Referat
Kun høydepunkter
Sogndal klart best og Aalesund mindre og mindre interessert utover i kampen. Men egentleg greit med 1-1 då¨Sogndal er frykteleg dårleg til å utnytte sitt spelemessige overtak.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+2'
Innkast. Siste sjans for Sogndal.
90+1'
2 minutt tillegg!
90'
Santos får kjeft av dommar fordi han hentar ballen til Grytebust som forsøker å dra ut tida.
89'
Denne gong er det Badji som ligg nede. Han kjem seg og på beina igjen.
87'
Karadas kastar seg fram på innlegg frå Flo, men avslutninga går utafor.
87'
James ligg nede med skade, me nsom vanlig så ser det ut som spelaren kjem seg på beina att.
85'
Ny kjempesjanse for Sogndal. Innlegg frå Flo. Santos kastar seg fram, men ballen glir av foten og går utafor.
85'
Sogndal held oppee trykket.
84'
3128 tilskodarar.
82'
Santos med kanonskudd. Grytebust med glimrande redning til corner.
80'
Fanga av Grytebust.
78'
Sogndal so mstyrer det meste her no. Aalesund satsar berre på kontringar og kjem med få folk på dei overganganen dei får.
77'
Brochmann med bra skudd, men ein god meter utafor.
76'
Aalesund prøver seg heile tida på kontringar, men det vert veldig spedt frå sunnmøringane.
75'
Hopen med glimrande ball i bakrom til Skaasheim. Endar i corner.
74'
Ingen store sjansar derimot, men det er Sogndal som styrer kampen no.
73'
Igjen trykkjer Sogndal på. Innlegg frå kant og trykk i boksen to til tre angrep på rad no.
72'
Men ingenting ut av innkastet. Aalesund slåt til iceing.
71'
Sogndal trykkjer på no og får seg eit innkast høgt oppe i bana.
71'
Skaasheim med innlegg. Karadas prøver seg på brasse, men den vert for laus.
70'
Hopen men lang ball inn i feltet, men igjen er Grytebust åleine og fangar ballen.
68'
Mane meinar han skal ha frispark og sluttar å spele. Sommaren bles ikkje. Som mange andre spelarar bør Mane spele til fløyta går.
66'
God moglegheit for Sogndal. Mane spelar vegg med Karadas og skyt frå 12 meter. Like til side for målet til Grytebust.
64'
Innkast til Sogndal på høgd med Aalesund sin 16-metar. Endar i corner.
62'
Karadas forserer framover, men endar tilslutt med å lage frispark.
61'
Innlegg frå Mane og Karadas jagar ballen. Men det heile endar i at Brochmann pådreg seg frispark i ein duell.
60'
Mane skyt stillestånde frå 25 meter. Fem meter over.
59'
Aalesund flinke til å halde ballen i laget og Sogndal vert no springande mykje etter.
57'
Azar Karadas manar alle til full innsats og får applaus frå tribuna.
57'
Jamnare no. Aalesund er komne litt meir opp i bana.
54'
Meir fart i kampen no.
54'
Stewart kjem nesten aleine med Udjus, men skyt frå 20 meter og den plukkar keeperen lett.
50'
Heilt klart Sogndal som har starta denne omgangen best. Aalesund ligg bakpå og håpar på kontringar.
49'
Enorm sjanse for Sogndal! Kombinerar fint på kant. Badji slår flott inn. Skagestad ramlar i feltet og Santos står åleine. Han avsluttar på volley ein halv meter over.
48'
Offside.
48'
Hopen skal svinge ballen innover.
47'
Frispark til Sogndal, 10 meter inn på Aalesund sine banehalvdel.
47'
Lang ball opp mot nemnte Karadas som dempar og skyt frå 25 meter. Langt utafor.
46'
Karadas inn for å krige på Sogndal sine innlegg.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Pause på Fosshaugane Campus og utanom dei 10 første minutta har kampen vore ekstremt sjansefattig.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
42'
Aalesund trillar mykje ball no utan at det vert så mykje ut av det.
42'
i andre bølgje blir Mane spelt fri, men Grytebust kastar seg inn og når ballen før sogndalangriparen.
41'
Innlegg frå Skaasheim denne gong, men ballen går over alle og Aalesund får klarert.
39'
Godt angrep av Sogndal. Hopen blir spelt fri langs kanten og slår inn, men der er ingen og Skagestad dunkar ballen ut.
36'
Aalesund med mange fine raske kombinasjonar langs bakken og Sogndal heng ikkje med. Sistepasningen er derimot dårlig og Sogndal får klarert.
