TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Avslutningane viser 11-8 i Aafk sine favør. SUnnmøringane hadde heile 7 på mål, men Sogndal berre 3.
Flott avslutning på årets sesong dette for Aafk. Kom tilbek etter ein dårlig start og vann 4-2 i Sogndal. Heimelaget var sterkast i starten, men mot slutten av kampen hadde sunnmøringane full kontroll og kontrollerte dette inn. Dermed endar Aalesund på den gjeve 9.plassen, mens Sogndal blir nr. 11.
Kamp slutt Slutt (2-4)
90+2'
Sogndal med eit lite trykk på slutten, men får ikkje til nokon avslutning.
90+1'
3 minutt tillegg. Unødvendig!
88'
Spillerbytte
85'
Spillerbytte
85'
2864 på dagens kamp. Ikkje eit reelt tal då alle sesogkorta er talde med. Tippar på rundt 1500 innanfor portane i dag.
84'
Sogndal spelar og spelar, men klarar ikkje å skape noko. Aafk veldig hissige på overgangar.
83'
Publlikum begynner å trekkje heimover. Viss det er mogleg å sende nokon ord til dei høge herrar i NFF så kan det være at om dei vil ha folk på fotballkamp i Noreg så ikkje legg kampar til november. Men reknar med at dette ikkje er noko tema på Ullevåll.
80'
Gult kort
78'
Gult kort
78'
Spillerbytte
76'
Selvmål!
2-4
Frisparket vert slått ut på kant og inn i boksen der Mos tvinger Teniste til å sette ballen i eige mål.
76'
Patronen viser musklar ein mot ein med Mos og tek balen lett frå toppscoraren. Dessverre for finnen mistar han den like etterpå og lagar eit frispark til Aafk.
72'
Otoo blir heilt klart hindra inne i 16-meteren, men det spørs om det er nok til å få straffe. Hagen meinar i allefall ikkje det.
68'
Spillerbytte
67'
Aafk på kontring og Gyasi viser fram fintane, men innlegget går forbi alle.
66'
Hjørnespark
God heading, men Patronen reddar på streken.
66'
Gyasi dreg seg fri og avsluttar frå kloss hald, men Dyngeland slår ballen over.
65'
Gult kort
Sparkar ned Carlsen.
65'
Hjørnespark
Frispark til Lie. Svært billig ser det ut som på reprisen.
63'
Hjørnespark
Furebotn skyt via ein Aalesundspelar og ut til ny corner.
62'
Dessverre svært lite som skjer her så no har vi faktisk ingenting å varme oss på.
61'
Spillerbytte
60'
Spillerbytte
59'
Hjørnespark
Endar i avslutning over.
59'
Enorm sjanse for Orry Larsen. Mos legg inn og Larsen står på 25 cm og bommar på ballen.
55'
Sogndal spelar rundt og rundt Aafk sin 16-meter. Ser ut som dei har prestasjonsangst for å skyte etter Aafk sine perler i fyrste omgang.
54'
Litt meir temperatur på Haugadn no. Det trengs.
53'
Gult kort
Klypper ned ein sogndalspelar.
53'
Gult kort
51'
Litt klameri mellom Bolseth og keeper Lie. Bolseth får gult.
50'
Hjørnespark
Endar i at Psyche blir avblåst for offside.
50'
Jamnt i innleiinga her. Begge lag er litt unøyaktige.
47'
Sogndal rett i angrep slik som i fyrste omgang, men Aafk får klarert.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Heilt riktig av sommar Hagen å ikkje legge til noko. No må vi inn og varme oss. Men for ein omgang vi har fått. SOgndal styrte alt og gjekk kjapt opp til 1-0 før Mos på ekte toppscorarvis satte inn 1-1. Deretter fulgte 3 flotte scoringar som gjorde at brotelaget går til pause med 3-2 leiing. Vi gledar oss faktisk til andre omgang!
Slutt 1. omgang Pause (2-3)
43'
Ikkje vanskelig å sjå no at Aafk er seriens formlag med åtte kampar på rad utan tap. Vartar opp med mykje god fotball her no sunnmøringane.
