Referat
Kun høydepunkter
Kampen endar 2-3 etter ein førsteomgang som er jamnspelt og ein andreomgang det vert gjort fleire feil frå begge lag. Aalesund er best då Sogndal rotar det til bakover i bana og slepp inn tre relativt enkle baklengsmål etter personlige feil. Utover i andreomgangen vinn Aalesund dei fleste 50/50-duellane og verkar meir kvasse enn Sogndal som dett litt ned i intensitet etter dei to siste baklengsmåla. Sogndal er og farleg framme etter 1-1 då Ulrik Flo stanger ballen i stolpen og får tilslutt ei redusering heilt på tampen. Oppsumert er Aalesund mest effektive og hakket kvassare jamt over kampen. Dette vert avgjerande for resultatet idag og tangotrøyene tek med seg sin 4 siger frå Saftbygda sidan 1990.
Kamp slutt Slutt (2-3)
90+4'
Kast til Sogndal høgt i bana inn mot 16-meteren. Der står Ramstijn og headar unnav.
90+3'
Aalesund har gradvis tatt over kampen i denne omgangen. Vinn dei fleste duellane og held best på ballen.
90+2'
Adams med volleyforsøk utanfor 16-meteren. Går til venstre for mål.
90+1'
dommaren legg til 5 minutt!
90+1'
2387 som har tatt turen til Fosshaugane i kveld!
87'
Hardt skot fra Soltvedt! Hoven som legg tilrette for ein ledig Soltvedt venstre i 16-meteren. Lie er god og unngår retur.
83'
Gueye med skudd midt på Dyngeland frå 20 meter etter at han får dempa ballen på brystet. Hardt og Dyngeland må gje retur.
79'
Der er Igoh på bana med bandasje rundt hovudet!
77'
Igoh ligg nede og helsepersonell er på bana. Kan sjå ut som han har fått ein alboge i hovudet. Er på beina og verkar klar til å komme inn etter behandling.
77'
Fridjonsson kjem gjennom på venstresida og får fyrt av eit skudd. Det vert blokkert til corner.
76'
Frispark til Aalesund etter Ernemann dreg i trøya.
75'
Frispark til Aalesund i deira eigen 16-meter. Flo dett lett sjølv og gjer alt for å prøve å trigge fram ei straffe.
69'
Mannsverk med tøff takling! Gueye ligg nede og Stormen vil ha rødt kort og uttrykker det klart. Taklinga kjem bakifrå med strake bein.
68'
Castro med skudd på mål frå utsida av 16-meteren. Dyngeland har god kontroll på ballen heile vegen.
67'
Inlegg med god retning frå Grønner. Igoh får hovudet på ballen og header unnav.
65'
Jensen bommar på ballen og kan med det skape ein farleg situasjon bakover, men Gueye er ikkje oppmerksom.
63'
Lang ball frå Grønner mot Gueye blir for lang. Utspark til Dyngeland. Schulze forlenger, men Grønner bryt før ballen når Flo.
62'
Stopp i spelet og begge laga får moglegheit til ein drikkepause då Gretarsson ligg nede og får behandling.
60'
I stolpen for Flo! Lang ball opp fråErnemann til Soltvedt som legg vidare til Flo som headar rett i stolpen frå sju meter!
57'
Godt og hardt slått av Soltvedt! Ernemann får hårluggen på ballen, men ikkje nok til at det vert styring på mål og forlenger til utspark.
57'
Frispark til Mannsverk etter at Brenstad Fet taklar ved høgre cornerflagg.
56'
Kast til Sogndal høgt i bana etter at Hatlehol smell ballen heimover utan adresse.
56'
Flo med eit dårleg innlegg som går rett bak mål. Sogndal har fått fart på seg etter reduseringa!
55'
Ernemann legg inn til Mannsverk som får av garde eit skudd som vert blokkert.
55'
Frispark til Sogndal etter at Soltvedt vert takla av Hatlehol ved venstre cornerflagg.
