Referat
Kun høydepunkter
Den som bør føle seg mest snytt i dag er Hamed-Allah som åleine med Dahlin vert hekta og i tillegg nekta straffespark. Toppscorartittelen i år gjekk difor til Frode Johsen med marokkanaren eit mål bak.
Aalesund vinn fortent, men med resultata frå dei andre kampane så hadde denne kampen ingenting å seie for nokon av laga. Aalesund tar derimot med seg godkjensla til neste sesong, mens det Sogndal viser her i dag ikkje held mål for å spele i Tippeligaen. Det offansive spelet til sogningane er ikkje mykje å skryta av.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+2'
Aalesund klarerar kastet.
90+2'
Nytt kast til Sogndal og Teniste skal kaste langt.
90+1'
Tre minutt tillegg.
90+1'
Stuss frå Valsvik, men Grytebust er på plass og held ballen.
90'
Kast til Sogndal høgt i bana.
87'
Soleklar straffe for Aalesund Hamed-Allah vert felt av Utvik, men Døvle vel igjen å ikkje blåse.
84'
Hamed-Allah jaktar toppscorartittelen etter at Johnsen har scora i Skien. Men Valsvik kastar seg inn og berger eit tredje baklengs då marokkanaren er åleine med keeper.
82'
Mane bles frisparket over.
81'
Frisaprk til Sogndal på kanten av 16-meteren
77'
Om Sandnes skulle komma tilbake mot Vif ventar Ranheim for Sogndal.
76'
Og Otoo brenn ein god sjanse. Heilt åleine i feltet headar han over.
76'
Og der har Sarpsborg scora!
75'
Lite som skjer no etter scoringa.
70'
Og igjen er det Mane som skyt, men igjen rett i klypene på Grytebust.
69'
Småfarlig på frisparket, men Sogndal får klarert og kontrar.
66'
For Aalesund er det ikkje så mykje som står på spel no når Molde ligg under, men dei slapar ikkje av for det. No var det Hamed-Allah som leika seg i boksen og ville ha straffe, men igjen held Døvle fløyta frå munnen.
65'
Framleis er det svært lite som skal til før Sogndal havnar på kvalikk. Mål til Sandnes og Sarpsborg vil gjere at sesongen vert ei veke lenger for sogningane.
64'
Det byrjar å verte kaldt ute på matta og Ulrik Flo sklir fleire gonger. Heilt klart at Flo skulle valgt raud og ikkje blå voks under skoa i dag.
63'
Aalesund ropar på hands då Valsvik headar ballen i handa på Karadas. Men den handa var godt inntil kroppen såg det ut frå vår posisjon så Døvle gjorde nok rett der.
61'
Fleire halvsjansar ut av frisparket før Mane får ballen tilbake og skyt utafor.
61'
Frispark til Sogndal no. Mane skal legge inn.
59'
Teniste kastar og Aalesund får klarert på streken. God sjanse for Sogndal.
57'
Matland skyt og ballen får ein farlig sprett framfor Dahlin, men denne gong held svensken ballen.
56'
Nytt frispark til Aalesund, men denne gong frå 30 meter.
55'
Framleis lite flyt i Sogndal sitt angrep, men det er og fordi Aalesund ligg kompakt og nektar dei rom.
53'
Ser ut som Barrantes vart surt då han ikkje fekk ta frisparket for han viste bytetegnet til benken.
53'
Hamed-Allah kranglar seg til å ta det og skyt rett i muren.
52'
Ser ut som han har veldig lyst til å skyte sjølv, men det vil og Barrantes.
52'
Frispark til Aalesund på ca 20 meter etter at Karadas feller Hamed-Allah.
51'
Stor sjanse til Sogndal. Sagna slår ein glimrane ball ut på kant til Skaasheim som slår inn i feltet, men ballen passerar tre sogndalspelarar i feltet og går ut til ingenting.
49'
Hamed-Alleh er utrulig sterk i duellane og Sogndal sitt forsvar slit når ballane blir spelat opp mot han. Dessverre fyller ikkje alltid sunnmøringa så godt etter så han må klare seg mest åleine.
47'
I det neste trekket rotar Sogndal ballen over linja og rettferda sigrar.
47'
Sogndal med høgt press på Aalesund og vinn eit innkast høgt i bana noko Aalesund sine spelarar ikkje er einige i.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal er ute på bana igjen, men det dryger litt før Aalesund kjem.
Fortent leiing til Aalesund som har vore gode. Sogndal kjempar bra, men det manglar eit system på angrepsspelet. Ei kjempetabbe av Dahlin på corneren til Matland er det som skiller laga i målprotokollen. Vi ventar på denne siste omgangen i Tippeligaen 2013 og med scoring til Sandnes og Saprsborg så må Sogndal ut kvalikk.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Hardhausen er kjapt på beina igjen og publikum applauderar. Dei vil nødig miste han forran denne viktige 2.omgangen.