42'
Glimrande angrep av Aafk. Kirkeskov slår inn og Mos avsluttar. Bra redning av Dyngeland også.
41'
Så prøver Thrandarson seg igjen frå 20 meter. Knallhardt, men ein meter til side for mål.
40'
Aafk trillar ball no. Har fått godt tak på kampen etter Sogndal sin gode start.
38'
Både Oddbjørn og Andreas Lie er på utgåande kontraktar, men Aafk ynskjer dei med vidare i følgje rapportane.
38'
Sogndal prøver seg, mne Lie gir Sveen ein liten dytt slik at han havner ute i snøfonna. Godt stopparspel der av Lie.
35'
Mål!
2-3
Nytt fantastisk mål av Aafk! Gyasi dreg av Birkelund med nokre fantastiske finter før han klinkar ballen i krysset. Herlig fotball dette!
32'
Så er det Mos som er frampå igjen, men blir avblåst for offside.
31'
Sogndal kjem på ei kontring. Sveen leg tilbake til Furebotn, men skotet hans frå 14-15 meter vert for puslete og går rett på Lie.
30'
Aafk har tatt over meir her no. God sjanse for Mos ser det ut som. Skyt mot mål, men Thrandarson blokkerar. Hadde kanskje gått inn den.
28'
Patronen med ei lang tå som hindrar Mos å komme åleine med Dyngeland.
26'
For ein fantastisk kamp vi er vitne til her!
23'
Mål!
2-2
Ajajajaj!! For ei scoring av islendingen! Får ballen på venstrekanten dreg seg inn i banen og klinkar ballen i motsatt kryss. Dyngeland har ingen moglegheit på den.
23'
Gyasi med ei finte som ikkje kan forklarast med ord. Raitala iallefall i pølseboden utan at Aafk klarar å få noko ut av situasjonen.
19'
3 mål på 17 minutt. Mest underhaldande kampen sålangt i år på Haugadn!
17'
Mål!
2-1
Assistkongen Koomson leikar seg med Arnason på kanten før han slår eit knallhardt innlegg som Ramsland stangar i mål i duell med ein Aafkmidtstoppar.
15'
Aafk rett i angrep. Mos får avslutta frå nesten samme posisjon, men denne gongen går ballen opp og Dyngeland får slått unna.
14'
Hjørnespark
Patronen ragar høgast, men får ingen kraft på headinga og Aafk får klarert.
13'
Fullstendig ufortent, men utrulig morosamt at vi får ein slik start på den kalde fornøyelsen.
12'
Mål!
1-1
Glimrande prestasjon av toppscoraren. Kranglar ballen med seg frå Patronen, set fart inn i 16-meteren og klinka rden ned i Dyngeland sitt nermaste hjørne.
11'
Sogndal pressar bortelaget svært høgt. Heilt riktige metode for å halde varmen i dag.
10'
Hjørnespark
Lie fangar og set kjapt igang.
9'
Fine kombinasjonar igjen av Sogndal. Vinn ein corner.
8'
Frispark til heimelaget. Skal svingast inn.
7'
Hoff prøver seg med eit langskot, men det blir for lite krutt og enkelt for Dyngeland.
7'
Teniste set fart framover og fyrer frå 20 meter. Himmelhøgt over. Kun eitt lag på bana her i starten.
5'
Sogndal sitt fyrste mål på heimebane sidan 18.september.
4'
Heimelaget rett i angrep igjen. Furebotn skyt over frå 18 meter.
3'
Mål!
1-0
Sogndal vinn ballen etter corneren og Sveen legg eit nydelig innlegg med utsida inn til Psyche som kjem seg framfor oppassaren sine og stangar ballen i mål. Draumeopning for heimelaget.
2'
Hjørnespark
Lie boksar ut.
2'
Endar i corner.
2'
Sogndal vinn eit innkast høgt i bana.
1'
Fine kombinasjonar frå heimelaget, men Sveen går i offside.