51'
Ernemann med inlegg i Aalesund sin 16-meter. Ballen går rett i klypene til Lie etter styring av Gretarsson.
50'
Frispark til Aalesund på midtbana som takast kjapt. beheld ballen i beina og trillar fram og tilbake på midbana før Ramstein legg inn i 16-meteren.
48'
Lereng legg seg ned etter situasjonen i forrige omgang. Ser ut som han er ferdig for kvelden med noko som ser ut som ein hjernerustelse.
47'
Brunstad Fet med lavt inlegg til Gueye som skyt rett til side for mål!
46'
Då var andre omgang starta. Aalesund med avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Jamn førsteomgang i Sogndal der begge lag har ballen. Kampbildet er at det er mange duellar på midtbana, der dei som kjem seirande ut beheld ballen i nokre trekk før dei sler langt. Ingen av det to laga som skil seg ut som klart best. Sogndal står med det eit mål av Totland etter flott spel og Aalesund med den største sjansen utanom dette, der Castro kjem aleine med Dyngeland som er god og står lenge.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Stemningen mellom laget har gradvis blitt meir og meir spendt etter gjentatte tøffe 50/50-duellar. Dette smittar og over på tribuna.
45+1'
To minutt vert lagt til på Fosshaugane.
45'
Hatlehol kjem forbi med ballen på høgresida, men Fredriksen ryddar opp og klarerer.
43'
Frispark til Sogndal etter Hovudduell tøff mellom Lereng og Thrandarsson. Lereng vert liggande nede og får medisinsk behandling. Stormen buar på Lereng som responderer med å klappe tilbake.
41'
Krangel midt på bana mellom Ernemann og Castro. Begge held kvarandre og det kan sjå ut som det er nokre slag i ansikthøgde.
39'
Brunstad Fet tek med seg ballen oppover og prøver å tre Olafsson gjennom. Ballen vert for lang og går til utspark.
37'
Castro kjem aleine med keeper etter at Fredriksen og Igoh bommar på ballen. Dyngeland reddar skotet som kjem midt på mål. Fredriksen klarerer returen.
34'
Flo vinn ballen på 30 meter og legg tilbake til Schulze som skyt på første touch. Ballen flyg langt over mål.
32'
Stormen og bortefansen meir aktive enn saftkokarane så langt denne omgangen, men begge supportargjengane lagar god lyd!
30'
Frispark til Lie på 16-meterstreken etter at Flo taklar i det Lie skal til å skyte ut.
27'
Utspark fra Dyngeland etter at Aalesund prøver seg på venstrekanden denne gongen. Jensen med god kontroll. Dyngeland sender ballen langt opp i bana
26'
Utspark til Sogndal etter Hatlehol kjem på høgrekanten. Stormen er ueinig med dommaren og vil ha corner.
22'
Frispark til Aalesund midt på hana etter hovudduell mellom Igoh og Castro.
21'
Schulze skyt skyhøgt over mål fra 25 meter.
21'
Roleg kamp så langt bortsett frå målet. Mykje balltrilling ved midten for begge lag som verkar forholdsvis trygge på kva dei gjer.
20'
Høg fot opp i ansiktet til Threandarsson frå Totland fører til frispark til Aalesund ved midtbana. Takast kjapt.
18'
Flo bryt ballen og Jensen skaffar frispark i eigen banehalvdel Etter Olafsson Taklar.
17'
Aalesund med ball i beina utan å avansere noko serleg i bana. Vert som regel stoppa ved midtbana.
16'
Verkar ut som himmelen har opna seg i Sogndal! Regnet høljer ned som berre det.
13'
Saftkokarane ropar på straffe etter at Lereng vert knuffa ned i feltet. Dommaren tenkjer ikkje på å blåse eingong.
12'
Frispark til Sogndal etter at Hoven vert felt til venstre for 16-meteren til Aalesund.
11'
Castro med skudd fra sju meter etter tre trekk i 16-meteren og fint spel i forkant.