34'
Endeleg ein sjanse! Hopen slår inn og Brochmann får vendt opp. Frå 7 meter skyt han rett på Grytebust.
34'
Endleg ein sjanse! Hopen slår inn og Brochmann får vendt opp. Frå 7 meter skyt han rett på Grytebust.
31'
Veldig lite å skrive om frå Fosshaugane Campus.
28'
Nytt innlegg frå Sogndal som Grytebust plukkar sikkert.
27'
Skaasheim no med eit skotforsøk, men 10 meter utafor.
27'
Veldig lite som skjer framføre måla.
24'
Ingen store sjansar å snakke om det siste kvarteret her. Men begge lag med positiv fotball langs bakken og mange kombinasjonar som ofte blir stoppa av ein dårlig sistepasning.
22'
Skot frå Mane, men Grytebust har god kontroll og skjermar ballen ut.
21'
Sogndal står litt høgare og det åpnar seg meir for ein leiken Barrantes.
20'
Akkurat no er det Sogndal som er best og på samme måte som Aalesund klarar dei å involvere kantane sine. Innlegga blir dessverre for sogningane ofte lett plukka ned av Grytebust.
18'
Godt innlegg frå Flo, men Grytebust plukkar lett ned ballen utan å bli pressa så mykje.
18'
Heilt klart Aalesund som har initiativet i kampen no. Byggjer opp og får slått ut på kant der ofte Fuhre får mykje spelerom.
16'
Aalesund held ballen i laget og Sogndal verkar ikkje så interessert i å presse høgt.
13'
Begge lag prøver å få ballen til å gå langs bakken, men spelet går fort på det sleipe dekket. Kanskje litt fort fort for mange ute på bana.
12'
Ganske jamnt på Fosshaugane Campus no.
10'
Mane jobbar godt slår inn til Brochmann som åleine på 5-meter pirkar ballen inn til Grytebust.
9'
Kjempesjanse til Sogndal!
7'
Godt trøkk no frå dei ca 200 tilreisande.
6'
Gode kombinasjonar frå Flo og Hopen, men innlegget frå førstnemnde finn ingen i boksen.
6'
Fleire spelarar frå Aalesund var misnøgd med bana før kampstart, men no kan dei takke den same bana for at dei leiar 1-0.
3'
I muren og til kast.
3'
Hopen står klar....
2'
Mane vert lagt i bakken på ca. 18 meter.
2'
Aalesund med ein del lange ballar i byrjinga, men Patronen og Valsvik stangar ut.
Avspark Start 1. omgang
Aalesund med avspark.
Mange oransje har tatt turen frå Aalesund og saman med heimepublikummet ynskjer dei no laga velkomne ut på bana.
Me nermar oss kampstart på Fosshaugane. Eirik Bakke er skada og sit ikkje på benken til Sogndal. Inn er komen Thomas Eriksen Ness.
Rundt 0 grader og sur vind i Sogndal i dag. Detta blir kaldt både for spelarar og publikum.
5 av dei 8 siste oppgjera mellom Sogndal og Aalesund har enda uavgjort. I år enda oppgjeret på Color Line Stadion 2-2.
For Sogndal manglar toppskorar Ulrik Flo med ein ankelskade. Han er kanskje ute for resten av sesongen. I tillegg manglar Sogndal, backen Teniste og midtbanespelar Furebotn. Begge desse er ute med strekkskade. Sannsynlegvis går Skaasheim inn på backen, mens Holsæter held fram på sentral midtbane.
Det er uvisst kva endringar Kjetil Rekdal vil gjere. Kanskje vil Orry Larsen halde fram i den sentrale midtbaneposisjonen, samtidig som Barrantes er usikker med skade. Rekdal held korta tett til bryste og hintar om at det vert endringar frå kampen mot Vålerenga sist. Vi får vente til ca. kl 5 med å sjå kva plan 'Reka' har pønska ut.
Sogndal tapte mot Viking sist, men før det var sogningane inne i ein fin periode med to sigrar og ein uavgjort. Med dette spelte dei seg ut av nedrykkstriden, men med tap i dag vil ein for fullt være med igjen. Med andre ord ein svært viktig kamp for Sogndal.
Aalesund kjem til saftbygda med ein 3-1 siger mot Vålerenga sist. Før dette var det ein tung periode for sunnmøringane med tre tap og ein uavgjort. Med 33 poeng er Aalesund så godt som sikra ny kontrakt og har difor lite anna å spele for enn æra i kveldens kamp.
Vi vil med dette ynskje velkomen til den 27. runden i Tippeligaen og oppgjeret mellom Sogndal og Aalesund frå Fosshaugane Campus.