45+1'
Matland skyt i muren og hovudet til Karadas som blir liggande.
45'
Sagna handsar på ca 25 meter og Aalesund kan få ein fin sjanse på frispark her på tampen.
44'
Blir ingenting ut av innkastet.
44'
Teniste skal kaste langt for Sogndal.
43'
Ikkje så mykje som skjer her no. Aalesund verkar som dei har god kontroll på Sogndal.
42'
Sogndal held lenge i ballen inne på Aalesund sin banehalvdel, men det endar i eit skot frå Sagna som vert barnemat for Grytebust.
41'
Sogndal med trykket no.
39'
Det er Aalesund som har eit visst overtak eher no. Sogndal slit med å spele seg til sjansar mens Leke James og Hamed-Allah er ein munnfull for Karadas og Valsvik.
37'
Orry Larsen på ban igjen, men det spørs om det blir tannlegetime på mandag.
36'
Ser faktisk ut som Orry Larsen har fått slått laus ei tann.
36'
Grei sjanse for Holsæter etter ping-pong i feltet. Skotet vert derimot for lett for Grytebust.
35'
Han har fått seg ein smell i leppa, men vil nok snart vere innpå bana igjen.
34'
Ny Aalesundspelar nede. Denne gong er det Orry LArsen. Igjen etter duell med Sagna.
33'
Ulvestad på beina igjen.
32'
Ulvestad blir liggande nede etter at Sagna blokkerer skotet hans.
31'
Enorm sjanse for Sogndal. Otoo på fem meter gjer alt rett og flikkar ballen vidare. Grytebust med ei Gordon Banks redning og hindrar at det står 1-1.
31'
Matland skyt og igjen er Dahlin slepphendt. Dessverrre for Aalesund er Leke James i offside slik at han ikkje kan sette returen i mål.
27'
For svensken sin del så bør ein håpe på at dette ikkje vert utslagsgjevande for nedrykksstriden.
25'
Stor sjanse for Aalesund. Leke James skyt og Dahlin gjev retur. I feltet slåss Valsvik og Hamed-Allah og det er sogningen som får klarert til corner.
24'
Innlegg frå Latifu, men Sogndal får klarert. Aalesund meir med i kampen no.
22'
Mane er nede og driblar i eigen 16-meter og det er nære på at Barrantes stel ballen. For ein del nervøse sognahjarter så trur eg Mane skal halde seg høgare oppe i banen.
20'
Igjen er det Tollås som gjev Grytebust fotarbeid. Otoo jagar, men keeperen er sikker både i utsidevending og å få ballen langt vekk.
18'
Mane igjen med skot, men Grytebust held ballen sikkert.
18'
Stormen bak målet til Dahlin, meiner svensken rotar ballen ut over linja, men dommar Døvle er ueinig.
17'
Barrantes og Latifu er gode på kanten til Aalesund. Ein av Sogndal sine stødigaste spelarar, Teniste, vil få kjørt seg i dag.
15'
Sogndal som styer ein del her no. Gjev litt meir i duellane enn Aalesund. Verkar som sogningane vil sikra tippeligakontrakten så tidlig som mogleg.
14'
Grei sjanse for Sogndal då Mane skjer inn i feltet, men skotet er horribelt og går til kast.
13'
Mane med skot som tek i Tollås og går til corner.
12'
Endå ikkje nokon store sjansar å snakke om her.
11'
Den siste corneren endar i åpent spel før Orry Larsen set Grytebust i ei knipe, med eit vanskelig tilbakespel. Keeperen med landslagsambisjonar løyser det heile rolig og får ballen ut til kast.
8'
Hamed-Allah med skot over.
6'
Knusk stille då speaker opplyser om at det er scoring på Ullevål. Applaus då ein høyrer at det er Vålerenga som har scora.
5'
Frispark til Aalesund, men Sogndal klarerar.
5'
For Aalesund spelar Ulvestad og Orry Larsen sentralt, mens Carlsen ligg til venstre.
3'
Littt endringar i laget til Sogndal. Ulrik Flo spelar esntral midt og Mane spelar spiss i lag med Otoo. Utvik tek plass på høgre midtbane.
2'
Mane med skot over for Sogndal.
1'
Sogndal med avspark og ballen går tilbake til Karadas som dengjer den oppover og det heile endar i kast til Aalesund.
Avspark Start 1. omgang
Eit minutt stillheit for den tragiske hendinga i Årdal på mandag.
Stormen frå Aalesund med godt oppmøte. 100-150 har tatt turen frå Sunnmøre og ned til Sogn for å støtta laget sitt i årets siste kamp.
Då er laga på veg inn på banen til den siste kampen i denne sesongs Tippeliga.
Det omvendte oppgjeret i Ålesund enda 2-2 og i fjor vart det henholdsvis 1-1 i Sogndal og 2-2 på Sunnmøre. Skal vi tippe på uavgjort i kveld og?