7'
Sogndal igjen med ballen i eigne bein. trillar fram og tilbake i forsvar utan at Aalesund er interreserte i ballen.
6'
Langt utspark fra Dyngeland fører til at Sogndal fort får flytta oppover. Ser villige ut til å ta med menn framover i bana.
5'
Stormen med godt oppmøte i dag. omtrent 200 som har tatt turen for å støtte bortelaget!
3'
Frispark til Sogndal etter lang ball opp mot Fridjonsson som er for tøff i duell mot Totland i Sogndal sin 16-meter.
2'
Sogndal beheld ballen i beina og trillar fram og tilbake upressa på midtsirkelen.
1'
Sogndal med avspark!
Avspark Start 1. omgang
Dagens kampball ankom grasmatta på noko uvanleg vis. Eit helikopter kom svevande over Fosshaugane og droppa ballen i midtsirkelen! Dette skapte problemer for dei som prøver å halde oppe Obos-banneret!
Sogndal sitt juniorlag spelte Torsdag mot juniorlaget til Vålerenga i U-19 NM. Denne kampen vann sogndølene 1-2 etter mål av Akor Adams og Elias Mittet. Heile 8 av spelarane i dagens Sogndal-tropp var med til Oslo og av dei startar Lereng, Igoh og Mannsverk dagens kamp.
17/18 grader i lufta og ei sol som er framme imellom regnbyene i Sogndal i dag. Det kan sjå ut som sommaren nærmar seg slutten her i saftbygda.
Då har Sogndal på si side har vore meir aktive i overgangsvindauget. Dei har mista Martin Ramsland til Start og Ole Amund Sveen til Bodø/Glimt. Begge var viktige brikker i startelvaren til Sogndal. Sist men ikkje minst er toppscoraren Sigurd Haugen og reist til Belgia for å satse vidare der. Det har og komme til nye forsterkingar som skal vere med å sikre opprykk for Sogndal. Desse er Halldor Stenevik og Andreas Hoven frå Strømsgodset, Tomas Kristoffersen frå Tromsdalen og Igoh Ogbu frå Rosenborg.
Tangotrøyene har ikkje gjort dei største utskiftingane i sommar. Einaste forsterkinga er Wilmer Azofeifa. Costaricanaren kjem frå Sarpsborg 08 og erstattar ein langtidsskada Izunna Uzochukwu. I tillegg har Kristoffer Hay kome tilbake til Aalesund i slutten av Juli etter eit låneopphold i Tromsdalen.
Oppgjeret mellom desse laga i vårsesongen enda 3-1 til Aalesund. Denne kampen var spesielt bitter for Sogndølene, då dei brann eit straffespark, scora eit mål som vart avdømt for ein hårfin offside og leda 0-1 frå det 52. minutt. Denne leiinga varte fram til det 88. minutt då Thrandarson utlikna. Derifrå sette Aalesund på turboen og putta 2-1 i det 90. minutt og 3-1 i det 94. minutt.
Dagens heimelag ligg foreløpig på 6. plass på tabellen og kan med siger i dag klatre til 4. plass dersom Resultata i kampane til KFUM og Raufoss går i Sogndal sitt favør. Så langt i år har Sogndal på lik linje med Aalesund vore gode offensivt og det 3. mest effektive laget i serien med 34 mål. I motsetning til Aalesund har Sogndal vore langt svakare bakover i bana og står til no med 26 baklengsmål.
Aalesund ligg på førsteplass i Obos-ligaen med 44 poeng og har lege der sidan den 4. runda i årets serie. Aalesund er det laget i ligaen som har vore mest effektive framover på lik linje med KFUM, då begge laga har putta 35 mål. I tillegg til dette er Aalesund det beste laget bakover med berre 12 mål bakover. Dei har verka solide i omtrent kvar kamp og står med eit tap og to uavgjorte så langt.
Hei og velkommen til Sogndal mot Aalesund i den 18. Serierunda i Obos-ligaen frå Fosshaugane Campus!