker med tøff gjennomkøyring. So får me sjå om Bakke vel å bruke dei utover kampen. Bakke som i dag leiar laget frå sidelinja full i pølser, bollar, kake, kling, kaffi, brus og saft. Fruen har bursdag i dag, og dersom Sogndal tek seg til 4. runde so ser eg ikkje vekk i frå dobbel feiring utover kvelden.
Åsane gjer 4 byte frå forrige kamp mot Ålesund 1-6. So får me sjå korleis det vil gå i dag. Åsane har hatt eit lite straumbrot kampmessig siste kampane. Visst har dei møtt god motstand, men baklengsmåla har vore mange.VAr gode for nokre veker sidan, men no er det tre strake tap. Sogndal er nok favorittar i dag, men cup er cup som Herwig Carlsen seier. Åsane vil nok prøva å snu den dårlege trenden raskast mogleg, og den jobben startar i Sogndal om 50 min.
Vindstillt, ca 15 grader, øs-pøs regn, perfekte speleforhold. Ingenting er som å spela i regn under flomlysa. Og det skal regna enno meir utover kvelden. Det likar me, straumprisen blir viktig for det norske folk framover.