1'
Sogndal med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Fleire i Sogndal sitt støtteapparat og spelarar vert takka av for lang og tru tjeneste. Til slutt kjem legenda sjølv, Rune Bolseth, og blir takka av til ståande applaus frå eit halvfullt Fosshaugane Campus.
Herlig liv blant Stormen. Vi hugsar tilbake då ålesundarar fylte opp heile kortsida, men det var midt på sommaren. Nesten 100 i talet har tatt turen i dag og der er svært imponerande når vi les 6. november.
I går kom det 10-15 cm med snø i Sogndal, men det ser ut som ein har fått måka bana og at det ikkje vil by på problem. 3-4 minusgrader og ein svak trekk frå Sogndalsdalen. Perfekte blåswix forhold, men kanskje ikkje for fotball. Vi får sjå om vi unngår frostskadar og raude-kross sitt suppekjøkken før kampen er ferdig. Avspark om gode 10 minutt!
Oppgjeret tidlegare i år på Color-Line stadion enda derimot i ein soleklar sogndalsiger. Heile 4-1 vann sogningane. Mos gav vertane leiinga før Sveen, Kirkeskov (sjølvmål), Ramsland og Otoo snudde kampen.
Aafk har eit godt tak på Sogndal. Faktisk har sogningane berre klart å vunne 3 av dei 23 oppgjera mellom laga sidan 1993. Aafk står med 9 sigrar, mens heile 11 har enda uavgjort. Når ein samtidig ser at Sogndal er det laget med soleklart flest uavgjorte i Tippeligaen så veit ein kanskje kva ein skal setje både løn og trygd på i kveld.
Då har vi fått dei to laga og det var kanskje ingen store overraskelsar der. Viktige Teniste er tilbake på høgreback for Sogndal, mens for Aalesund er Boli ute. Ivorianaren som denne veka sa han ikkje var interessert i være med Aafk vidare rauk etterpå korsbåndet og står no framfor eit langt skadavbrekk.
Om dette skjer får vi svar på frå kl. 1800. Vi er uansett tilbake ca. ein time før dette med lagaoppstillingane. Vel møtt!
Om vi ser på mål og assist i årets sesong har begge desse klubbane ein spelar høgt på lista. Mos Abdellaoue innehar andreplassen på toppscorarlista med 12 mål. Han har 7 mål opptil Gytkjær på fyrsteplass og 2 ned til Azemi og Agdestein på tredjeplass så Mos blir nok ståande der sannsynlegvis. Gilbert Koomson i sogndaldrakta kjempar om å bli Tippeligaen sin assistkonge. Han står likt med Jonas Svensson når ein kamp står igjen. Begge har vore nest sist på ballen ved 9 høve denne sesongen. Uansett så bør vi jo kunne håpe på ein del i mål i dag når desse spelarane er på bana.
I Aalesund ser det og ut som Petter Orry Larsen ikkje får ei fornya kontrakt. Karen frå Skavøypoll har heile 10 år bak seg i oransje. Kanskje kjem han tilbake til heimfylket som erstattar for Bolseth? Vi får sjå! I tillegg til Orry Larsen får heller ikkje Edvard Skagestad kontrakt og han er difor på jakt etter ny klubb etter sesongen.
I tillegg til at det er årets siste kamp, er det og for nokon den siste kamp på toppnivå nokonsinne. Rune Bolseth vel no etter 20 år med toppfotball å legge skoa på hylla. 15 av desse åra har han tilbragt i Sogndal så kapteinen vil nok få ein verdig avskjed i dag. I tillegg har Songdal sin forsvarskjempe Hannu Patronen valgt å avslutte sitt opphald i Noreg og flyttar heim til Finland etter 5 år i Sogn.
I staden for å seie at laga har ingenting å spele for så kallar vi dette finalen om 9.plassen i årets Tippeliga. Bortelaget har 3 poengs forsprang, men dårligare målforskjell enn heimelaget. Med andre ord er kun siger godt nok for Sogndal, mens for Aalesund held det med eitt poeng.
Hei og velkomne til den siste runden i Tippeligaen 2016. Dagens kamp på Fosshaugane Campus går mellom Sogndal og Aalesund.